lørdag, 22 november 2003 23:00

Vinyl – på tide med renessanse?

Skrevet av

Tunge aktørar i bransjen fortel at det seljast meir vinyl og vinylspelarar for tida enn det har gjort sidan 80-talet. Er det noko på gang?

 

av Arve Åheim, 23.november 2003

Ut over 80-talet vart det gamle, analoge vinylsystemet avløyst av CD. Dette skjedde ikkje utan motstand, mange innbarka hifi-entusiastar hevda med stor tyngde at det ikkje var noko å hente kvalitetsmessig på det nye systemet. Ei ganske stor gruppe påstod at vinylplater faktisk kunne reprodusere lyd vesentleg betre enn CD-mediet. Den tunge delen av hifibransjen kasta seg utpå, og eit forrykande utviklingsarbeid starta på vinylsida. Det dukka opp platespelarar, pickupar og riaa-forsterkarar med fantastisk lydkvalitet.Men bransjen hadde bestemt seg, kanskje mest av alt fordi vinylplater gav for lite forteneste. Prisen på plater hadde ikkje endra seg merkbart på 6 – 7 år.

Dessutan tok vinylskiver opp mykje plass, og eigna seg mest for sal i spesialbutikkar. CD var dessutan lettare å ha med å gjere, behovet for omtanke var langt mindre enn for vinyl; speletida var over 70 minutt, og du slapp å snu plata. Etter kvart vart CD-spelarane billegare, du slapp spesiell phonoforsterkardel i anlegget, prisskilnaden mellom vinyl og CD vart utjamna. Bakstrevarane måtte etter kvart bite i graset då det vart færre og færre titlar tilgjengeleg på vinyl.Endå finnest det folk som held sine gamle vinylskiver i hevd. Eg er ein av dei, og eg skal fortelje om grunnlaget for dette. Tilgang på vinylskiver Det er berre album i dei aller største opplaga som i dag vert utgjevne i LP-utgåve. Så du kan ikkje basere deg på mediet dersom du har musikksmak som avgrensar seg til dagens pop. Det eignar seg best for tre musikalske smaksretningar; jazz, klassisk, og nostalgisk popmusikk. Det meste av vinylplatene som kjøpast i dag, er brukte plater. Desse har etter kvart stabilisert prisen til typisk 40 – 50 kroner for pent brukt.

Samleobjekt er vesentleg dyrare, og det er ikkje uvanleg med 20 gonger prisen for dei mest ettertrakta. Men det fine med bruktbutikkane, er at du ganske ofte finn spennande ting: Bruktprisane varierer frå butikk til butikk, og ein samlar har gode vilkår.Det finnest også produksjon av vinyl. Det aller meste av dette er kvalitetspressingar av innspelingar frå 50-,60- og 70-talet. Med nokre svært få unntak er dette kjempekvalitet, og eg føretrekk etter kvart å kjøpe slike framfor å betale skyhøge prisar for meir eller mindre pent brukte fyrstegongspressingar. Ver likevel merksam på at prisen på slike nypressingar er merkbart høgre enn CD-alternativa.

Dei mest interessante av desse er jazz, litt blues og klassisk. Snakkar vi om popmusikk, bør du vite på førehand kva du leitar etter. Ein del av produksjonane er såpass dårlege at bruktplater eller ein Niceprice-CD kanskje er meir fornuftige alternativ. Du ”slepp” rett nok CD-lyden, men får ikkje løyst ut særleg mykje av potensialet i vinylen når opptaket er dårleg.Jazzmusikk, spesielt den frå stereoen sin barndom, har jamt over god lydkvalitet. Det er ofte sjokkerande kor autentisk dette høyrest ut. Det same gjeld deler av blues og tidleg rockemusikk. Men ver klar over at klangideal er ganske annleis enn i dag. Jim Reeves har kjempelyd, noko som ikkje kan dekkje over at det totale inntrykket i dag er ei håplaus anakronisme. Du må vurdere frå plate til plate.

Ei av dei aller beste vokale opptaka som finnes, er Hary Belafonte in Carneige Hall. Dette albumet har tålt tida på alle måtar, og du skjøner at opptaket er frå 1958, men det gjer ingenting. Dette er eit av mine favorittalbum!Det som meir enn noko anna har gjort at vinylriggen min ikkje kunne pakkast ned, er den tilgjengelege klassiske musikken. For det fyrste er opptaka mellom 1956-65 av flott kvalitet. Mikrofonteknikk og teknologi var god nok til å skape nokre av dei beste innspelingar som nokonsinne er gjort.

EMI og RCA har aldri vore betre, sjølv om det også innimellom finnest dårlege pressingar. For det andre er dei musikalske uttrykka frå 50- og 60-talet svært ulike frå i dag. Dirigentane våga å gjere sitt personlege preg på musikken, der dei i dag tilstrevar å vere lojale mot komponisten. Eg har stor sans for dette, og har t.d. ni ulike variantar av Schubert sin 9.symfoni i hylla, alle ganske ulike.Og for det tredje; dagens teknologi gjer at desse gamle albuma avslører kvalitetar som ikkje kunne høyrast før avspelingsutstyret hadde utvikla seg tilstrekkjeleg.

Dette skjedde fyrst då CD-mediet dukka opp, og pressa produktutviklarane til å sprenge grensene for kva vinylmediet kunne prestere. Så kvar er vi i dag? Kva har så skjedd sidan? Vi har fått ei positiv utvikling av CD-mediet, som er kvitt barnesjukdomane, sjølv om ein del avgrensingar i systemet ikkje er å komme bort ifrå. Vi har fått konkurransen mellom systema DVD-A og SACD, og ein skulle tru at vinyl var like ”ute” som steinkakene systemet avløyste. Men det seljast vinyl ”som aldri før”, og det hevdast at produktutviklinga ikkje har stoppa, men tvert imot pressa grensene for lydreproduksjon endå meir.

Det vert hevda at dei nødvendige phono-forsterkarane (også kalla riaa-trinn) har vorte perfeksjonerte og tilgjengelege til prisar til langt under det som kunne kjøpast på 80-talet av same kvalitetsnivå. Personleg er eg då noko skeptisk til slike påstandar.Nye materiale har vorte brukte. MC-pickupar kan levere langt kraftigare signalnivå enn før, og kostbare slipemetodar meir tilgjengelege. Armar og drivverk er meir gjennomtenkte slik at resonansar og motorvibrasjonar ikkje lenger er noko problem. Problem og utfordringar:  Pickupen er kanskje den viktigaste einskildkomponenten i vinylriggen. Den plukkar opp informasjonen frå vinylplata, og bør helst gjere ein glimrande jobb her. Slipinga må vere slik at all informasjonen vert med.

Det er gjerne ein fordel med så lita pickupnål som råd, men dei beste slipingane er svært kostbare. Nålefana er også viktig, lengd og materialval verkar sterkt inn på lydkvaliteten. Inne i pickupen er det spolar og magnetar. Desse er svært små, og gjerne handlaga, då produksjon og montering ikkje eignar seg i industriell, men heller i handverkssamanheng. Pickupen må også levere eit brukbart outputsignal, eller så må du til med fordyrande MC-trafoar og forsterkarar. Så må det seiast at pickupen absolutt ikkje lever eit liv åleine, det er avgjerande at den har godt samarbeid med omgjevnadane. For det fyrste må han passe godt i armen, noko som slett ikkje alltid stemmer. Om den delen av armen som rører på seg har ei masse som gjer at eigenresonansen fell saman med pickupen si komplianse, får du problem.

Då kan basstonane anten verte svært overdimensjonerte eller fråverande, og du risikerer dårleg sporing og mykje elende over heile frekvensområdet. Dette kan reknast ut med ein enkel formel, men du må likevel prøve løysinga før du kan vere sikker. Sjølve vinylplata skal også ha det godt. Er ho skikkeleg sentrert? Ein del av produksjonane, særleg frå 70-talet har dårleg sentrering, noko som fører til wow og flutter.  Ein kompis av meg har absolutt gehør, og vert nervevrak dersom han ikkje filar opp senterholet på slike plater, slik at han kan treffe midten – og det er absolutt ikkje godt nok å gå etter labelen på skiva.

Underlaget til plata er også svært viktig. Plata må ligge skikkeleg an, og det var ei periode populært med vakuumtallerken som saug plata fast. Dette fungerer svært godt, men det krev ekstrem platehygiene. Eit lite støvkorn kan pressast inn i rillene, og i verste fall deformere plata, i beste fall er det svært vanskeleg å få det ut att.Ikkje berre vekta, men også materialet til platetallerkenen verkar også inn. Ein tallerken bør ha høg masse, spesielt i utkanten av tallerkenen, slik at det vert stort moment som stabiliserar gangen til spelaren. Materialet har resonansar som kan påverke lyden. Dette gjeld spesielt harde stoff. Rega sin tradisjonelle glastallerken er kontroversiell, og eit interessant nisjeprodukt er tallerken i vinyl – som klart påverkar lyden, men meiningane er delte om dette er eit pluss eller minus. Rega tykkjer iallfall lyden vert dårlegare.

Snart kjem test av Rega sin nye toppmodell, som har ein tallerken i eit heilt nytt stoff.  Ut over 80-talet vart det gamle, analoge vinylsystemet avløyst av CD. Dette skjedde ikkje utan motstand, mange innbarka hifi-entusiastar hevda med stor tyngde at det ikkje var noko å hente kvalitetsmessig på det nye systemet. Ei ganske stor gruppe påstod at vinylplater faktisk kunne reprodusere lyd vesentleg betre enn CD-mediet. Den tunge delen av hifibransjen kasta seg utpå, og eit forrykande utviklingsarbeid starta på vinylsida.

Det dukka opp platespelarar, pickupar og riaa-forsterkarar med fantastisk lydkvalitet.Men bransjen hadde bestemt seg, kanskje mest av alt fordi vinylplater gav for lite forteneste. Prisen på plater hadde ikkje endra seg merkbart på 6 – 7 år. Dessutan tok vinylskiver opp mykje plass, og eigna seg mest for sal i spesialbutikkar. CD var dessutan lettare å ha med å gjere, behovet for omtanke var langt mindre enn for vinyl; speletida var over 70 minutt, og du slapp å snu plata. Etter kvart vart CD-spelarane billegare, du slapp spesiell phonoforsterkardel i anlegget, prisskilnaden mellom vinyl og CD vart utjamna. Bakstrevarane måtte etter kvart bite i graset då det vart færre og færre titlar tilgjengeleg på vinyl.Endå finnest det folk som held sine gamle vinylskiver i hevd. Eg er ein av dei, og eg skal fortelje om grunnlaget for dette. Tilgang på vinylskiverDet er berre album i dei aller største opplaga som i dag vert utgjevne i LP-utgåve. Så du kan ikkje basere deg på mediet dersom du har musikksmak som avgrensar seg til dagens pop.

Det eignar seg best for tre musikalske smaksretningar; jazz, klassisk, og nostalgisk popmusikk. Det meste av vinylplatene som kjøpast i dag, er brukte plater. Desse har etter kvart stabilisert prisen til typisk 40 – 50 kroner for pent brukt. Samleobjekt er vesentleg dyrare, og det er ikkje uvanleg med 20 gonger prisen for dei mest ettertrakta. Men det fine med bruktbutikkane, er at du ganske ofte finn spennande ting: Bruktprisane varierer frå butikk til butikk, og ein samlar har gode vilkår.

Det finnest også produksjon av vinyl. Det aller meste av dette er kvalitetspressingar av innspelingar frå 50-,60- og 70-talet. Med nokre svært få unntak er dette kjempekvalitet, og eg føretrekk etter kvart å kjøpe slike framfor å betale skyhøge prisar for meir eller mindre pent brukte fyrstegongspressingar. Ver likevel merksam på at prisen på slike nypressingar er merkbart høgre enn CD-alternativa. Dei mest interessante av desse er jazz, litt blues og klassisk. Snakkar vi om popmusikk, bør du vite på førehand kva du leitar etter. Ein del av produksjonane er såpass dårlege at bruktplater eller ein Niceprice-CD kanskje er meir fornuftige alternativ. Du ”slepp” rett nok CD-lyden, men får ikkje løyst ut særleg mykje av potensialet i vinylen når opptaket er dårleg.

Jazzmusikk, spesielt den frå stereoen sin barndom, har jamt over god lydkvalitet. Det er ofte sjokkerande kor autentisk dette høyrest ut. Det same gjeld deler av blues og tidleg rockemusikk. Men ver klar over at klangideal er ganske annleis enn i dag. Jim Reeves har kjempelyd, noko som ikkje kan dekkje over at det totale inntrykket i dag er ei håplaus anakronisme. Du må vurdere frå plate til plate. Ei av dei aller beste vokale opptaka som finnes, er Hary Belafonte in Carneige Hall. Dette albumet har tålt tida på alle måtar, og du skjøner at opptaket er frå 1958, men det gjer ingenting. Dette er eit av mine favorittalbum!Det som meir enn noko anna har gjort at vinylriggen min ikkje kunne pakkast ned, er den tilgjengelege klassiske musikken. For det fyrste er opptaka mellom 1956-65 av flott kvalitet. Mikrofonteknikk og teknologi var god nok til å skape nokre av dei beste innspelingar som nokonsinne er gjort. EMI og RCA har aldri vore betre, sjølv om det også innimellom finnest dårlege pressingar.

For det andre er dei musikalske uttrykka frå 50- og 60-talet svært ulike frå i dag. Dirigentane våga å gjere sitt personlege preg på musikken, der dei i dag tilstrevar å vere lojale mot komponisten. Eg har stor sans for dette, og har t.d. ni ulike variantar av Schubert sin 9.symfoni i hylla, alle ganske ulike.

Og for det tredje; dagens teknologi gjer at desse gamle albuma avslører kvalitetar som ikkje kunne høyrast før avspelingsutstyret hadde utvikla seg tilstrekkjeleg. Dette skjedde fyrst då CD-mediet dukka opp, og pressa produktutviklarane til å sprenge grensene for kva vinylmediet kunne prestere. Så kvar er vi i dag? Kva har så skjedd sidan? Vi har fått ei positiv utvikling av CD-mediet, som er kvitt barnesjukdomane, sjølv om ein del avgrensingar i systemet ikkje er å komme bort ifrå. Vi har fått konkurransen mellom systema DVD-A og SACD, og ein skulle tru at vinyl var like ”ute” som steinkakene systemet avløyste. Men det seljast vinyl ”som aldri før”, og det hevdast at produktutviklinga ikkje har stoppa, men tvert imot pressa grensene for lydreproduksjon endå meir.

Det vert hevda at dei nødvendige phono-forsterkarane (også kalla riaa-trinn) har vorte perfeksjonerte og tilgjengelege til prisar til langt under det som kunne kjøpast på 80-talet av same kvalitetsnivå. Personleg er eg då noko skeptisk til slike påstandar.Nye materiale har vorte brukte. MC-pickupar kan levere langt kraftigare signalnivå enn før, og kostbare slipemetodar meir tilgjengelege. Armar og drivverk er meir gjennomtenkte slik at resonansar og motorvibrasjonar ikkje lenger er noko problem.

Problem og utfordringar:Pickupen er kanskje den viktigaste einskildkomponenten i vinylriggen. Den plukkar opp informasjonen frå vinylplata, og bør helst gjere ein glimrande jobb her. Slipinga må vere slik at all informasjonen vert med. Det er gjerne ein fordel med så lita pickupnål som råd, men dei beste slipingane er svært kostbare. Nålefana er også viktig, lengd og materialval verkar sterkt inn på lydkvaliteten. Inne i pickupen er det spolar og magnetar. Desse er svært små, og gjerne handlaga, då produksjon og montering ikkje eignar seg i industriell, men heller i handverkssamanheng. Pickupen må også levere eit brukbart outputsignal, eller så må du til med fordyrande MC-trafoar og forsterkarar. Så må det seiast at pickupen absolutt ikkje lever eit liv åleine, det er avgjerande at den har godt samarbeid med omgjevnadane. For det fyrste må han passe godt i armen, noko som slett ikkje alltid stemmer. Om den delen av armen som rører på seg har ei masse som gjer at eigenresonansen fell saman med pickupen si komplianse, får du problem.

Då kan basstonane anten verte svært overdimensjonerte eller fråverande, og du risikerer dårleg sporing og mykje elende over heile frekvensområdet. Dette kan reknast ut med ein enkel formel, men du må likevel prøve løysinga før du kan vere sikker. Sjølve vinylplata skal også ha det godt. Er ho skikkeleg sentrert? Ein del av produksjonane, særleg frå 70-talet har dårleg sentrering, noko som fører til wow og flutter. Ein kompis av meg har absolutt gehør, og vert nervevrak dersom han ikkje filar opp senterholet på slike plater, slik at han kan treffe midten – og det er absolutt ikkje godt nok å gå etter labelen på skiva.Underlaget til plata er også svært viktig. Plata må ligge skikkeleg an, og det var ei periode populært med vakuumtallerken som saug plata fast. Dette fungerer svært godt, men det krev ekstrem platehygiene. Eit lite støvkorn kan pressast inn i rillene, og i verste fall deformere plata, i beste fall er det svært vanskeleg å få det ut att.

Ikkje berre vekta, men også materialet til platetallerkenen verkar også inn. Ein tallerken bør ha høg masse, spesielt i utkanten av tallerkenen, slik at det vert stort moment som stabiliserar gangen til spelaren. Materialet har resonansar som kan påverke lyden. Dette gjeld spesielt harde stoff. Rega sin tradisjonelle glastallerken er kontroversiell, og eit interessant nisjeprodukt er tallerken i vinyl – som klart påverkar lyden, men meiningane er delte om dette er eit pluss eller minus. Rega tykkjer iallfall lyden vert dårlegare. Snart kjem test av Rega sin nye toppmodell, som har ein tallerken i eit heilt nytt stoff.  For å unngå slike problem, har dei fleste produsentar ei platematte.

Dei fleste engelske og europeiske produsentar brukar filt, noko mange hevdar gjer lydattgjevinga mindre presis. Nokre produsentar, som t.d. Clearaudio, lagar heile platetallerkenen av vinyl, slik at det ikkje skal skje nokon ”mekanisk overgang” mellom ulike materiale. Personleg likar eg best ei oval, tung og seig gummimatte som heiter ”PlatterMatter”. Brukast platestrammar saman med denne, sit ho skikkeleg fast, og sjølv dei tynnaste vinylskiver frå 70-talet let resonansfritt, utan at eg opplever noko negativt. Problemet er at platestrammar ikkje eignar seg godt saman med platespelarar med flytande oppheng, slik eg har. God kontakt mellom matte og plate vert mindre viktig om ein kjøper av dei tjukke, moderne spesialpressingane på 180 gram og meir.

Om samlinga di for det meste består av slike, kan du med godt resultat bruke matter som held plata oppe frå tallerkenen. Oppheng er ei sak for seg. Mange trur flytande oppheng hindrar vibrasjonar frå omgjevnadane, men det gjeld eigentleg berre å isolere arm og vinylskive frå vibrasjonane frå motoren. Desse er svært negative for lyden, og det er viktig å halde desse så lave som råd. Flytande oppheng er ei god løysing, men det resonnerer og må justerast. Linn Sondek må justerast kvar gong du har løfta på spelaren. Har du fast oppheng, slepp du å tenkje mykje på justeringane meir enn fyrste gongen du riggar opp. Til gjengjeld er det svært viktig at motoren er vibrasjonsfri. Ein radikal måte å ordne dette på, er å plassere motoren i eit eige kabinett, og tallerkenen i eit anna, som ikkje er forbundne med anna enn drivreima, som på si side ikkje må vere så stram at ho påverkar lageret til tallerkenen, men stram nok til å få jamn gange.

Eller du kan plassere eit hjul på motsett side av motoren, slik at strekket vert utjamna. Brukar du direktedrivne drivverk, er ikkje dette noko problem, for då vert platetallerkenen ”svinghjul” i motoren. Til gjengjeld vert alle motorvibrasjonar svært merkbare, så desse må fjernast…Støv er eit problem, og det er lurt å dekkje til spelaren når han ikkje er i bruk. Eit tørkle er faktisk beste ordninga, men det ser tullete ut. Dei fleste spelarar leverast med eit deksel i pleksiglas, men dette er ein diger resonansbotn for lydbølgjene i lufta. Det bør difor takast av når du speler, eller monterast på eit eige stativ som ikkje er i kontakt med drivverket.

Du kan sjølvsagt legge dekselet over spelaren under avspeling, men då må du forsikre deg mot statisk elektrisitet. Denne kan i tørr vinterstoveluft verte så stor at pickuparmen vert påverka. Dekkjer du dekselet med plastilin, unngår du dette, og i tillegg hindrar du feedback når du speler høgt. Men dekselet vert så tungt at det vert eit problem. Dessutan er det estetisk tvilsamt. Endeleg har vi pickuparmen sine utfordringar. Den skal passe saman med pickupen, men i tillegg er det geometriske utfordringar. Når plata vert gravert, er graveringsnåla ein tangent til platerilla. Ein vanleg opphengt arm er i beste fall tangent på berre to punkt på sin veg over plata, det vert litt for mykje eller litt for lite dei andre stadane.

Er armen vanskeleg å justere, kan det hende den aldri vert tangent til rilla. Så lenge armen ikkje er tangent, vert armen også påverka av krefter som  kallast ”skating”. Denne varierer med armradius, friksjon, stifttrykk og kor nær pickup er til å tangere platerilla. Desse kompenserast av eit antiskatingsystem. Dette er svært vanskeleg å konstruere fordi desse skatingkreftene ikkje er konstante over heile plata. Ulike sinnrike løysningar fungerer meir eller mindre dårleg, og konstruktørane er sterkt usamde i korleis dette bør løysast. Eg tykkjer tangentialarmar gjev dei beste løysingane, men desse er ganske kostbare fordi dei er vanskelege å konstruere.

Dei får stor masse, og kan vanskeleg brukast på platespelarar med flytande oppheng. Luftlagring ser ut til å vere beste måten å lagre desse armane, men det er også vanskeleg å konstruere. Nesten ingen tangentialarmar kan kjøpast nye under 10000 kr…Til sist har vi riaa – phonoforsterkaren. Har du høyrt på 78-plater, merkar du at det er mykje platestøy, og at frekvensgongen ikkje er særleg lineær. For å unngå avgrensingane i graveringssystemet er signalet equalisert før graveringa, og dette må rettast opp ved avspeling. Denne equaliseringskurva er klart definert av riaa, og burde teoretisk vere ei smal sak å få til.



Men det er slett ikkje enkelt å få god lyd, og det finnest svært få riaa-forsterkarar som verkeleg gjev deg ei smak av himmelriket. Tenk dessutan på at signalet skal forsterkast opp til vanleg linjenivå, for pickupar leverer svært låge signal, typisk 3-4 mV for Moving Magnet, medan Moving Coil gjerne er nede i 0,4 – 0,6 mV. Det finnest også dei som går ned under 0,1 mV, og då er utfordringane store. Tenk berre på kor mykje kablinga i ein arm verkar inn på så låge spenningar. Eg tek med desse deprimerande faktorane fyrst og framst for å forklare at det er vanskeleg å produsere ein billeg og god vinylrigg. Mange vil vel finne det mest fornuftig å kjøpe ein god, brukt spelar frå 70- elller 80-talet, og det finnest mange svært flotte spelarar frå den tid. Men utviklinga har gått vidare, og produkta du kan kjøpe i dag er visstnok betydeleg forbetra samanlikna med dei tidlegare generasjonane vinylriggar. I staden for å prøve å analysere effekten av innsatsen innan dei ulike delkomponentane i vinylriggen, har eg kasta meg ut i ein testserie av komplette spelarar, men utan riaa.

Vi skal sjølvsagt sjå på kva som gjev best lyd, men også vurdere kva konstruksjonar som er krevjande for brukaren, og kva som fungerer godt utan så mykje omtanke. Vi kjem til å samanlikne med min trauste (men noko ombygde) Linn Sondek LP 12 frå 1997 – ein konstruksjon frå 70-talet i vidareutvikla utgåve, men i grunnkonseptet same konstruksjon som meir enn nokon annan sette fokus på kor mykje platespelaren påverka lyden.     Vi anbefaler: Diana Krall - Girl in the Other Room Jamie Cullum - Twentysomething Big Bang - radio radio tv sleep Kevin Mahogany - Pride and Joy se våre tidligere anbefalinger   For å unngå slike problem, har dei fleste produsentar ei platematte. Dei fleste engelske og europeiske produsentar brukar filt, noko mange hevdar gjer lydattgjevinga mindre presis. Nokre produsentar, som t.d. Clearaudio, lagar heile platetallerkenen av vinyl, slik at det ikkje skal skje nokon ”mekanisk overgang” mellom ulike materiale. Personleg likar eg best ei oval, tung og seig gummimatte som heiter ”PlatterMatter”.

Brukast platestrammar saman med denne, sit ho skikkeleg fast, og sjølv dei tynnaste vinylskiver frå 70-talet let resonansfritt, utan at eg opplever noko negativt. Problemet er at platestrammar ikkje eignar seg godt saman med platespelarar med flytande oppheng, slik eg har. God kontakt mellom matte og plate vert mindre viktig om ein kjøper av dei tjukke, moderne spesialpressingane på 180 gram og meir.

Om samlinga di for det meste består av slike, kan du med godt resultat bruke matter som held plata oppe frå tallerkenen. Oppheng er ei sak for seg. Mange trur flytande oppheng hindrar vibrasjonar frå omgjevnadane, men det gjeld eigentleg berre å isolere arm og vinylskive frå vibrasjonane frå motoren. Desse er svært negative for lyden, og det er viktig å halde desse så lave som råd. Flytande oppheng er ei god løysing, men det resonnerer og må justerast. Linn Sondek må justerast kvar gong du har løfta på spelaren. Har du fast oppheng, slepp du å tenkje mykje på justeringane meir enn fyrste gongen du riggar opp. Til gjengjeld er det svært viktig at motoren er vibrasjonsfri.

Ein radikal måte å ordne dette på, er å plassere motoren i eit eige kabinett, og tallerkenen i eit anna, som ikkje er forbundne med anna enn drivreima, som på si side ikkje må vere så stram at ho påverkar lageret til tallerkenen, men stram nok til å få jamn gange.  Eller du kan plassere eit hjul på motsett side av motoren, slik at strekket vert utjamna. Brukar du direktedrivne drivverk, er ikkje dette noko problem, for då vert platetallerkenen ”svinghjul” i motoren. Til gjengjeld vert alle motorvibrasjonar svært merkbare, så desse må fjernast…Støv er eit problem, og det er lurt å dekkje til spelaren når han ikkje er i bruk. Eit tørkle er faktisk beste ordninga, men det ser tullete ut. Dei fleste spelarar leverast med eit deksel i pleksiglas, men dette er ein diger resonansbotn for lydbølgjene i lufta. Det bør difor takast av når du speler, eller monterast på eit eige stativ som ikkje er i kontakt med drivverket.

Du kan sjølvsagt legge dekselet over spelaren under avspeling, men då må du forsikre deg mot statisk elektrisitet. Denne kan i tørr vinterstoveluft verte så stor at pickuparmen vert påverka. Dekkjer du dekselet med plastilin, unngår du dette, og i tillegg hindrar du feedback når du speler høgt. Men dekselet vert så tungt at det vert eit problem. Dessutan er det estetisk tvilsamt. Endeleg har vi pickuparmen sine utfordringar. Den skal passe saman med pickupen, men i tillegg er det geometriske utfordringar. Når plata vert gravert, er graveringsnåla ein tangent til platerilla. Ein vanleg opphengt arm er i beste fall tangent på berre to punkt på sin veg over plata, det vert litt for mykje eller litt for lite dei andre stadane. Er armen vanskeleg å justere, kan det hende den aldri vert tangent til rilla. Så lenge armen ikkje er tangent, vert armen også påverka av krefter som  kallast ”skating”.

Denne varierer med armradius, friksjon, stifttrykk og kor nær pickup er til å tangere platerilla. Desse kompenserast av eit antiskatingsystem. Dette er svært vanskeleg å konstruere fordi desse skatingkreftene ikkje er konstante over heile plata. Ulike sinnrike løysningar fungerer meir eller mindre dårleg, og konstruktørane er sterkt usamde i korleis dette bør løysast. Eg tykkjer tangentialarmar gjev dei beste løysingane, men desse er ganske kostbare fordi dei er vanskelege å konstruere. Dei får stor masse, og kan vanskeleg brukast på platespelarar med flytande oppheng. Luftlagring ser ut til å vere beste måten å lagre desse armane, men det er også vanskeleg å konstruere.

Nesten ingen tangentialarmar kan kjøpast nye under 10000 kr…Til sist har vi riaa – phonoforsterkaren. Har du høyrt på 78-plater, merkar du at det er mykje platestøy, og at frekvensgongen ikkje er særleg lineær. For å unngå avgrensingane i graveringssystemet er signalet equalisert før graveringa, og dette må rettast opp ved avspeling. Denne equaliseringskurva er klart definert av riaa, og burde teoretisk vere ei smal sak å få til. Men det er slett ikkje enkelt å få god lyd, og det finnest svært få riaa-forsterkarar som verkeleg gjev deg ei smak av himmelriket. Tenk dessutan på at signalet skal forsterkast opp til vanleg linjenivå, for pickupar leverer svært låge signal, typisk 3-4 mV for Moving Magnet, medan Moving Coil gjerne er nede i 0,4 – 0,6 mV.

Det finnest også dei som går ned under 0,1 mV, og då er utfordringane store. Tenk berre på kor mykje kablinga i ein arm verkar inn på så låge spenningar. Eg tek med desse deprimerande faktorane fyrst og framst for å forklare at det er vanskeleg å produsere ein billeg og god vinylrigg. Mange vil vel finne det mest fornuftig å kjøpe ein god, brukt spelar frå 70- elller 80-talet, og det finnest mange svært flotte spelarar frå den tid. Men utviklinga har gått vidare, og produkta du kan kjøpe i dag er visstnok betydeleg forbetra samanlikna med dei tidlegare generasjonane vinylriggar. I staden for å prøve å analysere effekten av innsatsen innan dei ulike delkomponentane i vinylriggen, har eg kasta meg ut i ein testserie av komplette spelarar, men utan riaa.

Vi skal sjølvsagt sjå på kva som gjev best lyd, men også vurdere kva konstruksjonar som er krevjande for brukaren, og kva som fungerer godt utan så mykje omtanke. Vi kjem til å samanlikne med min trauste (men noko ombygde) Linn Sondek LP 12 frå 1997 – ein konstruksjon frå 70-talet i vidareutvikla utgåve, men i grunnkonseptet same konstruksjonsom meir enn nokon annan sette fokus på kor mykje platespelaren påverka lyden.

Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.