torsdag september 19 , 2019

Sonos – hifi-verdas legoklossar.

Skrevet av

Garva hi-end-hifientusiastar har av og til mørke løyndomar. Og eg skal innrømme at eg også er råka. Eg spelar på Sonos…

Les meir:

Publisert 11.11.2013

Det er moro med skikkeleg tung hifi. Anlegg som er i stand til å by på opplevingar som kan vere annleis, men like sterke som sjølve konsertopplevinga. Blodtrimma vinylriggar med evne til å suge musikalske detaljar ut frå platerillene som ein ikkje høyrer i konsertsalen, og det med stort truverd. Superoppløyste digitalformat som byr på element av realisme som ein knapt kan fatte kan registrerast. Dette er veldig tilfredsstillande, men ikkje nødvendigvis det viktigaste med lydreproduksjon. Eg er endå meir opptatt av å oppleve songar og musikkstykke, og at eg får utvida horisonten, høyre ny musikk ut over mine kjære referanseplater og gamle travarar. Så det må innrømmast at Spotify-musikk har vorte viktig. Men det var i utgangspunktet ikkje slik at dette var enkelt. Å kople pc-en til anlegget baud på ganske stressande, dårleg lydattgjeving eg ikkje orka særleg lenge. Eg prøvde tre-fire ulike dac-ar for å betre tinga, men vart ikkje heilt fornøgd.  Dei ganske kostbare var naturleg nok betre enn dei billege, men ikkje slik at eg ville prioritere så store investeringar. Eg vil ha noko ryddigare.

Så vart eg tipsa om Hifiklubben si løysing, Sonos. Dette bestod i utgangspunktet av nokre ”tunerar” ZP 90 (no her dei fått nytt namn; ”Connect”)som pluggast til nettet, og som deretter sette opp eit uavhengig, trådlaust nettverk som berre brukast av Sonos-komponentar. Systemet skulle, i motsetnad av det meste på marknaden, vere både påliteleg og enkelt i bruk. Og då Spotify kunne køyrast via dette, var det naturleg å prøve systemet heime.

Oppsettet var ganske enkelt. Eg plugga ZP 90 via datakabel til nettverket i huset, og med ein ikkje for kostbar signalkabel til tunerinngangen på forforsterkaren.  Eg hadde også kjøpt ein eigen fjernkontroll til styring av Sonos-systemet. Det var berre å gjere noko små tastetrykk, skrive inn passordet frå Spotify, og vips – eg hadde fått ein svært funksjonell måte å organisere musikken på.

Det er ikkje å legge skjul på at Spotify har lydmessige avgrensingar samanlikna med CD, for ikkje å snakke om SACD, blålyd og vinyl. Dette er nok hovudgrunnen til at eg ikkje har prioritert topp avspelingsutstyr for dette til bruk i hovudanlegget. Det er rett og slett ikkje verd å bruke mange tusenlappar for å optimalisere ei slik straumingsteneste når potensialet så likevel er avgrensa av kompromiss i formatet Men som eg har vore inn på tidlegare, eg orkar ikkje kva som helst heller…om ikkje skikkeleg godlyd er innan rekkevidde, skal eg iallfall ikkje ha det vondt når eg lyttar til musikk.

Og faktisk har Sonos lagt seg på ei veldig fornuftig linje sånn lydmessig. Kvalitetsnivået er såpass høgt at du ganske greitt høyrer skilnad på ein SACD-spelar via ”inngang” på ZP 90 og Spotify, men ikkje så valdsam at du ikkje orkar å gå attende og utforske framande musikalske jaktmarker på Spotify etterpå. Og så kan ein kople seg på DAB-radiokanalar så vel som ei bråte med andre musikktenester, og lage spelelister ”på tvers” av dei ulike systema.

 

Fuksjonalitet

Denne jobbinga med Sonos tok litt tid, og det stod mykje att å prøve. Mellom anna skal det kunne styrast 32 ulike Sonos-apparat på nettverket, og eg hadde berre denne eine ZP90-greia. Og så fekk vi problem med www.audiophile.no , men no er vi i gong att. Så no prøver eg ut ein del andre Sonos-mottakarar.

Kona ynska seg ein DAB-radio, og til jul kjøpte eg ein Play 3, ein slags Sonos-radio, med ganske stort basselement, kostnad i dag ca 2 400 kr.. Det finnest også ein Play 5, som var for stor til kona sitt bruk. Den eine Play 3 kunne rett nok berre by på mono-attgjeving, men du verda, kor greitt det var å høyre PopQuiz og andre musikkprogram ved frukostbordet  Og helt problemfritt å spele monoradio på kjøkenet medan Spotifymusikk på same tid vart spelt over storeanlegget i stova av familens yngste.

 

Få, men interessante nye produkt

Etter kvart fekk eg rapportar om utviklinga av Sonosprodukta. Sonos lagar ikkje nye modellar kvar dag, men har brukt tid på å lansere produkt som er i stand til å utvide musikkopplevinga for brukarane. Det fyrste eg kunne lese om, var ein lydplanke til bruk under TVen – ikkje så veldig aktuell for meg med tung hifi rundt fjernsynet, men mange vil nok sette pris på å kunne oppgradere den ofte tvilsame flatskjermslyden, og endåtil vere ein integrert del av Sonos-systemet. Prisen er vel i øvre gruppe for slike produkt, iallfall om vi snakkar om alle dei billege alternativa som dukkar opp no for tida. Likevel er ikkje knappe 5 300 kroner noko å klage over, særleg når ein kan forvente at Sonos-konseptet byr på den lettvinte bruken som eg stadig vert meir fornøgd med. Så kom det ein trådlaus suwoofer til om lag same pris– heller ikkje aktuell i mitt tilfelle. Eg har altså ikkje prøvd ut dei nye produkta. Men så kom endå ein ny dings i Play-serien, Play 1, ei miniutgåve med i praksis nesten identiske eigenskapar som Play 3, bortsett frå at 3 kan spele ein del høgre på grunn av at dette er ei fysisk større utgåve. Basseigenskapane er utruleg like, og manglande lydtrykk kompenserast for mange med flottare utsjånad som gjer dei både lettplasserte, og fullt ut visuelt akseptable.

Eg fekk nyleg til utprøving to slike, i tillegg til ein ny ZP 90 (som no heiter  Connect). Så ei stund hadde eg definert fem spelesoner, og kunne bruke dei fullstendig uavhengig.. Det er veldig greitt å ha systematikk i dette. Sidan vi har vore få i heimen i det siste, har eg gjerne brukt funksjonen ”gruppe”, der alle sonene vert synkroniserte. Eg har eit stort hus, og innimellom er det greitt å kunne fylgje med på radioprogramma utan å måtte sitte i ro i ei av sonene. Dette er også greitt som partyfunksjon, slik at heile huset har same musikk, og det ikkje oppstår konfliktar mellom sonene. Dette bør du gjere om alle dører står opne. Sjølv om du spelar t.d. same radioprogram i to nærliggjande soner, er det best å synkronisere dei med gruppefunksjon, elles er dei ute av fase.

 

Ekstremt enkelt stereoanlegg

Etter ei stund droppa eg sona på badet. Svært hyggjeleg med skikkeleg musikalsk kapasitet i staden for den gamle miniradioen som attpåtil hadde problem når mottakartilhøva var dårlege.

Men eg tok ikkje sjansen å la lånt utstyr stå i eit innimellom fuktig rom i lengre tid. Så då fekk eg sjansen til å prøve stereofunksjonen. Sjølv om mine to eksemplar er i ulike fargealternativ, var det interessant å finne ut i kva grad to Play 1 kunne fungere som komplett stereoanlegg. Eg hadde eigentleg ikkje særleg tru på dette, men då eg plasserte dei to små dingsane på TV-benken framfor TV nr 2, og trykte på dei nødvendige knappane (svært enkelt, eigentleg) som definerte den eine høgtalaren som venstre kanal i stereooppsettet på gangen, vart eg forbausa. Nei, igjen må dette innrømmast å mangle eigenskapar som må vere til stades når vi snakkar om skikkeleg high fidelity og audiofil lydattgjeving. Men ut frå føresetnadane – dette er bra. Sonos har ein hyggjeleg og tilgjevande spelestil, litt ekstra trøkk i øvre bassområde, som er svært bra til moderate lydstyrker, ikkje så ulikt den gamle BBC-monitoren LS 3/5A. Sånn som når ein har på radioen eller litt bakgrunnsmusikk når ein eigentleg ikkje lyttar så nøye, men når du gjer noko anna. Som under husarbeid er det perfekt.

No sette eg meg ned i lytteposisjon og høyrde etter med mitt vanlege kritiske øyre. Klangen er for hyggjeleg og ”feit” til å kunne kallast nøytral, med manglande djupbass og litt for markert øvre bassområde. Dynamikken er avgrensa og berre sånn passeleg nyansert om du skal spele symfoniar og dynamisk musikk, og det kan ikkje spelast høgt nok til ordentleg partynivå. Detaljoppløysinga  av lydbildet er ofra til fordel for god spreiing av diskanten i rommet.

Men når eg sat slik i sofaen og høyrde på Genesis attgjeve via Spotify, var det slett ikkje verst Langt betre enn å høyre ein tilfeldig miniradio gneldre det vanlege repertoaret sitt – no var det mine spelelister som hadde styringa. Og då eg tok fram gitaren for å plukke opp akkordane på ein ny melodi eg likte, var det ikkje på hovudanlegget, men her i gangen eg hamna.

Ærleg talt, her har vi faktisk eit stereo-anlegg til berre knapt 3200 kroner. To dingsar som skal pluggast til straumnettet, og som hektar seg på eksisterande Sonos-nett. Og vips, du har ein svært stabil og lettvint streamingfunksjon med heilt ok lyd til svært mange av dei musikalske oppgåvene eg vil ha utført i laupet av dagen.

 

Manglar? Vel, dette er gjennomtenkt.

Var eg kritisk? Vel, dei negative kommentarane frå audiofilhald kan det argumenterast mot ganske rasjonelt. Det er ikkje dumt å ha ein loudness-aktig klangbalanse når ein spelar låg bakgrunnsmusikk, og djupbass må ein vere meir fokusert på for om ein skal ha skikkeleg glede. Spelar du lågt, er det heller ikkje noko poeng med enormt dynamisk potensiale, (og vil du guffe litt, kan ein alltids kjøpe ”Sub”, den trådlause suben. Anlegget vert meir enn dobbelt så dyrt, men er framleis billeg om ein samanliknar med eit normalt konfirmasjonsanlegg)

Oppløysing er sjølvsagt fint, men ved dei aller fleste tilfelle er god oppløysing avhengig av at du avgrensar den kritiske lyttinga til sweetspot. Når oppløysinga er noko nedtona, gjer det også at lytteposisjonen ikkje vert særleg kritisk. Du kan bevege deg rundt i rommet og likevel få med deg brukbar diskant. Ikkje til skikkeleg kritisk lytting, men kor mange av lyttesituasjonane er verkeleg kritiske i laupet av ein dag?

Eg er også svært fornøgd med at Play berre skal sluttast til straumnettet. Dersom du har ein Connect/ZP90, lagar denne eit trådlaust nett utan vidare, som andre Sonoskomponentar hektar seg på. Har du ikkje dette, må du kjøpe (eller få på kjøpet) ein ”Brigde”, som ordnar eit slikt nett. Men dei kan også koplast til LAN med tråd, og vert då endå meir stabilt. Einaste negative eg finn, er at straumleidninga festast under høgtalarane, slik at du berre kan bruke den medfylgjande spesialpluggen.

 

Avgrensingar

Å spele dynamisk og høgt er ynskjeleg, men når ein nyttar Spotify har dette unekteleg visse avgrensingar, som det er vanskeleg å hoppe bukk over. Ein kan sette opp ein NAS med musikk, og distribuere denne over Sonos-nettverket. Ved fullformats SACD-lyd oppnår eg noko betre attgjeving ved å kople ein gammal Marantz-spelar til hovudanlegget enn det eg greier via Sonos Connect. Så sjølv om Sonos kan distrubuere lydfiler med CD-oppløysing, er det ikkje slik at vi snakkar om audiofile ambisjonar. Det at Sonos ikkje kan overføre dei nye, høgoppløyste lydfilformata, er eigentleg einaste negative innvendinga eg har til konseptet. Slik Sonos er sett opp no, er det ikkje for dei heilt pretensiøse lytteoppgåvene.

 

Alternativ

Eg fekk også med meg eit eksemplar av det nye, høgoppløyste systemet som Hifiklubben satsar på, Blue Sound. Men det har ikkje vore tid til å teste noko endå. Det skal bli spennande å straume høgoppløyst lyd over heile huset. Men då spørs det om nettverket vert like stabilt som det har vore med Sonos. Det perfekte kan fort verte det gode sin verste fiende….vi får sjå når eg får tid til å samanlikne.

 

Konklusjon

Det finnest nok alternativ som kan straume musikk rundt i heimen med høgre oppløysing og lydkvalitet enn Sonos. Men no har eg levd med dette systemet sidan 2010, og hatt minimalt med problem og driftsstansar. Og dei få gongane eg har hatt problem, har eg møtt svært god oppfølgjing. Til dømes då (den no utfasande) fjernkontrollen tok kvelden. Eg fekk tilsendt ny dockingstasjon, straumforsyning og batteri, og då det til sist ikkje lot seg reparere, fekk eg demonstrasjonskontrollen til butikken. Eg kjem nok til å halde på min gamle fjernkontroll og ZP 90 i lang tid framover, iallfall så lenge eg brukar Spotify som straumingsteneste.  Slik det er no, trur eg stabilitet, brukarkomfort og praktiske løysingar det viktigaste i det lange laup. Men så er eg er spent på om Blue Sound vil verte eit betre alternativ. Kanskje lyden er betre, når alt kjem til alt?….vi får sjå.

Lest 10412 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen