søndag, 06 februar 2011 09:39

Under anlegget - ein blogg om eit tweak

Skrevet av

Utprøving av ulike bein under rørbasert riaa.

Det leverast massevis av tweake-utstyr til den ihuga audiophile. Nokre av desse tinga går meir i retning kosmetikk snarare enn lydforbetring, men nokre ting kan overraske.


Eg får frå tid til anna inn utstyr til utprøving som er vanskeleg å teste skikkeleg, iallfall der & då. Ein må ha relevant utstyr å prøve dette ut saman med, og helst tilsvarande med tanke på samanlikningsgrunnlaget. Denne gongen skal eg prøve å omtale effekten du får av ulikt underlagsmateriale under elektronikk - bein som skal isolere apparatet frå vibrasjonar frå omgjevnadane.

 

 

Det er lite tvil om at underlag har mykje å seie for dei lydlege resultata når det snakkast om høgtalarar. Her er det stor skilnad på hardt betonggolv, flytande parkett eller tjukt teppe. Høgtalarprodusentar som innsåg dette, hadde store føremonar når dei monterte spisse spikes under høgtalarar som stod på vegg-til-vegg-teppa som var så moderne på midten av 80-talet. Problema dukka opp når folk såg seg råd til parkett. Det var lite greitt å lage hol i dette underlaget. Så det dukka opp ulike løysingar på problemet. Holfi laga hardgummi-klossar som ikkje skada parketten, og fungerte som ein slags vibrasjonsdempar. Desse fungerer utmerka til visse høgtalarar, slike som ikkje er høgre enn meteren, og med relativt stor vekt, 30 kg ++, om ein skal prøve å seie noko generelt. Men til andre høgtalarar, mellom anna mine referansar Innersound Eros, dempar dei bassen og kan gjere ting i lydbiletet ganske dårleg definert.

Spikes har heilt anna effekt, men stikk som sagt hol i parketten. Smartingar la 25-øringar under spikane, men sjølv om parketten vart berga, hadde dette negativ effekt på lyden, iallfall så lenge du hadde fire bein under kvar høgtalar. Med tre fungerte det betre, men då vart iallfall mine 1,75 meter høge høgtalarar litt for vaklevorne til at eg tok sjansen på opplegget. Glad var eg difor då eg kom over Soundcare. Betre lyd enn alt anna eg hadde prøvd under høgtalarane, ikkje så skrekkeleg dyrt, og kjempeenkelt å arbeide med. Eg vart så begeistra at eg prøvde Soundcare under alt mogleg, og lytta spent etter dei lydlege endringane.

Under min dåverande platespelar Linn Sondek LP 12 var det ein klar skilnad, men eg sleit med å bestemme meg om det var til det betre. Det vart mindre markant bass med Soundcare, så etter kvart gjekk eg tilbake til det vanlege LP12-oppsettet.

Eg prøvde sjølvsagt ut dette under min 15-rørs Audio Research SP 10. Under straumforsyninga var det uråd å merke effekt, men under forsterkardelen meinte eg at eg kunne spele høgre utan at ting ”grauta seg”. Eg kunne også ane at ein del Zappa-vokal vart stramma opp, same effekt som eg høyrde når eg gjekk frå vanlege bein til Soundcare under høgtalarane. Men dette var altså berre svake endringa som ikkje kunne merkast skikkeleg, sjølv under direkte samanlikningar. Så vart Soundcare systematisk prøvd under alle forforsterkarar og effektforsterkarar eg fekk inn til test ei periode, til eg hadde lurt meg sjølv mange nok gongar til å tru feil om det var Soundcare eller ikkje under dei. Når det er rør med i oppsettet, har Soundcare mykje for seg. Men elles er effekten så liten at eg personleg ikkje gidd bry meg. Bagatellmessige endringar etter mitt syn. Eg har difor ikkje brukt Soundcare under anna enn høgtalarar sidan den gong. Eg har også prøvd Holfi sine gummiklossar under ulike produkt, men er ikkje fornøgd med dei andre stadar enn under JBL TL 260, og under elektronikk gjer dei slett ingen skilnad, iallfall ikkje positivt.
Men dette gjeld altså for meg, og i mitt lytterom, der eg har basert meg på vegghylle for vinylriggen, og ei lita ”bøylehylle” under, der riaatrinnet står. Ordninga er aldeles utmerka, og du skal spele svært høgt for at riaaen skal påverkast. Trur eg då...

 

No kom det utfordring frå Snapa: nokre bein av merket TAOC (produsert av Toyota, kunne Håvar fortelje meg) som vart tilrådd i bruk saman med elektronikken han leverer. No har eg spelt på Rogue Ares i snart ein månad, og meiner han er godt innkøyrd. Eg har til no ikkje prøvd å endre underlaget til dette riaatrinnet, men har no gjort meg opp ei meining om dei lydlege kvalitetane. Og det er på sin plass å registrere om det vert konsekvensar ved å bruke TAOC eller andre underlag.

Eg fiska fram Soundcare til samanlikning, og kom på at eg hadde fått tilsendt nokre andre tilsvarande produkt, mellom anna frå Viablue, som eg har prøvd ut i ein del samanhengar, men aldri samanlikna grundig med konkurrentar. Dei måtte no få sjansen til å vise sine eigenskapar.
For å avgrense talet på variablar, brukte eg tre slag ”bein”, tre av kvar, og spelte ”Don Juan`s Reckless daugther” av Joni Mitchell fyrste side. Kuttet ”Cotton Avenue” vart også spelt via Sonos/Spotify umiddelbart etterpå, der eg fyrst av alt passa på å justere nivået til å vere så likt vinylen som råd. Det er lett å la seg lure av skilnad i lydstyrke når ein gjer slike samanlikningar. Til vil eg kontrollytte ein gong til ved å spele fyrstesida av ”Dark Side of the Moon” av Pink Floyd.

 

Fyrste økt gjekk utan noko som helst - riaatrinnet låg direkte på vegghylla, utan at dei medfylgjande gummibeina hadde kontakt. Slik har eg spelt ei stund. Samanlikninga med Spotify-Sonos førte til meir avdempa dynamikk, ikkje så markant bass, til tider irriterande kald klangbalanse over Mitchell si stemme, og eit flatare lydbilde, men eigentleg forbausande bra når ein tenkjer på kor lite påkosta slik nettstreaming er samanlikna med vinylriggen. Så tok eg fram fyrste sett ut – Soundcare.

Med Soundcare: Lat oss gjere det klart at skilnadane ikkje var dei heilt store samanlikna med vegghylle åleine. Men eg skrudde opp volumet til såpass at eg risikerte at resten av familien vart lokka til å stå opp... ved høgre volum, vart det råd å høyre skilnad. Så då eg veksla litt fram og attende, fekk eg klar ein slags signatur frå Soundcare.
Gitarlydane kjem meir fram i lydbiletet, Mitchell si stemme vert ikkje fullt så overeksponert som ho er på denne innspelinga. Pastorius-bassinga vert svært tydeleg og teiknast knivskarpt. Det kan verke som det løysast betre opp. Men ikkje heilt det attakket når Pastorius tek tak i strengane på bassgitaren. Samanlikna med det aller beste eg kan hugse å ha høyrt, altså. Og merkeleg nok – Spotify/Sonos-kontrollyttinga kunne også understreke at her var forbetringspotensiale.

Med Viablue sine tredelte spikes: Bassen vart ganske sterkt stramma opp, og umiddelbart høyrdest det ut som mindre nivå, men ganske fort var det tydeleg at dette gjorde lyden meir korrekt. Vokalen til Mitchell vart plassert tydeleg – alt for stor (slik det no eingong er gjort på denne innspelinga), men tydeleg, og på den måten Mitchell truleg vil ha det. Dynamikken er meir markant, men på same tid svakare.  Kanskje meir korrekt? Attakket til Pastorius var også tydelegare å høyre enn via Soundcare. Eg var ikkje heilt begeistra, men kunne ikkje heilt bestemme meg for om det var lydleg forbetring, dette her. Men det var iallfall høyrbare skilnadar.

Så var det turen til TAOC. Håvar hadde sagt at det var ulik effekt ved å stille kjegla til spiken opp eller ned, så eg prøvde ut begge deler. Fyrst sette eg kjeglene slik at dei peika opp mot riaatrinnet, medan ”skåla” låg over.
No vart Pastorius attgjeven mykje mindre stramt, men på ein svært musikalsk måte eg umiddelbart likte veldig godt. Men stemma til Mitchell vart mindre presist plassert, og liksom større. Noko som eg i utgangspunktet har latt meg irritere over på akkurat denne plata sidan ho kom ut. Det vart slik at sjølv ikkje den flottare Pastorius-bassinga gjorde opp for dette. Ved å hoppe til Spotify/Sonos vart rett nok stemma meir ”flat”, men tydelegare, meir artikulert i overtonane, om det kan seiast på den måten. Ille! Når ein finn ei langt meir primitiv lydattgjeving meir fordelaktig enn mitt analoge superoppsett, er det noko gale. Dersom eg ikkje er i ferd med å verte dauvhøyrt, då (Sjekka at eg framleis høyrer 16 kHz i går, så eg trur ikkje det...) 
Kan dette vere feil veg å stille TAOC, iallfall i mitt oppsett? Dei vart umiddelbart snudde. Og så kom ting på plass. Når kjeglene peikar nedover i gropa, fungerer dette veldig bra. Det gjev inntrykk av at Pastorius får ein bass med skikkeleg kropp og fylde, utan at det rotar til lydbildet eller gjer Mitchell si stemme feil på nokon måte. Også det uoversiktlege gitar-universet på denne plata vert råd å orientere seg i. Dei mange gonger dubba gitarane får ein heilskap, men slik at det vert råd å fylgje den einskilde gjennomføringa av stemma. Dette er svært gunstig.
Så var familien vaken av min påfallande høgskrudde volumkontroll, og lytteøkta måtte dempast ein smule medan frukosten vart gjort klart. Og med dempa lydtrykk var skilnaden mellom dei ulike dempebeina langt mindre.....

Og dette var altså resultata ved å prøve ut tre bein under ein rørbasert riaa på ei vegghylle. Når vi spelar Joni Mitchell. Kan vi så konkludere med ”kva som er best?” Eg synes ikkje det. Eg må prøve meir. Dette er ein undervegsrapport, og ikkje ein ferdig test. Eg skal prøve DSOTM også, seinare i kveld. Denne sundagen må eg diverre jobbe….

Men hos meg akkurat no, er det ikkje tvil om at TAOC – vel å merke når dei står rette vegen – forbetrar lyden når eg skrur opp til "realistisk" lydtrykk.. Soundcare gjer også ein jobb, men ikkje så mykje at du merkar det utan ved direkte samanlikning. Dei små beina med tre spikes i til Viablue kvar kan stramme opp ting som er for upresise, og kan godt tenkjast å gjere ein perfekt jobb i ein gjeven samanheng.

Skal du ha ein Rogue Ares riaa, er det lurt å prøve om du merkar det same som meg med TAOC. Pass på å stille dei rette vegen. Meir om dette seinare, når eg får prøvd ut fleire musikkslag og variablar.

Lest 7157 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.