onsdag, 16 september 2026 17:51

TEST: Vestlyd V15C - Farleg god Spesial

Skrevet av

I førre dagboka presenterte eg det “nye" anlegget mitt, med unntak av høgtalarane, som eg ikkje ville avsløra. Det var litt flautt å tilstå at eg, som profilerer meg som audiofil, har kjøpt “bråkehøgtalar” på HiFi Klubben. Slike som ungdomane i russebuss kjøper. Men før eller seinare måtte jo katta ut or sekken, og her kjem omtale. Og det er ein ganske uvanleg høgtalar. 

Ingen med eit snev av peiling på høgtalarar kan unngå å sperra augne opp når dei får greie på korleis han er konstruert. Basselementet er ikkje mindre enn 15 tommar, vanleg i kabinett til profesjonelt bruk, men sanneleg ikkje til HiFi. Og det er direktekopla som det heiter på fagspråket, dvs. basselementet er kopla rett på forsterkaren utan delefilter. Utan alle dei spolane og kondensatorane som sluker effekt, dreier fasen og øydelegg lyden på so godt som alle høgtalarar. Og elementet er koaksialt. Diskant/mellomtonen sit i sentrum av basselementet bak eit kort horn. Altso ingen separat diskant. Berre eitt element i heile høgtalaren! All lyd strøymer ut frå dette eine punktet, og det har ubestridelege fordeler både teoretisk og lydmessig. Eg, som tidlegare stort sett har helde meg til små audiofil-riktige høgtalarar med 6,5” bassar og ikkje stort meir enn det, har kjøpt ein “PA-høgtalar" eg knapt greier flytta. So var det då og desse som spelte ræva av omlag samtlege andre på Horten-messa i 2022, då dei vart introdusert der av HiFi Klubben og nemnd av oss fyrste gongen. Det har vore litt av ein overgang, men eg har ikkje angra. Eg fattar eigentleg ikkje at eg ikkje har gjort det før, men slike store høgtalarar med store bassar har alltid vore frykteleg dyre - og ja, store. Og tunge. Ingen av dei nemnde løysingane er nye eller revolusjonerande, berre intelligent sett saman.    

Tidlegare omtalar

Eg vart djupt imponert og nærast rysta over kva desse høgtalarane presterte på messa med t.d. den valdsame bassen på låten “Bad Guy” frå Billie Eilish sitt debut-album frå 2019. Det var få andre høgtalarar på messa som kom i nærleiken. 

Dei vart vidare omtala i dagboka april -23, etter at eg hadde sett omtale av dei i svenske Hifi & Musik (mars -23), som diverre gjekk konkurs i fjor og etter at eg hadde høyrt dei endå ein gong hjå Hi Fi Klubben i Bergen, som snarast, med Mark Knopfler frå Dire Straits, ein artist eg kjenner godt og hugsar lyden frå.

Meir info om høgtalarane finn du i desse to artiklane, for eg gjentek ikkje alt her. Derimot fylgjer ein omtale, del 1 i alle fall, etter at eg har brukt dei sidan januar i år. 

Innkjøp

Eg klarte ikkje å halda meg lenger. Eg berre måtte finna ut korleis dei ville spela heime i ei vanleg stove. Etter å ha spurt meg litt rundt kjøpte eg eit sett med to månader returrett for å prøva dei ut, og var eigentleg innstilt på å returnera dei etterpå, og forlanga pengane attende. Slik gjekk det ikkje. Etter to månader kopla eg opp att eit sett gamle Dali 7 som eg har lagt mykje arbeid ned i, for ei endeleg samanlikning. Det gjekk ikkje litt bra eingong. Eg meiner framleis at Dali-ane er gode høgtalarar, samanlikna med mykje anna der ute, men mot Vestlydane kom dei syrgjeleg til kort. Dag og Lars, akta medlemer av det lokale ølpanelet og skapaudiofile som var til stades under duellen, gav klår melding om at “dersom du returnerer desse, er du sprøyte gal”. Eg var heilt samd, og slik vart eg 20.000 kroner fattigare. 

Høgtalar med diagnose

Dette er ein HiFi-høgtalar, men me mistenker ein kløyvd personlegdom. Baksida har, i tillegg til vanleg skrutilkopling, også ein SpeakOn kontakt for profesjonelt bruk, og det seier litt. Effektiviteten seiest å vera 95dB, mot vanlegare knappe 90, og det merkar du. Eg kan endeleg spela høgt, sjølv med små forsterkarar. Dei toler visstnok 500W frå forsterkaren, og det er like mykje som reindyrka PA-høgtalarar frå JBL og denslags. Sjølv om eg ikkje har vore inni kabinettet og sjekka (det kjem), er det openbert at magnetsystemet er overdimensjonert. 

Bass

Det har og ulemper. Ein slik valdsam kontroll over membranet gjer at det ikkje går like djupt i bassen som element med meir normal magnet og (endå) større kabinett. Men ettersom månadane går mjuknar membranopphenget, slik at dei jobbar seg stendig lågare ned i bassen og nappar no i sub-oktavane, der du høyrer strengene på bassgitaren vibrerer, og ikkje berre den jamne ein-tone duren på 50 Hz som frå ein liten bassreflekshøgtalar. (Signalgeneratoren syner fullt nivå ned til 40 Hz, og gradvis reduksjon under, men ikkje den brå punkteringa som eit refleks-system har. Sjå under om blokkering av bass-portane). Det er djupt tilfredsstillande, bassen er samanhengande og kraftig heilt til han ebbar ut, sjølv om eg kunne ynskja at dei gjekk endå litt lenger ned. Me får sjå om det er mogeleg å gjera noko med det. Vestlyd har prioritert effektivitet, og at dei skal tola høge lydtrykk, framføre djup bass. Du får ikkje begge deler. Djup bass sluker effekt. Slik er fysikken.  

Diskant

Kvar i all verda er diskantelementet? Jo, det sit midt i basselementet, ei løysing kjend som koaksialelement. Slik strøymer all lyden ut frå same punktet, slik som hjå Tannoy og nokre få andre, pluss Kef, men dei er mykje mindre. Her er altso støvhetta frå vanlege element som bidreg med ikkje stort anna enn berre oppbrytningar i mellomtonen, erstatta av eit diskantelement. Då kan delefilteret gjerast enklare, her er ingen avstand mellom to element som må takast omsyn til og designast inn. Stereoperspektivet vert djupare, meir stabilt og betre fokusert. Stemmene vert mindre “delt i to”, og står skremmande realistisk fram. Diskantelementet, med sitt eige magnetsystem lyt me tippa, tek over etter 1100Hz med ein einskild kondensator (6 dB pr. oktav), ganske mykje lågare enn vanlege tovegs-system til HiFi, men ikkje uvanleg for PA. Og nettopp at dette er eit enkelt to-vegssystem gjer lyden reinare og meir overtydande enn 3-og 4-vegssystem, der fleire element er spreidd over heile baffelen og rotar det til, saman med eit komplisert delefilter. Det einaste tillegget til den omtala kondensatoren er eit ekstra vern for diskanten, som skal hindre denne i å brenna av. Han kuttar om det vert for varmt, og koplar til att når sveitten er turka. For om diskanten brenn av, må du byta heile elementet, ikkje berre diskanten. Trur eg. Notert: Må sjekkast. 

Ein god start er halve jobben

Den gode lyden som skildra under, er ikkje flaks eller resultat av tilfeldigheiter. Han ligg i valet av løysingar. Løysingane er velvalde, innlysande og forenklande. Her er mykje gjort rett frå starten av, og då forsvinn mange av problema i neste omgang. Det er ein uvanleg intelligent tenkt ut heilskap som ligg bak det gode resultatet. Difor høyrest denne høgtalaren heilt annleis ut enn dei vanlege slappfiskane. Og  konstuktørane vest i Danmark har ikkje gjort det enkelt for seg sjølve, heile koaksialelementet er heimelaga frå botnen av, og ingen billeg import frå Kina. Det vert kan hende produsert i Austen ein stad, men er konstruert i Danmark på utviklingsavdelinga til Argon vest i landet, derav namnet. Vekta på bassmembranet og dimensjoneringa av talespolen (inklusive induksjonen) er nøye vurdert, slik at frekvensgangen til bassmembranet rullar av, av seg sjølv, til det møter diskantelementet på same nivå, og difor trengs ikkje delefilter i samband med bassen. Kvar spole i eit delefilteret har ein viss motstand, og reduserer dempingsfaktoren frå forsterkaren. Alle som har bygd høgtalarar sjølve og kopla basselementet direkte til forsterkaren veit kva eg snakkar om. Heile bassområdet vert utruleg kraftfullt og definert. Forsterkaren held elementet i eit jerngrep. Det store elementet flyttar luft effektivt nesten utan å røra på seg, og forvregninga minkar tilsvarande. Paul Klipsch dokumenterte tidleg at forvregninga var omvendt proporsjonal med membranrørslene. Bassen er tilsvarande rask og kontant. Mange trur at små bassar er raskare, ja, men i mellomtonen. Til bassen trengs eit element spesifisert for dette området, og det vert stort og dyrt, noko produsentane som regel ikkje tek seg råd til. Og kabinettet vert tilsvarande stort, noko mange ikkje forstår eller vil ha. Her kjem den bipolare karakteren fram att: Dette er ein høgtalar både for dei som veit kva dei vil ha, og for dei som ikkje har peiling, berre det spelar høgt.     

Lyttinga startar

Då eg spent og lettare nervøs byrja lytta til uinnspelte høgtalarar vart eg likevel positivt overraska, frekvensbalansen var svært lik Dali 7, som eg reknar som uvanleg godt balansert, og eg høyrde ingen openberre feil eller ujamnheiter. Undervegs la eg merke til at bassen ikkje gjekk særskilt djupt, men at han var feit og fin, og at lyden var uvanleg samanhengande. Det store basselementet er på mange måtar høgtalaren si sterke side, men samstundes irriterte eg meg over manglande presisjon, og enda opp med å blokkera bassrefleksportane med skumgummi, handklede og det eg hadde for handa. Det var eit sjokk, for brått forsvann all bassen, og dei aller fleste ville sikkert opna opp att straks. Men eg har gjort dette før og lytta tålmodig vidare, og fekk løn for strevet. Med fedmen borte tredde stortrommer og bassgitarar fram med ein heilt annan rytmisk presisjon og reinleik, det var som venta. På plate etter plate høyrer eg bass og informasjon i bassområdet eg aldri har høyrt før på mindre høgtalarar, og slett ikkje bassrefleks. Normalt skal kabinettet etter ein slik modifikasjon gjerast litt mindre, for produsentane aukar normalt  kabinettvolumet med kring 25% når dei vel bassrefleksløysinga. Dette vart gjort med Dali 7 etter same operasjon, og det er nok turvande her og, men i mindre grad. Me kjem attende til det.  

Reaksjonar på nettet

Eg har sjølvsagt sjekka “testane" på nettet. Nokre hevdar at høgtalarane er ljose, andre at dei dei har ein kakofonisk og gjallande mellomtone. Mange av ytringane ber preg av at høgtalarane ikkje har vore tilspelte. HiFi Klubben anbefaler minimum 20 timar, men jo meir jo betre. At dei er ljose, kan  blankt avvisast. Nemnde test i Hifi & Musik, der dei har målt frekvensgangen, syner eit uvanleg ryddig forløp til å vera eit tovegssystem med stor bass og enkelt delefilter. Kurva er svakt hengekøyeforma, slik som ofte vert føretrekt, for å unngå ein påtrengande mellomtone. Og diskanten endar nøyaktig like høgt som bassen starta, altso ingen framheva diskant. Begge endane på hengekøya heng like høgt. Berre Helge har klaga på diskanten/lys lyd, men det var heilt i starten, før dei var tilspelte. Seinare har ingen klaga.

Ein tidvis stri mellomtone vart og notert her i huset, grunna hornmunniga til diskantelementet har eg tenkt. Men dette forsvann i stor grad med tilspelinga. Ja, dårlege innspelingar framstår like grelle som dei er, men kvalitetsinnspelingar let fantastisk, heilt utan farging. Det er freistande å hevda at det er forvrenginga frå middelmåtige transistorforsterkarar YouTubarane har lytta til. Men eg forstår innvendinga: Med diskant/mellomtone-elementet i sentrum på bassen er mellomtonen i sjeldan grad i fase med bassen; rein, rask og utruleg detaljert. Menneskestemmer er uvanleg nærverande, og skarptromma skjer gjennom som eit pistolskot. Dette er uvandt, og kan verta i meste laget for sarte sjeler. Difor hornlyd-kritikken, for diskantelementet har nettopp ein kort hornmunning. Men eg elskar denne uvande dramatikken, og vil mykje heller ha dette enn den vanlege geispen. Her er utruleg liv i mellomtonen, der særskilt trommesettet har “snert” (Dag). Eg siterer han vidare: “fyldig fin klang, detaljert utan at det høyrest kunstig ut". "Naturleg varm klang”. “Både breitt og djupt lydbilete”. Fleire gonger understrekar han at dette er det næraste han har vore konsertopplevinga, og avsluttar: “Fy flate, dette er heilt spesielt”. Ja, han sa flate, og ikkje det ordet me ikkje har lov å bruka. Då hadde me nett høyrt Joni Michell-utgjevinga Don Juans Reckless Daughter, låten Dreamland med bass-soloen til Jaco Pastorius. Også Lars har peika på at lyden er uvanleg rask (responsiv) og kontant. 

Konsert?

Også på nettet vert det peika på at høgtalarane spelar som på konsert. Det verkar som om dette kan tolkast både positivt og negativt. Eg tykkjer det ville vore meiningslaust om det var meint negativt. Finst det noko større kompliment enn at anlegget høyrest ut som om du er på konsert? Er det ikkje levande musikk som er målestokken for eit kvart anlegg? Lat meg nemna eit døme frå rocken, sjølv om eg stort sett spelar jazz: Van Halen sin låt “Jump". Berre på PA-anlegg har eg høyrt denne låte feitt. På alle andre anlegg let det tynt og fislete. Men ikkje no lenger. No står han fram med den krafta og viriliteten han skal ha. Denne låten krev mykje meir av anlegget enn eg var klar over. Små høgtalarar klarar ikkje å spela høgt nok, sjølv om effektforsterkaren er kraftig.     

Vanedanande

Det kom som eit sjokk på meg at desse høgtalarane var so gode. Dei spelar uanstendig godt, og slett ikkje som den bråkebøtta ein kunne frykta, sidan dei tok over for Cerwin Vega i HiFi Klubben sitt utval. Ja, dei spelar høgt, det understrekar produsenten, og det er meininga, men lyden er balansert. Og det er i høgste grad vanedannande. For fyrste gong her i stova trer bassen fram med den styrken og pondusen han skal ha, eg høyrer informasjon på kjende låtar eg aldri har høyrt før. Her er ordentleg tyngd i bassen, grunntoneområdet er “metta” på ein heilt annan måte enn det som er mogeleg med mindre høgtalarar. Det skjer heilt uanstrengt og med den største sjølvfylgje. Som ein bil med stor motor, og ikkje ein gamal Opel Kadett. Eg tenkjer at det er umogeleg å gå attende til noko mindre. No har eg store mengder med leiketøyshøgtalarar som eg ikkje heilt veit kvar eg skal gjera av. Berre dei beste av dei klarar eg ikkje heilt å kvitta meg med, inntil vidare, i tilfelle eg skulle flytta inn i bubil.  

Alternativt kan du få med heile frekvensomfanget med ein liten kvalitetshøgtalar og ei basskasse (subwoofer). Men ein slik liten tass har mykje lægre følsomheit, og basskassa må stillast inn tilsvarande. Det vert ikkje det same. Det vert eit ineffektivt oppsett med mykje oppdeling og delefilter, og det vert ikkje konsertlyd av slikt. Eit stort element med høg effektivitet har ein heilt annan dynamikk enn eit lite. Kvifor trur du folk dansar som galne på diskotek? 

Konklusjon: High End     

So kva har me her? Ein stor og tung høgtalar som ikkje er mykje å sjå på, og som mange betre halvdelar nok vil setja foten ned for. Men dei som har plass, og ikkje minst rygg for å få dei på plass (35kg), får betalt. Ikkje ein enkel høgtalar å summera opp, for han passar ikkje for alle, men eg prøver: Få andre stader får du like mykje for pengane. Hamrammr er dei einaste eg kjem i hug i farta. 15 tommar er ikkje kvardagskost i heimehøgtalarar utan at dei vert uanstendig store og dyre. Likevel er det ikkje noko utprega “billeg" ved dei. Du får ikkje finert kabinett, og kabinettveggane spelar med, men ikkje meir enn mange andre, og frontplata, som jo er den viktige og støtte for basselementet, er 3 cm tjukk. Terminalen på baksida er solid og godt festa med seks skruer. Frå bilete på nettet ser eg at kabinettet er avstiva mellom elementet og bassrefleksopningane. Og heldigvis: Her er ingenting å skru på, ingen nivåleguleringar eller vippebrytarar som berre er eigna til å forvirra kjøparen, som då typisk nok skrur seg vekk og øydelegg lyden. Her godtek du den lyden du får, han er beviselig ganske frekvensjamn, og har du likevel problem med lyden, kan det vera lurt å vurdera plasseringa, eller sjekka resten av anlegget. Frekvensbalansen er herleg feit sjølv om dei står fritt plassert midt i rommet, vil du ha dei kloss i bakvegg kan det verta i meste laget. Då kan du vurdera å gjera som meg, dvs. å blokkera bassportane.  

Lyden må berre opplevast. Han er detaljert og gjennomsiktig som få andre, slik at musikken vert portrettert med all den farta, dramatikken og kjenslene som god musikk har. Frekvensgangen er jamnare enn dei fleste, inklusive hifi-høgtalarar, og s-lydar, eit stort problem for dei fleste fleirvegshøgtalarar, er heilt utan framheving. Med diskanten midt i basselementet er lyden sjeldan samanhengande, og spreiinga av lyden identisk i alle retningar. Stemmer har fylde og sjel som ein fullltonehøgtalar – noko denne også i realiteten er. Oppløysinga i mellomtonen er unik. Med direktekopla 15-tommars basselement er bassen utan sidestykke, ein slik bass som eg alltid har ynskt, men berre opplevd på konsert. Særskilt etter blokkeringa av portane, men proppane skal ut att for ny vurdering no som høgtalarane er tilspelte. Me kjem attende til dette og anna etter at eg har vore inni kabinettet for grundigare teknisk vurdering. Forsterking og demping av kabinettet vil verte vurdert. 

Nemnde eg lyden? Desse høgtalarane har gjeve meg meir glede enn nokon andre. Bråkehøgtalar? Nei! Vestlyd har med dei valde løysingane, anten dette var hovudsiktemålet eller ikkje, skapt ein high-end høgtalarar. Den svarte svanen med det store hjartet. Du gløymer fort alt om utsjånad når du høyrer dei spela. 

Ulemper? Storleik, utsjånad og tyngd. Lang tilspeling. Ikkje dra konklusjonar før du veit om dei er tilspelte. Den uvanleg opne og direkte lyden gjer at dei ikkje bør kombinerast med middelmådige forsterkarar med kvass og hard lyd. Men den store og varme lyden skal eigentleg passe i mange høve. Når eg no høyrer at dei jobbar seg stendig djupare i bassen, har eg elles lite å klaga på. Kan anbefalast for alle som har plass og sans for dramatikk, og som veit kva konsertlyd er. Sjekk med partnaren på førehand om du har nokon. Det kan vera lurt.  

Pris for Vestlyd V15C er NOK 21.996,-

Les meir om V15C hjå HiFi Klubben
Les meir om
V15C hjå Vestlyd

Lest 1672 ganger
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.