Audiophile.no
Arve Åheim

Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

I samband med at eg skulle få teste ut den nye riaaforsterkaraen frå Rogue, fekk eg også tilsendt ein pickup på eit kvalitetsnivå som burde yte kva som helst rettferd – Dynavector sin tredje dyraste pickupmodell til same pris som riaatrinnet, 18 900 kr. Ein så dyr komponent kan ein ikkje ha i hus utan å skrive om han…

Les meir:

Trufaste lesarar har nok oppdaga at eg har stor sans for visse amerikanske rørforsterkarprodusentar. Hadde det ikkje vore for prisnivået på slikt, er det ikkje usannsynleg at eg hadde hatt fleire produkt derifrå i anlegget. Tradisjonelt har nemleg desse produkta vore ganske dyre, men så skjedde det noko.
Les meir:

Skogrand SC Air - Solid Core referanse høyttalerkabler

Det har vore ein del ordveksling rundt ein ny aktør som prøver seg i kabelbransjen.  I staden for å krangle, var eg om meg, tok kontakt, og fekk tilsendt eit dobbelt sett på to meter til utprøving.

Les meir:

Det er lite å skrive om i bloggen, eigentleg. Travle dagar, og ikkje nye komponentar i anlegget sidan sist. Men det spelast mykje musikk, og eg kjenner meg slett ikkje misfornøgd.

Det går ikkje så veldig bra med bloggeintensjonane. Nyttårsforsettet var vel eigentleg ikkje å skrive kvar dag, men det såg betre ut i starten. No har kvardagen tatt meg, og overskotet som brukast til refleksjon går med på jobben.

Det er mange omsyn som må stettast i ein heim der audiofile familiemedlemer ope får lov til å leve ut sine tendensar. Mange vert forviste til eit eige lytterom, der anlegget får lov å dominere utan så veldig sterke innvendingar.  Men slike lytterom er veldig lite sosiale, og så har dei ein tendens til å verte i minste laget.

Utprøving av ulike bein under rørbasert riaa.

Det leverast massevis av tweake-utstyr til den ihuga audiophile. Nokre av desse tinga går meir i retning kosmetikk snarare enn lydforbetring, men nokre ting kan overraske.

Audiophile-stode
Hifi-engasjementet mitt går for tida med til å få oppsettet med Dynavector XX2 og Rogue Ares-riaaen innspelt (du ser baksida på fotoet).

Eg likar ikkje å ha det travelt når eg skal høyre på hifi. Og denne veka har vore meir travel enn eg har godt av. Anlegget har berre vore bittelitt på, utan at eg har gjort anna innspeling enn ein halvtime med vinylriggen, resten har vore Spotify-musikk. Sånn er det for tida.

I går fekk eg kopla opp litt utlånte godsaker i anlegget. Frå Planet Snapa har eg fått låne ein svært spennande og ny rørbasert riaa frå Rogue. Og eg har endåtil fått låne ein Dynavector xx2 mk II for å ha ein relevant testpickup til jobben.

Side 8 av 22