fredag, 06 september 2019 15:26

NAD 3020B “preview" - Stig Arne si dagbok Juli 2019 Spesial

Skrevet av

 

Eg jobbar, som de veit, med ein samanliknande test av samtlege Nad 3020, noko eg trur ikkje har hendt før. Dette må gjerast skikkeleg, eg har ikkje tenkt å presentera noko som helst før eg er 100% trygg på at det  held vatn.

Eg har difor spelt på ulike 3020 i fleire år no. Sist på radiovarianten 7020, som eg likar særs godt. Eg har naturlegvis spelt på andre forsterkarar innimellom, slik at ein ikkje går seg fast i eit spor. Eg måtte faktisk ta ein pause i sumar, eg orka ikkje meir testing. Eg gjekk lei og høyrde ikkje skilnad på noko som helst. Men no er eg på hugget att, sjølv om eg framleis ikkje er heilt i mål med hagearbeidet. Eg meiner slett ikkje at Nad 3020 er verdas beste forsterkar på nokon måte, det er ikkje difor eg skriv om han. Men han er vanskeleg å slå til prisen, og han har nokre eigenskapar som gjer han ganske unik. Han er god nok til at eg har glede av han kvar bidige dag. So dette er ikkje noko offer. Heller ein besettelse. Det blir litt som eit kjærleikstilhøve. Han er kosebamsen min. Og so spelar han so fint.  

No har eg endeleg fått tak i ein 3020B, kor skrifta på fronten er kvit i staden for gul, og fargen meir militærgrøn enn den den tidlegare koselegare brune. Dette er ein modell eg ikkje har prøvd på mange år. Eg har difor ikkje nokon klar førestelling om lyden frå denne. I alle fall ingenting eg vil basera meg på, eller lita på. Det var difor med stor spaning eg kopla han opp, fyrst med eit par høgtalarar eg ikkje bryr meg om, sidan forsterkaren i fylgje førre eigar slo seg på med eit høgt POFF. Noko som heldigvis ikkje var tilfelle i mi stove og mitt anlegg, slik at eg kunne kopla han opp i anlegget slik eg normalt brukar det. Eg arrangerte ein blindtest saman med Dag, og han føretrekte B med klar margin, medan eg var litt meir usikker, men fann ein tidlegare modell 3020 meir musikalsk. Men me krangla ikkje av den grunn. Eg kjenner Dag sin smak, og forstår kvifor han likte B best. Dag likar ein sterk og klår lyd, medan eg likar betre ei meir romantisk tilnærming. Dei etterfylgjande dagane spelte eg på B-en utan å testa eller samanlikna med noko som helst, ein sokalla “dagleg bruk”-test. Meir spesifikk testing vil koma etterkvart som eg har danna meg eit bilete av lyden etter eit par vekers “brukstest". 

 

Men alt etter eit par dagar står noko tydeleg fram: Han er verkeleg “analytisk”, og har større djupne i lydbiletet enn tidlegare modellar, dvs. generasjon 1 og 2 av den opprinnelege Nad 3020 utan bokstav bak. (Etter denne kom 3020A, og deretter B, e og i, dvs 6 modellar alt i alt, og 7 om du reknar med radioversjonen 7020). Her hadde Dag heilt rett. Det er og tydeleg at han spelar grisehøgt, og at bassen er ein godt hakk strammare enn dei gamle. Bassen er verkeleg fast og rein, og går tilsynelatande djupare. Dette er verkelege framsteg, og sterkt vanedanande. Spørsmålet er berre: Har dette gått ut over 3020 sin vidgjetne musikalitet og atmosfæriske spelestil? Det er dette eg vonar å finna ut av i det fylgjande. Men du skal ikkje rekna med at denne testen er ferdig i morgon. Eg har ikkje mindre enn 7 forsterkarar å samanlikna, eigentleg mange fleire, sidan eg har dobbelt opp av fleire av modellane. Alle skal testast på ny, uansett kva eg har funne ut hittil. Eg byrjar rett og slett på ny, og vonar eg ikkje møter veggen før eg kjem fram til noko eg byrg og trygg endeleg kan presentera. I mellomtida vil eg lekka ut smaksprøver.  

Grunnen til framsteg i lydnivå og bass er denne: Med 3020B gjekk Nad (i fylgje artiklar på nettet) over til utgongstransistorar frå RCA, som gjorde det mogeleg å auka effekten frå 20 (eller 25) til 28 Watt. (Stemmer ikkje heilt. Eg har tidlegare modellar både med RCA og Motorola). Eg jobbar med å finna ut av fleire detaljar. Til dømes er dei fire kondensatorane i straumforsyninga på 2200uF i tidlegare modellar bytt ut med 2 stk på 4700uF i B-modellen - og av eit anna fabrikat. Kor stor rolle spelar dette? Eg og Stig Inge (Bjørge, Lyra) er samde om at eit byte av sentrale kondensatorar til eit anna fabrikat kan endra lyden frå ein forsterker ganske radikalt. Her er med andre ord mykje å finna ut av for den som ynskjer å koma til bånns i ting. I omtalar av Nad 3020 i hifi-blad og på nettet finn ein relativt lite omtale/henvisningar til modellane A og B og endå mindre e og i. Desse og har og ein annan utsjånad. Ein snakkar altså om 3020 som om det galdt samtlege modellar, eller i alle fall modellane til og med B. Eller berre den opprinnelege 3020. Generasjon 1 eller 2? Eg er ikkje ein gong sikker på om journalisten/skribenten var klar over at det finst to ulike generasjonar av den opprinnelege 3020. Me som har sett under topploket veit det. 

Men meir om det seinare. Her ville eg berre gje ein snikpresentasjon av 3020B. Eg gjekk til oppkoplinga med ein fordom om at denne er dårlegare enn dei opprinnelege, sidan eg har høyrt rykter om at Nad “øydela” 3020-en etter at  dei pressa han opp i effekt. Det er alltid morosamt å utfordra fordommar. Berre kunnskap er vegen til sanninga. Som Van Morrison sa: No Guru, No Method, No Teacher. Men metode skal me likevel nytta: Den vitskaplege. So langt det let seg gjera.     

Lest 4619 ganger Sist redigert tirsdag, 11 august 2020 12:35
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler