søndag september 15 , 2019
lørdag, 05 november 2005 23:00

Audio Pro Stereo One - kongen av dei små rom!

Skrevet av

Bur du på hybel, på brakke, er du i Nordsjøen eller brukar du mykje fritid på ein lugar? Eller i ei campingvogn? Er saknet etter god lyd stort, og øyretelefonalternativet deprimerande i lengda? Du treng ikkje fortvile lenger, her er ei fullgod løysing. For knapt 8000 kroner. Komplett.

 

 

Av Arve Åheim 6.november 2005

Det er ei grense for alt. Også for kor god lyd du kan få. Grensesettinga vert oftast gjort av rommet, som verkar meir inn på lyden enn andre faktorar, og samstundes er vanskeleg å gjere noko med. Bittesmå rom er kanskje det aller verste av alle dei utfordrande faktorar audiofile må slite med. Er rommet lite, vert det svært vanskeleg å ha audiofile behov. Dei fleste som er tvungne til å opphalde seg slike stadar, brukar anten øyretelefonar, eller dei resignerer og kjøper ein eller annan form for "dundreboks" (ghettoblaster). Eller kanskje eit aldri så lite trendy Tivolianlegg, sjølv om også desse har sine avgrensingar lydmessig.
Ei anna gruppe frustrerte audiofile, er dei som reiser langt, og ynskjer eit så lite flyttelass som muleg. Det vere seg til hytta, på hybel eller til utlandet. Audiofile er lite tilgodesett når det gjeld handbagasje. Livet er heller ikkje heilt enkelt for dei som brukar mykje tid om bord i båtar. Men slik treng det ikkje vere lenger.



Audio Pro
Dette opprinneleg svenske firmaet hadde mykje spennande for seg på 70-talet, og utvikla den aller fyrste kommersielt tilgengelege subwoofar eg fekk oppleve. Etter eit fråver på eit par tiår, har dei igjen dukka opp, med nytt eigarskap og nye idear, og framstår med produkt som er meir spennande enn nokonsinne. Spesielt prismessig, og det mest kjente produktet er kanskje høgtalaren Black Diamond, som for 6000 kroner kan by på lydkvalitetar du elles må sjå langt etter. Ein dobbelt så dyr versjon, Blue Diamond, har dessutan aktiv bass, som gjer at du sparer inn meirkostnadane når du skal kjøpe forsterkar. (Black Diamond er svært vanskeleg å ha med å gjere for rimelege forsterkarar) Elles har Audio Pro iallfall ein svært musikalsk sub på programmet. Denne spelar rett nok ikkje så djup bass, men som formidlar drivet i musikken på ein utmerka måte.
I dag er det slik at behova som dukkar opp saman med surroundlyd har fått fram mange subbar på marknaden, og mange av dei er fysisk små. Men naturlovene er vanskelege å smyge seg rundt. Skal du ha skikkeleg bass, må du lage store kabinettvolum. Svært få konstruktørar har makta å gjere noko med dette. Audio Pro er ei av desse.

 

Dette opprinneleg svenske firmaet hadde mykje spennande for seg på 70-talet, og utvikla den aller fyrste kommersielt tilgengelege subwoofar eg fekk oppleve. Etter eit fråver på eit par tiår, har dei igjen dukka opp, med nytt eigarskap og nye idear, og framstår med produkt som er meir spennande enn nokonsinne. Spesielt prismessig, og det mest kjente produktet er kanskje høgtalaren Black Diamond, som for 6000 kroner kan by på lydkvalitetar du elles må sjå langt etter. Ein dobbelt så dyr versjon, Blue Diamond, har dessutan aktiv bass, som gjer at du sparer inn meirkostnadane når du skal kjøpe forsterkar. (Black Diamond er svært vanskeleg å ha med å gjere for rimelege forsterkarar) Elles har Audio Pro iallfall ein svært musikalsk sub på programmet. Denne spelar rett nok ikkje så djup bass, men som formidlar drivet i musikken på ein utmerka måte. I dag er det slik at behova som dukkar opp saman med surroundlyd har fått fram mange subbar på marknaden, og mange av dei er fysisk små. Men naturlovene er vanskelege å smyge seg rundt. Skal du ha skikkeleg bass, må du lage store kabinettvolum. Svært få konstruktørar har makta å gjere noko med dette. Audio Pro er ei av desse.


Stereo One
Stikk du innom næraste Elkjøp eller Expert, finn du mange mikroanlegg. Det er ikkje tvil om at behovet for å spare plass er sterkt. Men utan unntak (så lenge kunden ikkje også kostar på seg ein sub av rimeleg stort format) kan ikkje desse anlegga spele bass skikkeleg. Ikkje særleg djupt, og slett ikkje særleg høgt. Eg rekna med det skulle vere sånn. Men no fekk eg altså inn Audio Pro sitt fyrste "mikroanlegg". Ikkje akkurat ørlite, men likevel typisk mikro. Ein kombinert stereo CD-receiver, som spelar heimbrent og MP3 utan problem. Med god radiodel, og to inngangar for fleire signalkjelder. Den eine er fornuftig plassert i fronten med minijacktilkopling, slik at mp3/minidisk og anna berbart utstyr kan sluttast til utan fikling på baksida . Ved sida finn vi også minijack-uttak for øyretelefonar. Den andre inngangen (AUX) er som normalt plassert på baksida. Der finn vi også ein optisk TOS-link utgang av digitalsignalet, FM-antennekontakt, og utruleg nok også ein subwooferutgang (kvifor dette er utruleg, kjem vi snart tilbake til) Ein liten brytar er fastlåst av ei plastforsegling med skrue som hindrar at du koplar frå denne viktige funksjonen utan å vite om det.
Elles er apparatet svært funksjonelt utforma. Eit lettbetjent ratt for innstilling av radiofrekvens, velgjer mellom AM/FM (for dei som prøver finne fiskeribølgja, kanskje?) Ein liten, men heilt grei inngangsvelgjar, og alle knappane du treng for å styre menyar og CD-spelar – her er det eit kjekt ratt for å hoppe fram og tilbake mellom låtane, slik vi m.a. kjenner det frå Sony sine spelarar, noko eg har stor sans for. Radioen er god og funksjonell, med timer og slike funksjonar som gjer radiolytting til ein leik.
Baksida har også plass for høgtalarleidningar, samt nokre mystiske RCA phonotilkoplingar i samband med desse, med merkinga "ACE INDICATOR". Og eigne, relativt tjukke høgtalarkablar fylgjer med, som i den andre enden har minijack, slik at kabelen ikkje kan snuast. Høgtalarane ser små ut, men er uventa tunge. Dei er også djupare enn andre småhøgtlarar, vesentleg djupare enn dei er høge.

Lyden
Eg måtte ta i bruk dei minste soveromma i huset for å kunne utforske eigenskapane til dette anlegget. Det minste er skikkeleg lite, 2.10 x 3,6 meter. Ein sofa med køyeseng over er plassert på eine kortveggen, og er einaste tenkjelege lytteposisjon. Høgtalarane måtte settast på bokhyller kloss attmed langveggane, om lag to meter unna lytteposisjon, og med siskantelementa akkurat i øyrehøgd (normalt likar eg høgtalarane plassert nokre centimeter lengre nede enn hovudet)
Jim Stärk var fyrste mann ut, musikk som ikkje treng det aller største lydtrykket for å vere hyggjeleg å lytte til. Og det som slo meg aller fyrst, var at anlegget var i stand til å lage skikkeleg perspektiv. Denne oppstillingsmåten, kloss i sideveggane, er rett nok gunstig for perspektiveigenskapane og romopplevinga, men at det kunne gjerast så bra som dette, hadde eg ikkje venta. Og så var det herleg musikalsk, med naturleg instrumentklang heile vegen, og masse luft over det heile. Blås og kontrabass er usannsynleg bra attgjeve. Det vart freistande å sette anlegget på ei skikkeleg prøve, og SACDen med Livingstone Taylor frå Chesky vart neste programpost. Denne musikken kom rett frå opplevingar kvelden før med elektrostatar og rørforsterkarer, og det er ikkje tatt høgd for SACD med det vesle Stereo One-anlegget. Overtonestrukturen over plystringa var ikkje så flott som det har potensiale til, og kontrabassen kunne heller ikkje seiast å vere så uhyre flott definert klangmessig som dei bortskjemde er vant til, men likevel, vi snakkar om eit komplett anlegg i mikroklassen, til ein pris under 8000. Du kan ikkje rekne med at det skal vere så godt som dette. Og det er med audiofile lyttekrav. Eg kan ikkje unngå å tenkje med vemod på studentanlegget frå min ungdom, då mange hyblar vart befolka av Audio Reserach SP 6 forforsterkar, ARC D52 transistoreffektforsterkar og dei obligatoriske Rogers LS3/5A høgtalarane. Eigarane hadde gråte blod om dei hadde fått høyre kva som kan gjerast med Stereo One. Sjølv jazzelskarar og finsmakarar av klassisk musikk. Så til bass og lydtrykk, som Lars på Neby hadde skrytt av. Eg prøvde å dra på litt med volumkontrollen, og anlegget var godt med. Basslaupet vart teikna skikkeleg bra. Litt fedme, kanskje, men på ein uhyre tiltalande måte. Og med ordentleg botn, ikkje sånn juksebass som mange produsentar lagar for at det skal høyre ut som om her er bass. Dette er skikkelege greier. Pass berre på at det er litt plass bak bassportane til høgtalarane, det er sjølvsagt snakk om bassreflekskonstruksjonar.
Bassen var utruleg imponerande, og inviterte til vidare utforsking. Så Eyrika Badu-låten "Rimshot" vart sett i spelaren: og trudde ikkje mine eigne øyrer!
Den brutale, irriterande bassduringa på dette kuttet er skikkeleg travelt, men om høgtalarane meistrar det, er det svært fascinerande å lytte til. Eg har aldri fått det heilt med meg utan å bruke golvståande høgtalarar. Bassen er djup nok til kva som helst, og einaste innvendinga eg har, er evna til å skilje basstromma ut frå resten av denne hovudverk-lyden. Stereo One sine høgtalarar målar 15x24 cm i fronten (og er 30 cm djupe inkl.frontstoffet) Går dette an?
Neste låt ut var Maestro frå Kaizers nye album. Barnemat for dette anlegget på alle måtar, rett nok ikkje som livesituasjonar vert beskrivne, men det gjev då heller ikkje CD-innspelinga rom for. Men dynamikken i opptaket kjem nesten like godt igjennom som over mykje meir påkosta oppsett. Og rumlinga og romklangen på basstromme og bass let nesten akkurat like rått som det gjer over referanseanlegget. Medan her er massevis av plass rundt instrumenta, faktisk ei ganske positiv oppleving som eg definitivt ikkje hadde venta meg. Dette er kvalifisert hifi!
Forventningane steig altså etter kvart som eg spelte meg gjennom samlinga, og etter ei stund var tida komen for det klassiske repertoaret. Eg grov fram mi gamle Telacinnspeling av Holst suitane med Frederic Fennell og Cleveland Symphonic Winds. Nok eingong måtte eg gje meir enn fullt hus for sjanger og prisklasse, dynamisk nyanseringsevne så vel som lydtrykk (sjølv om basstromma fekk forsterkaren til å klippe når volumknappen stod på 37 under spor 3). Og det var ei fryd å spele samleCDane mine frå Mercury og RCA sine gullaldrar. Dei fleste musikalske eigenskapar var berre heilt topp. Og slik gjekk kvelden…

