søndag, 12 januar 2014 07:26

Benz Gullwing. Nei, ikkje bilen

Skrevet av

Benz er ein av verdas største pickupprodusentar. Eg har hatt eit inntrykk av at produkta derifrå har hatt ”det vakre” som klangideal, og at dette har kosta dei siste detaljane, tredimensjonaliteten og den dynamiske nyanseringsevna. Men no er det skjedd noko.

Les meir:

Eg fekk høve til å prøve ein ganske ny konstruksjon frå Benz, den såkalla ”Gullwing”, som bilentusiastar (og dei som søkjer på nettet) lett vil assosiere med Mercedes sin legendariske bilmodell. Slett ikkje nokon billegpickup. Tor på Lyric gav meg ikkje nokon fastpris, men fortalde at prisen i USA var $ 3000, og at han låg på tilsvarande.


 

I utgangspunktet likar eg å ha to -  tre – fire rimelege pickupar som eg skiftar mellom , i staden for å satse alt på eitt kort. Så toppmodellen Benz LP har ikkje vore aktuell for meg, sjølv om eg var imponert av kor flott denne spelte då eg hadde han til test. Mi greie har heller vore ACE, spesielt den med lågast output. Rett nok er ikkje denne av dei sprekaste innan detaljattgjeving og dynamiske nyansar (difor har eg heller ikkje ACE i stallen), slik den dyre LP naturlegvis gjer langt betre. For meg er det viktigaste å ha det hyggjeleg når eg spelar, og hadde LP kosta det halve, ville det vore eit meir aktuelt alternativ. Og no dukka det opp ein ganske ny konstruksjon, ganske lik. ”Micro glider” i utsjånad, men ganske mykje meir påkosta. Glider var i si tid heller kostbar, iallfall i dei prissegmenta eg hadde mest erfaring med, og det var også ein av dei betre, naturleg nok, med gode eigenskapar innan det meste. I dag kostar nok Glider over 7000. Så sjølv om eg har vorte meir tjukkhuda når det gjeld pickupkostnadar, vert eg likevel noko reservert når eg må legge snart 10 000 ekstra for å nå Gullwingen.


Kva får ein for pengane?

Gullwing er godt påkosta. Men på same måte som ”Glider” manglar han pickuphus, så du må vere ganske forsiktig når han skal monterast. Og han er ganske svinetung til å vere pickup, over 12 gram. Det ser ut som kroppen er laga av massiv messing, noko som kan forklare den relativt store vekta.  Vi har også nålefanen som er av rubin, eit materiale som brukar å henge saman med svært nøytral klangattgjeving og dynamisk nyanseringsevne. Benz er kjende for å ha svært gode nåleslipingar. Signalet er sånn at du må ha eit godt MC-forsterkande riaatrinn, og gain vert ein viktig faktor når du skal matsje vinylriggen din.  Som dei andre handlagde Benz-pickupane er det eit individuelt måleark over frekvensgongen, og dette ser ganske så skikkeleg ut. Eg har ikkje lenger tilgong på Glider-papiret, men sjølv utan dette fekk eg inntrykk av at Gullwing er nokre hakk oppover kvalitetsbarometeret på dette feltet.


 

Tilpassing til anlegget elles

Eg må vel seie at JMW 9 signature-armen ikkje er den perfekte samarbeidspartnar for Gullwing. Sporinga var nede på 60µ, noko som forbausa med då eg fekk 80µ når Glider vart testa i ein standard JMW 9-arm. Men vekta av Gullwing er nok i tyngste laget for armen min, er eg redd

Eg brukte dei to riaatrinna eg hadde disponibelt denne testøkta, to av dei absolutt beste trinna eg har hatt i hus; Manley Chinook, ”billegmodellen” til 25 000, som skal vere ganske lik den legendariske Steelhead, og ein av dei betre til Whest, som ligg på 30 000. Manley er velsigna enkel å justere, medan Whest har så mykje meir gain, at du ikkje kan unngå å la deg imponere av kor godt sjølv ganske lågoutputpickupar kan spele. Og på Manley fann eg balansepunktet 100 Ohm mellom distinkt/platt lyd på for høge impedansar og tredimensjonal/feit lyd på den andre sida. No er det fleire ”trusretningar” innan impedanse, men eg held meg til ein lett agnostisk framgangsmåte der eg stiller inn etter produsenten sine tilrådingar, og justerer meg etter øyret opp/nedover derifrå til eg subjektivt føler at ting er optimale.

 

Lyttinga:

Måten Bob Marley sitt flotte studioalbum ”Natty Dread” vert presentert på, er berre usannsynleg flott og naturleg. Det same gjeld for Kate Bush ”Wuthering Heights”, som eg aldri har høyrt like bra.

Eg tykkjer Gullwing greier å lage eit veldig flott lydbilde, og på same tid har det denne fylden i klangen som Benz har som varemerke. Benz-konstruksjonar er til tider svært hyggjelege å lytte til, innimellom verte litt for hyggjeleg og for tilfeldig med detaljane i dynamikk og tredimensjonalitet. Men ikkje her, dette er krystallklart, med svært naturleg perspektiv.

Etter ei stund måtte eg skifte til Whest-riaatrinnet. Og no vart det dynamiske endå meir poengtert. Eg slit litt med å bestemme meg om Whest er verd dei fem tusen ekstra, for det er eit spørsmål om kva pickup du har montert. Men til Gullwing er saken klar. Saman med Whest fungerer dette ikkje berre som hand i hanske, men med den slagkraft som gjer at musikken slepp ordentleg gjennom. Dynamikk, lydbilde, klangegenskapar, oppløysing, det er ikkje tvil om at dette er ein utruleg god matsj.

Ved lytting av mine klassiske yndlingsplater var inntrykket veldig bra. Det er endeleg kvalitetar ved Koetsu og Soundsmith, som er minst like imponerande. Men Benz har ei lita stjerne hos meg, i kraft av dette litt vakrare enn det heilt naturlege; Noko som gjer vinylen verd å lytte til, slik at det blir ordentleg organisk og analogt. Det heile vert ekte, på ein svært så tilfredsstillande måte.


 

Konklusjon:

Benz er ein stor pickupprodusent, med fleire modellar enn nokon annan (trur eg), og i mange prisklassar. Gullwing er ikkje det dyraste alternativet, men dersom du kan skaffe god nok rigg ut over dette, med optimal arm og riaatrinn, skulle du sannsynlegvis kunne bli svært fornøgd utan å gå til dyrare modellar.

Her er ein svært god pickup, som meistrar balansegongen mellom god og organisk klang, oppløysning, tredimensjonalitet og evne til å formidle dei dynamiske nyansane i musikken. Den er ikkje billeg (ein stad mellom 16 og 18000 kroner?), men når ein ser kva som skal betalast for toppmodellen LP, er det veldig lurt å høyre litt på denne til langt lågare pris før du bestemmer deg. Dyr for så vidt, men frå no av altså min Benz-favoritt.

Ekesmplaret var lånt ut av Lyric www.lyrichifi.no

Lest 14043 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.