Stevie Wonder er ein stor musikar som har laga utruleg mykje bra musikk, særleg soul. Men eg føler ikkje at han på noko vis har har fått den anerkjennelsen han har fortent. Eg meiner han er ein av dei mest undervurderte musikarane frå 1900-talet. Nnenna Freelon er òg begeistra for Stevie Wonder, og denne plata er hennar hyllest til mannen med dei store solbrillene.
Kva får ein når to "gamle" jazzmusikarar bestemmer seg for å spele inn ein CD med klassiske verk? Gary Burton og Makoto Ozone har spelt saman i 18 år, Burton på piano og Ozone på vibrafon. Dei har stort sett halde seg til jazz, men no har dei altså gitt ut ei plate med jazzimprovisasjonar over klassiske duettar.
Ein dobbel-CD med Keith Jarrett sine beste låtar, plukka ut av sjefen sjølv, kva kunne vel bli betre enn det, tenkte eg. Men eg må seie eg blei noko overraska då eg sette på plata. Eg hadde venta meg jazz i ulike former, men det første eg høyrer er renessanseliknande cembalomusikk. Først på spor 4 (etter nesten 19 minuttar) er mannen tilbake bak eit piano.
Tysdag 1. desember 1981 feira John Francis Pastorius III (meir kjend som Jaco Pastorius) sin 30-årsdag ved å kalle inn musikalske kollegaer til ein imponerande konsert på Mr Pip’s restaurant i Ft. Lauderdale. Lista over musikarar i dette utvida storbandet, må seiast å vere imponerande. Det same gjeld resultatet.
Brørne Michael og Randy Brecker er absolutt verdsledande i jazzen på kvar sine instrument, saksofon og trompet. Frå 1976 til 1982 leia dei i lag bandet The Brecker brothers, eit spektakulært jazz-funk-band ulikt alt anna. Michael og Randy stod stort sett for alle komposisjonane sjølve, og musikken dei skapte er uforutsigbar, melodisk og harmonisk kompleks, rytmisk, funky og utruleg spanande.
At Jimi Hendrix er ei legende, er det vel ikkje mange som er ueinig med meg i. Han er ein av mine absolutt største idol, og rakk å lage utruleg mykje imponerande musikk i løpet av si 4 år korte karriere. Eg har det meste av det som er utgitt av han, men høyrer faktisk oftast på ei samling utgitt i 1992, nemleg The ultimate experience.
Historia om Eva Cassidy er like trist som stemma hennar er vakker. Ho fekk aldri sjølv oppleve si eiga karriere, som først tok av etter at ho døydde av kreft i 1996. Ho hadde diverre ikkje spelt inn mykje, men ho hadde ei eiga evne til å gjere vakre tolkingar av kjende og mindre kjende låtar. Det er nesten umogeleg å setje Cassidy i bås, men ho har mellom anna bevega seg innan visepop, gospel/blues og jazz.
Ulf Wakenius er ein svensk gitarist eg har høyrt litt av tidlegare. Han har mellom anna spelt på eit plate med Oscar Peterson, som eg har omtala. Han har òg i løpet av dei ti siste åra spela ein del med legenda Ray Brown. Det må jo vere eit kvalitetsteikn...
Barytonsaksofon er eit kult instrument. ”Barrysaxen” kling djupt, ein oktav djupare enn altsaksofonen, og har sin heilt eigne klang i heile registeret. Om det er den upraktiske storleiken som gjer at barytonsaksofonen er lite brukt som soloinstrument, er vanskeleg å seie. Men John Pål Inderberg kan dette instrumentet og viser oss her korleis det kan brukast. Men blir det bra eller blir det sært?
Då var det Keith Jarrett sin tur igjen. Eg har omtala han fleire gonger tidlegare, og han fekk til og med eit album i artikkelen "Ein jazzist sine ti beste plater." Det er altså ting som tyder på at eg likar Jarrett. Her får me eit liveopptak frå 2002 med den faste trioen hans. Kan det bli noko anna enn bra?