søndag oktober 13 , 2019
onsdag, 31 desember 2008 23:00

Dali Helicon 3002

Skrevet av
Dali Helicon 300 mk 2 har svært høg kvalitet på overflatebehandlinga Dali Helicon 300 mk 2 har svært høg kvalitet på overflatebehandlinga

Dali er ein av dei verkeleg gode høgtalarprodusentane i det prissegmentet der dei fleste kan vere med. Heilt sidan dei fyrste modellane kom for mange år sidan, syner salstala at spesielt vi i Skandinavia har hatt sans for forholdet mellom pris og det du får for pengane hos Dali.
No finnest det svært mange modellar, mange som verkar ganske like i utforming, men på ganske ulike prisnivå. Høgtalarseriane startar med den rimelege Concept der du betalar eit par-tre tusenlappar for dei minste utgåvene, via den 50% dyrare Lektor-serien. Endå dyrare vert Ikon-modellane som er hakket over.
No har eg altså fokusert på dei to dyraste seriane frå Dali, og då tatt tre relativt kostbare stativmodellar.
Fyrste modell ut er Helicon 300 mk 2

 

 

Av Arve Åheim, januar 2009

Stativhøgtalarar kan ikkje spele bass, du liksom….

I diskusjonar har eg ofte høyrt at store høgtalarar er best, når andre faktorar er like. Og eg har sjølv til tider argumentert at det er dumt å bruke plassen under høgtalarane til dyre stativ, i staden for ganske enkelt å forlenge høgtalaren ned til golvet. Det ekstra kabinettvolumet kan då brukast til å senke eigenresonansen så langt ned at basselementa får hjelp til å spele verkeleg djupt.

Den ekstra bassen er stort sett velkomen, så eg har aldri eigd eit par stativhøgtalarar i hovudanlegget. Eg har alltid helde meg til dei store, ut frå prinsippet om at ein god tungvektar stort sett dankar ut sjølv ein verdsmeister i flugevekt. Men eg har ofte snakka varmt om småhøgtalarar, og har latt meg fascinere av dei gode evnene slike har til å utbrodere instrumentplassering og perspektiv, såkalla ”pinpoint”-eigenskapar. Men eg har fleire gongar høyrt store høgtalarar med glimrande pinpointing, utan at eg har fått både mjølk og honning når eg har gjort det motsette; altså lytta til småhøgtalarar.

Før no!

I jula har eg køyrt ein veldig interessant testløype med småhøgtalar frå Dali. Og vesle Helicon 3002 har fått meg til å tenke grundig over om eg må revurdere mitt syn på kva som er teknisk gjennomførleg å få ut av relativt små kabinett.

No er Helicon 300 eigentleg ikkje nokon liten høgtalar. Kabinettet er på ca 12 liter brutto. og utstyrt med ein bassrefleksport som må vere ein av dei mest velukka eg har vore bort i. Som mange av mine favorittsmåhøgtalarar er her også banddiskant, sjølv om Helicon også er utstyrt med ein dome-diskant.

Høgtalarane var heilt nye då dei kom til meg, og dei tok ei god stund å spele dei inn. Etter fjorten dagars bruk med musikk fleire timar i døgnet, var det framleis mindre endringar å høyre, men ikkje verre enn at den seriøse lyttinga kunne ta til. Klangbalansen var på plass, og opplevdes ved fyrste øyrekast som open og luftig, men med eit svært så akseptabelt bassfundament.

Lakkering og overflatebehandling er av høgste klasse. Legg også merke til innsvinget av kabinettet, og utforminga av fronten. Ein annan ting er overflatebehandlinga. Helicon har svært flott trefinér som har fått lakklag på lakklag, og ein glans som fortel alle at dette er ein kostbar juvel som ikkje kan unngå å gjere sjølv den mest kritiske interiørarkitekt fornøgd. Det er altså ein vakker liten sak som står her, og eg må innrømme at eg til dels var veldig godt fornøgd med utsjånaden, sjølv om eg som alltid held dei lydlege eigenskapane som langt viktigare enn design. Men utforminga av kabinettet med avrunding, og ei spesielt solid frontplate er ikkje berre for det estetiske. Dei lydlege kvalitetane som gjer Helicon til ein betre høgtalar enn dei mindre slektningane sine, heng nok saman med nettopp dette.

Eg opererte med to stativ, og desse hadde til dels stor innverknad på lyden. Men det får vi komme attende til seinare. Her skal eg prøve å beskrive lyden så presist som råd.

Det var engasjerande å høyre klangbalansen til Helicon 300 mk 2. Dome-diskantane gav godt med luft til overtoneregisteret, og tilfører eit imponerande inntrykk av luft over instrumenta. Banddiskanten jobbar nok litt lågare i frekvensområdet, og syter for at reproduseringa av rom og instrumentplassering er svært bra. Med direkte samanlikning mot Raidho C1 syner det seg at ein rein banddiskant åleine faktisk gjer den perspektivmessige jobben endå betre. Til gjengjeld er Heilcon 300 mk 2 mindre kritisk til plassering både i høgde og når det gjeld vinkling mot lytteposisjon. Klangbalansen verkar meir open, men det kostar fokus og perspektiv.

Helicon er flott også bakfrå. Bassporten er nøye avstemt, og får høgtalaren til å låte veldig nøytralt og korrekt. Vi ser og dei påkosta terminalane med høve til biamp/-wiring..Eit anna felt er bassen. Det er faktisk slik at Helicon har veldig fin bass, og kryp klart under 40 Hz. Vi er heilt på grensa til at dei nesten greier jobben med DSOTM-hjarteslaga, men ikkje heilt så godt som golvståande høgtalarar av ei viss klasse. Men til gjengjeld er det rein og ganske ufarga bass som kjem fram, og gjev inntrykk av svært høg lydkvalitet. Særleg når det høgtalarane får arbeide i lag med elektronikk av det meir eliteprega slaget. Såleis er det frydefullt å lytte til kombinasjonen Helicon/Nelson Pass. Den totale klangbalansen, samanhengen mellom dei ulike frekvensavsnitta, er veldig god; detaljert, musikalsk og gjev dessutan på same tid eit nøytralt inntrykk.

Dei dynamiske eigenskapane er gode så lenge vi held oss i vesle lytterom #3 på 11 m2, men høgtalaren druknar litt når dei kjem i større rom, og i mitt største lytterom på 41m2 var nærfeltslytting det einaste fornuftige.

Eg brukte som sagt to stativ, og dei konvensjonelle var heilt greie. Litt lågare enn det eg heldt for idealplassering, men dette gjorde faktisk ingenting, i motsetnad til den svært så like Raidho C1.
Perspektiveigenskapane var godt akseptable, og plasseringa rimeleg enkel. Dei hadde godt av å vere litt lenger frå sideveggane, kanskje 60-70 cm, men var mindre kritiske på vinklinga, og kunne dessutan vere ganske tett på bakveggen, eg opplevde faktisk 40 – 50 cm som svært bra, og fekk då riktig så god bassattgjeving. Til gjengjeld er nok C1 vesentleg kvassare i teikninga av perspektivet under optimal plassering, og nyanserer det dynamiske på ein endå tydelegare måte.

Superstativ
Med stativa som er utvikla for C1, skjedde det eit utruleg løft innan alt som kan kallast presisjon, og Helicon tok til å opptre som ein hi-end-konstruksjon for alvor. All Med Raidho-stativa hevast lydkvaliten svært mange hakk - for mange verd ei investering på 10 kkr.dynamisk nyansering vart tydelegare, og bassen fekk noko av den same oppklaringa og presisjonen som ein oppnår ved bruk av Soundcare og andre gode høgtalarføter, berre i til dels mykje sterkare grad. Det einaste som no frustrerte meg ei aning, var ein noko dårlegare presisjon innan perspektiveigenskapane enn det eg forventa av ein høgtalarkonstruksjon med banddiskant. Det er nok dome-diskanten som verkar inn her, og gjev eit anna spreiingsmønster enn bandkonstruksjonen. Du må altså pårekne ein del eksperimentering med vinkling, avstand til sideveggar og innbyrdes avstand før du vert heilt fornøgd. I eit lite, og godt dempa rom, vert dette arbeidet minimalt. Eg var i ferd med å gå for ei diagonalplassering av Helicon, men fekk det ikkje skikkeleg til av praktiske årsakar med møbleringa. Eg vil likevel oppfordre brukarar av Helicon til å eksperimentere med dette, her er eit tydeleg potensiale.

Lytteøkta i det 24 m2 store lytterom #2 var i knappaste laget, men desse relativt små høgtalarane var svært overtydande også i dette rommet med tanke på dynamikk og bassattgjeving, iallfall når den kraftige Pass INT 150 fekk vere konsertmeister. Djupare bass kan rett nok påreknast ved større høgtalarar, men saknast berre under avspeling av spesielle plater der bassen er eit poeng, slikt som Yello ”The Eye” og den slags er greitt nok attgjeve, men ikkje på husriste-nivå.

Konklusjon:
Dette er den beste Dali-høgtalaren eg har prøvd i eigne lytterom, og det har vore ei svært god oppleving. Det er svært mykje positivt å seie om Helicon 300, og det er få avgrensingar som vil frustrere ein eigar. Til store rom ville eg sett etter ein større høgtalar eller brukt eit subwoofer i tillegg. Det same vil vere nødvendig om du er svært bassglad og likar lydtrykk passande til diskotekbruk. Men ein kritisk musikkelskar vil klare seg godt, iallfall om han finn forfina elektronikk som er godt dimensjonert.

Dali Helicon 300mk2            Pris: 25 800

Frekvensområde +/- 3dB    37 -27k Hz

SPL max                    108 dB
SPL 1 W                     86 dB
Nominell impedans        4 Ohm
Minimum impedans     4,3 Ohm
Tilrådd effekt           50 -200 W
Delefrekvensar           3400/13000 Hz
Diskantar                  1X25 mm. Dome
1*10*55 mm banddiskant
Basselement              1*6,5”
Kabinettype               Bassrefleks
Eigenresonans            34,5 Hz
Storleik                     43,5 *20,7*37,3 cm
Vekt                         10,5 kg

 

Info frå importør Hifiklubben

Lest 4011 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Dali Mentor 2 Raidho Ayra C 1 »

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen