søndag, 31 mars 2019 06:12

Bob Marley & The Wailers: Natty Dread

Skrevet av


Denne plata fekk eg heldigvis tak i før eg forstod kor fantastisk ho eigentleg var. Eg spelte ho lite, og har no ei referanseplate av dimensjonar, utan slitasjen frå Garrardplatespelaren eg hadde på den tida. Fullstendig støyfri overflate.

Bob Marley definerte reggaemusikken. Reggae kom med han, og då han forsvann, skjedde det same med musikksjangeren. Han laga heldigvis mange gode plater, men «Natty Dread» er eineståande. Her kjem ein opptaksteknikk med kvalitetsprioriteringar som gleder ein audiofil. Det er ikkje gjort forsøk på tilpassingar til smak, dynamikk, hype eller andre fikse idear som det er så mykje av i dag. Opptaket endrar eg ikkje over heile albumet, instrument plasserast ein stad og blir der. Dynamikken er akkurat slik at du trur på dette er realistisk, sjølv om det er eit knusktørt studieopptak. Ei av mine absolutte referanseplater, trass i fullstendig mangel på imponatoreffekter. Så kva gjer dette albumet så unikt? Vi ser på kutta:

 

Side A

Lively Up Yourself
Via det gode anlegget opnar det seg her eit lydbilde, eit musikalsk univers som skiljer seg sterkt frå rocken. Starten med knusktørr bass som likvel er tung, er veldig ulikt Deep Purple og dei andre heltane vi hadde på denne tida. Roleg, slik det høver seg når reggaeuniverset skal presenterast. Etter ei stund tek det til verte fyldigare. Orgelet legg på meir dynamisk, og Marley syng meir internst, har han fanga oss. Orgelet tonar no ned litt , blås og gitar arbeider med kvart sitt tema og så kjem orgelet inn, no med kor før Marley tek styringa igjen, no hjulpen av saksofon. Etter kvart hamrast referenget, eller snarare; mantraet ut igjen.

No Woman No Cry
Dette er nok den mest kjende låten på albumet, Perkusjon, bass, orgel, saman med Marley si stemme, byggjer stemninga. Perkusjonen høyrest ut som ein billeg rytmeboks, kanskje det er det også, men det fungerer så over alle grenser. Orgelet lagar eit bakteppe for bass og vokal, vi sit i Trenchtown og deler maten – in this great future you can't forget your past. Marley deklamerer diktet, flottare enn den mest intense rappar, roleg, men intenst. Er teksten sjåvinistisk? Eg skjønar ikkje teksten, innrømmer eg for meg sjølv for tusenande gong.

Them belly full (but we're hungry)
Marley skreiv revolusjonære tekstar. Og her har vi ein klassisk slik. Med markant reggae-rytme Likevel, trass i misnøye og manglande rettferd, «forget your trouble and dance» Intrikat lydbilde ein kan fylgje med på

Rebel Music
Ein tett låt, det brukast klavichord, munnspel, og legg merke til kor presist dei ulike akturane står på scena. Her er det du høyrer skilnad på gode og middelmådige pickupar. Det er også lett å høyre om du har lukkast med høgtalarplasseringa di, for her er mykje informasjon ein lett kan gå glipp av.

 

Side B

So Jah Said
Avslappa, men alt anna enn treigt. Spennande blås, spennande vokal, mykje perskusjon. Og legg merke til den presise plasseringa musikarane har. Her er det ingen som flyttar på seg. Wah-wah-gitaren, den forsiktige bruken av verkemidlane, det er mykje å legge merke til av detaljar, men det er ein heilskap over dette som etter kvart ikkje berre var framandarta, men som greidde å fasinere meg i større og større grad.

Natty Dread – tittelkuttet
Her er mykje av det same. Kordamene svarar den sentralt plasserte Marley frå ein stad lengre borte.

Bend Down Low
Elpianoet og klavicord paralellkøyringa på introen her ligg tett på kvarandre, men samstundes tydeleg definerte. Og gitaren gjer små utsmykkingar med klang og rytme som etter kvart byggjer opp eit intenst, men likevel avslappa, roleg inntrykk. Dei ulike keyboard tilfører litt, men berre litt, som komponering av ein eksotisk matrett der du merkar kryddene, men ikkje heilt klarer å kjenne dei att i samanhengen. Kanskje beste låten på albumet?

Talking Blues
Ein misvisande tittel om vi får forventningar til sjangeren. Men det spelast som ein koseleg visesong før reggaen kjem på bana. Teksten legg ein ikkje merke til før ein les det som står på albumet, men når ein gjer det, skjønar ein kor mykje opprør Marley stod for.

Har du ikkje lagt merke til bassen før, kan du høyre korleis denne fullstendig vrengingsfrie spelestilen er tett og presis, og

Revolution
Her er også ein sterk opprørstekst der Marley åtvarar oss mot å stole på politikarar. Kanskje vert å lytte til også 45 år etter innspelinga?

Blåsen det startar med, er veldig nedtona, nesten så ein ikkje greier å skilje dei einskilde instrumenta, Men koring, perkusjon og instrumenta elles er der. Sjølv om dette kanskje er laidback, vinn musikken seg på å spelast høgt. Så er det slutt.

Lest 8350 ganger Sist redigert tirsdag, 07 april 2020 06:24
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.