Audiophile.no
Arve Åheim

Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Normalt medfører innkjøp av vinylrigg forsaking av minst 3000 kr. Men Denon har tatt utfordringa om å lage vinylrigg billeg og lettvint. Prisen er så lav at det må vere useriøst. Eller…..?

 

Dei gamle Dualspelarane har eigen kultstatus på www.alternativaudio.no, og eg har vore nyfiken på desse. Eg har tidlegare fått låne ein 1228, utan at eg vart heilt overtydd, men det er ein billegmodell. 701 derimot, er ein av toppmodellane, ein av dei aller fyrste direktedrivne spelarane, truleg Dual sin einaste, og er omtalt som toppmodellen…

 

Det er somme som hevdar med stor overtyding at ein Dual påmontert Shure V15 mk II pickup overgår alt anna av platespelarar. Her tar vi utfordringa, og prøver ein av dei minste modellane frå Dual.

 

For å kunne gjere rettferdige vurderingar av vinylmediet, er det viktig å ha ei fornuftig referanse. Når valet fell på den rimelegaste pickupen frå Dynavector, er det kanskje overraskande. Men her er altså omtale + tankar rundt valet av akkurat denne pickupen.

 

Vi har lova ei omtale av det andre hi-output-alternativet frå Dynavector. DV20X er ganske mykje dyrare enn mi referanse DV10x5, som er ein pickup eg har stor sans for. Så er det fornuftig med dei ekstra 1 700lr i meirpris?

 

Ein dårleg spøk? Slett ikkje! Dette er eit legendarisk produkt som vart utvikla i USA gjennom 80-talet, men så dyrt å produsere/utvikle, at amerikanarane gav opp produktet. Japanarane, derimot...

 

Arve har kika på ein av dei rimelegaste platespelarane som er å få. Har du fått lyst til å spele vinyl igjen etter å ha lese mykje pent om mediet i det siste? Og så har du kvitta deg med spelaren, og må skaffe ny? Det tar tid å finne fram til noko fornuftig brukt, og du vil helst kjøpe nytt med tanke på garantiar, men du er ikkje interessert i å kjøpe noko i 10000kr-klassen. Då har Goldring eit alternativ….

 

Få ting er så moro å prøve ut som entusiast-platespelarar. Eg har hatt høve til å samanlikne nokre slike. Nottingham Spacedeck har mange tilhengjarar, og har fått mykje positiv omtale. I same prissegment finn vi også VPI Scout som også har godt ord på seg. Begge desse spelarane bør vere interessante for kjøparar med passeleg høge ambisjonar når det gjeld lydreproduksjon, og vi startar med den engelske.

 

Etter nokre spørsmål om vinyl, fortel onkel Arve her om dei mange pickupane han fekk erfaring med i sin stormfulle ungdom. Her vert også ein del pickupar han har høyrt om, og ein del nykommarar han har fått kose seg med. Planen er å oppdatere denne artikkelen etter kvar som ny informasjon dukkar opp.

 

Rega er ein av dei mest utbreidde platespelarmerka i landet vårt. Dei superenkle og snusfornuftige spelarane har vore importert fyrst av gamle Audioscan, deretter av hifiklubben, og no av Mono. Med unntak av den aller fyrste med den ”rare”, tredelte platetallerkenen, har det stort sett vore to enkle utgåver på marknaden som du skulle vere god for å høyre skilnad på. I hovudsak var det berre ein litt betre arm som skilte dei. No kjem Rega med eit flaggskip til ein pris på 40 000.

 

Side 17 av 22