tirsdag oktober 15 , 2019
mandag, 10 februar 2014 12:09

Høgtalarkablane Paradox MK II - Paradoxal kabelmoro, tredje akt

Skrevet av

Høgtalarkablane

Her ligg den største kapitalen i kabel. Dersom eg skulle ha Paradox sine beste kablar til biwiring, ville prisen ligge på rundt 37 000 kr. Det eg samanliknar med, er gamle, rimelege Synergistic Reserach, som har vore i anlegget mitt sidan 2004, og som eg ikkje har sett noko stort poeng å endre, sjølv om det har vore nokre alternativ å velje sidan den tid.

Les meir:

Denne artikkelen er fortsettelsen av Paradox The Link RcA - Paradoxal Kabelmoro, andre akt

 

Tidlegare når eg har jobba med kablar, har eg slitt med å legge kablane ”pent”, dvs parallelt, og med så få krysningspunkt som praktisk muleg. Det mest utfordrande eg har vore bort i på dette feltet, var då eg prøvde ut Skogrand. Eg var redd for å knekke kablane, rett og slett, og noko av den same kjensla kom også no. Du må jobbe med desse ormane, om dei skal halde seg akkurat der du vil.

Etter ei lengre lytteøkt med eksisterande kablar, fekk Paradox sleppe til. Umiddelbart tykte eg lyden ikkje vart noko betre, snarare det motsette, med daffare dynamikk, heilt motsett erfaringane frå tilsvarande prosess under utprøving av Skogrand sine kablar. Men etter ganske kort tid verka det som dette ordna seg.  Faktisk vart dei dynamiske eigenskapane ganske tydleg forbetra, spesielt når det vart spelt basstransientar. Her vart eg for fyrste gongen under kabelutprøvinga raskt klar til å plassere endringane i kategorien ”tydeleg endring til det betre”.

Ved å gå attende til mine rimelege Synergistic-kablar verka det då også som lyden forringa seg ved å ha mindre harmonisk klang. Men det var interessant å registrere at denne kjensla minka ved gjennomspeling av to-tre låtar. Er det tilvenning, oppvarming eller innspeling eg registrerer, tru? Nokre raske (vel, det tek tid å skifte mellom to sett biwiring, og eg vil helst slå av forsterkaren når eg fiklar med utgangsterminalane) skift mellom kabelsetta gjorde at skilnaden ikkje var fullt så markant som fyrsteinntrykket. Dette kan tyde på at kablar som ligg i ro nokre dagar treng nokre minutt i anlegget før ting er heilt i orden, men ved kortare lytteintervallar er dette mindre nødvendig.

Sjølv om eg ikkje vil prioritere Paradox høgtalarkablar i anlegget mitt, må eg konkludere med at høgtalarkablane til Paradox gjer ein veldig god jobb, på mange måtar betre enn kva dei langt rimelegare referansane mine gjer.

Som så mange gonger før i karrieren som hifientusiast må eg spørje meg sjølv kor mykje det er rimeleg å investere for ei relativt lita forbetring i lyden. Det finnest ikkje noko fasitsvar her. Det vil alltid løne seg mindre og mindre, ettersom du går opp i pris, og knivar om dei siste milligramma godlyd, samanlikna lenger nede på lydkvalitetspyramiden, der dei snakkar om både hekto og kilo, eller kanskje endåtil endå større endringar.

Potensialet er også større enn kva eg kunne få til denne gongen, ved at det vart nokre uheldige kabelkveilar og kryssingar som ikkje var til å unngå utan å skreddarsy perfekte strekk på alle måtar.  Dei praktiske utfordringane ved å legge kablane optimalt, saman med resten av ”ormegarden”, burde etterprøvast. Truleg kan du få minst like utslagsgjevande lydforbetringar her som ved sjølve kabelkjøpet.

 

Pris: Paradox MKII: 34.990.- single wire, dobbelt sett for bi-wiring: 49.990.-

Produsent: Paradox Audio.

 

Les også Paradox kabelmoro - Overture.

Les også Paradox Edison - Paradox kabelmoro, fyrste akt.

Les også Paradox The Link RCA - Paradox kabelmoro, andre akt. 


Les også Paradox kabelmoro - finale.


Lest 5402 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen