tirsdag oktober 15 , 2019
torsdag, 31 januar 2008 23:00

JBL TL 260 60 års jubileumsmodell

Skrevet av

JBL er ein av dei eldste og mest prestisjetunge høgtalarprodusentane i verda. Slett ikkje utan grunn. Og kva gjer dei når dei skal feire seg sjølv? Lanserar ein av toppmodellane frå 80-talet på ny..

 


av Arve Åheim februar 2008

 



Utforming

Lat oss ikkje dvele for lenge med legendane. JBL har vore med heile tida, og hatt mange av dei mest kompromisslause høgtalarane på marknaden. For tida er det dei tre modellane i Project Array-serien som er mest omtalte. Høgtalarar med udiskutable kvalitetar, sjølv om nøytralitet ikkje er ein av dei. Såleis er det sterke leirar for og imot Array. Eit superoppløyst diskanthorn som står på høgkant (med eit integrert, lite superdiskanthorn på toppen) er det mest særprega ved desse nye konstruksjonane. Vanskelege å få til på messe, og etter det eg høyrer ei pine å spele inn. Men så avgjort i stand til å gje att detaljar, og når det gjeld dynamikk er det knapt maken, når vi ser prisen (som er på tilbod i desse tider).

Vi som har utsett oss sjølv for hifi nokre år, hugsar denne asymmetriske modellen frå JBL-programmet. Denne utgåva er litt meir elegant enn det eg hugsar; pianolakk og eit blankt skilt som markerar at det er snakk om ei jubileumsutgåve. Nokre hevdar at dei ser litt harry ut, men med frontane på, er det ein stor og ganske pen høgtalar i pianolakk. Eg har stort sett styggare ting ståande i anlegget...

Det er også doble høgtalarterminalar, og høgtalarane skal vere utstyrte med det som skal for både biwiring og biamping utan eksternt delefilter. Dette vart ikkje prøvd av meg, og ut over utprøvingsperioden verka det på meg som slike tiltak ikkje akkurat var veldig påkravde. For dette var heilt greie høgtalarar om du har ein forsterkar som er rimeleg straumsterk…

Før vi ser på lyden, må høgtalaren beskrivast. Kabinetta er assymetriske på ein spesiell måte som må seiast å vere varemerket for TL 260. Kabinetta er dessutan grunnare enn vi oftast ser i dag, med ein etter måten stor bassport på baksida. Basselementet er ein 12” JBL-sak som ikkje lar seg provosere før naboane gjer det (eg har einebustad). Det er snakk om ein fire-vegs-konstruksjon med superdiskant, noko som brukar å vere ei stor utfordring å få til å spele homogent. Og det er ingen reguleringar på høgtalarane, så du må vere innstilt på å jobbe med plasseringa for å få det optimalt – men det reknar vel vi med uansett?

 

Høgtalarane vart rigga opp i mitt vesle lytterom #3 og kopla til relativt rimeleg og enkel elektronikk. Jobben vart gjort av min 20-årige assistent, som også er son i huset. Eg var bortreist, og han måtte gjere det grunnleggjande, som tydelegvis gjorde han svært entusiastisk. Heldigvis var høgtalarane innspelte, eit demo-sett, som frå fyrste stund imponerte i den grad at eg fekk 6 tekstmeldingar og 3 telefonar frå assistenten. . (Det enda faktisk med at han måtte ha desse høgtalarane). Høgtalarane vart også prøvd på assistenthybelen, eit ikkje heilt optimalt rom, men der dei også var ganske lette å plassere på ein svært så brukbar måte.

 

Oppstilling

Dette var veldig greitt. Dei må minst 40 cm , helst noko meir, fram på golvet for å få perspektiv og skikkeleg tett og presis bass, men gjerne litt meir. Litt småflytting kan gjere store forbetringar om det er viktig å ha rett frekvensgang i bassen.
Både diskant og superdiskantar er domer, og har såleis riktig god spreiing. Det er såleis ikkje behov for å vinkle dei meir innover mot lytteposisjon enn du ynskjer sjølv, og høgtalarane får flottast perspektiv om dei peikar rett fram, med bra avstand mellom. Eigentleg er dei svært lettplasserte, og enklare å ha med og gjere enn gjennomsnittet for såpass store høgtalarar.

 

Bassporten må ha minst

40 -50 cm rom bak seg

Mitt lytteinntrykk

Beethoven sin 6.symfoni med Bruno Walter er ein av mine absolutte favorittar, som eg har i fleire pressingar og format. Eg brukte innspelinga på SACD, og vart som vanleg bergteken av kompleksiteten i fjerde sats, stormen, så vel som nyansane i femte sats. Detaljane står veldig tydeleg fram med all den kompleksitet som skal vere der. Diskanten opna veldig opp utan å vere skjerande eller overfokusert, med slik luft som vi alt for sjeldan høyrer på konvensjonelle høgtalarar.   Og den dynamiske nyanseringsevna var berre storarta.

Med Ricky Martin sin SACD-versjon av ”Loaded” var det høve til å riste litt laus. Men TL 260 stod bergstøtt, og flippa ikkje ut, berre la på grunntonar så djupe som den gode hr. Martin kunne tenkje seg. Dette albumet har nokre kutt med svært så intrikate lydmiksar, og her får du full valuta for pengane.

Å spele skikkeleg djupe tonar som t.d. Yello ”The Eye” går så djupt som du håpar, dvs. dei går nok ikkje heilt ned til den ekstreme botnen der vi berre føler trykket utan å høyre frekvensane, men mine erfaringar med høgtalarar som faktisk går så djupt, er at det ikkje er særleg moro å ha dei i hus. TL 260 går djupt nok til det aller, aller meste, og nok til å provosere skikkeleg om du har folk som bur i etasjen under.

Harry Belafonte har masse luft over stemma si, og tredimensjonaliteten i den store innspelinga frå Carniege Hall kjem godt fram. Skal eg kritisere noko, er det at diskanten her er litt påtrengande samanlikna med elektrostatar som mine InnerSound Eros eller Quad 2905 (som er det beste på dette feltet eg har høyrt så langt).

Dusty Springfield hadde ei stemme som ikkje provoserer diskantane på nokon måte, iallfall gjeld dette opptaket av ”The Look Of Love” på Casino Royale (gamleutgåva). Og her høyrest kontrabass så tydeleg artikulert at ein skulle tru det var snakk om ein Magnepan. Men Joni Mitchell høyrest ikkje så bra ut her som på elektrostatane. Dei svake sidene ved opptaka vert overtydelege. Det same gjer seg gjeldande på ”America” frå West side story (den på DG som Bernstein sjølv dirigerte på slutten) dei kvinnelege songarane vert for kraftig markerte når dei tek i litt. Til gjengjeld er dynamikken heilt i toppklasse, samstundes som det er massevis av luft rundt instrumenta, spesielt perkusjonen. Maken til nyanseringsevne skal du leite lenge etter. Dette er høgtalarane som alle perkusjonistar treng. Saftig, organisk slagverklyd. Det er verkeleg moro å spele moderne rock når ein har slike høgtalarar i hus.

Og så har vi bassen. Dønn artikulert, og likevel ”feit” i den aller mest positive forståinga av ordet. Eg vart skikkeleg glad i bassattgjevinga. Bassen i TL 260 er noko av det mest sjarmerande og gledesskapande ein gammal bassist har fått med seg. Kanskje ikkje heilt nøytralt, men du verda kor godt det er å høyre på, ein av JBL sine beste varemerke. Hjarteslaga på DSOTM er tydlege og markerte, utan henging og tendens til uartikulerte fakter. Og dei teiknar eit forbausande realistisk lydbilde. Og til spanske, moderne opptak av Café Quijano er dette den ultimative høgtalar. Rett og slett!

Spelast det klassiske musikkopptak frå ca 1960 – 70 går dette heilt fint. Men om eg får valet, vil eg nok føretrekke elektrostatar til høgre pris til slik musikk, men om det skal spelast sånn hyggjeleg pop og rock som eg vaks opp med, er TL 260 oftast slik at eg har mest glede av dei. Iallfall om eg køyrer med elektronikk som ikkje er heilt i teten. TL 260 er ikkje kresen i det heile tatt. Her kan du tillate deg å bruke kva som helst relativt kraftig forsterkar innan rimelege grenser. Ikkje sånn å forstå at dei ikkje veit å sette pris på god elektronikk, dei løfter seg kollosalt når dei får høve til det, men veldig mange av kvalitetane kjem fram også med den enkle Luxman 373 integrerte forsterkaren frå 90-talet, ein etter måten enkel sak med 110 Watt pr kanal, som held i massevis.

 

TL 260 er ein høgtalar det eignar seg særleg godt å skru litt opp for. Han gjev lydtrykk i massevis, og med 110 Watt til rådvelde i eit lite rom var høvet til å gjere brutale overgrep mot øyrer ganske freistande. Men det er noko anna med desse høgtalarane som er heilt spesielt. Dei greier både dei brutale og dei heilt smålåtne lydtrykka like elegant. Høgtalarane endrar rett nok karakter når du skrur ned, men på ein forfina, varm måte, som er annleis enn når du guffar på. Dette er ein enorm formidlar av musikkglede, som balanserer mellom det engasjerte og det analytiske på ein veldig god måte.

Eg vart skikkeleg glad i desse høgtalarane. Dei eignar seg for dei aller fleste musikksjangrar, og har dessutan evna til å spele både høgt og moderat. Dei har tiltalande klangbalanse og flott spreiingskarakteristikk, slik at det er lett å få ut godt lydbilde frå dei. Dei kan også klare seg med relativt rimeleg og enkel elektronikk, men veks med oppgåvene, og treng ikkje å skamme seg over å verte brukt saman med elektronikk som kostar meir enn dei sjølve. Og dei greier seg veldig godt i romma eg prøvde dei i. Elektronikken var dei ikkje særleg kresne på, men det vart likevel ein radikal forbetring av audiofile kvalitetar som perspektiv, klangbalanse og dynamisk nyanseringsevne når eg bruke Rogue Cronus som forsterkar til dei, så det var ingen problem med å klare seg med gode 50 -70 rørwatt, sjølv om det vart noko svakare disco-nivå.

Eg skal innrømme det, eg ville heller kjøpt desse enn dei dyrare slekningane med Array-namn. Det er så moro å spele med TL 260 at du berre må prøve det, og dei er mykje enklare å få til enn dei meir påkosta og moderne slektningane, som helst vil ha både raffinerte og kraftige forsterkarar/signalkjelder.  TL 260 tåler rett nok ikkje alt av forsterkarar, og dei vil også vinne på å verte brukte saman med topputstyr, men dei greier seg veldig bra også med enkle og rimelege ting.

Beste ordet å bruke om desse jubilantane er kanskje ”engasjerte”. Eller heller ”forfina”? Ikkje på den måten elektrostatar eller ProAc sine beste modellar er det. Om eg skal personifisere dei, tenkjer eg på desse høgtalarane heller som ein Tarzan, ein adelsmann som godt kan gå i smoking og oppføre seg pent som lord Greystoke, men som eigentleg er ein villmann som eignar seg til å slengje seg frå tre til tre og vere apenes konge.

 

Høgste gøyfaktorhøgtalar eg har høyrt på svært lenge, og likevel analytisk nok til å vere med på ordentleg hifi. Verd kvar ei krone.

 

Inntrykk frå Kjell Omar Åhjem:

- Svært fin bass, og veldig flott dynamikk. Med ein kraftig forsterkar eignar desse høgtalarane seg utruleg bra til pop/rock. Dei kan gje att lyd frå MP3 og andre ikkje superdetaljerte, "rimelege" signalkjelder på ein svært overbevisande måte. Etter min musikksmak er dette ein av dei aller beste høgtalarar eg har høyrt, og iallfall til prisen. Eg kjøper desse som referanse.

 

Pris: 25 000

Seljast gjennom www.hificenterkjeden.no

Lest 15166 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen