søndag, 01 september 2013 00:00

om audiophile.no

Skrevet av

audiophile.no er norges fremste nettsted innen hifi, musikk og hjemmekino. Her kan du finne nyheter, artikler, debattforum, bruktbørs, tips til oppsett og mye annet!

 

 

audiophile.no er på alle måter et hobbyprosjekt drevet av entusiaster for entusiaster.

Daglig drift er finansiert gjennom reklameinntekter fra våre annonsører. Vi er derfor veldig glade for alle som klikker på linkene og handler hos våre annonsører!

Vi har avtaler med leverandører som låner oss utstyr som vi tester, men vi vil ikke legge oss på en "poengskala" for tester! Vi skriver en omtale, våre inntrykk av produktet, beskrivelse av produktet og tekniske konsept. Det er tross alt den potensielle kunden som selv må avgjøre om dette produktet er aktuelt for ham/henne!

NB: Vi gjør oppmerksom på at vurderingen av utstyr omtalt på audiophile.no er resultat av en subjektiv opplevelse av lyden, utstyret har ikke vært gjenstand for vitenskaplige målinger.

De som skriver for audiophile.no er:

Rudi (skribent, frilans)
Vidar P (skribent, frilans)
Stig Arne Skilbrei (skribent)
Karl Erik Sylthe (daglig leder og skribent)
Trond Sæther (Skribent)
Arve Åheim (ansvarlig redaktør og skribento)
Karl Erik Sylthe (ansvarlig redaktør, skribent)
Tor Martin Brekkeflat (skribent, musikk)

Ulleberg skribent    
 

daglig leder, audioteknisk

 

Utdannet Dr. Ing. ved NTH/NTNU innen analog kretsteknikk. Hovedområde: analoge filtere, høyhastighets analog til digitalomformere, delta-sigma ADC, digital signalbehandling.
Musikkpreferanser: Nesten alt mulig, men har spesiell forkjærlighet til Jazz og Blues. Har bl.a Robert Johnson 24 bit transfer til CD fra 78rpm mono metall matriser, låter helt utrolig ! Liker best "usminket" musikk, dvs musikk som har ungått miksebordet i størst mulig grad gjerne tapp opp på "direkten". Kirkelig Kulturverksted kan dette, rått og brutalt rett inn på tapen fra mikrofonen, her tillates ingen feil fra utøvernes side !

ANLEGG:

B&W 802 Diamond, B&W 803 Diamond, B&W HTM2D Diamond
Velodyne DD12
Musical Fidelity KW500 SACD
Musical Fidelity KW500 integrert forsterker
Denon DVD-A1 XV
Behringer DSP8024 Equalizer 
VPI Aries 2 med JMW10 arm og Dynavector DV20 pickup
EC ECP1 RIAA
Kabler: Kimber 8TC+4TC
STAX SR-404 elektrostat hodetelefon med SM-006t rørforsterker
Vibrapod dempeføtter

(Vi gjør oppmerksom på at Trond opptrer her 100% som privatperson og
audioentusiast, frikoblet fra sine stillinger og verv andre steder)


audioskribent

 

PERSONALIA:

Arbeider som lærar i grunnskulen. Busett i ei bygd på Nordvestllandet. Fyrste stereoanlegg (Tandberg) vart kjøpt av konfirmasjonspengane i 1973. Har også ei fortid som bassist i nokre rockeband, og har hatt gleda av å leike i studio eit par gonger, dessutan gjort amatørinnspelingar i fleire samanhengar. Har vore frilansskribent nokre gongar: Puls Hifi i 80-åra, Audio då det vart uavhengig frå Audioscan med Jens Tryti som redaktør,  Audio Video på midten av 90-talet, og for Fidelity i eit par høve…

ANLEGG:
Høgtalar:            Innersound Eros brukast i stereooppsett i lytterom #1
Mirage Omnisat og Nanosat i surroundoppsett i lytterom #2
Kablar:               Relativt rimelege Synergistic Research høgtalarkablar (3m) 
Signalkablar frå Viablue/Xtreme-cable: treskjerma i ulike lengder.
Forsterkarar:       Innersound bassforsterkar (under 400 Hz)
Copland CTA 520 (over 400 Hz)
Conrad Johnson ET 2 linjeforforsterkar
Audio Research SP 10 forforsterkar (riaa-delen)
Creek OBH-22 passiv linjedel (potmeter + inngangsvelgjar)

Signalkjelder:      VPI SuperScoutMaster med JMW 9Signature og rimdrive 
Pickupar: Dynavector DV10x5, Grace F9, Denon DL 110
Sony 270 CD-vekslar (det er så lettvint) 
Squeezebox 
Marantz SA-7001 (SACD)
Sony SCD-XB770 (SACD) 
Spikes: Soundcare Standard

Rom: Fire ulike rom brukast til utprøving av utstyr. Eigen artikkel om desse.

