Skriv ut denne siden
fredag, 10 juli 2020 13:00

Sommarspesial - Stig Arne si dagbok Mai 2020 Spesial

Skrevet av

 

Eg skulle ha vore komen til juni, men har visst hoppa over mai. Her kjem han, du skjønne milde. So kjem juni. Snart! Eg lovar. Men fyrst litt lett sumarlesnad: USB-høgtalarar, litt om musikk, og naturlegvis ølspalten til slutt.   

Litt sumarlesnad: USB

JBL GO

I fjor sumar hadde eg ein raptus med USB-høgtalarar. Du veit, ein slik liten oppladbar som du kan styra frå mobilen, trådlaust, v.hj.a Blåtann (Bluetooth). Eg kjøpte og lånte og hadde til slutt ein drøss, du kan lesa om dei i aprildagboka 2019. Nærast som i ein rus ville eg prøva stadig større og dyrare. Men då vert dei og mindre transportable. Eg tok til vitet og selde unna samtlege, med unntak av favoritten: Den vetle JBL GO, som eg har skrive om fleire gonger. Han er akkurat so liten at du kan ta han med overalt, men stor nok til at det kjem litt lyd ut av han, omlag som frå ein reiseradio. Lyden frå mobilen åleine klarar eg ikke. Det vert for spinkelt. Høgtalaren har eit ytre av relativt mjuk gummi, slik som farne tiders gummibilar og denslags leikety. Det vekkjer gode minner. Og han har fasong og utsjånad som ei gamal JBL-kasse i miniatyr. Uimotståeleg. Eg simpelthen elskar dette vetle leiketyet. Eg har hatt han med på reise overalt, heilt til Indonesia, men får han aldri med meg heim att. Nokon vil alltid ha han, eg endar alltid med å gje han vekk før eg reiser, og kjøpa ny når eg kjem heim att. Og det er ikkje noko stort offer, når prisen har vore 350 kroner eller lågare. Også på Bali kunne du få tak i same modell, men dei ville ha min, for det dei får tak i sjølve er kopiar. 

 

JBL GO 2

JBL GO har no gått ut, og er erstatta av GO 2, som er sovidt større, har avrunda kantar og ser ut som eit såpestykke. Ein av forbetringane er at han er vasstett. Eller nesten. Dette har dei klart blant anna ved å erstatta bassrefleksporten i den gamle modellen, der kor vatnet kunne strøyma fritt inn, med ein slavebass. Sjølve elementet (fulltone) er det same, kring to tommar. Det er lite, men det er likevel utruleg kor mykje bråk det kan laga. 

Eg måtte naturlegvis kjøpa ein GO 2 for å samanlikna. Ikkje noko problem, sidan prisen er ubetydeleg høgare. Eg hadde dei side om side og bytte mellom dei, med låtar frå YouTube og MacBook Pro. Ved utpakking av GO 2 merka eg at han er tyngre enn den opprinnelege, og vibrerer valdsamt under speling, mykje grunna slavebassen, som bassar ved å ha ei viss tyngd, og lang vandring. Og bassen er tydeleg både djupare, kraftigere og reinare enn den opprinnelege. Men når det gjeld mellomtone og diskant, svingar pendelen attende. Her er ei markering og ei overdriving som irriterer. Lyder minnar om den litt større GO+, som hadde alle moglegheiter til å vera ein betre GO, men som enda opp med å berre irritera grunna ein ljosare lyd. (Eg kunne ha skrive ljosare ljod, men trur det hadde vorte i meste laget med vanskelege ord å uttala for austlendingane). 

 

Eg tykkjer altso ikkje at den nye GO 2 har den opne og inviterande ljoden som den opprinnelege GO. Min gode ven i Japan kom til same konklusjon. Eg tvinga han til å kjøpa GO 2 og rapportera. Eg likar ikkje såpefasongen, og no liknar han heller ikkje lenger på ei gamal bass-kasse frå JBL. Borte er gummi-utsida; erstatta av eit hardare materiale (som sikkert lettare vert oppskrapa). Eg held med andre ord fast ved den gode gamle, vasstett eller ikkje. Det er den som har best balanse, ein levande mellomtone, og som vekkjer dei gode minna. Det er mogeleg du framleis finn han i avsidesliggane butikkar, gløymd på lageret, elles må du kjøpa han brukt. Eg har eit lite lager, i ulike fargar, men dei er ikkje til sals. Uansett, god sumar og god ferie, i ditt eige ferieland! Og ikkje gløymt USB-høgtalaren og ladar. Uansett kva høgtalar du landar på. Det finst mange å velja mellom, sikkert både betre og dårlegare, men ingen som er like sjarmerande som den opprinnelege GO. 

Musikk: Litt meir om Hedvig Mollestad

Slump av hendingar kan vera forbausande, og morosamt. På same dagen for eit par dagar sidan mottok eg og Stig Inge, min gode ven i Japan, kvart vårt eksemplar av “Ekhidna”, som eg melde i juni. Stig Inge fekk LP-en, eg CD-plata, begge send frå plateselskapet rune grammofon. Den merksame lesar vil no sjå at eg fekk CD-en etter at eg melde ho. Meldinga var likevel mogeleg å laga avdi plata låg ute på Spotify, samt at eg fekk låna Lars Mossefinn sitt eksemplar, eit anna artigt døme på slump. Han fekk plata for å melda ho for Dag og Tid, der me begge er kjende med redaktøren. Vidare er me naboar, og styremedlemer i same jazzklubb, der han er styreformann. Me spelte faktisk plata i lag før me melde ho. Du snakkar meg om tilfeldigheiter! Orsak samanfall. Eg og Lars fekk CD tilsend gratis, men for Stig Inge vart plata ein dyr fornøyelse. Sjølve LP-plata var ikke so dyr, men frakta var, slik at det summerte seg opp til 400 kroner. Momsen (VTA) var ikkje trekt i frå, skal han ikkje det når ho vert seld utanfor Europa? 

Det eg ville seia om Hedvig var at eg karakteriserte ho som “riffmeister” i meldinga. Men ho er og ein framifrå soloist. Som t.d. i kutt nr. 3, "Antilone”, der hender det fine ting. Etter kring 3.30 legg trommeslagar Torstein Lofthus seg litt bakpå, som for å sleppa til fyrst trompetar Susana Santos Silva, og deretter Hedvig og Marte Eberson i eit forrykande samspel. Dette er improvisasjon av beste jazzmerke. Gruppa har pussig nok ikkje bass, men Marte har tydelegvis  “basspedal” på tangentbordet sitt, so det bassar av garde like godt. Også Erlend Slettevoll spelar Keyboard, ha meg orsaka om eg ikkje er heilt sikker på kven som spelar kvar av Marte og Erlend. Eg både kunne og burde studert dette litt grannare, men det som hasta mest, og det viktigaste, var å få fram heilskapen, og det faktum at dette er ei plate som me vil anbefala. Forrykande.         

 

Ølspalten: Eit under! 

Det finst mange typar under og mirakel. Me har t.d. dei sju under, og so har me bibelens under. Dei siste er det vel stadig færre som trur på. Med eit snev av sunn skepsis, og litt interesse for vitskap, finn ein fort ut at den slags kan forklarast. Det er til dømes ikkje lenger nokon kunst å laga vin tå vatn, om ein berre har litt druesaft i buskene. Men det finst eitt under som eg ikkje kan forklara. Korleis har det seg at kjøleskåpet alltid er tomt, medan skåpet for tomgods alltid er fullt? Det hender heile tida, og endå er eg ikkje slått til helgen. Kan henda lika greitt. Mentalinstitusjonane er fulle av folk som trur dei er Gud, Jesus, Maria eller det som verre er. 

Manko på Mango 

Dimed måtte eg kjøpa meir øl i dag att, og kva ser eg ikkje i dagens BA: “Hansa klarer ikkje å produsere nok Mango IPA”. Folk har vorte avhengige av Mango. Då måtte eg naturlegvis kjøpa nokre Mango for å sjekka han. Eg kjende meg litt lumpen der eg “stal” ein sekspakning Mango. Litt som dei som hamstra dopapir under corona-krisa. Men eg nytta litt Mindfulness og berre lot det passera, og gjekk til kassen, der eg av gamal vane takka nei til kvittering, slik at eg ikkje anar literprisen på Mangoøl. Men eg forstår uansett entusiasmen. Dette er ein frisk, fruktig og smakeleg øl. Det kan godt tenkjast at mange damer, til dømes, som eigentleg ikkje likar øl, kan lika denne som eit alternativ til sider. Unge damer drikk mykje sider. Berre sjå bilete frå russefeiringa. Og for å skyta inn, som eg dessutan har sagt før, det er eit under at produsentane av butikksider får lov til å kalla det søte sutlevatnet sitt for sider. Det har ingenting med sider å gjera. Det er saft frå eple, pære eller kva det måtte vera, tilsett brennevin. Tradisjonell sider, derimot, er gjæra eplesaft. Difor kjøper eg sider frå bonden i Hardanger, eller på polet.

 

Prøv og Hansa Radler, ein 50/50% blanding av øl og grapefruktjuice. Prosenten vert ikkje 100, men 2,4. God lesk på varme sumardagar, og det går ikkje lenge før du kan køyra bil att, om du må.  

 

 

Lest 3201 ganger Sist redigert mandag, 13 juli 2020 18:26
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler