onsdag, 01 januar 2014 19:51

Koetsu Black

Skrevet av

Lat oss sjå litt på den noverande inkarnasjonen av ein av vinyluniverset sine største legender; Koetsu Black.

Les meir:

Historikk

Då dei opprinnelege konstruksjonane til Yonko Sugano vart tilgjengelege på slutten av 70-talet, skjedde dette like etter at ein i USA for fyrste gong hadde fått tilgong på moving coil. Patentet er gammalt, men var i USA helde av ingen ringare enn Joseph Grado, ein pickupingeniør som tydelegvis ikkje var det minste interessert i å produsere MC-pickupar, endå han visstnok fann opp prinsippet for (om dette stridast dei lærde. Men patentet hadde han). Han ville nok tilgodesjå den produksjonen han alt hadde etablert, vil eg tru og var slett ikkje interessert i eit konkurrerande prinsipp. Dermed fekk ikkje amerikanarane tilgong på dei beste godsakene frå Denon og Ortofon før vi kom langt ut på 70-talet.

Men alt tek ein ende, også patentrettar, os så skjedde ting rasande fort. Etter ei periode med ganske edrueleg prisa Denon 103 og liknande, kom den pensjonerte ingeniør Sugano frå Stanton-fabrikken (han hadde ei omfattande og variert karriere, mellom anna som sverdsmed før dette, noko som vissnok ga han erfaringar med material som var viktige for pickupdesignet hans) i gong med å produsere noko som i lang tid vart rekna som det aller beste av pickupar. Men han var over 70 år før dette kom i gong, og det vart naturleg nok ikkje så veldig lenge han kunne halde det gåande. Andre får fortelje denne soga, og eg nøyer meg med å seie at no er det kome nye utgåver med Koetsu-namnet, men no vidareført av sønene til Yonko.

Black – billegmodell til rundt seksten tusen…

Når det gjeld Koetsu sin noverande Black-utgåve, ser det ut som denne har fått ei tynnare nålefane. Sannsynlegvis har ein også ein diamantstift med ei endå meir avansert sliping enn i gamle dagar, for her plukkast opp vesentleg mindre overflatestøy enn normalt. Til dels langt mindre, og eg tvilar på om det faktisk finnest pickupar som gjer dette betre. Perfekt for meg som har mange gamle plater som eg har kjøpt i bruktbutikken.

Ein pickup klarar seg ikkje på eiga hand: Arm og RIAA-forsterkarar under testen.

Diverre sporar ikkje Koetsu særleg bra i armen min, så her snakkar vi om ein tvilsam, om enn ikkje direkte dårleg kombinasjon. Tradisjonelt trives Koetsupickupar i relativt tunge armar, slike som var vanlege på 70-talet i Japan, så det er kanskje her det skal leitast for å optimalisere arbeidstilhøva til denne pickupen. Eg brukar den unipivoterande JMW 9 signature, med middelmådige sporingsresultat som resultat. Eg vil likevel ikkje laste pickupen for dette. Dette kan garantert gjerast betre med ein annan arm, det er berre eit spørsmål om å leite etter den rette matchen.

Saman med Manley Chinook skapast ei fantastisk og opa attgjeving av lydbildet. Opptak som er hyggjelege, og som ”inkluderar lyttaren”, om vi kan seie det på den måten; inviterar deg inn i musikken(døme: Supertramp: Crime of the Century) vert no endå meir opne, og du får den fine blandinga av tredmensjonalitet og detaljrikdom. Desse felta er altså veldig gode, men eg må innrømme at denne ”billegmodellen” frå Koetsu til godt 16000 har konkurranse på feltet. Likevel, denne pickupen er ikkje legendarisk utan grunn. Det er nok ein heilt ny konstruksjon samanlikna med den pickupen eg fekk høyre tidleg på 80-talet ved nokre høve, og ein musikkformidlar av det heilt ekstreme slaget, og om han treff akkurat di hjarterot når det gjeld musikkformidling, kan ein hevde at Koetsu Black er velsigna med nesten magiske eigenskapar.

Til dømes kan vi nemne måten instrument med litt bassmoment kling på. Dette er ikkje noko eg normalt tillegg så stor innverknad på musikkopplevinga, men formidling på ein så lokkande og inderleg måte, gjer at ein ikkje unngår å verte påverka positivt.  Alle instrument og stemmer kjem liksom ekstra til sin rett. Sjølv om det ikkje akkurat kan kallast nøytralt, er det så absolutt i musikken si ånd. Ein kan seie at det på ein måte er krydder som framhevar råvarene sin eigenart og kvalitet. Koetsu Black er ikkje eit analysereiskap, men ein formidlar. Å spele Supertramp syner nettopp dette. Du får fylde i attgjevinga av orgel, strykarar, klokkespel, trommeskinn, vokal, og det er så lett å få med seg alt det som vert gjort med desse instrumenta, og ikkje minst måten utklinginga er på. Kall det gjerne koloritt til klangen. Men det vil likevel vere feil å kalle det ”farging”. Sjølv om det kanskje er eit synonym, opplevast ikkje dette som trøyttande framheving av spesielle frekvensområde. Det er eit mildt krydder, dette her, som gjer underverk for sluttresultatet.

Det er meir å skryte av av. Koetsu Black si eineståande evne til tilgjeving av overflatestøy gjer at eg spelar gamle plater som eg ikkje har spelt sidan glansdagane då eg spelte med VdH-slipte pickupar. Eg har eit par litt for slitte plater, som trass i grundig reinsing ikkje har vore heilt gode, særleg ikkje når eg har bruke ”fornuftig prisa” pickupar med normale nåleslipingar. Om du ikkje vert særleg sjarmert av plateknitring og ”peiskos”, er Koetsu Black kuren for å redusere problemet. Einaste ulempa er at både stift og nålefane er svært minimalistiske, og det kan vere ei utfordring å montere og finjustere ein så kostbar sak. Eg måtte iallfall ha både briller og godt lys.

Å spele Linda Ronstadt kan vere hyggjeleg, men nokre av dei innspelingane eg har, gjev eit heilt feil perspektiv og storleik av dama i lydbildet. Ein kan til tider oppleve det som ho er syster til King Kong, alt for stor. Og dessutan kan stemmeklangen bli vel amerikansk når ho tek i som aller hardast. Men Koetsu Black gjer noko med skaleringa, og får skalaen heilt på plass, samstundes som klangeigenskapane tek brodden av skrallinga i stemma, og gjer totalopplevinga av den musikalske heilskapen til lysteleg lytting.

Er så alt berre herlegdom? Ja, for så vidt. Ein kan ikkje bruke mot Koetsu at det finnest ting som gjer oppgåvene endå betre på somme felt. Sjølv om klangen er utruleg tilfredsstillande, er det kanskje dei som vil oppleve bassen som ekstra fyldig. Eg har høyrt endå meir korrekt attakk, og det frå vesentleg billegare pickupar. Det er heller ikkje sikkert du kan rekne med at det vert like flott attgjeving via ein annan riaa, for Manley Chinook er svært hyggjeleg i mitt anlegg.  Og likevel, trass i ein storarta detaljrikdom, eg er berre sånn passeleg imponert over tredimensjonaliteten som kjem fram. Vi snakkar om svært mange tusenlappar for ein pickup, som udiskutabelt er ein slitedel med avgrensa levetid.

Eg må også tilrå at eigarar av unipivoterande pickuparmar som min (JMW 9Sig) prøvar kombinasjonen med pickup grundig på førehand. Hos meg er sporinga ganske marginal. Måleplata mi provoserer pickupen alt ved 50µ, og det er slik at brutale innspelingar høyrbart har problem.

Neste dag hadde eg kopla frå Chinook og eratatta han med Whest-phonoforsterkaren, altså gjekk eg frå rør til transistorar. Høyrbart, men utan den heilt store dramatikken, eigentleg. Men det var slik at Koetsu Black treivst endå betre saman med Whest. Her vart mellomtonen tydelegare eksponert, og den ekstra gainen var kjærkomen for det relativt svake MC-signalet derifrå. Det er no eingong slik at ein opplever eit kraftig signal som betre enn eit lågt. Sjølv om det altså stort sett er eit spørsmål om lydnivå.

Konklusjon:

Koetsu Black har tydelegvis vore gjennom ein evolusjon sidan eg høyrde han på 70-talet. Pickupen har ein del kvalitetar som gjer at han må takast med når godsakene skal reknast opp, og eg må seie han passar godt til min smak, spesielt når det gjeld klangattgjevinga. Ein meir fundamentalistisk lyttar enn meg vil kritisere Koetsu black for å ikkje vere nøytral. Men som gammal musikar tykkjer eg at han gjer ting så veldig musikalsk rett. Musikken vert overordna alle andre faktorar du måtte komme til å høyre. Du gler deg over kor godt du høyrer dei einskilde instrumenta. Det er også den beste pickupen eg har høyrt når ein ynskjer å unngå platestøy. Heilt fri vert du nok ikkje, og om pressingane er dårlege, er det vanskeleg uansett. Men til slitte plater, slike som gjerne har merke i vinyloverflata, har eg nok funne den avlesaren som gjer minst ut av dette.

Når det gjeld perspektiveigenskapane er desse gode, men om dette er det viktigaste for deg, finnest det billegare alternativ. Det same gjeld oppløysning av mikrodetaljar og dynamisk nyanseringsevne (her er det ganske sikkert meir å hente ved å bruke ein betre arm enn min). Og du treng ein god, helst ein veldig god riaa for å hente ut det fulle potensialet.

Koetsu Black har svært mange positive sider, og eg har vanskeleg for å forstå at musikkelskarar ikkje vil vere positive til måten vinylinnspelingane formidlast på av dette sjarmtrollet. Fullkomen er han ikkje- og hugs no på at Black er den minste bukken Bruse, han har større og langt meir påkosta slektningar. Men det kostar likevel å vere kar. 16000 kr er mange pengar. Trass i prisen, dette er ein pickup å verte glad i. Du vil neppe angre om du får ein slik i hus.

 

Takk til Exotic Audio for lån av Koetsu Black.

Lest 9812 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.