tirsdag september 17 , 2019
lørdag, 27 august 2011 11:26

Dynavector xx2 – ein innspelingsodyssé

Skrevet av

I samband med at eg skulle få teste ut den nye riaaforsterkaraen frå Rogue, fekk eg også tilsendt ein pickup på eit kvalitetsnivå som burde yte kva som helst rettferd – Dynavector sin tredje dyraste pickupmodell til same pris som riaatrinnet, 18 900 kr. Ein så dyr komponent kan ein ikkje ha i hus utan å skrive om han…

Les meir:

 

Dynavector XX2 er altså under den magiske grensa på 20 kilokroner, som mange reknar som skiljet mellom den vanvittige entusiast og fullstendig galskap. Ein ganske populær pickup det snakkast mykje om, som eg no har fått i splitter ny utgåve til å gjere mine eigne erfaringar med. Pickup og prisar er eit ganske kontroversielt tema når vinylentusiastar og lekfolk møtest. Her har vi ein sak som gjerne kostar 10 kr i slitasje pr vinylplate du spelar… men det er som sagt ikkje den dyraste, og ein skal ikkje sjå bort frå at nyeutgåva av Dynavector sin nye toppmodell XV1 vil koste tre gonger så mykje… altså bestemte eg meg for at dette er ein relativt normal ting å kjøpe til heimen, vel vitande om at du også kan få ganske så brukbare pickupar til godt under tusenlappen. Eg var likevel letta over at ungane mine etter kvart har vorte store, og at katten er så gammal at han ikkje gidd hoppe særleg høgt…

Odyssevs-øvinga
Ei av legendene om XX2 er at innspelingstida er på ca 130 timar, testa av Gunnar Brekke. Kan det verkeleg ta så lang tid før alt er på plass? Det er ikkje urimeleg å kalkulere at dette utgjer nesten 10% av den totale levetida til pickupen, noko som må vere paradoksalt. La gå med at ei viss innspeling er nødvendig på slike mekaniske ting som høgtalarar og pickupar, men dette er då heilt rått, eigentleg? Min skepsis var iallfall til stades… men eg gjekk likevel til utprøvingsoppgåva med stor entusiasme – eg skulle spele på denne flotte pickupen i lange tider. For du får ikkje meg til å la ein pickup på eit pris- og sannsynlegvis også kvalitetsnivå av dette slaget til å gå på tomgang i innerrilla i fleire bortkasta timar. For innspeling er ikkje så ille- lyden treng slett ikkje vere dårleg, sjølv om det er lovnad om endå betre tilstandar etter kvart.

Odyssé - eller kanskje Moses-metodikk?
Normalt merkar eg at pickupar endrar seg ganske mykje i fyrstninga, og då oftast til det betre. Dette reknar eg for innspelingstid. Til vanleg sluttar desse prosessane å vere så tydelege at eg bryr meg lite om dei etter 20 -30 timar, då det til tider nesten ikkje merkast endringar i det heile. Men nokre gongar kan det ta meir tid, mellom anna på dei Dynavector-pickupane eg har prøvd av relativt høg pris. Eg bestemte meg for å gå grundig inn i oppgåva, og hadde bruk for ein presis logg. Samstundes er 130 – 140 timar ganske lang tid, og det er lett å komme ut av teljinga. Eg laga meg difor eit ark og blyant tett ved spelaren, og starta ei rutine der eg sette ein strek for kvar gong eg sette stiften i rilla. Eg spelar svært sjeldan ein og ein låt, men heile platesider. Eg har klokka eit gjennomsnitt på platesidene på rundt 20 minutt, altså må eg ha tre strekar før eg har spelt ein time. Eg måtte vente til eg hadde over 400 strek før eg kunne ta til å trekkje konklusjonar. Eigentleg burde eg også vente så lenge før eg kunne ta til å beskrive karakteren til pickupen.

Men det fekk så vere, pickupen vart rigga opp i min JMW 9 Sig-arm på VPI Superscoutmaster-spelaren, og riaatrinnet Rogue Ares kopla inn før forforsterkaren, ein ET2 frå Conrad Johnson.