Når vi er riktig vanskelege
Eg måtte berre prøve ut anlegget over tid, og i fleire rom. Eit så godt anlegg til ein slik pris, det måtte då vere negative sider? Eg fann etter ei stund dei svake punkta, men det tok tid. Det var mykje lettare å finne positive enn negative sider. Men mine to største lytterom, og sannsynlegvis dei fleste rom over 15-20 m2, alt etter kor høgt du ynskjer å spele, vert for store for anlegget slik det står her. Eg nemnde at Ace Bass-systemet kan slåast av til fordel for ein subwoofar, og det er nok med tanke på bruk i relativt store rom dette kan vere nyttig. For du har IKKJE bruk for sub så lenge du held deg til smårom, opp til rundt 10 m2. Anlegget likar seg faktisk best i små rom.
Som analysereiskap er Stereo One ikkje i toppklasse. Det er rett og slett for musikalsk, og litt for tilgjevande med kompleks og vanskeleg musikk. Du finn likevel ut mykje om kva som er god hifi med dette, spesielt om du har høve til å plassere høgtalarane på stativ eit lite stykke ut frå veggen Eg kunne kanskje kalle det "romantisk", men dette er litt misvisande, det også. Anlegget "juksar litt", som når du tek på deg polaroidsolbriller og får litt meir intense fargar enn det som er tilgjengeleg gjennom det tradisjonelle sanseapparatet. Elles spelar Stereo One høgt, men ikkje VELDIG høgt. Ei viss dynamisk avgrensing skjer når du stressar anlegget, om du skulle få lyst til det.
Men eg trur folk med lidenskapeleg tilhøve til klassisk Tandbergutstyr og Carlssonhøgtalarkonstruksjonar vil like seg godt med dette anlegget. Og det er ei stor trøyst for dei som føler seg snytte for vinylen sine framifrå eigenskapar, Stereo One fokuserer på CD-mediet sine sterkaste sider, utan å trekkje fram dei negative. Stereo One fargar lyden. Til dels ganske mykje, nesten som eit sett Koss Porta Pro, men på ein endå hyggjelegare måte.

Litt dilldall
Eg stussa litt på desse i utgangspunktet imponerande kablane som fylgde med anlegget. 17-åringen meinte vi skulle prøve kva som skjedde når vi kopla frå desse minijack/phonopluggane som var sette saman med høgtalarterminalane. Vi fann faktisk ikkje noko spennande, berre at ei fancy blå lysdiode på toppen av kvar høgtalar slokna. Lydmessige endringar var ikkje merkbart.
Det kan vere at Audio Pro har hatt Synergistic Reserarch sine superkablar med aktiv skjerm i tankane når dei har designa høgtalarkablane. Men det må då seiast at dette i så fall er overkill, og at oppsettet iallfall slik eg plasserte det, og med mine (og 17-åringen sine) øyrer, fungerer like godt utan desse pluggane i bruk. (om det skulle dukke opp ein billegversjon utan blå dioder, ville eg nok like gjerne velje denne……)

Konklusjon
Det går ikkje an å mislike dette anlegget dersom du likar musikk. Det er utruleg, ut frå storleik og pris, eit Tufe-anlegg som også kan skåre mål. Når det gjeld småanlegg er Audio Pro Stereo One utan konkurrentar, og kan såleis trygt utnemnast som referanse mellom slikt utstyr.
Elles er det eit opplagt anlegg nr. 2, og det definitive anlegget for dei med høge musikalske krav som må lytte på få kvadratmeter. Tenk om Audio Pro også startar produksjon av bilstereoutstyr……

Pris: 7995 kr

Mål i cm  på receiver: 27h x32dx11,5b

 

Sist oppdatert : 06.11.2005 22:11:35

Lest 5659 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen