lørdag oktober 19 , 2019
torsdag, 06 februar 2014 17:00

Nettkabelen Paradox Edison coil - Paradoxal Kabelmoro, fyrste akt.

Skrevet av

 

Fyrst ville eg prøve ”Edison”, ei skikkeleg trosse, så stiv at det nesten ikkje er omsnakkandes, og den einaste fornufige staden å sleppe denne til, var på riaatrinnet Manley Chinook.

Les meir:

Denne artikkelen er fortsettelsen av Paradoxal Kabelmoro - Overture.

Anlegget hadde vore påslått ein god time, og eg hadde lytta til anlegget litt før kabelskiftet vart gjort.  Edison-trossa var så tjukk og stiv at sjølv den relativt store Chinook vart vippa ut av posisjon. Men med litt bending lukkast det å gjere alt klart til samanlikning. Musikken starta på nytt, og eg konsentrerte meg. Men fyrsteinntrykket gav meg ingenting. Det var ganske uråd å registrere den aller minste skilnad på lyden. Her måtte eg skjerpe meg.  Så eg prøvde å fokusere på dei tre viktigaste områda eg lyttar etter når eg skal vere kritisk.

Var det klanglege og frekvensmessige endringar? Ikkje som eg kunne registrere. Ikkje i mitt anlegg, ikkje med mitt sanseapparat.

Kunne det registrerast endringar i dynamisk nyanseringsevne? Nei, korkje verre eller betre. Til sist fokuserte eg på perspektiveigenskapane og lydbildet, men heller her kunne eg registrere skilnad.

Eg spelte fleire plater, og skifta tre gonger attende til standardkabel, utan at det hadde innverknad.  Eg gjorde også pickupskift for å sjå om MC støya meir ved bruk av standardleidninga, men nei.

Eg må konkludere at nettkabel ikkje har noko for seg til riaa-forsterkaren. Tenkjer du på forbetringar her, må eg råde deg til å bruke pengane på ein flottare riaa.

 

 

Er det lydlege skilnadar ved å skifte nettkabel?

Nettkablar verkar uvilkårleg som eit område utan den heilt store innverknaden på lyden. Straum vert sendt frå kraftverket, via eit meir eller mindre stabilt system av opp- og nedtransformering av spenninga, ut over heile landet før det kjem til bygda mi, og til stolperekkja i byggefeltet eg held til i. Så går det i jordkabel inn i huset mitt, til sikringsskapet, der det heile spreiast på kursane, og den eine som fører fram til anlegget. Mykje kan sjølvsagt skje med straumen på denne reisa, men er det råd å ordne eventuelle problem via den aller siste meteren på reisa til straumen? Og er det råd å rette problema ved val av rette type straumkablel?

No har eg altså denne ASR-saken der nettkabel tydeleg er prioritert. Og det er vel rimeleg å tru at det er skilnad på kraftbehovet til dette beistet samanlikna med dei beskjedne 42 Watt Chinook er oppgjeven til å trekkje. Vi ser at produsentar gjer skilnad på kabelen som brukast til vaffeljarnet og det som er til lampettane. Så eg tek ikkje sjansen på å trekkje bastante konklusjonar rundt kor viktig nettkabelen er til effektforsterkarar. Men om du brukar vinyl som signalkjelde, er det bortkasta å kjøpe Edison nettkabel. Personleg ville eg nok prioritere ei investering på 24 990 kroner andre stadar i eit anlegg som mitt enn til straumkabel. Men har du ein annan effektforsterkar der nettkabel kan skiftast, kan du kanskje gjere andre erfaringar. Det fine er at du faktisk kan gjere dette utan problem. Paradox har full returrett i 30 dagar, og du får pengane att om du vil returnere produkta.

Produsent: Paradox Audio.

Veil. pris Edison coil: 24.990,-

 

Les også Paradox kabelmoro - Overture.

 

Les også Paradox The Link RCA - Paradox kabelmoro, andre akt.

Les også Paradox Mk II - Paradox kabelmoro, tredje akt.

Les også Paradox kabelmoro - finale.

 

Lest 3920 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen