Skriv ut denne siden
onsdag, 02 juni 2021 19:24

Rett volum – Stig Arne si dagbok for april 2021 Spesial

Skrevet av

Sumaren er her med fint ver over heile landet, men ingen ihuga audiofil tek ferie frå stereoanlegget av den grunn. Ikkje kan me visst reisa nokon stad heller, så me held oss framføre anlegget. Det har eg skrive litt om i dag. 

Rett volum

Alle veit kor viktig det er med rett volum. Rotar du rundt i huset og ryddar, held du gjerne nivået lågt, for då er det ikkje musikken du konsentrerer deg om. Har du besøk, er det den gode samtalen som er viktig, og då er musikken berre ein dempa, men likevel viktig ingrediens i bakgrunnen, for å skapa den rette stemninga. Er det fest, startar det lågt, men me veit korleis det endar. Sit du åleine og “testar”, er all konsentrasjon retta mot musikken, og då spelar du høgt, om du ikkje bur i blokk. Har du besøk av audiofile eller musikkinteresserte vener, kan de gjerne lytta konsentrert til høg musikk heile kvelden. Slike vener er uvurderlige, særleg om dei har med seg ein påse med øl. 

I testsamanhang veit alle som lever av å testa utstyr (om eg hadde fått betaling) kor viktig det er at to forsterkarar, om det er slike du samanliknar, spelar med same volum. Forsking syner klårt at den forsterkaren som spelar høgast vert føretrekt, og det skal ikkje mykje til, berre 0,1 dB. Skal du få dette rett, må du faktisk ha måleutstyr. Du må måla utgangsnivået på forsterkaren sine høgtalarterminalar. Du må mate lyd frå ei testplate eller eit program på datamaskina, om du nyttar denne som programkjelde. Det er tungvindt, og det er ikkje alltid du gidd å gjera dette etter ein akevitt og ein øl. Dermed gjer me det på måfå etter høyrselen. Det er faktisk ikkje godt nok, so eg gjer det på ein annan måte: Eg koplar opp den nye forsterkaren og måler ingenting. Eg berre lyttar, dag etter dag og veke etter veke, på alle slags volum, høgt og lågt, og med allslags musikk og signalkjelder. Når eg innbiller meg at eg byrjar å kjenna forsterkaren, koplar eg opp att den andre og spelar vidare. Det går ikkje lenge før du merkar skilnadane. Men det er ein stor føremun å ha lett tilgang til volumkontrollen. No har eg plassert stereoanlegget på ein liten fotskammel rett framføre lytteplassen, og skrur volumet opp og ned heile tida. Då tek det som regel ikkje lang tid før eg har eit omtrentleg bilete av lyden. 

Tidlegare hadde eg anlegget på ein mur med steinplate på toppen, og dette var eit veldig stabilt og godt underlag for anlegget. Men det var eit stykke unna sitteplassen, og då måtte eg heile tida  bort for å regulera volumet. Tungvindt, og upåliteleg. (Høgtalarane har heile tida stått på same plassen, berre forsterkar og signalkjelder har bytt plass). Fordelen med å ha anlegget rett framføre seg er so stor at eg neppe kjem til å setja det attende dit det sto. I løpet av eit sekund eller mindre (raskare enn du har fått tak i fjernkontrollen) har eg skrudd volumet akkurat dit eg vil ha det. Litt ned, for å høyra om lyden framleis heng med, om han er open sjølv ved låge volum, og opp att, til sokalla realistisk lyttenivå, og so endå høgare, får å sjekka korleis han spelar under press. Det er heilt avgjerande for meg korleis forsterkaren oppfører seg på høge volum. Nokre vert utåleleg harde og går heilt i oppløysing, medan andre berre spelar høgare og høgare til dei byrjar å skurra. Og når du alt sit med volumkontrollen i handa rekk du å skru ned før du har sprengt noko. Dei forsterkarane eg har prøvd i det siste, og som har klart denne testen best, er dei gamle NAD-ane og ein gamal Pioneer-radio.

Etter omorganiseringa av anlegget går det mykje raskare og lettare å vurdera ein ny komponent. Oppkoplinga er og raskare, sidan tilkomsten er betre. Ja, anlegget og lyttestolen står litt i vegen, midt i passasjen ut til kjøkenet, kor eg ofte må ut for å henta ei ny øl. Men som alpinist klarar eg  svingen fint, og etter eit par øl går han av seg sjølv.    

Harman Kardon PM 640

Gløym alt eg har skrive om HK PM 640. Då eg hadde kopla denne forsterkaren opp i eit komplett anlegg som eg ville gje i gåva til svogeren min, oppdaga eg at han spelte spinkelt på eine høgtalaren. Eg la ikkje merke til dette når han var kopla opp i mitt faste anlegg, med høgtalarane litt frå kvarandre. I den nye oppkoplinga sto høgtalarane tett, og då var det ikkje til å ta feil av, når eg skrudde balansen fram og attende mellom høgre og venstre høgtalar (med monoknappen trykt inn). Eg gjer alltid dette for å sjekka at alt funkar. Til alt hell gløymde svogeren min å henta anlegget denne dagen, slik at eg fekk sjekka ut ein annan forsterkar (JVC A-X1, 30 watt, 1980). Denne fungerte, og dette anlegget står no oppkopla hjå svogeren min og syster mi, til stor begeistring. Dei brukar normalt eit dyrt B&O-anlegg, men etter diverse flytting har det ikkje vorte kopla opp att; det er so ulikt andre anlegg at det  nesten er umogeleg å kopla opp og betjena for ukyndige. Eit godt gamaldags stereoanlegg med mekaniske trykk-knappar, derimot, og ikkje ein fjernkontroll i sikte, fall i smak. 

HK-en var altso ikkje frisk og er levert til reparatør, og du høyrer frå oss. Kan hende vert det likevel ein “raving review”. Om han let seg vøla. Me lever i håpet. Med tanke på Harman Kardon si lange historie er jo eit kvart produkt frå desse i utgangspunktet interessant. Om JVC-en kan eg berre seia at han let som dei fleste andre japanske forsterkarar frå denne tida: Sånn passe.   

P.S. Biletet syner HK-forsterkaren og ein Philips CD-spelar kopla opp på ein krakk, og to små høgtalarar var sett oppå der att. Alt var kopla saman med leidningar og vart bore ut i bilen slik, komplett, slik at det berre var å bera det inn i huset og setja det rett på plass - ferdig oppkopla. Genialt. Medan anlegget framleis sto på krakken, let eg svogeren min sitja framføre anlegget og gjera seg kjend med betjeninga. Slå på CD-spelaren, slå på forsterkaren, legg ei CD-plate i skuffa, trykka på Play, skru volumet forsiktig opp og musikken strøymer ut, og andletet lyser opp i gleda av meistring og resulterande lyd. Eg har pedagogisk utdaning. 

PPS. CD-spelaren og forsterkaren bytte plass, slik at forsterkaren vart ståande øvst, for betre ventilasjon. Forsterkarane vert faktisk ganske varme, og utan god ventilasjon vert komponentane varmare enn turvande, og dette reduserer levetida. Ein CD-spelar derimot, utviklar praktisk tala ingen varme, og har difor som regel heller ikkje lufteriller i kabinettet. Dimed er heller ikkje oppsamling av støv inni kabinettet noko problem, medan ein forsterkar kan vera so full i støv at det er eit under at han ikkje har teke fyr, slik som stadig vekk hende med gamle fjernsyn. Eg koplar difor aldri ein gamal forsterkar opp utan å ha skrudd av dekselet for ein rask sjekk av tilstanden inni. Ein gong eg fekk ein eldre forsterkar att frå reparatøren min spurde eg korleis tilstanden var. “Ja han er i orden no”, svara han, “men han har levd eit hardt liv”. Eg lurte sjølvsagt på kva han meinte med det. “Han har nok stått i eit skåp med dårleg ventilasjon”. Printet var tydeleg misfarga brunt, og komponentane tilsvarande. Når eg grip nokon i tankeløyse å leggja eit LP-omslag oppå forsterkaren, pådreg dei seg ei fortent utskjelling (det er jo herleg å få kjefta litt). Det er ikkje alle som forstår dette med elektronikk og varmeutvikling. Ungdom har teke datamaskiner og smarttelefonar med seg i senga, og i løpet av natta har dei hamna under dyna, vorte overoppheta og teke fyr, med tragiske fylgjer. Tenk om denne påminninga kunne berga liv.      

    

Musikk

Her vil eg fortelja litt om musikk du IKKJE får på plate - levande musikk. Du må faktisk ut og på konsert. Voss Jazzklubb skipar til musikk heile året, i motsetnad til Vossajazz. VJK har skipa til ein serie kalla “open mikrofon”, der alle kan koma med det dei har av instrument, eller berre songstrupa. Eller ingenting, nokon må klappa òg. Denne tilskipinga har vorte særs populær, det kjem mange fleire til desse arrangementa enn til dei regulære konsertane. Og publikum er yngre. Framføringane er alt frå opplesing, soloprestasjonar, duo-ar, og heile grupper. Ein duo gjorde  inntrykk på alle: The Kebab Crew, som måtte innrømma at dei eigentleg berre var to stykker i "bandet", framførte ein nydeleg song, “stand in your love” av Josh Baldwin (Bethel Music). Anne-Linda Bratsberg Thorsen (sei meg, kor mange namn lyt folk ha?) slo forsiktig an rytmen på trommene, gjorde eit par feilslag, men kom etter kvart inn i det og spelte effektfullt. John Bollen framførte songen med ei kraftfull og nydeleg stemme. Summen var dynamitt og framkalla trampeklapp. Kva skal du med store namn, når lokale heltar får fram tårer i augnekroken? (Eg skulle naturlegvis teke bilete, men vart oppteken med å gjera eit lydopptak). Og dette unge publikummet er utruleg disiplinerte og lydhøyre. Ein ungdom framførte noko som kunne likna på eit klassisk stykkje, på klarinett, heilt åleine, og du kunna høyra ei knappenål falle. Lyden var forresten glitrande gjennom heile kvelden, ved Per Egil Mæland. Maks 50 publikummarar var tillete, og dette rakk akkurat. Lat oss vona at fleire vert tilletne etter kvart som talet på vaksinerte går opp og smittetala ned, og fleire vågar seg ut. Elles er det å merka seg at mangeårig leiar i VJK, Lars Mossefinn, har overlate stafettpinnen til yngre krefter; Silje Svartveit. Lars har i staden teke over den nytilskipa countryfestivalen. Den forvitnelege countryfestivlen, som planlegg festival ei helg i august/september, vonaleg utan alt for mange coronarestriksjonar.   

 

Ølspalta

Eg og øl-felagane mine (drikkekompisar, ja eg skjønte at eg måtte oversette denne) drikk ein del øl i løpet av ein månad. So eg må av og til verkeleg vri hovudet mitt for å hugsa kva eg har drukkje, og kven av dei eg skal skriva om. Har eg boksar og flasker liggjande, for å friska opp hugsen? Ikkje alltid, eg er flink å pante etter kvart. Har eg teke bilete? Må sjekka. I verste fall ikkje. 

Eg fann nokre boksar på kjøkenet, med kommentarar i mi personlege dagbok i papir: 

Asahi 5,2%, japansk, klassisk lager, ein viss substans, god malt. Dette er muligens favoritten min mellom dei store japanske leverandørane. (utan bilete).

Austmann Northie 5,5% Malt Bomb Brown Ale (Trondheim). Fantastisk etikett, nydeleg øl med god malt og kraftig lukt, snev av kaffi, ufiltrert, varsam dekantering. 

Brewdog Elvis Juice (grapefrukt Ipa), 6,5%. Nydeleg sumardrykk, lett bitter avslutning. Obligatorisk for Elvis-fans. Eg gav vekk ein til Erlend, vår lokale musikar og Elvis-fan, han hadde ikkje sett denne før og var henrykt. Han drakk han opp på staden. 

Lervig Lucky Jack Extra Hard Ipa, 6%. Slett ikkje ihelhumla, trass i barsk overskrift. Lett å drikka. 

Av glassflaskene i neste bilete var det Omer frå Belgia som peikte seg ut, ein Traditionel Blond på 8%. Nydeleg i den grad at eg gløymde å skriva om dei andre. Eg skreiv ikkje om Omer heller, eg berre hugsar at han var jævla god.   

Fylgjande vits funkar like godt på norsk som på engelsk: “Når me drikk alkohol, kallar dei oss alkoholikarar, men når me drikk Fanta, er det ingen som kallar oss fantastiske”.     

 

Lest 3093 ganger Sist redigert onsdag, 02 juni 2021 20:08
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler