lørdag oktober 19 , 2019
søndag, 30 mars 2014 19:00

Sonos Playbar og sub – superenkel løysing

Skrevet av

Har du trappa ned high-end-ambisjonane? Gøymt vinylplatene og CDane på eit fjernlagerInnsett at du stort sett spelar Spotifymusikk, har TVen som hovusignalkjelde der du strøymer filmar frå Nettflix og den slags, medan TVen i brukast til ymse spel, anten av den yngre garde, eller av hushøvdingen? Du har ikkje lyst å gje opp godlyden, men det er så mykje styr med alt……Sonos har løysinga!

Les meir:

 

 

Eg har prøvd ut Sonos sitt svært brukarvenlege system for lyd. Den kjekke ”Connect”, som koplast til stereoanlegget på same måte som ein tuner, og kan ta seg av nettradio, musikk frå huset sitt nettverk så vel som Spotlfy/WiMP (med vanleg oppløysing opp til 16/44,1 (med WiMP HiFi) – Sonos spelar ikkje høgoppløyst), og som i tillegg har tre ”Play”-modellar, ein slags husradio som kan konfigurerast både som mono og som høgre/venstre kanal i stereooppsett. Veldig grei lyd, om ein tenkjer kvardagar. Og high-end-ambisjonane bør vegast opp mot den velsigna enkle bruken av Sonos, som lagar sitt eige nettverk, der ein slepp å tenke på alle andre datagreier i huset – Sonosnettet passar seg sjølv.

 

 

 

Lydplanken til TV

Det kan vere greitt å innsjå det – storeanlegget krev mykje plass, og det må pleiast med nøye høgtalarplassering, kabling, kalibrering, og ein viss teknisk kompetanse for å få alt til å fungere. Og ein del av oss har innsett at det er krevjande å ha både heimekino og eit dedikert musikkanlegg. Det er sjølvsagt best å ha ein projektor og lerret, men så vil ein gjerne ha ein lettvint TV på stova i tillegg. Dei elles gode flatskjermane har også lyd som akilleshæl, slik at mange kjenner behov for å oppgradere med godlyd, ofte i form av ein såkalla ”lydplanke” under skjermen. Men så skal dette koplast og brukast skikkeleg, og med respekt å melde – lyd frå lydplankar er ikkje alltid det heilt store. Og så kan dei innimellom vere tungvinte i bruk, med eigen fjernkontroll, og alt anna enn brukarglede, sjølv om det finnest pakkeløysingar med både multikanalar og subwoofer. Blir ikkje dette mykje styr?

 

 

Familiebehova for lyd.

Vi har altså i utgangspunktet eit Sonos-nett gåande i huset. Eit par Connect gjer at musikktenester og nettradio kan spreiast til dei to musikkanlegga vi har i to av romma, og eit par PLAY av ulik storleik syter for at dei same tenestane er tilgjengelege på hobbyrom og kjøkken. Lytterom #3 har vore rom for utflytta ungdomar, som for lengst har tatt med seg anlegga sine. Her kjem det nok eit anlegg etter kvart, men så langt manglar høgtalarar. Og så har eg dette forferdelege rom #4, som TV-sjåarar vert forviste til når stova er opptatt til musikklytting. Rommet er langt frå optimalt til korkje heimekino eller hifi, men så har vi endeleg betre stadar til sånt. Lytterom #4 er staden der TV-apparat nr 2 står. Ja, vi er ofte fleire i huslyden som har ulike behov for underhaldning.

Hovudanlegget er tenkt primært til musikklytting, og har berre to kanalar. Det er altså plassert i stova (lytterom #1), som etter kvart også har fått ein flatskjerm på veggen. Denne kan svingast for å redusere akustisk påverknad når det lyttast kritisk.

I ein glasveranda (lytterom #2) har vi heimekino med projektor - ubrukeleg når sola er oppe, men her har vi høve til å nyte multikanalsmusikk, som også er spennande innimellom, men det har ikkje så høg prioritet som hovudanlegget. Mi erfaring er at 90% av kritisk musikklytting skjer ved bruk av stereo. Likevel er det såpass mykje spennande innan multikanal at eg føler behov for å kunne ha dette alternativet. Og ein ”fornuftig” heimekino gjer seg innimellom.

I det siste har familien tatt i bruk Nettflix og andre filmstreamingstenester. Men aldri i den dedikerte heimekinoen. Det har gått på TV, der lyden har vorte formidla via dei høgst tvilsame innebygde høgtalarane, fordi det ikkje har vore multikanalsutgang frå TV-apparatet. Men no kom pakken frå HiFiKlubben, endeleg i posten, slik at vi hadde det som trengs for å få til ein skikkeleg heimekino, også for det som måtte by seg via nettet.

 

Sonos 5.1

Eg opna med andakt den særs forseggjorte emballasjen som inneheldt Sonos Playbar. Denne lyplanken ser ganske minimalistisk ut, og har berre ei TOS-link-kontakt, ut over nettkabel inn- og ut. Ja, og så straum, sjølvsagt. Oppsettet er banalt enkelt. Du pluggar i, og brukar TVen sin eksisterande fjernkontroll til å slå av intern TV-lyd. Så kan Sonos overta.  Alt no var lyden langt betre enn dei innebygde høgtalarane Samsung-TVen kunne prestere. Men det skulle bli endå betre.

 

 

Eg opna også kassa med Sonos Sub, ein litt aparte utsjåande subwoofer (hol i midten, men sjå på smultringen, ikkje på holet). Svinetung, ikkje slik andre såkalla ”sub”-wooferar er utforma, med tanke på minimale fraktkostnadar. Sonos har laga ein sub som i høgste grad vekkjer tillit. Eigentleg alt for pen til å bli sett under bordet, bak sofaen eller sånn, men dersom han skal stå synleg kan han godt vere litt skikkeleg. I mitt lytterom #4 var det problem med å finne skikkeleg plass til saken, men etter kvart fann eg på å plassere han tett på min yndlingsposisjon, rett til høgre for armlenet til sofaen, tett attmed veggen. Langt frå optimalt slik eg såg det, men slik vart fyrste forsøk. Så skulle ting koplast. Utan andre leidningar enn straumkabelen. Det skjedde ved hjelp av Sonos-appen på mobilen. Eg trykte berre på ”installer ny SONOS-komponent” og fann fram ”Sub”. Så gjekk ting av seg sjølv. Då subben var med, kunne det gjerast nokre enkle nivåtilpasningar ved hjelp av same app, og lyden var ikkje berre akseptabel, men faktisk ganske god etter kvart.

Siste øving var å få plass til bakkanalane, som vart gjort ved hjelp av to stk ”Play 1” – ein kunne sjølvsagt bruke større utgåver, men eg såg ikkje dette som noko poeng. På ny brukte eg appen til Sonos til å finne nye komponentar, og vips, så hadde eg full 5.1-dekning.

 

Lydkvaliteten?

Tja. Når eg kalibrerar med målemikrofon og greier, opplever eg at lyden i lytterom #2 er betre. Det er då også eit anlegg med eigen forsterkar og spelar, i tillegg til høgtalarar og leidningar i sokk og kav. Men så var det dette med brukskomforten. Dei tre fjernkontrollane som er i bruk på rom #2 forvanskar jobbinga. Projektor, forsterkar og spelar skal ha kvar sin (i tillegg til at Sonos Connect må styrast via mobilen, om du vil spele frå Spotify eller server), og det er ikkje alle i familien som likar dette. No er det TVen som bestemmer kva lyd som skal attgjevast via Sonos. Og spelast det Nettfilx, kjem automatisk det aktuelle lydformatet, slik at eg får det mulitkanalopplegget eg vil ha. Eg slepp også å leite etter fjernkontrollen – ei lita kalibrering av TVen sin medfylgjande fjernkontroll er alt som skal til, så fylgjer Sonos automatisk med. Ein slepp å tenkje, noko som gjorde at det i praksis ikkje vart spelt filmar i lytterom #2 gjennom heile testperioden.

Banalt enkel tilkobling

Når det gjeld multikanalslyd og film, er persepsjonen annleis enn på eit reint lydanlegg, der du vert fokusert på lydkvaliteten. Her skal du også fokusere på bilde og handling på ein annan måte, så den noko avgrensa lydkvaliteten er ikkje sjenerande i det heile. Og familiens skyteentusiastar som spelar X-box og det som verre er, ytrar djup tilfredsstilling over lyden, og stille fortviling over at  anlegget skal returnerast.

Når multikanalsanlegget skal brukast til å spele Spotify eller annan musikk, brukar du telefon-appen, eller den no utfasa fjernkontrollen til Sonos. Då kan du sjå på TV-bildet, og samstundes lytte til musikk frå Spotify. Dei skytegale fekk etter kvart nok av panginga, og gjekk over til countrymusikk i bakgrunnen til råskapen – eit underleg scenario.

 

Handlingsrom

Dette er eit framtidsanlegg. Ingen koplingar ut over at du må ha ein Sonoskomponent kopla til Internett via kabel (eller du kan bruke ein ”Bridge” til eit par-tre hundrelappar). Lydkvaliteten kan diskuterast, men om du veit med deg sjølv at du i all hovudsak brukar lyd- og bildetenester via nettet, er dette fullt ut tilfredsstillande. Og om du har TV i staden for projektor, er det veldig greitt å basere seg på Sonos-multikanal. Montering er så enkelt at det berre er gøy. Og så er det så enkelt i bruk – alle i familien utan omsyn til alder eller edruelegheit fiksar dette.  Einaste problemet er at det er ganske vanedannande. I testperioden har eg Sonosoppsett 5 – 6 stadar i huset, og det vert vanskeleg å gå attende til ”kvardagsoppsetta”.

 

Importør: Hi-Fi klubben

Pris: Sub og Playbar kostar 5 798 kvar, og Play 1 kostar 1698/stk. Eit komplett 5.1-oppsett kjem tett på 14 000. Ikkje dyrt i høve til både lydkvalitetane du får, og i høve lettvint oppsett og bruk.

Lest 7491 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien Ny jaktmark, heimekino del 3 »

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen