fredag, 14 august 2020 16:52

TEST: Matrix X-Sabre PRO MQA, ein ambisiøs sak Spesial

Skrevet av

For den som er oppteken av maksimalt god lyd, er det ingen grunn til å nøye seg med ein enkel CD-spelar eller strøymetenester direkte gjennom pc-en. Ved å tappe signalet digitalt og bruke ein ekstern konvertar, kan ein oppnå forbetringar. Matrix er såleis svært interessant å ha i anlegget.

Så langt har eg ikkje fått sjansen til å prøve ut skikkeleg seriøse digital-analog-konverterar (DAK) i eige anlegg, berre nokre relativt rimelege greier som eg ikkje fann noko poeng å skrive om, all den tid det var lite forbetringar å hente samanlikna med den innebygde i min Oppo 105. Men no skulle eg altså få prøve eit langt meir ambisiøst produkt til alvorleg pris

Framtoning

Matrix X-Sabre PRO MQA er fysisk sett ganske liten, men vekt åleine indikerer at dette er eit produkt som meiner alvor. «Tung hifi» har ofte tjukkare kabinett enn dei billegare konkurrentane, naturleg nok då vekt og fraktkostnadar vert ein forsvinnande liten del når produktet kostar 26 000, medan dei i lågare prissegment veg så lite at apparatet gjerne flyttar på seg når du prøver å trykke på knappane. Det slepp du med Matrix, som held seg på same stad som du plasserte han. I mitt tilfelle var det på toppen av min nye Vera Audio 400/1000 effektforsterkar. Desse to apparata passar saman som hand i hanske på alle måtar, både lydleg og designmessig, med same svarte farge, og same storleik. Det einaste er at dei bør ha godt med luft rundt seg for kjølinga sin del. Elles har Matrix alle dei digitale inngangar du kan forvente deg, endåtil noko som såg ut som ein HDMI-inngang, men som er av eit nytt slag eg ikkje kjenner til. Utgangar finnest både med XLR og RCA, og Matrix stetter såleis alle dei behov du måtte ha.

Matrix som forforsterkar

Når eg hadde plassert apparata på denne måten vart det naturleg å sjå på Matrix som forforsterkar. I tillegg til ein display som syner signalkjelde og digital oppløysingsnivå, kan også funksjonane styrast med ein grei fjernkontroll som også kan styre volumet. Altså kan Matrix brukast som forforsterkar direkte inn i effektforsterkaren. Eg var skeptisk til dette, for mi erfaring er at når volumet skruast ned i det digitale domenet, endrar lyden karakter, så eg er vant til å styre lydstyrken analogt. Men i dette oppsettet var det ikkje problem i det heile. Denne volumkontrollen var fullstendig nøytral, og endra utelukkande lydstyrke. Dette gjorde at det ikkje var problem med å skru ned til bakgrunnsmusikk, utan at det vart kjedeleg å høyre på, men endå viktigare, Matrix gjorde det råd å skru opp styrken når det avspelast CD-ar med «trygt innspelingsnivå». For å hindre overstyring utan å bruke kompressorar av noko slag, vart mange digitale opptak gjort med god avstand til klippingsnivået. Dette gjer at desse volumkontrollen gjerne må skruast høgt opp for å få tilfredsstillande trøkk. Dette er spesielt irriterande når du har innspelinga på ulike format. Mitt beste døme er Telarc-innspelinga av 1812-overtyra, som eg har både på CD og vinyl. Vinylen er mykje betre, så sant du har ein pickup som ikkje vert kasta ut av rillene når kanonskota kjem. Men gjennom Matrix kjem kontrabassane og basstromma fram, teikna tydeleg i lydbildet, og dei dynamiske nyansane er heilt på topp, med det vesle ekstra overdrivne botndraget som gjer oss imponerte. Og det som har gjort denne CD-en så legendarisk, kanonskota, har vorte så avsindige som du elles berre finn på vinylversjonen med rette pickup. Kombinasjonen Matrix/Vera gjer ting aldeles rett – kanskje rettare enn det dette opptaket fortener? Her greidde eg å provosere forforsterkaren sitt sikringskrinslaup, og fekk dioda i fronten til å endre farge og blinke, men dette var med svært høgt avspelingsvolum. Det er truleg einaste innspelinga der eg føler behovet for å bruke to brukopla Vera 400/1000 i staden for ein. Men då mest for å imponere, sjølvsagt...

