onsdag, 31 desember 2003 23:00

Vincent SA-T1

Skrevet av

Audiophile har erfart at Vincent lagar svært godt forsterkarutstyr til lave prisar. Etter at SA-31 har vore kåra som ”best-buy”-forforsterkar, har vi vore gira på å sjå kva dei kan få til i litt høgre prisklasse. SA-T1 er såleis svært spennande.

av Arve Åheim

Som vanleg osar det kvalitet av Vincentprodukta alt under utpakkinga. Desse produkta fraktast lange vegar, og skikkeleg emballasje er eit must. Vidare er kabinett og fjernkontroll laga ganske tillitsvekkjande. Ikkje noko billeg plast her, nei!

Utskifting frå Electrocompaniet EC 4.5 forforsterkar bydde som ein lett kan forvente, på heilt andre lydkvalitetar. Direkte samanlikning er ikkje rettferdig, for her er heilt andre grunnkriteria for lydkvaliteten. (Men la oss seie det slik: Der Vincent leverer eit sprudlande fyrverkeri, held gamle Companiet lydbildekåseri...)

 

Designet er spesielt, og du må nok bruke litt tid på å bestemme kor godt du likar det. Gløden frå røret er synleg gjennom ein glugge i fronten, og for å understreke at det er rør i konstruksjonen, er rørgløden supplert med oransje bakgrunnslys. Heldigvis kan dette justerast – også via fjernkontrollen (men på effektforsterkarane SP-T100 må du justere manuelt med ein brytar på baksida). Det morosame er at ved å sette full lysstyrk på, opplever mange lyden som varmare. Dette er sjølvsagt berre tull – lyden endrar seg ingenting om du endrar lyset.

 

image

6 inngangar og 2 utgangar, alle som vanleg frå Vincent verna med plastkappe ved levering.

SA-T1 er utstyrt med tonekontrollar og loudness, slik som veslebror SA-31. Tonekontrollar kan vere kjekt å ha, og kan også koblast ut av signalvegen med ein knapp. Loudness er etter mitt syn berre tull på komponentar i denne prisklassen. Men knappen med muting er kjekk å ha. Elles er forforsterkaren på baksida utstyrt med 6 linjeinngangar, ein bandutgang og to linjeutgangar til effektforsterkar.  Her er ingen phonoinngang, så spelar du vinyl, treng du ekstern riaa/mc-forsterkar. Fjernkontrollen er av aluninium og inneheld alle funksjonane du treng når du sit i godstolen. Det einaste negative med denne, er at du må løyse 6 mikroskopiske stjerneskruar når du skal skifte batteri.

Lyden
Når SA-T1 vart satt opp i anlegget mitt, understreka frå fyrste stund at her var det satsa på lydkvalitet. Dette var på same måte som veslebror SA-31. Men her utvikla lyden seg i større grad over tid. Dette gjeld både innkøyringstida, som eg brukte rundt 14 dagar på før ting hadde stabilisert seg, og oppvarmingstida på minst ein halv time kvar gong forsterkaren har vore avslått. Dei gode assosiasjonane til Conrad-Johnson-kjensla vart berre endå krafigare enn ved veslebror. Men her er endå meir dynamikk, og ein grundigare autoritet i frå mellomtoneområdet og heilt ned i djupbassen. Utan å kunne gjere direkte samanlikning med ARC SP 10, hallar eg til å tru at sistnemnde er meir klangnøytral, og har større oppløysingevne. SA-T1 har ganske lik klangbalanse som SA-31, altså ikkje heilt nøytral. Men når det gjeld det dynamiske, er SA-T1 glimrande. Spesielt gjeld dette når han parrast med monoeffektforsterkarane SP-T100. Vurdert som sett, har eg ikkje vore bor i noko liknande. Dette er organisk og livleg lyd, tett på ein live-situasjon.

Det kunne vore interessant å gjere ei direkte samanlikning med SA-31. Slektskapet er tydeleg, men som rimeleg kan vere, er det meir å hente hos den meir påkosta konstruksjonen. SA-T1 er ein lydleg betre forforsterkar enn veslebror. Dessutan er det kjekt med fjernkontroll.

Konklusjon:
Ved å doble prisen på SA-31 får du meir lydkvalitet, fleire inngangar, og ein fjernkontroll. Det er også eit pluss å få musikalsk og designmessig samsvar med monoblokkene SP-T100. Når det gjeld lydkvaliteten, er det viktigaste at du får autoritet og musikalsk dynamikk i massevis. Dersom du vil spare pengar, er SA-31 også eit fullgodt musikalsk alternativ, og vil i mange oppsett kunne gjere jobben nesten like godt som den dyrare forforsterkaren. Men som sett, oppstår synergieffekten mellom for- og effektforsterkarar. Mitt råd er klart; skal du ha både for- og effektforsterkar, er dette Vincentoppsettet glimrande. Brukt åleine må du sjølv vurdere om du er villeg til å betale dobbel pris for desse ekstra fortrinna.

 

Fakta:

Utgangen kan levere 2V

Inngangsimpedanse:  47 kOhm

S/N 90 dB

Pris: 8995

Importør: www.nebyhifi.no tlf 23234360

Lest 6631 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.