I fyrstninga var det ein del tilpasningsproblem det var vanskeleg å plassere årsaken til. Det var nok ei blanding av at riaatrinnet ikkje vart optimalisert og at pickupen var veldig ny. Og det vart ikkje betre: etter kvart, etter ca 20 – 30 timars speletid, då eg normalt ville ha starta kritisk lytting og vurdering av pickup, hadde eg nådd ein tilstand av ganske høg frustrasjon. Heldigvis hadde Håvar Snapa førebudd meg på dette. Det var som ei grå skodde hadde seinka seg over anlegget, ein uengasjerande lyd der futt, attakk og presisjon verka fråverande. Ikkje sånn at pickupen tok til å slurve med sporinga – den heldt seg på om lag 70µ på måleplata ved hjelp av ørlite ekstra stifttrykk– eller at dynamikken forsvann som ved feil last i riaatrinnet, når eg sette på dei platene eg normalt brukar til å kartlegge dette, var alt i orden sånn objektivt sett, og ut frå testplater heilt greitt. Men lyden var kjedeleg. Eg fekk faktisk meir glede av å sette på min for lengst innspelte referanse 10x5. Langt frå så detaljrik eller oppløyst. Men klart meir musikalsk engasjerande. Dette vart til dels ganske frustrerande, og eg tok meg i å heller ville spele musikk enn drive utprøving og fullføre oppgåva mi. Det vart nødvendig med mange armskift (heldigvis svært enkelt på JMW-armane, det tek berre nokre sekund å ta av armrøret, sette på eit nytt, og smette på antiskating-snora), og etter ei lang stund, då eg nærma meg 60-70 timar, var eg tydelegvis på veg ut av tunellen. Ting tok til å verte slik eg opplever at dei skal vere, og den grå disen forsvann frå musikkopplevinga. Då eg passerte ca 100 timar, kunne eg ikkje seie at det hadde vore endringar på lange tider, og eg bestemte meg for å ta til med den eigentlege vurderinga av pickupen. Anlegget hadde også endra seg i mellomtida – mine gamle Innersound Eros var pakka ned og erstatta med nye høgtalarar, men det var ikkje vanskeleg å oppjustere seg til ny referanse. Den store utprøvinga av Rogue Ares riaatrinnet var også naturleg å avslutte, og eg sette inn min gamle ARC SP 10 inn att i anlegget. Eg hadde helde på med innspelinga i eit halvt år, og må innrømme at eg var ganske lei av heile øvinga…

Innimellom tok eg ein litt lettvint kopling: eg tok pre out-signalet frå SP 10 inn i Sonos-boksen. Det var ganske merkbar skilnad på å køyre signalet frå min gamle SP10 inn i effektforsterkaren på tradisjonelt vis, samanlikna med å kople han via inngangen på Sonos-boksen. Dynamikken tapar seg, og bassattgjevinga vert meir konturlaus. Men praktisk sett er det veldig greitt å kunne fjernstyre volumet også frå ein forforsterkar anno 1986.

Lyden av Dynavector
Eg tok altså til å beskrive pickupen. No har eg hatt mesteparten av Dynavectorkatalogen til utprøving i eigen rigg tidlegare, og brukar framleis den rimelegaste modellen; DV10x5 som referanse – ein god kvardagspickup. Rett nok manglar han svært mykje av det som gjer dei dyrare slektningane hans så attraktive, naturleg nok, men det er likevel ein pickup som spelar musikalsk, lagar godt lydbilde, og har ei klangbalanse som absolutt er til å leve med. Eg hadde denne som kontroll med ganske jamne mellomrom, slik at eg hadde ”eit fast punkt” når eg fylgde utviklinga til XX2 si innspeling. Men det må seiast at XX2 utdanka veslebror på absolutt alle punkt, så det var naturleg å ta utgangspunkt i modellane som låg nærast XX2 i pris. Modellen over, Te Kaitora Rua, og modellen under; 17 D3. Begge desse er fantastiske pickupar, og passar veldig godt til min musikksmak så vel som måten anlegget mitt formidlar på. Og XX2 føya seg fin inn i rekka. 17 D3 er kanskje det aller beste kjøpet, ein pickup til 8 300 kr som har ei oppløysing og kontroll på detaljane som få andre, masse tredimensjonal informasjon, men også god bass og fantastisk nøytral attgjeving generelt. Det einaste svake punktet er paradoksalt at han er så god – for å hente ut potensialet må du ha ein veldig god arm og platespelar, og det er her det tek til å koste pengar. Og så får du til dels mykje betre lyd om du aukar innsatsen med 20 kilokroner til, og skaffar deg ein Te Kaitora Rua, ein av dei beste pickupar eg kjenner til, og som i tillegg er så utruleg allsidig, formidlar all slags musikk svært så overtydande, og er på same tida både nøytral og engasjerande. I utgangspunktet opplevde eg at XX2 ikkje heilt var på same nivå, noko som ikkje er å vente når vi tenkjer på ein prisskilnad på ti tusen kroner, men etter kvart som eg fekk ting på stell, og pickupen fekk nokre timar på seg, måtte eg ta ei heilt ny vurdering. Den ”billege” XX2 har den same engasjerande spelestilen, og er eit ganske stort hopp opp kvalitetsstigen samanlikna med det eg hugsar frå 17D3.