 

Ein annan, litt meir normal CD som verkeleg viser kva Matrix kan gjere med lyden, er Ry Cooder «Borderline». Her er innspelingsnivået så lågt at det er irriterande på ein normal CD-spelar, der du normalt ikkje får fram den svært gode oppløysinga og instrumentplasseringa som er spelt inn. Oppo sin innebygde DAK gjer her ein jobb betre enn dei fleste, men brukast den innebygde, digitale volumkontrollen må denne stå på full guffe, eller aller helst slå av funksjonen. Men med Matrix er ting heilt på plass, uansett avspelingsnivå.

Som forforsterkar er Matrix glimrande, men som andre hifiprodukt har også denne eigenkarakter, sjølv om dei på ingen måte kan seiast å dominere. Lyden fargast i svært liten grad, og på den måten må ein seie at Matrix er noko av det mest nøytrale du kan bruke mellom innspeling og effektforsterkar. Det mest imponerande er bassattgjevinga. Når effektforsterkaren er god nok, vert fundamentet svært skikkeleg. Ikkje berre valdsamt, men også med full kontroll. Dette er noko av det beste eg har høyrt, uansett format, og det dankar fullstendig ut den relativt blodfattige attgjevinga eg får til med bruk av den passive volumkontrollen Creek OBH 22, som eg elles må seie fungerer godt saman med Vera 400/1000 når inngangsnivået er skrudd på topp (sjå omtale av Vera).

Også andre forforsterkareigenskapar er utmerka. Måten å nyansere dynamikk på er heilt på høgd med det aller beste, og plasseringa av instrument og musikarar udiskutabel, når opptaket er godt nok på dette feltet. Så har vi detaljoppløysinga, som neppe kan gjerast særleg betre. Men når vi kjem til klangeigenskapane vert det eit spørsmål om din smak og ideologi. På Matrix er desse utprega nøytrale, med ei helling mot det eg vil kalle «moderne». Dette er sjølvsagt positivt, for ideelt sett skal ikkje ein hifi-komponent tilføre lyden noko – gje att opptaket så likt innspelinga som råd. Dette gjer Matrix, men det er ikkje alle innspelingar som har godt av slikt. Du merkar fort når det er nytta kompresjon, og du kan gløyme å få tilført ekstra varme og kos, for her gjerast ting etter boka. Kona kunne ikkje like dette, og meinte som vanleg at analog lyd var mykje betre. Men dette er eit spørsmål om kva klangbalanse du ynskjer, og det finnest råd for dette. For ingen vil då tilføre lydattgjevinga noko ekstra – eller?

Eit anna problem er om du har analoge signalkjelder. Matrix har ikkje analoge inngangar, så skal du bruke vinyl eller teip treng du ein konverter som går andre vegen, frå analog til digitalt. Det er også ei tredje utfordring; du treng sannsynlegvis ei datamaskin for å kunne nyte høgoppløyste lydformat.

Når Matrix er forforsterkar, får du fordel av å spele CD-ane dine med stor bravur, og spesielt dynamisk sett vert det flott. Og om du brukar strøymetenester, vert du forbausa over kor mykje godt som kan hentast ut av den relativt dårlege oppløysinga denne strøymetenesta har lagt seg på, fullt akseptabelt, om enn ikkje så god som når det spelast CD, sjølvsagt. Men om du har SACD eller andre kopisikra sølvskive-format, får du ikkje overført signal digitalt. Skal du utnytte høgoppløyste format, er det ingen veg utanom via ei eller anna form for datamaskin.

 

Matrix som rein DAK

Dei av oss som alt har forforsterkar vil nok gjerne ha funksjonane på lik linje med andre signalkjelder, og koplar dei digitale via DAK til denne. Eg brukar ein gammal røyrforforsterkar (Audio Research SP 10 II) med stor entusiasme, sjølv om eg er fullstendig klar over at denne tilfører lydattgjevinga noko ekstra, og slett ikkje er så nøytral som når signalet køyrast direkte frå utgangane til Matrix inn i effektforsterkaren. Likevel, ingen av familiemedlemene eller dei besøkjande går for andre løysingar enn å sile lyden gjennom gamle SP 10. Så det vart til at Matrix måtte finne seg i å dele podiet.

I eit slikt oppsett vert lydattgjevinga prega av både Matrix og forforsterkaren. Noko som var lett å registrere under utprøvinga. Og for meg (og ikkje minst kona) var dette det beste alternativet. Den gamle rørforsterkaren tilførte lydattgjevinga noko ekstra, både klangmessig og dynamisk, som gjorde meg i stuss. Eigentleg vil eg ha lyden attgjeven så lik det som skjedde i innspelingslokalet som råd, og det er ikkje tvil om at Matrix åleine er meir korrekt enn saman med forforsterkaren. Var det kanskje noko impedansmessig som verka inn? Effektforsterkaren Vera har justeringar på inngangen, slik at du kan regulere gain der, og eg eksperimenterte litt med dette. Dette verka hovudsakleg inn på dynamikk og lydstyrken, utan at det endra på opplevinga av at det var meir tilfredsstillande å bruke forforsterkar. Og lyden var til ei kvar tid vesentleg betre enn kva eg fekk ut av analogutgangen på min Oppo 105-spelar. Det var også greitt å kunne styre volumkontrollen frå Matrix. SP 10 har ikkje fjernkontroll, og volumendringar via Oppo verkar inn på oppløysing og dynamikk på ein måte som gjer at eg har deaktivert kontrollen. Dette medfører at eg må reise meg kvar gong eg skal endre volumet, noko dei færraste har sansen for i dag. Matrix sin volumkontroll verkar ikkje inn på lyden på nokon annan måte enn ved å regulere lydstyrke.

 

Å gå attende til Oppo 105

Det var ikkje så veldig greitt å pakke saman Matrix X-Sabre Pro MQA, for trass i kona sine innvendingar om det kliniske, var det sider ved dette som udiskutabelt var høg kvalitet. Som forforsterkar er det vel få om nokon eg har vore bort i med like god oppløysing. Det er noko som eg legg vekt på, så det er litt blanda kjensler når eg føretrekk å «kamuflere» litt av dette gjennom ein utgammal rørforforsterkar, og køyre Matrix som rein DAK.

Men det vart ekstra tungt å seie far vel då eg sette inn Oppo 105. Denne multiformatdigitalplatespelaren fungerer i mitt vanlege oppsett som DAK, og då mine digitale signal gjekk gjennom dette slik det gjorde tidlegare, var det ingen tvil om at Matrix var eit betre lydalternativ. Eg skulle likt å høyre kva som hadde skjedd om Matrix hadde fått lov til å tolke dei digitale signala frå SACD og audio blu-ray, men det er altså ikkje lov. Så spørs det om dei meir moderne spelarane etter kvart utstyrast med like gode DAKar som denne.

Konklusjon

Gjennom Matrix får du eit godt løft i attgjevinga av detaljar, dynamiske nyansar, perspektiv og kraftige fortissimo i musikken, som du sannsynlegvis ikkje meistrar sjølv med ein svært god CD-spelar. Om graden av løft står i høve til prisen, er det du som må avgjere – men for den erfarne audiofile vil dette vere ei god investering, spesielt om du har mange digitale signalkjelder. Strøymetenestene viser seg også frå si beste side, og eg vart forbausa over kor godt Spotify sitt komprimerte format kan yte når DAKen som brukast er på dette kvalitetsnivået. Dei fyrste utprøvingane av strøymetenestar eg gjorde, var gjennom Sonos standard, noko som var «greitt nok» til radiostrøyming og mange lytteformål, men som var merkbart dårlegare enn mange andre format. Eg fekk eit merkbart løft på fleire måtar då eg gjekk over til å bruke den innebygde DAKen i Oppo-spelaren, og no skjedde det same igjen med Matrix – endå betre oppløysing og dynamisk nyanseringsevne. Men det irriterer stort at eg ikkje kan samanlikne konverteringa frå Blu-ray audio eller SACD, sidan desse ikkje kan tappast digitalt. Men nå r det gjeld avspeling av musikk frå ditt lokale datanettverk, kan du forvente at svært høgoppløyste opptak får komme til sin rett.

Er du på jakt etter ein DAK som kan alt, er du nøydd til å sjekke ut Matrix. Dersom du i tillegg treng ein forforsterkar med balanserte utgangar, og er oppteken av at musikken skal attgjevast like presist som han vart spelt inn, er saken klar.  

 

Veil. pris for Matrix X-Sabre PRO MQA er kr. 25.999,-

Matrix importeres til Norge av Mala Audio

Les mer om Matrix X-Sabre PRO MQA hos Mala AUdio

 

 

Lest 4610 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.