Musikksmak:       Klassisk, med særleg fokus på romantikken, i store og små orkesterbesetningar.
Stor sans for det som vart innspelt på vinyl, særleg 60-talet.
Norsk pop og rock, med hovudvekt på "gullaldrane" ca 1973 og 1980, og det                                 som seinare dukka opp på vinyl. Også moderne, eksperimentell rock "og sånt...."             Har lite peiling på jazz, og sånt.....
2/3 av musikksamlinga er på vinyl.....
Credo:
Eg har til tider vore desillusjonert om hifi-bransjen (og spesielt hifi-pressa) si framtid, på grunn av den digitale revolusjonen. Med eit bakteppe der danske High Fidelity er avvikla og ei økonomisk krise som gjer at annonsebudsjetta er sterkt avgrensa, er det vanskeleg å motivere seg sjølv og andre til å produsere hifiartiklar på fritida - for det er ikkje snakk om å leve av å skrive om hifi her i landet. Men eit nettmagasin som www.audiophile.no kan ha livets rett. Med opning for at lesarar kan kommentere artiklane direkteopnast det kanskje meir for dialog og engasjement?
Moderne teknologi gjev god lyd til prisar som gjer det overkomeleg for folk flest. Likevel er det framleis ganske langt mellom dei verkelege entusiastane. Men hos desse kan ein oppleve to-kanals stereoanlegg med så tredimensjonal lydoppleving at ingen surroundanlegg kan måle seg når det gjeld realisme, sjølv om multikanalslyd kan vere fantastisk imponerande, (betre enn det verkelege, meir enn i water).
Men kva er det eigentlege målet for lydreproduksjon? Vi har ikkje hatt den diskusjonen i hifi-pressa her i landet. Musikk handlar om oppleving og kjensler. Ikkje om teknologi. Mange veit dette, og gjev blaffen i teknologien. Men slik eg ser det, kan ein då miste store opplevingar.
Mykje musikk kan ikkje formidlast skikkeleg gjennom ein mikroskopisk høgtalar. Eg påstår at ein av grunnane til at det klassiske musikkuniverset er så lite utforska av folk flest, er at mange musikkanlegg er så dårlege at dei ikkje kan formidle opplevinga. Vidare er det mange audio-fundamentalistar som lyttar til spesialopptak i stereo på elektrostathøgtalar via single-ended klasse A-rørforsterkarar, og fnyser av folk med transistorar og digital reproduksjon, og nektar å høyre på ei mp3-fil. Dei går glipp av mykje dei og…..

Musikkprofessor Jon Roar Bjørkvold innførte i boka ”Det musiske menneske” eit omgrep frå eit afrikansk språk NGOMA. Det inneheld alt vi legg i omgrepet ”musikk”, men i tillegg dans, fest, rytme, moro og engasjement, kanskje også noko frå det spanske omgrepet ”duende” – tilstanden når ein flamenco-sangar og sangen til saman vert noko på eit høgare plan..

Musikk skal engasjere. Fylgjeleg må eit musikkanlegg kunne formidle NGOMA. Ein audiokomponent kan måle så korrekt det berre vil, så lenge det ikkje har NGOMA. Og motsett: ein forsterkar kan måle 7 Watt og ha ørten prosent vrenging, men engasjerer lyden, er det heilt greitt.

Ein annan viktig ting eg har på hjartet: Høyrer du liten skilnad på dings A og dings B, bør du velje den du har råd til…. Lytt sjølv, bruk ikkje stereoguruar sine artiklar ukritisk...

YNDLINGSSITAT: (visstnok unnfanga under lanseringa av eit vanvittig dyrt referansehøgtalarsystem på ei messe i USA.) ”Nice gear, but it doesn’t boogie”

ansvarlig redaktør, skribent

 

Utdannet sivilarkitekt ved NTH i 1981. Født i Kristiansund. Bodd i Bergen siden 1982.
Musikpreferanser: Jazz, mye jazz. Klassisk. Musikk uten bås. Har etterhvert blitt ganske kresen på Pop/rock. Miles Davis, Keith Jarret, Chick Corea, Terje Rypdal, Ketil Bjørnstad, Frank Zappa, Savage Rose, Fleetwood Mac. Nevnte jeg Miles Davis?

Mine oppsett i forskjellige rom:
Hovedscenen
-        Linn Kinos Prosessor/forforsterker
-        Linn Chakra C6100 6-kanals effektforsterker med aktive delefiltre (Front)
-        Linn Ninka gulvhøyttalere med aktiv bi-/triamping (front)
-        Linn Katan stativhøyttalere (Surround Side)
-        Linn Classik Unik (Surround Back)
-        Linn Sizmik 10.25 aktiv subwoofer
-        Linn K400 Høyttalerkabler
-        Linn Black signalkabler
-        Silk Mk 1 signalkabler
-        Proton A2580 5-kanals effektforsterker (Surround Side/Back)
-        Philips 212E / Ortofun Super om10
-        Sony CDP-XA5ES / LC-clock
-        Denon DVD 1400
-        InFocus Screenplay 4805
-        Stax SR-80

Sidescenen
-        Philips 8403 TV

Småscenen
-        Harman/Kardon AVR635 surroundreceiver
-      Toshiba SD2005 DVD-spiller
-      Linn Katan stativhøyttalere (front)
-      Mission 760 (Surround Side)
-    B&W ASW600 aktiv subwoofer
-        Toshiba 42C3000P 42” LCD flatskjerm
-        Sony MDP 520 minidisc

Intimscenen
-        Denon DCD-F102 CD-spiller
-        Denon DRA-F102 DAB stereoreceiver
-        Tannoy M2 stativhøyttalere

Den mobile scene
-        iPod Video 80GB
-        Beyerdynamic DT880

musikkskribent  

 

 

 

Eg er sivilingeniørstudent ved NTNU og fritida mi går med til mykje ulikt. Dei to hobbyane som tekt mest tid er flyging og musikk. Eg flyg seglfly i m.a. NTH Flyklubb og bør ikkje byrje å fortelje om kor kult det her (det ville blir vanskeleg å slutte). Musikkinteressa mi er vel kanskje litt meir relevant. Eg spelar saksofon i diverse band, og har gjort det så lenge eg kan hugse (nesten). I første klasse byrja eg på musikkskulen og har spelt sidan då. Eg har i tillegg bakgrunn frå både korps, symfoniorkester og storband. I 1998-99 gjekk eg på Toneheim Folkehøgskole på Hamar. Toneheim er Noregs største musikkfolkehøgskule, og eg følte eg fekk utvikla meg mykje som saksofonist dette året.
Men eg spelar ikkje berre, eg høyrer òg på musikk. Eg høyrer på mykje ulikt, mest jazz, men òg rock, soul, funk og klassisk musikk. Nokre av mine største personlege favorittar er: Miles Davis, John Coltrane, Thelonius Monk, Buddy Rick, Jimi Hendrix og Michael Brecker.

Når det gjeld mi rolle som skribent av musikkomtalar her på audiophile.no, er det viktig å få presisere at det eg skriv til sjuande og sist vil vere mine subjektive meiningar. Eg vil alltid prøve å vere så nøytral og sakleg som mogeleg, men det er trass alt mine øyre som høyrer. Ein annan ting er at eg meiner at musikken er mykje viktigare enn anlegget. Eg skriv dette, sjølv om eg står i fare for å bli skoten no... Men eg meiner dette er heilt grunnleggande. Ein kan ikkje kjøpe musikk berre fordi "det er ei så god innspeling..." Alt rundt musikkgjengivinga kjem i andre rekkje i høve til musikken. Det tyder ikkje at eg misliker "gode" anlegg, men at dette ikkje er det viktigaste. Uansett vil ingenting vere som å høyre god musikk live...

Lest 5708 ganger Sist redigert søndag, 29 juni 2014 19:58
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien Annonsere på audiophile.no »