Og så skjedde det noko:
Etter at eg var i ferd med å avslutte logginga av rundt 130 timar, hadde eg konkludert med at det var svært lite endringar frå 80-90 timars innspeling, men akkurat då eg skulle ha ein ”siste dans” før nedpakkinga måtte skje, fekk eg mistanke om at lyden hadde utvikla seg igjen. Brått verka det som både bassdrag og dynamisk nyanseringsevne fekk eit løft, utan at lyden kan seiast å endre farge, eller på nokon måte tape seg. Det var som om alt flaut lettare. Slik innspeling går ikkje som ei jamn utvikling, det er på ein måte små hindringar i straumen som må brytast ned, slik at elva kan renne fritt. Og akkurat i det eg meinte meg ferdig med utprøvinga, dukka det opp ei ny forbetring, slik at eg faktisk kan stadfeste at XX2 har utruleg lang innspelingstid før ting er heilt på plass. Eg kan ikkje konkludere med at dette skjedde ved 130 timar, men dei gode eigenskapane frå 80 timar kan nok seiast å vere heilt perfeksjonerte no. Så det gjekk nye tre veker før pickupen kunne returnerast, og no er eg rimeleg sikker – XX2 har eit forbetringspotensiale når vi kjem eit godt stykke over 100 timars speletid. Det er ein forrykande god pickup, og eg burde gjort direkte samanlikningar med fleire av slektningane, ikkje berre den billegaste DV10x5, som i seg sjølv er ein nydeleg pickup, men som er fullstendig utklassa av storebror. Det er nokre år sidan eg testa ut Te Kaitora Rua, men eg sit med ei klar kjensle av at eg absolutt burde ta ein finlytt på denne pickupen att, for å finne ut i kva grad det er meining i prisskilnaden… vel spora Te Kaitora betre, men det har svært lite å seie for den musikalske opplevinga.
Så var dette ei reell endring av lyden, eller berre noko psykosomatisk eg plagest av? Den testprosedyren eg gjennomførte var det beste eg kunne få til. Ideelt sett skulle eg ha to identiske pickupar, spelt på den eine som kontroll, og ikkje endra ein tøddel av anlegget desse timane. Men det får då vere måte på kor grundig ein skal gjere ein slik test, når ein også skal høyre musikk og drive med audiofil rekreasjon. Så eg tek sjansen på å trekkje mine konklusjonar - skal eg jobbe meir seriøst med dette, får einkvan i det minste betale meg....

Endeleg resultat
Då pickupen endeleg skulle pakkast ned(for alvor denne gongen), var stoda slik at eg ikkje kunne hugse å ha hatt slikt vemod ved produktretur tidlegare. Det skuldast nok at eg har hatt mykje jobb med pickupen. Om eg skulle ta timeløn for innspelinga, hadde XX2 vorte ganske
så vesentleg dyrare… Men no vert vel Håvar nøydd til å selje han med ein stor rabatt, sidan det er eit demo-produkt… ei underleg hifi-verd vi lever i..

Å spele klassisk musikk med bassdrag er fantastisk. Eg har hatt stor glede i å høyre musikken frå ”The Power of the Orhestera” Leibowitz/RPO (i spesial 45-rpm-utgåve i Classic Records/Analoge Productions), ”The Royal Ballet” av Ansermet på RCA Soria, Paavo Berglund si tolking av Shostakovich sin 11. symfoni (EMI SLS5177), og den legendariske 1812-overtura på Telarc. Borsett frå siste kanonskotet der pickupen forlet rilla, er dette så nær det fullkomne at det ikkje er grunn å ønske seg så mykje meir. Dette storformatet, dei klassiske verka vert formidla på ein overveldande måte, og på same tid svært nyansert utan at noko manglar. Ingenting vert overdrive, og når dei kraftigaste attaka er over(lat oss ikkje henge oss opp i dette kanonskotet – det er dei færraste pickupar som fiksar dette), er ting attende til normal, utan at lyden verkar feit på nokon måte. Endå betre at det ikkje sløsast med denne bassen, det er akkurat så mykje som skal til, og akkurat der det skal vere, inga henging, overdriving eller mangel på detaljane. Her er rett og slett ting så bra eg forventar av ein superpickup. Så er det også ein svært allsidig sak, som spelar rockeplater på ein engasjerande måte, med flott attgjeving av både Supertramp og Fleetwood Mac, så vel som meir barske musikalske uttrykk som DumDumBoys og Tom Waits. Bassen slepp også godt gjennom på Genesis ”Foxtrot” der han skal vere, utan at det er tendensar til overdriven bruk av krydder, her kjem råvarene til sin rett, alle detaljar står fram både naturleg og engasjerande. Og avspelinga av Frank Zappa-vokal er akkurat slik det skal vere; godt botndrag som heller ikkje er overdrive. Og kanskje det beste av alt, XX2 fiksar også småformatet på ein utruleg gjennomsiktig måte. Eg spelte ”Ole Bull Show”, der Ole Paus og Gunnar Bull Gundersen framfører dikt og songar, einaste instrument er gitar og solo munnspel, saman med ei lita gruppe tilhøyrarar i studio. Dette er eit svært naturleg opptak, der du verkeleg kan få prøvd ut detaljar rundt klangkarakter og perspektiv i eit rom, og dette gjer XX2 like godt, ja, betre enn alle andre pickupar eg har prøvd. Ole Paus vert 30-40 år yngre, og Gunnar Bull Gundersen vert vekt til live att. Det gjerast rett og slett ikkje betre enn dette. Veldig allsidig måte å formidle på. Pickupen passar dessutan veldig godt både med ARC SP 10 og Rogue Ares, og får fram dei sterke sidene til desse ganske så ulike rørbaserte riaatrinna skikkeleg. Svært mykje etter mitt hjarte, så hadde eg hatt råd, hadde han umiddelbart hamna i stallen.

Konklusjon
Ein pickup som målar seg med det meste utan problem. Nøytral til (mange) tusen, men samstundes svært engasjert i spelestilen. Analytisk, men så avgjort ikkje kjedeleg, hifi-aktig, her er så mykje eksplosjonsenergi som du kan ynskje deg når det skal rockast, og på same tid ro og utbrodering av musikalske nyansar når du spelar kammermusikk. Dette er kanskje den mest allsidige pickup eg har hatt til utprøving, ein sann musikalsk kameleon som kan klare på lag alt av musikk du måtte ha i samlinga! Sporingseigenskapar heilt greie nok til musikk, sjølv om testplater kan by på utfordringar. (Er du fanatikar til måleplatene dine, kan du auke stifttrykket eit par tidels gram over det tilrådde, utan at det verkar som plater eller pickup tek skade. Men eg skrudde tilbake til maks tilrådd på 2,2 gram) Viktigare er det faktum at det vert svært lite rillestøy, og for musikalske altetarar skulle alt ligge til rette for eit lukkeleg samliv med denne pickupen, trass i avsindig lang innspelingstid. Ein får rekne det som kveitebrødsdagar…

Prisen for høg? Vel, sjå kor mange tusen du sparar samanlikna med ein Te Kaitora Rua eller toppmodellen frå same produsent..

Tekniske data, frå produsent:

Utgangssignal: 0,28mV

Frekvensområde : 20Hz-20kHz +/- 1dB, etter individuelt måleresultat på Brüel % Kjær (ca ½ -1 dB heving somme stadar i området under 60 Hz, eit jamnt, forsiktig fall på maksimum 1 dBmellom 1-12kHz, for så å auke med 1 dB på 20 kHz. Dette høyrest svært nøytralt ut)

Kanalseparasjon 30 dB

Kanalbalanse: 1 dB

Komplianse 10

Stifttype: Line Contact PF, med 6 mm lang nålefane av massivt boron

Tilrådd stifttrykk: 1,8 – 2,2 gram

Tilrådd last: 30 Ohm

Vekt 8,9 gram

Importør: www.plsn.no

Produsent: http://www.dynavector.com/

Lest 5852 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen