lørdag, 23 april 2011 08:24

Vossajazz 2011 - Del 1

Skrevet av

 

 

Vossajazz 2011, laurdag

 

Med rekordsein påske hadde me von om sommarver i palmehelga, der Vossajazz vert avvikla, men sommaren kom diverre ikkje før måndagen etter. Då var det fint å henta seg inn att i solsteiken.

 

 

Skreve av Stig Arne Skilbrei
April 2011

Jøkleba

Fredagen starta for mitt vedkomande med opningskonserten ”Jøkleba”, som er Per Jørgensen (trompet), Audun Kleive (trommer), og Jon Balke (tangentar), derav Jø Kle Ba. Desse ”steppa” inn på kort varsel etter at det synte seg at Dave Holland og hans Overtone Quartet ikkje kunne koma. Dette er ei internasjonalt kjend gruppe, men ein skal ikkje kimse av lokale storleikar heller, og sidan Per Jørgensen (trompet) lenge har vore mellom favorittane mine, var eg ikkje det minste lei meg for bytet. Per har utvikla ein unik tone, med ein særprega vibrato, kraftig og lang. Ingenting vert overspelt eller overdramatisert, han leiter ofte fram dei vare og vakre tonekombinasjonane. Så veldig lokale er dei uansett ikkje, denne gruppa har spelt både i inn- og utland.

 

Eg traff Per Jørgensen på Vangen laurdagen, og sa at eg tykte konserten verka både samspelt, godt redigert og godt gjennomført. Eg spurde kor langt tid dei hadde hatt på seg for å øva, sidan dei steppa inn på relativt kort varsel. –Me har ikkje øvd, seier Per, og eg vert alvorleg lang i maska. Det syner seg at dei fekk oppdraget for ei veke sidan, og rakk ikkje meir enn å prata litt om cirka kva dei skulle spela. Desto meir uforståeleg for meg er det då at dei kunne levera ein så presis og samspelt intro. Slike introar er ofte ganske intrikate! Men med tanke på at karane turnerte i lag i over 10 år frå 1991 til 2003, er det kan hende ikkje underleg likevel. Dei kjenner kvarandre godt, og er vare for kvarandre sine innspel, sidan mykje av musikken er improvisasjonsbasert. Det høyrar også med til historia at dei kvar for seg eigentleg hadde sagt nei til dette oppdraget frå Trude Storheim i Vossajazz, men då dei kom saman for å diskutera saka nærare, valde dei likevel å seia ja, også fordi dei på denne måten kunne reklamera litt for ein komande CD.

 

Trass i minimal førebuing, eg kan ikkje førestilla meg at ein konsert kan verta mykje vakrare eller meir gjennomført enn dette. Improvisasjon og planlagde løp avløyste kvarandre i høvelege deler, musikken var både var og vakker og samstundes alltid spanande og pirrande. Det kvilte ein ro over konserten, ein ro som kviler seg på framifrå individuelle dugleikar, sjølvtryggleik og lang fartstid. Fjas, koketteri og teknikk for teknikkens eigen del var skrella vekk. Audun Kleive leverte ein trommesolo som var både krystallklar og høg, men likevel ikkje vond å høyra på, takka vera god PA. Dette hadde vore umogeleg på eit vanleg stereoanlegg, men kva masar eg om, dei som berre sit heime med stereoanlegga sine i staden for å koma seg ut og støtta kulturlivet og samstundes få blåst øyrevoksen ut av øyrene, forstår uansett ikkje kva eg snakkar om. Dei har jo verdens beste stereoanlegg og PA er noko dritt. Elles understøtta Kleive dei andre på ein elegant måte utan å drukna dei i støy. Jon Balke avløyste Jørgensen med alltid interessante sprang over tangentane, stundom spanande og stundom svært melodiske. Alltid med framifrå presisjon og ofte litt frampå, slik det er vanleg med musikarar med god teknikk. Slik kan han minna om Bugge Wesseltoft. Sidan eg ikkje sjølv er musikar, er det vanskeleg å seia så mykje om spelinga per se, men det slo meg meir og meir utetter helga at mange av konsertane, i samanlikning, stod fram som unødig støyande, eller manglande i kreativitet, framføring eller musikalsk substans.

 

Utetter kvelden høyrde eg kort på Marius Neset Golden Explosion, Hilde Marie Kjersem, danske Pasborgs Odessa 5 X-tra Large, og svenske Hoven Droven, men sidan fleire konsertar går parallelt eller nesten parallellt er det vanskeleg å kommentera; basert på brotstykkje.

 

Grunna lang tekst og mange bilete vil resten av reportasjen fylgja etter nokre dagar.

Lest 6963 ganger Sist redigert søndag, 07 august 2011 06:05
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.