torsdag, 30 juni 2005 23:00

Byggesett med rør - DIY i ferien?

Skrevet av

For den med angst for nedslåande meteorologiske meldingar i sommar har www.audiophile.no eit alternativ. Det er ei glede å publisere vår første omtale av forsterkarbyggesett: Belgiske Vellemann K4040 - 2x90 Watt ut av 8 stk EL 34-rør.

 

 

 

Av Arve Åheim 01.07.05

Har du høyrt magien frå rørforsterkarar, men ser deg ikkje råd til dei nødvendige tusenlappane som må til for å skaffe seg desse tinga? Det finnest faktisk byggesett som lar seg realisere. Vi kontakta Bjørnes Elektronikk og fekk tilsendt det som skulle til for å lage ein forforsterkar og ein effektforsterkar. Samla kostnad: om lag 16000 kr.

Sjølv har eg sterke meiningar om korleis ein forsterkar bør vere, og ville gjerne kunne fått laga rørkonstruksjonar med gode lydeigenskapar. Diverre er eg langt frå loddeboltvirtuos. Etter nokre skrekkopplevingar med dårlege loddingar av gitarleidningar i ungdomen, har eg lært meg å sette pris på gode handverkarar som garanterar skikkeleg handverk og god kontakt. Og forsterkarar er langt utanfor det som eg kan fikse. Men familiens håpefulle har i år flytta på hybel på Nordfjordeid, der han gjekk fyrste året på elektrolinja. Her skal det drivast prosjektarbeid, og muligens ungdomsbedrift. Med familebelastninga i tanken tok eleven med seg heim ein katalog som frekventerte mellom elevane på vidaregåande, der det var byggesett for det aller meste straumførande. Og ganske riktig, faren tok agnet ganske fort når poden synte fram kva rørforsterkarbyggesett som kunne skaffast for nokre tusenlappar. Var dette realiserbart for ein fyrsteårselev? Upåklageleg sjølvtillit var tydeleg, og på foreldresamtale vart eit muleg prosjekt drøfta med faglærar, som også var positivt innstilt til tiltaket. Det kunne brukast to timar kvar fredag, og ein entusiastisk medelev melde seg som samarbeidspartnar. Bjørnes var velvilleg til å låne ut delane, og ein tung pakke dukka snart opp i posten.

Effektforsterkaren
Det fyrste byggesettet skulle ende med ein effektforsterkar på 2x90 watt basert på fire EL34-rør pr. kanal. Ein ganske svær sak som var klassifisert som ”avansert” i byggebeskrivinga. Men med tilgang på faglærarkompetanse burde det vere gjennomførleg. Ved inspeksjon av delane vart alt godkjent av farens kritiske audiofilblikk, dette heldt mål. Sjølvsagt finnest det alltid betre deler å få tak i, og særleg kondensatorar kan skiftast av entusiastar for å oppnå endå betre lyd. Men dei einaste framlegga til forbetring eg kunne tenkje meg i eit sånt byggesett, var litt betre kabling i signalvegen, og kanskje betre høgtalarterminalar. Det vart bestemt at ting skulle vere standard, slik at sluttproduktet skulle vere representativt for kva ein kan vente seg av slike byggesett.Alt vart levert på skulen, og det vart beskjed om å dokumentere arbeidet med digital avfotografering, og rapportar kvar helg. Så kunne bygginga ta til.Prosjektet vekte tydeleg stor entusiasme i fagmiljøet, og motiverte sterkt for skulearbeidet. Rapportane foreldra fekk tydde også på at dette kom til å gå bra, og to timar kvar fredag siste termin jobba den håpefulle og klassekameraten saman, til saman 66 klokketimar.

Forforsterkaren
Ting såg lenge ut til å gå så bra at det vart bestemt at forforsterkarbyggesettet kunne vere passeleg helgearbeid. Så ein loddestasjon vart skaffa heime slik at helgane kunne utnyttast. Effektforsterkaren kom til å ta alle skuletimane som kunne brukast til slikt prosjektarbeid, så skulle alt verte ferdig før sommarferien, måtte vi til med slike tiltak. Forforsterkarbyggesettet såg i utgangspunktet ut til å vere lettare å få til enn effektforsterkaren, men det viste seg ikkje slik etter kvart. Printplata og loddepunkta var tynnare, og vanskelegare å få til, sjølv om termostaten på loddestasjonen vart redusert. Dei mindre delane var nok meir plundrete, og etter kvart vart det tydeleg at dette vart vanskeleg å få til. Ein av lærarane vart kontakta, og eit anna ferdig eksemplar av same byggesett vart framskaffa, slik at det skulle kunne prøvast ut. Den ferdige forforsterkaren hadde artig design, med dei to småtriodene stikkande opp av kabinettet, med metallbøylar rundt seg for å gje eit visst vern. Ingen fjernkontroll, heller ikkje riaa, men fire linjeinngangar. Ein ganske enkel konstruksjon med utsjånad som var funksjonell, men som ikkje tok sikte på å imponere. Her er det lett å sjå at vi har med eit byggesett å gjere (diverre har det vore problem med foto av forforsterkaren, men dei vil truleg dukke opp seinare). Men også på denne utgåva hadde arbeidet vore litt i vanskelegaste laget for montøren. Forforsterkaren fungerte, men diverre med mykje brum. Likevel kunne eg konstatere at dette var ein skikkeleg forforsterkar som såg ut til å ha moderne rørlyd, dvs. ikkje avrunding på frekvensfløyane, iallfall ikkje i så stor grad at eg kunne avsløre dei ved sida av brummen. Spesielt var dei dynamiske eigenskapane tydelege, og heilt klart så gode at dette burde vere ein attraktiv forforsterkar for sjølv ganske kresne musikkentusiastar, hadde det ikkje vore for den sterkt sjenerande brummen. Eg konkluderer med at forforsterkaren er eit litt for vanskeleg prosjekt for ein fyrsteårselev på vidaregåande. Her skal montøren ha ein del forkunnskap. Og trass alt er det ikkje prisskilnad på dette byggesettet og t.d. den hybride forforsterkaren Vincent SA 31 som har mykje av lydkvaliteten til dyrare rørforsterkarar.

Sluttresultatet av effektforsterkarbyggesettet
Det vart fortalt at det var godt å vere to når dei mange komponentane skulle loddast på printkortet. Eg har også mistanke om at det var veldig greitt å ha lærarane å spørje og godkjenne loddingane etter kvart som utfordringane toppa seg. Men det må seiast at ting såg svært skikkelege ut, printkortet og loddingane er rett og slett nydelege. Dette er etter mi vurdering heilt på linje med profesjonelt bygde forsterkarar. I tillegg må det seiast at forsterkaren har ein utsjånad som er rett og slett fantastisk. Ringkjernetrafoane er gøymde bak eit skinande blankt deksel saman med det eine røret (truleg fasesplittaren, som ikkje skal skiftast så ofte) Framfor dette blanke dekselet står dei ti øvrige røra opp av ei like blankpolert overflate, i små kransar rundt soklane. Designet seier tydeleg at ”denne forsterkaren brukar rør, og er stolt av det”. Når du slår på straumen, startar ei raud diode å blinke for å syne at forsterkaren er i standby, og røra gløder. Etter ca eit minutt kan du slå over til avspeling, og ei lita, grøn diode fortel at alt er klart. Du må nesten sjå denne saken stå i den rette, svake lyssettinga. Den svake gløden frå røra speglar seg i alt det blanke, og gjev inntrykk av at vi snakkar om heilt andre kronesummar enn dei 8000 du må ut med for dette byggesettet. Dette er noko av det lekraste ein gammal rørentusiast kan sjå. Utsjånaden er alltid eit spørsmål om smak og behag, men eg må tilstå at eg tykkjer dette er ein juvel i anlegget. Den einaste innvendinga eg har, er at det kanskje burde vore eit deksel som hindra småbarn i å komme bort i røra, men det hadde så avgjort øydelagt utsjånaden. Her må ein finne mindre trivielle løysingar. Metallplatene kunne etter min smak kanskje vore litt tjukkare i kabinettet, men eg var ikkje i stand til å framprovosere mikrofoni, så vi må godkjenne dette som fornuftig dimensjonert. Det er også fleire avstivarar under dekselet, som sikrar at konstruksjonen er stødig på alle måtar.

Lyden
Det spennande augeblikket når heimebygde apparat vart slått på, gjekk heilt bra, og overgangen frå standby til full drift skjedde udramatisk, men med ein for meg heilt ny klikkelyd. Her var ikkje brum eller trafolyd å snakke om, sannsynlegvis på grunn av ringkjernetrafoane. Mi erfaring er at det skal meir til før slike tek til å lage 50 Hz-tonar. Lyden var kald i fyrstninga, men eg lot forsterkaren gå i rundt to timar, og tok til å lytte litt meir kritisk, vel klar over at komponentane sannsynlegvis må ha ei viss innkøyringstid, men eg kunne berre ikkje vente. Byggmeisteren var også ganske ivrig etter å få godkjenning for arbeidet. Så etter kvart vart forsterkaren stilt opp i referanseanlegget, og brukt saman med ARC SP 10 (og også EC 4,5+ASR riaa) som forforsterkar, med både digitale og analoge signalkjelder. Høgtalarane var Innersound Eros, og effektforsterkaren var skiftvis brukt til å drive transmisjonslinje-bassane og elektrostatpanela, saman med dels den medfylgjande effektforsterkaren og det like kraftige Rogue Audio effekttrinnet eg hadde til utprøving. Fyrst fekk byggesettet drive elektrostatpanela. Desse varierer frå 120 til 2 Ohm gjennom delen av frekvensområdet dei skal ta seg av, og eg skifta på dei to ulike uttaka for 4 og 8 Ohm. Eg kom fort til at 4-Ohmsuttaket var det beste.

Dynamikkeigenskapane var herlege, og overgjekk alt av transistor eg har køyrt på elektrostatdelen. Evna til å formidle tredimensjonalt, og å gje luft mellom dei ulike instrumenta, var også svært god, men ikkje heilt i same klasse som Rogue Audio-rørforsterkaren, spesielt ikkje når han gjekk i triodedrift. Men sjølv om Rogue er svært mykje for pengane, må vi hugse på at byggesettet i utgangspunktet kostar rundt halvparten av Rogue sin nøkterne, men ferdigstilte forsterkar. Klangmessig var også Rogue overlegen, meir nøytral i dei aktuelle frekvensavsnitta (over 400 Hz), der byggesettet var litt lysare og samstundes varmare, kanskje ein konsekvens av EL34-røra når eg samanlikna med KT88? Iallfall var Joni Mitchell akkurat så tett på under ”Court and Spark” at det var naturleg å fokusere på at stemma verka overdimensjonert. Den større nøytraliteten til Rogue i mellomtone og diskant var også ekstra tydeleg ved triodedrift, som sjølvsagt også verkar inn på totalresultatet.

Men så kutta eg ut Innersound sin eigen transistorbaserte bassforsterkar og gjekk over til fullstendig rørdrift. Rogue hadde tidlegare imponert meg med basseigenskapane sine. I mine yngre dagar hadde eg fått tak i ein KT88-basert rørforsterkar av merke Grant, som hadde basseigenskapar eg ikkje har høyrt frå rør andre stadar. Denne overtydinga om basskvaliteten til Grant varte heilt til eg og ein kamerat tok til å fuske i rørforsterkarbygge-faget, og lagde ein sak med ringkjernetrafoar. Dette byggesettet er rett nok laga på EL34-rør, men har også ringkjerner, og basseigenskapane er ganske like det eg hugsar frå det eg kan hugse frå denne prototypen.

Kontroll, dynamikk, og dessutan det vi kan kalle "sluggereigenskapane" på transmisjonslinjebassane er slik at det ikkje er moro å vende attende til Innersound sin bassforsterkar. Ein heilt grei forsterkar, sjølv om eg har prøvd ting i 30 -40 tusenklassen som har hatt visse fortrinn framfor denne spesialtilpassa saken. Men aldri tidlegare har eg opplevd at skilnaden på denne spesialdesigna bassforsterkaren og ein separat har syntest å vere verd pengane. Og så dette med eit rørforsterkarbyggesett - til bass! Men her var altså kontrollen og dynamikken så bra at dette må opp til ny vurdering. At denne heimebygde rørforsterkaren på 90 Watt pr. kanal kan klare å banke ein 200 Watts transistorforsterkar som endå til er spesialdesigna for å arbeide med nettopp dette frekvensavsnittet med akkurat desse transmissjonslinjebassane, imponerer meg meir enn eg kunne tenkje meg.

Og dette oppsettet fokuserte totalt på musikken. Under West Side Story ”America” i Bernsteininnspelinga på DG kunne du kose deg med alle detaljar utan å verte irritert over hi-tech lyd i det heile tatt. Musikalsk sett høyrer til mellom dei beste oppsetta eg har hatt i hus (her må mi begeistring delvis forklarast med at høgtalarane mine er utplukka etter over 20 års prøving og feiling i dette rommet, og at denne forsterkaren er ein usannsynleg god match med dei spesielle bassane til desse. Det er ikkje sikkert at ting er like bra andre stadar. Men det hadde vore moro å sjå korleis dette rørforsterkarbyggesettet hadde gjort det saman med B&W, som ofte ikkje passar heilt saman med rør, og elles gjerne haustar store gevinstar på å vere saman med svært dyr elektronikk).     

Handbøker for montering og dagleg bruk


Konklusjon:
Denne effektforsterkaren kan bli din som eit resultat av ei investering av 10 000 kr og eit betydeleg tal arbeidstimar for utrena montørar. Ein med erfaring kan nok gjere det raskare? På ein skule må utstyr fram før arbeidet tek til, og ting må pakkast bort når timen er over. Å sitte heime nokre kveldar er nok meir effektivt, men då må ein kunne handverket i utgangspunktet. Likevel må det seiast at montørane har lukkast svært godt. Produktet står absolutt ikkje attende for profesjonelle byggmessig, heller ikkje designmessig. Forsterkaren er direkte vakker!Produsenten Vellemann skal ha mykje erfaring med byggesett, og det er betryggande at eit såpass dyrt produkt lot seg realisere utan problem av to 17-åringar, rett nok med kyndig rettleiing frå lærar.

Dei lydlege eigenskapane er skikkelege, og dei som trur at sjølvbygg ikkje held mål, får spare argumenta sine til andre konstruksjonar. Dynamikken er fantastisk, og ligg ikkje attende for noko som helst. Ekte romoppleving og fin klangkarakter absolutt verd å nyte, her er ting gode, om enn ikkje heilt i referanseklasse. Ein viss presens og varme i øvre mellomtone er til stades, om ein kan gjere direkte samanlikningar med langt dyrare konstruksjonar. Men når det kjem til basseigenskapane er det ingenting å utsetje. Dette overgår alt eg har prøvd på mine transmisjonslinjebassar med solid margin, og bryt fullstendig med alt eg har høyrt av konstruksjonar på EL34-røret. Ein bassforsterkar fullstendig etter mitt hjarte, som også klarer resten av frekvensområdet utan problem. Og om du har sterkare behov for større transparens og andre sider ved lyden, kan ein alltids velje betre komponentar enn det du får i standardmodellen.

Kan du svinge loddebolten, eller overtale nokon til å gjere denne jobben for deg, er det berre å stå på. Sjølv om du må betale ein montør eit par-tre tusen for å gjere jobben er eg rimeleg sikker på du ikkje får ein nykjøpt forsterkar med solid wattstyrke og betre rørlyd pr.krone enn dette. Eit klart kupp!

Prisar:
Forforsterkarbyggesett:        4 000 kr            inkl. frakt
Effektforsterkarbyggesett:  12 000 kr            inkl. frakt NB! For den fingernemme, eller den som har eit passeleg kabinett i utgangspunktet, kan forsterkarane også leverast utan kabinett, eller som monotrinn, eller med KT88 utgangsrør.

Prisane kan såleis verte lavare. Importøren fortel at byggesettet mellom anna har vorte montert inne i ein jukeboks, så for den oppfinnsame kan mykje vere aktuelt.
Som sett er produkta CE-merka, og fullt lovlege. Men sjølvsagt er det du sjølv som byggmeister som må syte for eventuelt garantiarbeid. No prøver Bjørnes å hjelpe dei som står fast, og han fortel at det har vore lite problem totalt sett.
Elles er Vellemann innretta mot skulemarknaden, og Bjørnes gjev gode rabattar til skuleelevar. Det kan vere lukrativt å ta ein telefon og høyre litt..Og forresten..eg skulle helse frå montørane og høyre om nokon var interesserte i å kjøpe den ferdigstilte forsterkaren. Dei håpar på å finansiere nye prosjekt.....

(send email til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den., så skal eg formidle kontakt)


Emailadresse til importør: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. Telefonnummeret til Bjørnes:  6691 3365

Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.