søndag oktober 13 , 2019
onsdag, 31 desember 2008 23:00

Dali Mentor 2

Skrevet av
Mentor 2 har ein meir anonym utsjånad enn Helicon 300. Men er det skilnad på dei lydlege kvalitetane? Mentor 2 har ein meir anonym utsjånad enn Helicon 300. Men er det skilnad på dei lydlege kvalitetane?

Med stort sett same data og utforming som Dali sin flotte Helicon, er Mentor 2 eit alternativ ein skulle tru i stor grad har ytingar som overlappar sin dyrare slektning. Kor mykje Helicon får du i Mentor?

Av Arve Åheim januar 2009

Vel, Helicon 300 mk 2 er oppgjeven til å spele 2 Hz djupare, 0,3 Ohm høgre impedans og vere 0,5 dB/W meir tungdriven enn Mentor, men desse skilnadane skulle ikkje tilseie eit grunnlag for så stor prisskilnad. Høgtalarelementa ser ganske like ut, og er av same type. Doble kontaktar for bi-wiring eller biamping er også til stades. Men Mentor-kabinettet er utforma med rette vinklar, og er mindre arbeidskrevjande å lage. Det er innlysande at du ikkje kan få same flotte overflatelakkeringa, men det er ofte ikkje avgjerande for hifi-folk. Data på delefilter er heller ikkje heilt like, så det er grun til å tru her er tenkt noko annleis.

 

To ganske like høgtalarar - eller....?Det å samanlikne desse høgtalarsetta var veldig interessant. For Dali har klare tankar om korleis høgtalarane skal formidle musikk, og den er gjennomgåande, om enn ikkje likt uttrykt på alle modellar. Her har vi altså to ganske like store høgtalarmodellarr frå same produsent, med ganske like spesifikasjonar, likt utstyrte og like store, berre med ganske ulik pris og utsjånad. Kva så med lyden?

 

Innspelingstida var kortare enn på Helicon, og eg merka lite skilnad etter 8 – 10 dagars samanhengande speling, men eg lot dei likevel få 14 dagar før eg samanlikna Mentor og Helicon direkte.

 

Mentor 2 har eit pent design...Men fyrst jobba eg med Mentor åleine, utan å gjere A/B-samanlikning. Det synte seg då at opplevinga av høgtalarane var svært lik, med ganske like perspektiveigenskapar, og ei i praksis like god oppleving av definert lydbilde som på den langt dyrare Helicon. Det som var lettast å legge merke til i denne samanhengen, var den dynamiske nyanseringsevna. Denne må ein altså betale for å oppnå. Opplevinga av kraftige fortissimo var nok også betre kontrollert, men ikkje så lett å legge merke til etter om lag fjorten dagars pause. Eg meinte også at bassen på Mentor ikkje gjekk fullt så djupt.

 

...det er i direkte samanlikning at du legg merke til skilnadane.Så tok eg ei direkte samanlikning. Dette gjekk føre seg i tre omgangar, alle i det vesle lytterom #3. Den fyrste økta plasserte eg høgtalarane ved sida av kvarandre, og A/B-samanlikna via Creek Destiny sine to ulike høgtalarterminalar. Ei slik samanlikning gjer at ingen av høgtalarane får ideell plassering, lydbildet vert øydelagt, og få ting er optimale. Men ein kan umiddelbart registrere skilnad i klang. Her synte det seg at det faktisk ikkje var noko skilnad i kor djupe basstonar som kunne leverast med autoritet. I staden vart det veldig tydleg at Helicon var meir presis, utan resonansar, rett og slett meir naturleg. Dette var spesielt tydeleg på akustisk musikk, alt frå klassisk til visesang. Mentor måtte også ha litt meir lydtrykk for å løyse opp detaljane, og det var klart at ein må betale mykje for låg lytteterskel på høgtalarane.

Diskantelementa ser ganske like utNeste lytteøkt gjekk på å optimalisere plasseringa, og fjerne det høgtalarparet som ikkje var i bruk, med relativt korte intervallar i starten, slik at same musikkutt vart spelt rett etter kvarandre på begge høgtalarsett. Siste økt var å spele med lange intervallar, skifte høgtalarar etter ein god time, og til sist spele ein heil dag på kvart sett. Den brutalt prisa Nelson Pass INT 150 vart brukt som motor i desse samanhengane, rett nok ein forsterkar som i praksis neppe vil verte kjøpt av eigarar av desse høgtalarane, men ikkje desto mindre ein forsterkar som til fulle kunne utlevere alle dei eigenskapar høgtalarane kunne framvise. Det vart også slik at eg brukte dei kostbare superstativa frå Raidho til begge høgtalarsett, då desse løfta lydkvaliteten på veldig mange felt på begge høgtalarsetta.

Det synte seg at perspektiveigenskapane faktisk var svært like når høgtalarane var optimalt plasserte, og at klangbalansen var veldig lik, om enn noko meir naturleg og mindre stressande over Helicon. Det var altså lettare å lytte ”i timevis” med høg konsentrasjon over det dyraste alternativet.

Oppsummering av samanlikninga: Mentor har annan bass enn Helicon. Mindre presis, men absolutt engasjerande og ganske djup til å vere ein høgtalar som står på stativ. Så du kan spare gode pengar om du kan avsjå ei aning djupare, meir definert og presis bass, om du tykkjer det er heilt greitt å spele litt høgre, og Raidho-stativa vart etter kvart eit mustikkje er så kritisk til at høgtalaren har full kontroll slik ein gjerne ynskjer seg når det spelast klassisk. Om du gjer direkte samanlikning vil du oppleve at den dyraste høgtalaren spelar reinare, og opplevast som friare for eigenlyd og resonansar. Men du skal ha svært god elektronikk og ha ganske godt øyre for detaljar for å høyre dette når du har spelt ei stund. Creek Destiny er eit meir sannsynleg forsterkarval enn Pass INT 150 i denne samanhengen, og gjer skilnadane mellom høgtalarane vanskelegare å legge merke til.
Klangbalanse er det lettaste elementet å legge merke til i ein A/B-test, men også det som er lettast å venne seg til, iallfall så lenge klangen ikkje er heilt på trynet utprega. Manglande bassfundament, skrikande diskant og liknande ville sjølvsagt vore vanskeleg å oversjå, men det er definitivt ikkje slik her.
Mange vil oppleve Mentor 2 som eit meir fornuftig kjøp enn den rett nok mykje betre, men også mykje dyrare Helicon 300 mk 2. 

 

Dali Mentor 2: pris: 14 996

Frekvensområde +/- 3dB 39 -34k Hz
Også Mentor 2 har gode terminalar som tillet biamp/-wiringSPL max 108
SPL 1 W 86,5 dB
Nominell impedanse 6 Ohm
Tilrådd effekt 40 -180 W
Delefrekvensar 3400/12000 Hz
Diskantar 1X28 mm. Dome
1*17*45 mm banddiskant
Basselement 1*6,5”
Kabinettype Bassrefleks
Eigenresonans 37 Hz
Tilrådd plassering Stativ
Storleik 44*20*35 cm
Vekt 10 kg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Link til importør Hifiklubben sin presentasjon av høgtalaren

Lest 9199 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Dali Mentor 1 Dali Helicon 3002 »

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen