fredag, 04 desember 2015 10:51

EAT E-Glo får prøve seg – oppfylgingsartikkel

Skrevet av

Etter å ha svidd av heile signalkjeldebudsjettet på ein riaa, har tingen fått prøve seg. At han var god, var det ikkje det minste tvil om. Men kva var han eigentleg i stand til å gjere når det gjeld lydmagi? Er det avgrensingar?

 

 

 

 

Greitt. Eg har fått høyre at det er rimeleg sært å ha tolv ulike pickupar til platespelaren. Dei færraste har meir enn ein. Slike fordomar mot nerdete levemåte må ein rekne med, men for eigen del finn eg det nødvendig å ha tilgong på fleire slike om kvaliteten på riaatrinn skal vurderast. Og så er det greitt å ha litt å velje i, ut frå musikktype og humør akkurat den dagen. Dessutan verkar det som om min nyinnkjøpte Eat-E-Glo riaa er i stand til å takle det meste av pickupar.  

 

Plaging av riaatrinnet

Nokre pickupar er svært store utfordringar, og vil kanskje ha ekstra behov for spesiell impedanse/kapasitansetilpasning. Nokre har lågt utsignal, og treng betydeleg forsterking.  Så eg har passa på å ha alternativ, i tillegg til den høg-output MC-pickupen eg så lenge har brukt som referanse, Dynavector sin billegaste modell 10x5.  Den forsiktige Accuphase AC1 med berre 0,2 mV er prøvd ut med glimrande resultat. Eg har også nokre MM-pickupar med varierande komplianse, slik at eg kan prøve armar i ulike vektklassar. Men no har eg fått ein riaa som er prisa til 65 000 kr, og då må det vere lov å stille ekstreme krav. Eg skulle gjerne prøvd ut dei vanskelegaste pickupane som er å få tak i. Problemet er at desse er både sjeldne og dyre, noko som mi hardt prøva lommebok no ikkje kunne ta seg av, all den tid riaaen no var betalt… så eg fyrte eit skot ut i natta, og spurde etter snille onklar på Hifi-sentralen. Og utruleg nok, eg fekk tiltru til å låne nokre av dei mest spennande pickupane eg veit om. Pickupar som eg slett ikkje har fått prøve under kontrollerte tilhøve tidlegare.

 

Fidelity Research MC 201

Denne pickupen har eg fått prøve tidlegare, men aldri med den forsterkinga som ytte rettferd til konstruksjonen. Under avspeling på eit toppanlegg var den svakaste leddet i kjeden at eg måtte køyre inn stakarslege 0,16 mV på anten ein ganske kjedeleg og billeg stepup-trafo, eller rett inn i ein MM-inngang på ein ARC SP 6. Det var mykje potensiale som kunne høyrast der, men sidan den gongen attende i 1983 har eg aldri fått høyre MC 201 igjen. No fekk eg faktisk låne eit relativt pent eksemplar til å prøve ut dette. Det er fantastisk korleis Internett set oss i kontakt med ressurspersonar, og fører til innsikt i såpass smale displiner som lågoutput-MC-pickupar no eingong utgjer.

Og med litt finsikting og finjustering (pickupen kan sjå ut til å vere feil påsett, men med finsikting og lytting skulle han faktisk vere slik) hadde eg endeleg sjansen til å høyre denne mystiske saken frå tidleg i mi hifi-karriere..

Når alt endeleg var sikta inn og justert, starta eg å skru på impedanstilpassinga. Med den kjekke EAT E Glo er det ingenting å lure på. Skru til du får rett klangbalanse og juster derifrå. Gjer så rett som råd. MC 201 er litt tilkneppa i toppen, og diskant høyrest ikkje så opplagt og fullstendig rett ut, når han vart samanlikna med utklinginga til superpickupane det elles var tilgong på under utprøvinga.  Men det er også eit spørsmål om du prioriterer dette opp i mot den fantastiske tredimensjonaliteten – lågare impedans fører til meir tredimensjonal attgjeving, men du betalar med litt merkeleg dynamikk og klangkarakter  Eg skrudde tvert til 10 Ohm, og vart lønna med eit fantastisk lydbilde, og fekk rikeleg guffe på kjøpet. Ingen grunn til å velje 80 når det var såpass bra med dette, tenkte eg. Likevel, etter ei stund ville eg no prøve å skru. Okei - Betre dynamikk og endå meir guffe, måtte eg innrømme, og detaljar eg ikkje hadde høyrt før. Gamle ”Court and Spark” med Joni Mitchell kunne overraske med nye sider av instrumentbruken, ting eg ikkje hadde høyrt tidlegare, frå ei plate eg har hatt sidan 70-talet.  Lydbilde, ja vel, det var eg klar over (mykje sær miks på denne plata, men stygge tid, kor tydeleg alt kom fram), men så intrikat instrumentbruk hadde eg ikkje lagt merke til før. Og stemma, med alle dubbingane, det høyrdest veldig likt vokal av denne verda, utan snev av elektronisk attgjeving. Tørr og kontant attgjeving av slagverk. Spesielt  trommeskinn og hihat. Ikkje at dette er avgjerande for musikkopplevinga, men veldig kjekt når du sit og lyttar. Du trur på det du høyrer i større grad enn ved anna musikkreproduksjon når det så leikande lett kan fokuserast på slikt. Dette gjer seg ikkje gjeldande berre på einskilde opptak, men er den måten Eat-E-Glo fokuserar på musikalsk. Fleirtalet av platene eg spelte der vokal var nokolunde godt teke opp, eller der slagverket hadde tydeleg plass, tydeleggjorde slike detaljar.

FR MC 201 er ein veldig god pickup når han kan forsterkast opp på denne måten, og har som einaste eigentleg svake punkt litt for stor fokus på plateknitring. Noko som riaatrinnet vanskeleg kan få skulda for. På støyfrie plater var det berre ei fryd å lytte etter kor godt lydbildet kunne formidlast, og spesielt plasseringa av utøvarane. Supertramp, Joni Mitchell så vel som norske og svenske visekunstnarar i gode opptak kunne verkeleg få komme til sin rett. Ein pickup eg kanskje burde ha i stallen?

Det slo meg at denne riaaen inviterer meg til å leike. Der dipswitchar elles styrar deg i retning av fornuftig impedansetilpasning ein gong for alle, gjer den gode brukskomforten Eat-E-Glo om til eit leiketøy som får meg til å prøve uvanlege ting.  Aldri før hadde eg gidda herje så mykje med impedansetilpasninga som no. Gamle, gode ARC SP 10 kan rett nok varierast, men har berre nokre få alternativ for MC. Her kunne det gjennomførast djupdykk på svært enkel måte, og heilt ustraffa kan det prøvast impedansar som ikkje er standard, for deretter å kunne angre seg og stille inn på noko meir konvensjonelt. Dette er storarta!

 

Denon DL 304

Ein pickup eg avskreiv for mange år sidan, då eg hadde ARC SP 10 som einaste riaa.  Sjølv om det er mange spennande data og svært god sporingsevne, høyrdest denne pickupen veldig daff ut, sidan han ikkje kunne levere meir enn 0,18 mV, og altså vart verre enn min AC 1. Ganske dumt, i grunnen.

Men no kom sjansen til å prøve han på nytt, under langt betre vilkår. Med utgangsimpedanse på 40 Ohm måtte eg tilpasse ganske langt opp, og stod leige på 150, for å ende på 300 Ohm. Og etter ei tid på det stillet, vart det til slutt 150 eg enda på.

DL 304 baud i grunnen på motsette utfordringar av Audio Note IO. Ein 7 gram lett pickup som skulle ha minimalt med stifttrykk, berre 1-1,4 gram. Og med oppgjeven Denon-kompilanse på 14 (dei målar på ein annan måte enn andre) burde det likevel gå greitt i armen min. Og trass i store utfordringar med antiskatinga (sjølv med loddet av vart antiskatinga for sterk), greidde pickupen seg best av alle MC-ane eg prøvde ut ved å spore 80µ problemfritt.  

Klangbalansen var ei svært hyggjeleg overrasking samanlikna med det eg så vidt kan hugse frå eit flyktig besøk for mange år sidan. Naturleg nok lettare enn gamle-gut DL 103 sin romantiske og sentimentale måte å gjere tinga på, DL 304 er ein moderne pickup. Eg saknar kanskje litt pondus og klar definisjon på bass, men oppover er han befriande luftig. Han er sånn midt på treet når det gjeld å plukke opp rillestøy. Når det gjeld romoppleving gjev han massevis av plass rundt instrumenta, og i oppsettet mitt er dette klart den beste attgjevinga av tredimensjonalitet eg har vore bort i frå Denon nokonsinne.

Ved gjennomspeling av fleire plater i ulike sjangrar, vart eg spesielt fornøgd med måten små, akustiske musikkarrangement vart attgjeven på, slik som viser frå 60- og 70-talet. Kari Bremnes sine plater syner også sine kvalitetar, men avslører også eit nasalt trekk i vokalen når Kari syng ut på nokre vokalar. Orkesteret har heller slik klippestø plassering som t.d. dei tre fyrste albuma til Ole Paus.

Eg fann det også interessant å prøve ei av Harry James sine direktegraverte plater med storbandjazz. Det kan seiast mykje positivt om dei dynamiske nyansane, men instrumentklangen mangla slik fylde som eigentleg ligg i desse fantastiske opptaka. På same måte var det ikkje heilt tilfredstillande å lytte til symfoniske verk. Sjølv om lydbildet var svært overtydande og til dels imponerande, vert dei store klangane som pregar slik musikk ganske annleis enn det iallfall eg har erfart i konsertsalen. Skeptisk sette eg på Supertramp, men her reagerte eg ikkje på klangbalansefeil i det heile. Fyldig bassgitar, mykje dynamikk, og alt i orden. Kanskje ein pickup fyrst og framst for elektrisk framført musikk? Men ved gjennomspeling av eit par kvartettar og Schubert sin store kvintett for strykarar, var det ikkje lenger sjenerande. Ein pickup som passar for alt anna enn symfoniske verk? Spennande.

Ved å kombinere Eat-E-Glo med DL 304 hadde eg mykje musikalsk moro, men må innrømme at eg litt for ofte fokuserte på det opptakstekniske. Dette kan vere moro til tider, men oppsettet vart meir analysereiskap enn underhaldningsavdeling. Eg ville gjerne hatt ein DL 304 i stallen min, for å kunne lytte på denne måten.  Det verkar som Eat-E-Glo løftar fram også denne relativt vanskelege pickupen til sitt fulle potensiale, på godt og ikkje fullt så godt (vondt er det aldri snakk om).  Ein pickup som kan avhjelpe tendensar til sidrumpa lydattgjeving, så om du har for mykje karamellsmak i anlegget ditt, er dette ein muleg kur.

 

Audionote IO, truleg Kondo

Sporar 70µ på 3,2 gram Finaste klangbalanse eg har høyrt. Dynamisk sett også ganske nær det beste. Klart mellom dei ti absolutt beste pickupar eg har høyrt.

Audionote sine pickupar i IO-serien er svært vanskelege å få til utan å bruke sjukt med pengar. Dei leverer berre frå 0.04 mV og litt oppover, og har dessutan ei vekt på over 20 gram, slik at dei er vanskelege å utbalansere skikkeleg. Dei er vel knapt prøvde ut med riaaforsterkar av vanleg type. Audionote har heller ikkje nokon riaa som passar direkte tl IO, og leverer difor to MC-trafoar som tilpassar signalet til vanleg signalnivå, slik at det kan brukast på ein vanleg MM-riaainngang. (det må nemnast at den eine av desse, vikla i reint sølv, kostar like mykje som eit middels highend stereoanlegg). Pickupen er elles heller ikkje noko gratisobjekt, og det var ikkje fritt for at eg vart litt ustø på handa då eg såg ”Made in Japan” på toppen av pickupen. Det skulle tyde på at vi snakkar om ein handbygd sak frå Kondo, som i si tid kosta 15 000 – Dollar.. Men eg greidde å få pickupen på plass utan å gjere hærverk. Om du eingong får sjansen til å prøve ein slik, pass på! Signalpinnane er tynne og pressa saman på eit veldig lite område, og kan lett komme i kontakt med kvarandre. Dessutan er pinnane tynnare enn det som er standard, så kontaktene kan gjerne strammast litt med ei tang (men ikkje for mykje)

Det å levere noko så lite som 0,04 mV inn i EAT-E-Glo er optimistisk, men ikkje fullstendig urealistisk. Ettersom det er 76 dB å ta av i forsterkninga, og dertil ekstremt støyfritt, iallfall til rørforsterkar å vere, burde det vere håp om å få skikkeleg lyd, tenkte eg medan eg monterte denne pickupen opp i armshellet. Og vart løna med svært bra dynamikk og levering av bra output. Kunne det vere ein ny, ombygd type? Eg kontakta importøeren av Audio Note, Olav Flugsrud på Audiocompaniet, men han kunne ikkje seie sikkert kva modell dette kunne vere.  Dagens utgåve lagast i Storbritannia, og kostar framunder 50 000 norske. Dette er nok den pickupen som har lågast output av dei som framleis er i produksjon. Einaste aberet er at eg har vanskeleg for å tru at det berre er 0,04 mV. Det må nesten vere meir, for dette guffa nesten like mykje som FR MC 201. Vanskeleg å seie, utan å vere heilt sikker på kva pickupen kjem frå. Det er fleire utgåver, og det finn eg ikkje ut av no.

Pickupen var styggjeleg tung, og det var så vidt eg greidde å plassere stifttrykket nede under 3 gram, og gjengane på kontravekta tok slutt før eg fekk nulla armen ut. Men det var ikkje noko problem all den tid tilrådd trykk gjekk heilt opp til 3,5 gram, og då kunne armen justerast ganske perfekt. Så jobba eg opp til rett impedansetilpasning. Ettersom IO har ein eigenimpedanse på 3 Ohm, jobba eg i området rundt 5-40 Ohm, og likte faktisk best 20 Ohms-innstillinga. Eg måtte sjølvsagt bruke den kraftigaste forsterkninga.

Etter justeringane synte det seg at IO greidde å spore nær 80µ, noko som er veldig bra for ein MC-pickup. Så då alt var klart, kunne eg skru opp lyden , noko som var ei stor, positiv overrasking.

Umiddelbart slo dynamikken meg med sleggeslag. Dette var med god margin den tøffaste dynamikken eg hadde vore bort i på lenge, og eg tenkte at mine rundstrålande hadde fått horntendensar. Speling av ekstremplatene mine baud ikkje på problem, anna enn 1812-overtyra, der sjølv 35 gram bevegeleg masse flytta på seg på ein ikkje heilt rett måte. Også plater med mindre dynamiske utslag, men som hadde massevis av dynamiske nyansar og stor kompleksitet, takla IO på ein måte eg umiddelbart likte veldig godt. Dette styrka trua mi på at ein pickup bør ha så få viklingar og så lågt output som råd, og at ein må ha eit riaatrinn som hanskast med slike låge nivå. Etterpå, då eg gjorde samanlikning med Ortofon MC 200, som skal levere 0,09 mV, var det tydeleg at denne IOen kunne spele høgre under same volumnivå på forsterkaren, så eg mistenkjer dette for å vere ein sak med minst 0,15 mV. Og det er veldig greitt.

Klangbalansen er heller ikkje noko å kritisere. Det er lett å kjenne att alle instrument, og eg tykkjer kombinasjonen gjer det svært naturleg, med både djupbass og ein lett varme over heile spekteret som eg likar veldig godt når eg spelar RCA-klassisk med LSC-nummer. Særleg flott er messigblås via dette. Og Pickupen plukkar opp særs lite rillestøy og den slags.

Kombinasjonen Audionote IO og EAT-E-Glo er i alle fall glimrande. Du vil ikkje kjenne behov for meir forsterking. Heller ikkje trur eg at IO har fleire løyndomar som eg ikkje no har høyrt, etter å ha fått pickupen presentert med dette fantastiske riaatrinnet.  

 

Ortofon MC 200 (U-utgåva med adapter for vanleg pickuphus)

Dette er ei  skikkeleg nøtt som normalt treng stepup-trafo for å gje lyd frå seg, sidan det berre kjem 0,09 mV ut. Utgangsimpedansen er 3 Ohm etter det Vinylengine seier, og kompliansen er 13. Med masse på 5,3 gram skulle det såleis vere grei skuring i mitt oppsett. Ortofon leverer eit spesielt lodd som kan setjast inne i adapteret, slik at massen aukar med eit par gram, noko eg brukte for å vere sikker. Stifftrykket kunne såleis kanskje setjast noko lågare enn dei 1,8 gramma eg brukte. Men det var litt plundrete å ta ut loddet når det fyrst var montert..

Dette er ein pickup eg berre har høyrt som annan variant (Ortofon har intgrerte SME-fatingsshell med same pickup,) og på framandt anlegg for mange år sidan, så dette var spennande

Eg rigga opp, og fekk nesten til å spore 80µ. Iallfall gjekk 70 ganske greitt. Mi gamle justeringsplate gjorde jobben, og det vart litt fiksing av antiskating og VTA. Impedansen vart skrudd fram og attende nokre gonger, og eg enda med å bruke 20 Ohms last. Det var ikkje sjenerande platestøy å høyre. Fineline-slipinga ser ut til å ha full kontroll på slikt.

Så starta den eigentlege lyttinga, no med ”Crime of the Century” på tallerkenen. Eg følte då at det var rikeleg både med dynamikk og bass. Eg spelte ei stund, heilt til eg forkrekka la merke til at forsterkaren min var skrudd opp til godt over 50 på displayet. Eg spelar nesten aldri veldig høgt, men det ser ut som det måtte litt ekstra til på dei 0,09 mV som MC 200 leverer. Det er lett å gløyme at min ASR Emitter II ikkje har vanleg potmeter til volumkontroll, og at han ikkje endrar lyden om du spelar sterkt eller svakt. Dette er eg eigentleg heilt fortruleg med. Ved å bruke ymse andre signalkjelder med ulike former for volumkontroll, finn eg det oftast best å bruke ASR-kontrollen, då dette ikkje har andre konsekvensar for lyden enn at han endrar styrke. Eg tykkjer likevel det er oppsiktsvekkjande at Eat-E-Glo ikkje skapar merkbar støy når pickupane nesten ikkje har spenning ut. Min gamle ARC SP 10 tek til å formidle elektronstøy når signalet kjem ned under 0,35 mV eller så, og på 0,2 tek det til å sjenere. Dynamikken flatar også ut. Men det skjer ikkje på Eat-E-Glo, dynamikken til MC 200 er ganske så nær mine ideal, og så visst ikkje prega av å vere korpusta eller unyansert.

Neste plate var ”Tio Vackra Visor”. Etter eit lite minutt vart eg overtydd om at impedansen måtte ned, og eg justerte til 10 Ohm med utmerka resultat. Det ser kanskje ut som eg burde fått meg tonekontrollar, eller ein equalizer. Eg trur ikkje det. Men akkurat som visse pickupar eignar seg betre til einskilde musikksjangrar enn andre, er det tydelegvis eit poeng å leike med impedansen. Kanskje det er nerdete, men når du har prøvd dette litt, er det innlysande at du bør ha lett tilgjenglege justeringar.  Einaste eg saknar no, er å ha dette på fjernkontrollen.

Så kom ”Scheherazade” – den legendariske innspelinga med CSO og Fritz Reiner frå 1960. Her er alt i orden med 10 Ohm. Eg må rett nok meir opp i volum enn om eg brukar 40, men eg får betre lydbilde, og instrumenta kling rett og slett betre. Og sånn dynamikk – eg har høyrt denne plata på veldig mange ulike anlegg opp gjennom tidene. Kanskje – men berre kanskje – kan eit perfekt Avantgarde-hornoppsett få dynamikken fram betre. Likevel – å høyre rommet fyllast slik berre rundstrålande høgtalarar kan gjere det, og det med full dynamisk nyanseringsevne og trøkk i både bass og fortissimoparti, fører til ei storarta musikkoppleving.

Joni Micthell måtte også spelast. Eg har ei godpressing av ”Court and Spark” frå Nautilus, som er veldig spennande når pickupar skal prøvast ut, trass i litt merkeleg miks. Stemma til Joni gjev ein del utfordringar, og kan lett bli skringete  om pickupen ikkje sporar godt nok. Men her var ingen problem, og både vokal og dei mange pådubba gitar- og slagverklydane kom til sin rett. MC 200 er ein hyggjeleg pickup som mange vil kunne ha stor glede av i anlegget. Dersom dei kan forsterke signalet nok, altså. Og så bør eg vel nemne at lydbildet ikkje er meir enn akkurat greitt nok – eg vil sakne eigenskapane til MC 201, IO og dei andre om eg skal gå lenge utan. Men dynamikk og klang er trass alt minst like avgjerande.

 

Lyra Dorian

Dette er Lyra sin ”billegpickup”, trass i ein pris på fleirfoldige tusen. Såleis er det lov å ha høge forventningar, og dei vert gjennomgåande innfridde. Etter finjusteringane der eg gjekk etter det maksimalt tilrådde stifttrykket på 2 gram, greidde pickupen å spore 80µ. Så starta leikinga med Eat-E-Glo. Det synte seg fort at dei 0,6 mV som kjem frå Dorian er såpass mykje at klangbalansen vert påverka når eg køyrer på største gaininnstilling. Eg måtte difor skifte dei 16 dipswitchane. Sidan eg hadde plassert riaarinnet på ei diskret vegghylle med korte kabelstrekk, medførte dette at eg måtte slå av apparatet, kople frå alle leidningar før eg kom til. Akkurat då ynskte eg meg ein enkel brytar i fronten i staden for dipswitchar på baksida. Men det hadde kanskje ført til høgre pris, annen signalveg, meir støy og/eller dårlegare lyd – det brukar å vere grunnar for at ting er som dei er.

Så vart anlegget slått på att, og signalet ut frå riaatrinnet vart meir i samsvar med andre linjesignal.

Dorian imponerer med veldig distinkt lydattgjeving. Lydbildet spissast, med tydeleg plassering av instrumenta, med massevis av luft over det heile, sjølv om det kan verke smalare enn på FR MC 201 og Ikeda 9 TS.  I starten kan det verke som diskanten er lys og lett, men ved nærare finhøyring går det fram at det heile berre er veldig nøytralt. Dynamisk sett vert attgjevinga nyansert og flott, og du merkar at dette er ein pickup som sporar godt. Via Eat-E-Glo var det faktisk slik at eg likte denne betre enn storebror Kleos, noko eg stussa på sidan eg tidlegare hadde meint det motsette

 

 

 

 

Denon 103

Dette er originalutgåva av ein pickup som har vore på marknaden sidan tidleg 60-tal. Ein av dei fyrste MC-pickupane som nådde Vesten, iallfall USA. Let veldig fint, nesten som om han skulle formidle tredimensjonalitet. Men oppsettet greier ikkje å lure deg lenge… til gjengjeld har du ein feit og fin klangbalanse som er heilt allegorisk med det du får servert på julebordet – litt meir enn kva sunt er, men du verda kor godt….

 

Denon 103r

Dette er ei av dei mange spesialutgåvene av den gamle travaren DL 103, ein av dei pickupane som har vore lengst på marknaden. Akkurat r-utgåva er lett å få tak i for tida, ettersom denne kan kjøpast på Hifiklubben, normalt utan spesialbestilling. Eg fekk låne av Stig Arne Skilbrei, og vart sjokkert over kor godt han spora i armen, faktisk 90µ, som er eksepsjonelt for ein MC-sak. Det forsvann også litt fleksefeitt, samanlikna med originalutgåva, og du fekk vekk noko subsonisk grums, eit bevis på at R-utgåva passar betre i armen min enn gamlefar.  

 

 

Enden på visa

Så går helga mot slutten. Eg må returnere nokre av desse pickupane mine ”snille onklar” har stilt til min disposisjon. Eg har ein god del pakkearbeid framfor meg, for det er dyre ting som lett kan ta skade. Men eg har no hatt to helger med mykje moro så vel som ny innsikt. Eg har fått auga meir opp for kor viktig riaatrinnet er for den musikalske formidlinga, og eg har lært mykje om nokre pickupar eg ikkje har hatt god nok kjennskap til. Eigentleg har eg ikkje hatt god nok kunnskap om nokon pickup i det heile. Med Eat-E-Glo har det openberra seg sider ved vinylplatene som eg rett og slett ikkje har vore klar over. Dette er vinylens svar på Hubble-teleskopet. Erkjenning om nye galaksar ventar.

 

 

Konklusjon

Det går an å finne fornuftig prisa riaatrinn som gjer veldig mykje for lyden. Men du må koste på deg å få demonstrert kva potensiale som bur i vinylmediet når pickup, platespelar og riaatrinn syner fullstendig symbiose. For å kunne leite deg fram til den komplette yndlingsriggen, er det fornuftig å ha eit slikt audiofilt navigasjonsutstyr som Eat-E-Glo. Eg har svært vanskeleg for å kunne tenkje meg eit hifikjede der denne todelte sensasjonen er svakaste ledd.

Lest 6312 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.