søndag september 15 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Manger Zerobox 109

Skrevet av

Det er fleire føremoner med arbeidet for www.audiophile.no. Det kjekkaste er at ein kan hive seg rundt og spørje produsentar og importørar heilt etter eige hovud kva du ynskjer å teste, utan omsyn til at det skal kroner inn frå annonsørane. Vi står heilt fritt. Og no har det lenge gått rykte om ein heilt annleis høgtalar, ein med eigenskapar som ikkje liknar på andre. Det er ikkje snakk om ein elektrostat eller bandhøgtalar. Kva er ein Manger?

 

 

Frå tid til anna har eg høyrt om desse spesielle elementa, og ein dag oppdaga eg at importør Mono A/S hadde laga ein link til tyske Manger. Etter å ha sjekka ut opplysningane som var tilgjengelege på nettet, tok eg kontakt med Mono-Terje. Javisst, han hadde planar om å ta dette agenturet. Eg vart i fyr og flamme, og fekk Terje til å love meg eit sett til testing. Etter ei lang modningstid tok endeleg Mono inn to av modellane, SWING som er ein bipolar sak, med Mangerelementet sett opp på ein baffel, og den minste "konvensjonelle" høgtalaren - dei såkalla Zerobox. Dette ser ut som ein vanleg høgtalar, men du anar fort at det er noko særskilt påkosta. Når du pakkar ut høgtalarane, er desse relativt små kassene godt over 20 kg. Dei er dessutan innpakka i ettersittande "truser", som tydelegvis skal verne den nydelege finishen mot feite fingrar.
Heldigvis hadde Terje fortalt at han alt hadde spelt inn høgtalarane, så eg slutta dei til det glimrande forsterkarsettet eg hadde til test frå Copland. Eg valde å sette dei relativt nær lytteposisjon, og vinkla dei forsiktig innover.
Den umiddelbare reaksjonen på lyden var at eg aldri hadde høyrt maken til mellomtone. Denne høgtalaren hadde ei svært naturleg klangbalanse, men ikkje på same måte som band eller elektrostatar, eller for den saks skuld meir konvensjonelle element. Ikkje dårlegare enn desse, men annleis i sin måte å fungere på: Ein utruleg fri og ledig klang gjorde seg gjeldande nesten heile frekvensområdet, med to unntak.

For det fyrste var det bassen:
Frustrerande god, utan at det heilt passa saman med resten. Eg fekk greie på at Manger-elementet ikkje spelte så djupt i denne konstruksjonen som det eigentleg kunne klare, men vart delt på 180 Hz. Frå dei tekniske data kunne dei gå vesentleg djupare, men vart avløyste i botnen av eit godt, men konvensjonelt 8 toms element. Det gav til gagns trykk i bassen, ned mot ca 40 Hz, som burde klare seg for dei fleste. Men den umiddelbare presisjonen og korrekte attgjevinga som hovudelementet har, mangla nok i bassen.
Eg tenkte at dette kunne skuldast at Zerobox 109 trass alt er ein relativt liten høgtalar, og i mitt 41 m2 store lytterom vart det for mykje luft å flytte. Eg prøvde difor det vesle lytterommet på om lag halve storleiken. Her var bassen meir i pakt med resten, men i staden opplevde eg å bli sittande for tett på høgtalarane. Her er det eit dilemma; Manger-elementet er fysisk stort, så for å få til noko som liknar på point-source lyd, må du vere minst 3 meter unna høgtalaren. Har du denne avstanden i eit relativt lite rom, vil du måtte plassere deg sjølv og høgtalarane ganske tett på veggane, og dersom du har eit rom på 25 -30 m2, klarer ikkje basshøgtalarane å gjere jobben så godt som eg tykkjer ein såpass kostbar høgtalar bør gjere. No leverer Manger også subwooferar, og med den rette utgåva vil nok saken stille seg annleis. Eit anna moment er også om du vinklar høgtalarane inn mot lytteposisjon, eller let dei spele rett fram (oppstilt parallelt med veggane). Manger-elementa let deg gjere dette fritt etter eiga overtyding, fordi dei spreier diskanten svært godt. Diskantelement som ikkje spreier godt, t.d. elektrostatar, må vinklast inn mot lytteposisjon, dersom ein då ikkje kan kompensere fallet i diskantnivå på andre måtar. Dette er altså heilt unødvendig med Manger, og eg valde å vinkle dei berre nokre få grader innover.

Point source eller line source ?
Det andre diskutable feltet var den aller øvste diskanten. Eg opplevde denne som vel beherska, sjølv om klangbalanse og dynamikk var svært presis. Her er det muleg eg tek feil, for mine absolutte referansar nå det gjeld reproduksjon av området over 8kHz er stort sett bandbaserte: Genesis sirkulære banddiskant, Sequerra sin banddiskant, Technics sin supertweeter, Magnepan sin banddiskant. Eg opplever desse som dei beste til å formidle realistisk diskant, det vil seie å gje att alle klangmessige og dynamiske detaljar, utan at det går ut over lydbildet. Med unntak av Genesis sin sirkulære banddiskant er alle desse line source. Men etter å ha lytta til Manger har eg måtta vurdere om desse konstruksjonane likevel ikkje har eigenlyd, som eg kanskje har vent meg til… det kan vere sjølve bandprinsippet, og det kan vere at eg etter kvart føretrekk (eller har vent meg til/"kalibrert" meg på) line-source diskantar. Det kan også vere problem med signalkjelda, CD eller SACD er langt frå fullkomne når det gjeld den øvste toppen, og eg hadde ikkje tilgang til analoge signalkjelder under utprøvinga. Siste feilkjelde kan vere dei to forforsterkarane eg brukte. På heimesidene gjer Manger uttrykk for ein liten reservasjon mot rørforsterkarar, som ikkje har slik rekkevidde oppover i infradiskantområdet som mange transistorkonstruksjonar. Reservasjonen gjeld tydelegvis mest imot effektforsterkarar, og det kan ikkje vere noko avgjerande problem for forforsterkarnivået, men fyrst når det kjem transformatorar i signalvegen som i rørbaserte effektforsterkarar. Desse kan nok avgrense bandbreidda oppover. Her kan likevel vere ein mismatch mellom forsterkarane, men eg opplevde Coplandsettet, og spesielt 520 effektforsterkar som svært god saman med Zerobox.

Bortsett frå desse to felta, bass under ca 200 hz og diskant over ca 8 kHz har eg ingenting negativt å seie om høgtalarane sin klang eller evne til å gje att frekvensar.

Når det gjeld nyanseringsevna til Zerobox 109 var denne nesten eineståande. Her var det nesten smertefullt lett å høyre skilnad på alt i dei ulike innspelingar og opptak eg disponerte, men på same måte som mange andre av dei verkeleg gode høgtalarkonstruksjonane her i verda, gjekk denne ekstra informasjonen ikkje ut over lytteopplevinga. Høgtalaren maskerer ingenting, og du vert klar over dei svake sidene i anlegg og musikkopptak, men denne informasjonen vert berre ein del av totalopplevinga. Likevel vil eg nok sterkt tilrå at du vel topp utstyr til å arbeide med Zerobox. Eg prøvde med ein eldre, men til no heilt grei Luxman integrert forsterkar, som datt fullstendig frå kvarandre med tynn lyd og udefinert lydbilete. Eg prøvde også den glimrande-etter-prisen Vincent SP 331 saman med Copland CTA 305 forforsterkar, men det vart for "grovt" og unyansert, samanlikna med dei tryllekunstane Copland CTA 520 gjorde med Zerobox. Eg skulle kanskje prøvd fleire forsterkarar, kanskje slike som har fått mykje skryt av trøkk i bassen, og sett om det kunne gje betre matching. Eg hadde diverre ingen slike tilgjengelege i utprøvingsperioden, så her må du prøve sjølv.
Når det gjeld dynamikk, er Zerobox 109 av det slaget som ikkje spelar sinnsjukt høgt. Det er likevel ingen grunn til å gremjast over dette, for på same måte som fleire andre ekstremt gode konstruksjonar, treng du ikkje spele særleg høgt for at detaljane skal stå klart fram. Du kan sjølvsagt ha lyst til å spele endå høgre til partybruk og når du er åleine i huset, men du går ikkje glipp av ein einaste dynamisk detalj om du spelar på ganske normale lydtrykk. Dynamisk nyanseringsevne er svært bra, og eg veit ikkje om andre tilsvarande små høgtalarar som klarer noko liknande.

Lydbiletet er også glimrande. Her er skikkeleg tredimensjonalitet på opptak der dette er til stades, og du får god oppleving av at opptaka har skjedd i eit rom og ei atmosfære. I tillegg er det eit enormt lyttevindauge her - du kan tillate deg å bruke ein sofa, og ha to gjestar til i godpunktet. Men det er likevel eit lite ankepunkt, sett frå min synsvinkel, som igjen går på at eg har mest sans for line source-konstruksjonar:
Point-source-konstruksjonar tilstrebar at lyden skal komme frå eitt punkt, medan line source (som oftast bandhøgtalarar og elektrostatar) reproduserer lyden frå ei rett linje. Sidan line-source ikkje har så tydeleg nivåtap ut frå avstand, innbyr desse til lytting med relativt stor avstand til høgtalaren. Point-source spreier lydenergien rundt i rommet, og har du eitt diskantelement pr, side kan du rett og slett oppleve at du sit for langt unna til at klangbalanse og lydbilete vert korrekt formidla. I denne samanheng er Zerobox 109 korkje fugl eller fisk, men eitkvart imellom. Eg trur at avstanden bør vere absolutt minimum 3 meter, og gjerne ein meter til for at lyttaren skal ha det best råd. Så trass i storleiken høyrer Manger til gruppa "store" høgtalarar. Også prismessig konkurrerer Manger med dei "store" gutane frå Magnepan, Martin Logan og Quad. Kva du bør velje, er nok eit spørsmål om smak, men også om storleiken på lytterommet, kor høgt du ynskjer å spele, og kor kompromisslaust du kan innreie rommet. Manger Zerobox 109 sine fortrinn er at du får state-of-the-art oppløysing utan å spele særleg høgt, og at dei er svært lettplasserte samanlikna med konkurrentane. Eg er svært nyfiken på dei andre Zerobox, som har to Mangerelement pr. høgtalar, montert på to sider av høgtalarane.
Det finnest som sagt ein bipolar Mangerhøgtalar "Swing", og nokre andre, større Zeroboxar. For mange kan desse vere endå meir interessante. Så kan du, dersom du har god råd, bestille to (eller fire) slike element og konstruere ein høgtalar sjølv. Delefilteret burde iallfall vere greitt å konstruere, sidan Mangerelementet kan arbeide over eit så breitt frekvensområde (faktisk spenner det over eit like stort frekvensområdet som Lowter-fulltoneelementa, men med eit heilt anna kvalitetsnivå).
Manger er noko heilt nytt og annleis, og skal det samanliknast med noko, er dette om lag som då Peter Walker introduserte Quad ESL 57. Slett ikkje utan utfordringar, men noko eineståande godt. Dette kjem vi til å sjå meir av.

  • Pris: 53 000 kr
    Dersom du vil ha SWING m/subwoofer, kostar det ca 100 000 kr
  • Og den største Zerobox
    (med 3 Mangerelement, i alle retningar unntatt bakover): 145 000 kr
  • Eit mangerelement kostar ca 9500.kr

For meir informasjon, sjå www.manger-msw.de
Importør www.mono.no

Lest 3226 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Linn Ninka Martin Logan Source »

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen