Stig Arne Skilbrei

Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Bassisten Signe Førre har gjeve ut si fyrste plate under eige namn. Folkemusikk, jazz og “speedbalkan” er smelta saman til eit heilskapleg og spanande produkt, som du kan hende har lyst til å låna eit øyre til?

Festivalen tjuvstarta alt torsdag, kl. 6 fekk eg pressekortet mitt og armband på kontoret på Ole Bull Akademiet, og halv 7 var eg i køen på den nystarta siderbaren i Storstova, som er open festivalen ut. Alltid noko knytt frå Osa! Sideren var frå Jaastad i Hardanger, same staden der ein felespelar for kring 300 år sidan sat og såg utetter fjorden, og lurte på kva som ville henda om han monterte understrengjer på fiolinen sin. Der og då vart hardingfela skapt, og resten er historie (teaterstykkjet Felemakaren, seint sundag kveld).

Ei omfattande ombygging av messehotellet reduserte talet på utstillarane, men ikkje på gjensynsgleda, fint utstyr og god lyd. 

Jølster er ikkje store bygda, men sidan det ikkje er jazzfestival i Førde, er denne på Skei i Jølster den einaste jazzfestivalen i Sunnfjord. Og sunnfjordingane fylte konsertlokala på Skei Hotell i øvre/austre enden på Jølstravatnet til randen både fredag og laurdag, 4 konsertar i alt, om du ser vekk frå barnekonserten, og kyrkjekonserten sundagen (11. oktober), som har mindre interesse for ein ateist godt opp i åra. 

Tromsøværingen Ola Asdal Rokkones har gjeve ut plate i samarbeid med den franske gruppa Verøna (mai 2026). Ikkje visste  eg at dei hadde ø i Frankrike, men i kunst og musikk går allting an.

I førre dagboka presenterte eg det “nye" anlegget mitt, med unntak av høgtalarane, som eg ikkje ville avsløra. Det var litt flautt å tilstå at eg, som profilerer meg som audiofil, har kjøpt “bråkehøgtalar” på HiFi Klubben. Slike som ungdomane i russebuss kjøper. Men før eller seinare måtte jo katta ut or sekken, og her kjem omtale. Og det er ein ganske uvanleg høgtalar. 

Eg skal skriva meir frå Japan, og om ein svipptur til SoundVienna-messa i Austerrike, og det er berre ein del av alt som står på lista. Medan eg jobbar med dette hadde eg lyst til å slappa av litt og berre presentera mitt eige anlegg, for her er alt nytt. Ikkje nytt nytt, alt er brukt og til dels gamalt, men det er nytt for meg. Praktisk tala heile anlegget er skifta ut i løpet av nokre månader, del for del, og det har verkeleg vore ei openberring, slik eg opplever det. Sjølv om eg ikkje trur på denslags.  

Då er me komne til del 2 av Japan-reisa, der eg møtte min gode ven og pickup-produsent Stig Inge Bjørge, haugesundar busett i Tokyo. Han er alt godt kjend for audiofile i Noreg gjennom fleire artiklar i både norske og utanlandske blad og på nettet. Han lever av å framstille pick-upar (LYRA) til platespelar, i all hovudsak. Del 1, ferdabrev, handla om reisa fram og attende og litt om inntrykket av Tokyo og japanarar. 

Ikkje før eg er heimkomen frå Japan er det av garde att dagen etter, denne gongen med tog frå Voss til Oslo HIFI Show, som i år vart skipa til for 4. gongen. Det vart tett og travelt dette, men må du so må du. Og neste helg er det Vossa Jazz! Vonaleg vert det og messe i Horten til hausten, og er været fint er det ei fantastisk oppleving. I Oslo er det berre grått på bakkane på denne årstida, og ein gjennomtrengande kald vind. God HiFi er ein innesport.

No er ikkje 53 år nokon alder i våre dagar, men ganske bra for ein jazzfestival! Berre Moldejazz (1961) og Kongsberg Jazzfestival (1964) er eldre . Ein skal uansett alder vera i god form for å henga med denne helga, frå tjuvstart torsdag til nachspiel i Pianobaren etter (siste) konserten med Bjørn Tomren sundagskvelden - og delvis i lag med dei. Heile vegen skal du halda styr på kamera/mobil, program, speleplan, lesebriller til mobilen, notatblokk og kulepenn, og pressekortet som rett nok heng rundt halsen, du må berre hugsa å henga det på når du går heimafrå. Pluss besøkjande, vener, avtaler og ølpauser. Eit mareritt i logistikk og ingenting for amatørar. Men no har eg no gjort dette nokon år og burde kunna det, men gløymde likevel pressekortet her ein kveld. Armbandet og det bedande andletet mitt, som ein hund ved bordenden, berga meg. 

Side 1 av 18