torsdag april 18 , 2019
søndag, 27 januar 2019 19:41

TEST: Manley Neoclassic 500 + Manley Shrimp. Alle kreftene du kan drøyme om, og litt til… Spesial

Skrevet av

Har du høyrt om Manley? Er du vinylentusiast, er det vel sannsynleg at du har høyrt om Steelhead. Svinedyr riaa med ekstra linjeinngang, truleg av det beste ein vinylentusiast kan få tak i. No leverast også veslebror Chinook til rundt ein tredjedel av prisen, men likevel til 24 kkr. Ikkje heilt billeg, sjølv om Manley har svært godt ord på seg. Og så alle dei rykta som svirrar om merket, då.

David Manley var ein forsterkarkonstruktør som satsa sterkt på bruk av rør. Etternamnet sette han på dei beste produkta sine. Så hadde han eit billegmerke VTL, som kunne tilby ganske like produkt. Til denne fabrikken kom ei ung og fager jente som heitte Eveanna. Ho var dotter av eigaren av AMPEG, eit gitarforsterkarmerke som også baserer seg på rør. Eveanna hadde då truleg fått øyrene tuta fulle med argument og erfaringar rundt kvifor rør er det einaste rette til lydreproduksjon, så det å få seg jobb på ein rørforsterkarbabrikk måtte vere det mest naturlege i verda. Det enda med at David sjekka opp denne unge, lovande jenta, og gifte seg med henne. David var då visstnok rundt 60 år, medan Eveanna var i tjueåra. Dessutan hadde David ein son Luke frå tidlegare ekteskap som også sjølvsagt (?) var rørforsterkarkonstruktør….

Dette kunne ha vore plottet i ein skikkeleg hifisåpeopera, men då ei vidare utdjuping av den lange historia kunne ført oss fullstendig på ville vegar, er det best å gjere henne kort i staden.

David og Eveanna vart skilt. Ettersom Eveanna hadde tatt over dei fleste oppgåvene i Manleyfabrikken var det naturleg at ho tok over merket, og har no utvikla det. Eigentleg lagar Manley produkt til studiobruk, og har svært godt ord på seg for driftsikre produkt. Ein relativt liten biproduksjon har fokusert på hifimarknaden, der det solide handverket også gjennomsyrar produkta – få, men svært forseggjorte produkt som fortener mykje fokus frå kjennarane.

Sonen Luke fekk retten til billegmerket VTL, og bygde dette opp til noko av det beste som finnest, som etter seiandes skal ha svært god biasautomatikk så vel som andre kvalitetar heilt i toppklassen av hifi, med toppmodellen ”Sigfried” som skal vere eit rørforsterkarbeist på rundt 800 watt pr kanal (truleg den kraftigaste av kommersielt tilgjengelege røreffektforsterkarar vi kan oppleve for tida. Men han kostar godt over 600 000 kroner, og er vel også den dyraste i sitt slag). David tok til slutt farvel med hifibransjen, og segla sin eigen sjø (kjøpte ein diger seglbåt, og dukka opp i Sørafrika, men døydde for ei stund sidan). Seier rykta.

Og no:

Utprøving av Manley Neoclassic 500

Når eg no hadde fått tak i eit sett monoforsterkarar, skulle dei prøvast ut på ein av dei mest krevjande høgtalarar eg har erfaring med, mbl 101E. Rundstrålande og tungdriven, med last på ca 3 Ohm på det argaste. Få forsterkarar er i stand til å forløyse potensialet til desse særingane, og eg har prøvd litt av kvart. Som rørentusiast hadde eg lenge ynska å prøve eit passande oppsett. Eg hadde prøvd 180 Watt frå Rouge sine minste monoblokker, og høyrt potensialet. Men dette var ikkje meir effekt enn det som må til som eit minimum, og det var i Stereofil sitt vesle lytterom. Eg visste at eg måtte ha meir å gå på heime på mine 41 m2.

Så no kunne eg endeleg finne meir kunnskap om kor mykje som skulle til. 500 Watt måtte då vere nok?

 

Utforming

Eg fekk sjaua inn forsterkarane, og plassert dei på ein skikkeleg måte. Det slo meg med ein gong eg pakka dei ut kor utruleg skikkeleg dei var laga. Kabinetta var dønn solide, og berehandtaka kunne faktisk brukast utan at du var redd for at gode 35 kg metall og glas skulle gå i golvet. Terminalane var skikkelege, og det lukkast meg å feste dei slik at bikabling fungerte godt (bikabling, eller biwiring er ein føresetnad for mbl 101). Utsjånaden er også ganske spesiell, og du vil neppe blande saman Manleyprodukt med andre produsentar, sjølv ikkje på lang avstand. Kabinetta er lakkerte i ein blålilla tone som ser heilt rå ut, med assosiasjonar til gammalt kringkastingsutstyr, men bygd som eit slagskip. Med ei diger, svart namneplate i fronten, litt prangande, men som praktisk dekkjer biasjusteringa. Om du likar den rå utsjånaden (noko kona mi ikkje gjorde), var det heile svært så funksjonelt innretta. Som på gamle gitarforsterkarar var det to brytarar for å slå på apparatet, den eine for pre-heating. Det gjer at du kan halde forsterkarane avslått, men likevel varme nok til kritisk lytting etter nokre få augeblikk. Eg lot for moro skuld eine forsterkaren stå i standby medan den andre var på eit par timar. Då eg slo begge på og lytta kritisk, kunne eg ikkje heilt ta skilnaden på den ”halvkalde” og den som hadde full styrke permanent. Men det var ikkje noko problem å skilje kald frå varm når den eine forsterkaren hadde vore heilt utan straum. Ei slik spareordning er gull verd når ein veit kor mange rør som skal skiftast. Då gjeld det å tyne levetida så mykje som råd.

 

 

Manuell biasjustering

Ein annan viktig sak for å sikre røra, er justering av bias. Mange kvir seg for dette, og held seg unna røreffektforsterkarar eine og åleine av den grunn. Eveanna har gjort dette på gamlemåten, i motsetnad til VTL, som har automatisk biaskontroll. Mange (spesielt slike utan autobias på forsterkaren sin) sverjer til manuell justering fordi dette er presist. Men så spørs det kor ofte du gjer denne justeringa, og med 20 utgangsrør er det ein viss jobb, sjølv om Neoclassic er utforma slik at det skal vere så lettvint som råd. Du løyser namneplata med to skruar, så kjem til til målepunkta og potmetra for justering. Så brukar du det medfylgjande multimeteret, stikk den svarte enden inn på jordingspunktet, og målar kvart einskildrør med den andre. Så skrur du på biaspotmeteret. Når du har fått til teknikken med å halde begge pinnane + multimeteret med ei hand, og justere potmeteret med det andre, er det faktisk ein leik.

 

Neoclassic saman med Conrad Johnson ET 2 forforsterkar

Fyrste del av lyttinga vart gjort berre med utskifting av effektforsterkarane. Det måtte nødvendigvis verte radikale endringar ved å gå frå ca 200 transistorwatt til 500 rørwatt, og det må innrømmast at her vart forventningane meir enn innfridde. Dei dynamiske eigenskapane til anlegget vart noko sjølv ganske brutale hornoppsett vil slite med å måle seg med, og det gjennom heile frekvensområdet. Klangmessig var dette svært nøytralt, ikkje noko av gammaldags rørslede-lyd, men heller ikkje den lett anorektiske lyden av high-tech-rørkonstruksjonar, eller noko som likna på transistorisert eigenlyd. Dette var akkurat slik lydattgjeving som det er så lett å verte fornøgd med. Når eg provoserte med svært bassrik musikk med store dynamiske kontrastar, vart dette beintframt og ærleg attgjeve, utan å overdrive, men definitivt også utan å halde attende det minste. Dei tredimensjonale eigenskapane som i utgangspunktet var noko av det eg var mest fornøgd med i anlegget, forbetra seg alvorleg mange hakk. Og det kjekkaste av alt, det var ikkje problem med å spele svakt heller.

 

Triode eller pentode?

Det er ein fasilitet som gjer Neoclassic ekstra attraktiv. Med ein brytar på framsida kan du velje mellom 500 watts pentodedrift, eller 275 watt i triodedrift. Triodedrift av KT-røra gjev ofte tydelegare dynamikk og meir markant bass, men det er ikkje så effektivt som pentodedrift, og du tapar typisk halve effekten. Det vert sagt ulikt om i kva grad dette kan verke inn på levetida til røra, men fleire forståsegpåarar seier at det ikkje gjer noko, og så er det slik at triodedrift vert ofte det beste alternativet, om høgtalarane ikkje er håplaust tungdrivne. Ein ting som må hugsast – forsterkaren må slåast heilt av før du skiftar mellom desse to driftsformene. Andre forsterkarar, til dømes Rogue, kan slåast over ”i fart” slik at du lett kan A/B-samanlikne kva du likar best. Men det er lett å høyre fordelane med begge driftsformer. Spelar du stygghøgt, og treng effekten, brukar du pentodedrift. For meg synte det seg at 275 triodewatt var nok til det aller meste – og eg skulle like å høyre det anlegget som ikkje klarer seg med det same.

 

Triodedrift

Etter eit par kveitebrødsdagar med pentodedrift var tida inne for å prøve brytaren som sette over til triodedrift. Eg hadde prøvd effektforsterkarar i 300W-klassen, rett nok transistoriserte, og hadde erfaringsmessig bestemt meg for å tru at dette vart litt i knappaste laget om ein skal spele skikkeleg høgt. Men det å køyre forsterkarane i ein så enkel driftsform skulle også føre til mange lydlege kvalitetar. Eigentleg trudde eg variasjonen mellom driftsformene skulle vere relativt låg, så då eg endeleg fekk finlytta i triodemodus, var det tydeleg at skilnaden var så stor at dette måtte verte standard for oppsettet. Eg fann fram musikk der det skulle spelast høgt, der dynamikken baud på dei skikkeleg store utfordringane. Det eg hadde på vinyl av Sheffield-katalogen, så vel som CD-ar med Yello og Ricky Martin på SACD. Eg tok også gjennomgang av det meste eg hadde av demoinnspelingar.

Det einaste som greidde å provosere dei 275 triodewatta var faktisk ”The Eye” med Yello, og då med eit lydtrykk som var så langt over det eg normalt spelar på at det ikkje kan forsvarast på nokon måte. Mbl 101E er rundstrålande, og spreier lyden i alle retningar. Der er slik at ein slett ikkje treng sette seg i sweet-sona (her snakkar vi ikkje om noko ”spot”, for du kan finlytte frå nesten heile sofaområdet), og likevel få med deg full frekvensgong og mykje av lydbildet. Men når avstanden til høgtalarane vert over tre – fire meter, vert watthungeren ganske stor, slik at min gamle Copland CTA 520 ikkje greidde å levere. Men med Neoclassic 500 forsvann dette problemet. Det kunne spelast urovekkjande høgt utan at det var mangel på noko som helst.

Men det mest gledelege var alt det andre som kom ved triodedrifta. Det er ikkje radikale ting, slik at til dømes klangbalansen endrast. Den er dønn lik uansett, og når de gjeld støy er forsterkaren så taus ein kan forvente ein rørforsterkar kan vere. Det er snakk om auka oppløysing, og ei så finkorna attgjeving av detaljar at der er vanskeleg å beskrive det. Og det mest gledelege av alt – kjensla av elektronisk attgjeving, den ”elektronglansen” som kjem frå nesten alt elektronisk lydreproduksjonsutstyr er så lite tydeleg at eg må hevde at dette i praksis er fråverande. Nettopp denne fantastiske kombinasjonen av ekstreme musklar og ei oppriktig og organisk attgjeving av det tonale, gjer Neoclassic til ein av dei mest spennande forsterkarar eg nokon gong har hatt gleda av å prøve. For i skilnad til svært mange andre kraftige forsterkarar, er det ikkje slik at anlegget manglar evene til å gje att fine nyansar i pianissimo-området. Dei er her til fulle, og anlegget treng slett ikkje spele høgt. I fyrstninga trudde eg mbl 101E hadde ein relativt høg lytteterskel, at dei måtte spele høgt for å yte sine kvalitetar som til dømes Magnepan krev. Men faktisk kunne anlegget no ”gjere alt”. Du spelar ganske enkelt så høgt det er naturleg til den aktuelle musikken, om det er snakk om lieder eller punkrock. Det er ikkje den musikksjanger som ikkje får komme til sin rett når mbl spelar saman med Neoclassic 500 i triodedrift. Madrigalar, strykekvartettar, Stones og Beatles, storband, Joni Mitchell (akkurat ho høyrdest ut som eg aldri hadde høyrt henne før, med realistisk stemmeattgjeving – det har eg slitt med på mange anlegg), hardrock, progrock (DSOTM, Genesis, Yes og dei andre), alt høyrdest betre ut enn eg kan hugse frå tidlegare, elektronika og dubstep kunne attgjevast til lyttaren sine villaste forventningar. Her er ingen svake punkt. Ikkje i det heile tatt.

Dette er effektforsterkarar som gjer jobben med dei krevjande mbl 101E på ein så god måte at eg har vanskeleg for å tru at nokon vil oppleve å komme til kort på nokon måte. Prisen er sjølvsagt høg, men når vi samanliknar kva andre tilsvarande alternativ kostar, er dette rimeleg. Det er likevel ein del utfordringar. Du må sjekke bias. Dette var gjort to gongar før eg fekk dei i hus, og eg måtte også finjustere mange av røra for å sikre lang levetid og god lyd. Men uansett kor pent ein oppfører seg, vil eit rørskift for eller seinare verte nødvendig. No kan du fint skifte eitt og eitt utgangsrør om dei skulle verte dårlege. Eg har erfaring med at det går heilt fint når vi snakkar om utgangsrør. Smårøra som står fyrst i kjeden har mykje større påverknad av lyden, og eg vil tilrå at du brukar ressursane dine der. Ein feinschmecker vil nok vere ueinig, særleg om han er vant med å kjøpe matcha par til sine effektforsterkarar Skal du legge deg på den linja, er det ikkje snakk om matching av par, men av ti stk KT90-rør, og det vert dyrt. Det er skilnad på utgangsrør, men det viktigaste er at dei er driftssikre, solide og støyfrie. Tuberolling kan du gjere i forforsterkaren.

Ei anna lita utfordring kan syne seg når du slår på forsterkarane. Eg har ein 10A-kurs som går til anlegget. Når den fyrste effektforsterkaren kom på gjekk det greitt, men når nr 2 skulle på, gjekk sikringen 1 av 4 gongar. Eg fann ut at det var best å vente ti-femten sekund, slik at fyrstemann var ferdig opplada før nr 2 kom på. Eg la også merke til ei during i fyrstninga, og lurte på om det var problem med trafoane. Men duringa gav seg etter at dei hadde stått på nokre minutt, og det forsvann heilt når ein fjerna eller dempa gitteret over røra. Det er sannsynlegvis dei svært kraftig dimensjonerte transformatorane som påverkar stålet i gitteret i fyrstninga.

Den siste ulempa er effektutviklinga. Når tjueseks rør er slått på (du har gjerne nokre i forforsterkaren og), genererast det ein god del varme. Eg hadde anlegget nokre varme dagar i mai og juni, og det var absolutt nødvendig å lufte ofte. Eg har ein open stereobenk og tok sjansen på å ha forsterkarane ståande ved sida av kvarandre under ei benkeplate. Det vart varmt, ja, og eg trur forsterkarane hadde overflatetemperatur på godt 50 grader. Men utstyret hadde ikkje driftsproblem. Beklagelegvis hadde eg forsterkarane på besøk i ei varmeperiode, noko som gjorde mitt 41m2 store lytterom ekstra varmt. Eg slo difor av forsterkarane til standby når dei ikkje var i bruk. Normalt brukar eg å la testobjekt stå på døgnet rundt, men denne gongen orka eg ikkje det. Frå heilt kald til varm forsterkar tek det kanskje litt over 20 minutt å få all godlyden på plass, men frå pre-heat til alt er i orden går det så fort at det i praksis er inga ventetid. Ei god ordning, men eg slær alltid av forsterkarane heilt av om natta, eller når eg veit det ikkje skal spelast på ei stund.

 

 

Med Manley forforsterkar

Manley har som sagt studioutstyr som si viktigaste inntektskjelde, og hifi-sida er ein relativt liten del av produktutvalet. Dei har såleis ikkje laga eit produkthierarki med fleire modellar på same lest med stigande kvalitetsnivå, slik mange andre har gjort. I staden har dei heilt ulike modellar som har få variasjonar. Og no konsentrerer vi oss om forforsterkarane.

Importørane av Manley har kjøpt kvar sin forforsterkar, og med dette dekkjer dei heile produktspekteret. Den største modellen med 300B-rør fekk eg demonstrert i eit ukjent oppsett som imponerte stort. Eg har ikkje fått testa denne heime så langt, men den langt rimelegare Jumbo Shrimp vart med på lasset då eg henta Neoclassic heim på utprøving. At denne er billegare skuldast nok fyrst og framst at 300B-forforsterkaren er såpass spesielt utforma at det fordyrar ein god del. Men som alle Manley-produkt eg har sett, osar begge forforsterkarane av soliditet og byggekvalitet, ganske sikkert ein konsekvens av å lage studioutstyr. Slike ting må tåle røff bruk, og når ein ser kor skikkeleg denne forforsterkaren er laga, er det verd litt ekstra berre for det. Alt utstyr kan likevel få problem innimellom, og når ein ser kor greitt forforsterkaren er bygd opp, er det tydeleg at det er tenkt på service, i motsetnad til standardelektronikken som ein til vanleg finn i dag, som er utforma med tanke på kast etter bruk.

Forforsterkaren ser ganske sær ut, med Manley sin blålilla farge, og store, svarte knappar i hytt og pine i fronten. Men alle funksjonar er her, bortsett frå platespelarinngang (når produktspekteret også omfattar to gode, dyre riaatrinn, er dette ikkje rart). Fjernkontrollen var eg berre sånn passeleg fornøgd med. Det var ikkje balansekontroll (noko forforsterkaren heldigvis hadde), berre volum som kunne skruast opp eller ned. Og ingen inngangsvelgjar. Men bortsett frå ein viss bagatellmessig frustrasjon over å ikkje kunne justere balansen frå sofaen, var det god funksjonalitet ved forforsterkaren, og han brukte heller ikkje lang tid til oppvarming. Eg registrerte ikkje endringar etter knappe 10 minutt, og det er raskt for ein rørforforsterkar. Jumbo Shrimp er ikkje balansert, noko eg ikkje opplever som problematisk i det heile, og passar naturlegvis godt saman med Neoclassic 500, slik at vi kan snakke om synergieffektar mellom desse produkta.

 

 

Lyttinga med Shrimp

Før eg skifta ut Conrad Johnson med Manley på forforsterkarsida, fekk Jumbo Scrimp stå til oppvarming fleire timar, slik at samanlikninga skulle vere rettferdig (men etter fleire gongars bruk synte dette seg å vere unødvendig). Frå fyrste stund var det tydeleg at Manley har ei anna tilnærming til lydattgjeving enn Conrad Johnson. Eg kan tenkje meg at det er snakk om preferansar som går meir i retning studietradisjonane. Her er fyrst og framst snakk om meir intensitet og engasjement i attgjevinga. Dynamikken vert understreka på ein måte som gjer det heile meir frampå og levande. Spesielt basslaup og rytmiske markeringar vert tydeleggjort svært klårt. Når eg samanlikna med ET 2 var det eigentleg slik at Shrimp gjorde musikken gladare, medan ET 2 fiksa detaljane på ein meir realistisk måte, med større og flottare lydbilde og massevis av luft mellom instrumenta. Shrimp gjorde slett ikkje nokon dårleg jobb med dei same kriteria, men desse vart ikkje så vesentlege meir. Manley understrekar rytme og det som på utanlandsk kallast ”the footstomping effect” i stor grad, Desse faktorane er absolutt også til stades når du spelar på ET 2. Det er berre eit spørsmål om prioritering. Og for meg er det vanskeleg å velje. Til visse musikksjangrar er dei storslagne lydbilda noko eg vil sakne, men det engasjerande attakket på forslaget som Jumbo Shrimp formidlar så fortryllande, er også sterkt vanedannande, spesielt til rock og popmusikk. Eg opplever også av ein eller annan grunn avspeling av Spotify som mindre irriterande med Manley enn med Conrad Johnson. Det er tydeleg skilnad til CD og andre format med god oppløysing, men du bryr deg mindre med det, liksom. Det er interessante alternativ som dukkar opp om du berre får Neoclassic 500 i hus, og her føler eg det er grunn til å bruke litt tid.

Synergieffekten av reint Manleyoppsett er veldig fascinerande, så eg hallar nok kanskje i den leia når alt kjem til alt. Det kunne iallfall vore spennande å prøve Neoclassic 500 saman med 300B-forforsterkaren for å sjå om det var ytterlegare ting å hente…

 

 

Besøk

I testperioden fekk eg også Stig Arne Skilbrei på besøk, som har høyrt lytterommet mitt ved fleire høve, og med minst tre totalt ulike anlegg. Han noterte seg nokre kommentarar.

Kommentar ("second opinion") frå Stig Arne: Med familie i Nordfjord er det relativt rask for meg å ta ekstrastrekninga opp til Selje, til Arve Åheim. Han inviterte i høve at han har fått nye høgtalarar, og særskilt at han har lånt nye forsterkarar; til utprøving. For å kunne avsløra forsterkarar, må du ha analytiske høgtalarar. Og for å kunne avsløre høgtalarar, må du ha ein god forsterkar. Med kombinasjonen som Arve her har (skildra), har han begge deler. Det er noko alle audiofile trur dei har, men dei har som regel toppen ein av delene. Med Lena Horn, svensk syngjedame bak elegant og særs godt innspela pop i CD-spelaren, er det eit sjokk å høyra kor godt høgtalarane løyser opp detaljar i diskanten; eg lyttar til trommisen. Dette er høgtalarar som evnar svært høg oppløysing, langt ut over det eg normalt høyrer frå ordinære dynamiske konstruksjonar. Diskanten er rein luft. Forsterkarane evnar å syne høgtalarane frå sitt beste. Det er i alle fall slik det høyrest ut. På ein av melodiane kjem ein saksofon inn frå venstre, og det er nærmast sjokkerande realistisk, som om han hoppar fram i rommet. Det er sjeldan eg høyrar innspelt musikk so overtydande som dette. Det er vektlaust og heilt forvrengingsfritt. Ei sjeldan oppleving. Eg har i lang tid freista å dyrka fram djupne og konsert-kjensle i mitt eige anlegg (med langt rimelegare midlar), og har eit forsprang i og med at eg har lengre avstand mellom høgtalarar og bakvegg enn det Arve har. Men eg innser at eg ikkje er i nærleiken av ei oppløysing som dette. Eg er glad eg tok turen og fekk denne opplevinga. Det var lærerikt, og sette ting litt i perspektiv. Og dessutan hyggjeleg. Eg har høyrt mykje middelmådig lyd frå dyr hifi som ikkje passa saman, men her klaffa alt, og gjekk opp i ei høgare eining. Dagen etter hadde Arve kopla Manleyane om frå triodedrift til pentode, og dermed var magien borte. Totalt. Arve meiner eg overdriv denne skilnaden, men for meg var han eit vere eller ikkje vere. Heilt til slutt vart Manley-ane kopla vekk og pakka ned, for levering attende til Bergen, og erstatta av ein transistorert Copland-forsterkar. Framleis kan ein seia at det spelte godt, eller heilt greit, om du ser stort på det, men magien frå Manley-ane i triodedrift kom aldri attende. Stig Arne Skilbrei

 

Avreise

Stig tok altså med seg Neoclassic til Bergen då han reiste, og eg vart sitjande att med Jumbo Scrimp som no måtte nøye seg med å drive Copland CTA 520, ein effektforsterkar eg har vore fornøgd med i mange år. Eg opplevde han som sterkt undervurdert i si tid, og som eit svært godt kjøp til prisen. Faktisk trudde eg i utgangspunktet ved fyrste gongs utprøving at forsterkaren var basert på rør, noko som ikkje er tilfelle. Men trass i mange flotte kvalitetar med denne vesle effektforsterkaren på ca 200 Watt, vart det no stusseleg å gå attende til kvardagen. Karakteren til forforsterkar Scrimp var framleis tydeleg, og skilte seg sterkt frå ET 2 som eg hadde som referanse. Det var mindre tredimensjonalitet, men dette vart kompensert av meir fokus på attakket og dei rytmiske markeringane. Men no med Scrimp som forforsterkar kjende eg tydeleg saknet etter Neoclassic sin svært spesielle og vanedannande kombinasjon av rå krefter, nyanseringsevne og fint raffinement. Copland greier rett og slett ikkje denne jobben så godt som nødvendig når mbl skal drivast, forstod eg no. Iallfall ikkje når det skulle spelast litt realistisk. Med ET 2 fokuserte anlegget på perspektiv, noko Copland greier veldig godt. Men då eg brukte Scrimp til forforsterkar, var det tydeleg at Neoclassic 500 var fullstendig overlegen når dynamikk og rytme kom i søkjelyset. Den utruleg gode bassattgjevinga var kanskje det aller største saknet, no når eg hadde vendt meg til slik luksus. Og uansett kva forforsterkar som var i bruk, er fråveret av den typiske ”elektroniske glansen” til det meste (bortsett frå Neoclassic) så påfallande at eg no vert nøydd til å fornye anlegget. Og det vert svinedyrt, er eg redd. Det er berre slik…

 

Pris i Noreg er 165.995 pr. par.

Les meir om Manley Neoclassic 500 hos Stereofil

 

Lest 1034 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen