torsdag, 27 mars 2014 20:17

Vill Whest Audio – gjennomsnittsmodell frå riaaeksperten.

Skrevet av

Råaste riaagenturet på Lyric for tida? Whest sin midt-på-treet-modell kostar 30 000, så det bør eigentleg innfri alt ein kan finne på av forventningar.  Eg hadde alle desse klare då eg starta lyttinga. Om dei vart innfridde?

Les meir:

 

 

Utforming

Når det gjeld utsjånaden, er denne veldig enkel og elegant. Ganske stor og tung samanlikna med gjennomsnittet. og vektmessig med kraftig slagside. Eg følte det difor naturleg å opne opp boksen for å sjå kva som var inni.

Det synte seg at vekta stort sett skuldast to etter måten brutale ringkjernetrafoar, og at kabinettet hadde standardbreidde for å få sjansen til maksimal avstand mellom desse og dei andre komponentane. Dette er nok med på å halde støyen nede på eit minimum.

Justeringar tykkjer eg er viktig, sjølv om visse guruar forfektar at ein pickup alltid skal og bør ha 47kOhm last. Dette er berre tull, og det må vere høve til å justere lastar så nøyaktig som råd. Eg er ikkje fornøgd med ein vendar mellom MM og MC, dersom riaatrinnet skal ha lengre opphaldstid i referanseanlegget enn kva pickupane har. Ein slik vendar stiller også gain, som helst også bør kunne justerast mellom mange alternativ.

Min favorittriaa har heilt sidan 1986 vore den som er integrert i ARC SP 10. Denne er sjarmerande på alle måtar, men etter 28 år er eg smerteleg klar over avgrensingane han har; innstilling av last på 10, 30, 100, 10k eller 47 kOhm, men ikkje nok gain til å gjere det skikkeleg moro med MC-pickupar som leverer mindre enn helst – 0,4 mV ut, og då går eg glipp av halvparten av dei MCane eg har lyst på… (Det er ein gaindempar som kan aktiviserast om du også legg signalveljar, balanse og tonekontrollar inn i signalvegen, og det merkast. Denne brukar eg ikkje)

Whest er ein langt meir moderne konstruksjon. Han har altså eit langt større repertoar, og kan forsterke 40 – 50 – 55 – 60 – 65 og maksimum 72 dB. Det er likevel eit ankepunkt: den krøkkete plasseringa av justeringane.  Dipswitchar er ganske greitt når ein tenkjer at konstruksjonen skal vere støyfri og nokolunde økonomisk betaleleg. Men det er ikkje moro å kople frå dingsen, snu han opp ned, fjerne dekselet, og pirke på steinharde dipswitchar når du skal samanlikne to pickpuar. Dersom du held deg til same pickup, eller i høgda skiftar ein gong i året eller så, er det ikkje store dugnaden som må gjerast med riaatrinnet. Men eg føler ein viss fare for at printkortet og dipswitchane kan ta skade om eg ikkje er lett på handa.  Eg vert lett uroleg når eg kjenner at printkortet gjev svakt etter når eg stiller på dipswitchane, og det vil vere for ille om saken tek skade. Kirurgisk trening er ein fordel, og er du redd av deg, tilrår eg at du vel ein riaa der justeringane gjerast med brytarar i fronten. Og hald deg edru!

Så kom vi til lyden

Eg lot riaatrinnet stå på heile tida. Det løner seg. Ikkje trekk det mykje straum, og det brukar godt over ein time (nærare to) på å komme til hektene etter å ha vore avslått. Det vert såleis ikkje noko betjening å utføre når dingsen eingong er justert etter rett pickup.

Då eg starta den kritiske lyttinga, var det overveldande bra. Den fyrste kvaliteten var kor støyfritt det heile var. Saman med den dødsstille ASR Emitter II Exclusive var det faktisk uråd å registrere sus av noko slag, så lenge kablane var i orden (eg hadde eit par kablar som hadde problem med skjerminga og dei måtte rett ut). Det var akkurat like stille uansett innstillingar, og med 72 dB forsterking var det inga vrenging med korkje Koetsu Black, Accuphase AC 1 eller Benz Gullwing. På same tid kunne desse pickupane boltre seg og syne fram alle sine gode eigenskapar. AC 1 kunne demonstrere kva tredimensjonalitet er for noko, Koetsu kunne vise fram det vakre på ein fortryllande måte, og Gullwing gjorde alt rett innan dynamikk og frekvensfløyar.  Det var ikkje berre slik at eg ikkje kunne detektere lydmessige feil på denne riaaen, faktisk kunne eg ikkje detektere svake sider av noko slag. Formidabel bassattgjeving, som var brutal når det var på sin plass, men også nyansert og detaljert som svært få andre konkurrentar. Eg skulle berre ynskt eg hadde hatt tilgong på denne den gongen eg testa Ortofon mc 7500, Fidelity Research FR 201 og andre pickuplegendar – dette er absolutt i elitesjiktet av riaatrinn, og sjølv om det er ei ganske stor investering, må det seiast at prisen står i forhold til kvaliteten.

 

Vi ser at det både er balanserte og ubalanserte utgongar. Av/på-brytaren bør stå på heile tida  30RDT SE baksida


Eg spelte ganske mange plater, og gjorde også samanlikningar med den noko rimelegare Manley Chinook. Lydmessig var dei naturlegvis ulike, men likevel svært likt dersom vi tenkjer oss det lydlege kvalitetsnivået. Whest har betydeleg meir gain, og vil såleis vere den umiddelbare vinnaren når ein A/B-testar. Dersom ting ikkje er direkte uharmoniske, vil nesten alltid det produktet som har høgast gain vere vinnaren. Men dette er ikkje rettferdig, og i mitt oppsett, med den dødsstille ASR-forsterkaren, er det eigentleg ganske likegyldig, ettersom eg berre kan skru opp volumet på ASR til det er likt. Det var altså ikkje nødvendig å justere ned Whest til 60dB for å vere på linje med Manley.

Spelast det rock, og om det brukast high-output MC eller vanlege MM-pickupar, Soundsmith sine konstruksjonar, bør du nok prøve ut Manley også. Men om du spelar MC, spesielt der signalet er godt under 0,5 mV, er Whest fantastisk. Manley har kanskje endå meir solid byggekvalitet, men også denne må opnast for å komme til dei justeringane som skal til for å skifte gain mellom MM og MC. Dei andre dipswitchane er derimot monterte på baksida, slik at du slepp å skru opp for å finlytte deg fram til kva som fungerer best på ein ny pickup du vil teste ut. Whest er noko meir tungvint, ettersom han må på ryggen når innstillingane skal endrast.

Effektivt nok, men litt tungvint - 30RDT SE deksel over dipswitchar

 


Å ha to såpass suverene riaa på same tid, gjer at eg sleit med å velje favoritt. Min gamle partnar ARC SP 10 har nok litt for mykje romantikk over seg, og støyar for mykje på lågoutput-MCar til å kunne vere referanse så mykje lenger. Whest grusar gamlefar på alle måtar, bortsett frå når det spelast 1 mV og over. Whest er skummelt taus når det ikkje skjer noko, men er i stand til å sleppe laus brutal villskap når slikt ligg i platerillene, og pickupen greier å formidle dette. Og sjølv om du vert forbausa over kolossal bass, open mellomtone og utklingande diskant, så vel som eit fantastisk lydbilde, er alt så homogent og skikkeleg at det heile er berre eit spørsmål om å finne rette pickup til platespelaren din, for å spele vinyl så perfekt du kan tenkje deg. Eg sette spesielt pris på å spele Whest + Koetsu Black på i praksis all slags klassisk musikk. Plater frå 50-talet har varierande innspelingskvalitet. Nokre av dei er heilt fantastiske, medan andre avgrensar både frekvensomfang og dynamikk. Whest kamuflerar ikkje desse lyta, men leverer det så ærleg at det vert moro likevel, sjølv om bassen manglar, og perspektivet er ganske uklart utan detaljar. Og så, når du finn skattane med RCA LSC-nummer og ”Shaded dog”/”White dog”, kan du verkeleg nyte alt som kjem fram. Scheherazade med LSC 2446 er svært vellukka, og her kjem alle sider av innspelinga til sin rett.

Også meir moderne plater er hyggjelege å framføre via Whest. Både digitalt mastra så vel som audiofilopptak med full analog pakke. Og det beste er naturlegvis denne evna til å tilgje feil utan at noko liksom skal gøymast under teppet. Krystallklart og reint, utan den aller minste tendens til å overfokusere på øvre mellomtone eller diskant, undertrykkje bassen eller graute til mellomtonen. Dette er berre så bra, så bra.

Konklusjon

Ein utruleg god riaa. Kostar flesk, men har då heller ikkje svake sider Denne kan du ikkje unngå å verte fasinert av lydmessig. I tilfelle er har du feil pickup. Men gain og andre tilpassingar er ein smule utfordrande. Eg har tenkt litt på Whest sine dyrare riaatrinn, og lurer litt på kva meir dei skulle ha å by på. Etter å ha høyrt denne, har eg vanskeleg for å tru at det er meir å hente nokon stad.

Mine aller beste tilrådingar. Trass i prisen.

Pris: 30 000 kr

Forhandlar: www.lyrichifi.no

Lest 15051 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.