onsdag, 25 mai 2022 17:39

Om HiFi-språk og ein dråpe NAD – Stig Arne si dagbok april 2022 Spesial

Skrevet av

Sol, varme og hagelivet er vidunderleg, men det regnar heldigvis i blant, og då jobbar denne skrivaren med den månadlege Dagboka. Denne gongen med den vanskelege skildringa av lyd, ein dose NAD og ein skvett øl.  

Lyd og fargar

Eg har snakka ein del om høgtalarplassering og (resulterande) perspektiv tidlegare. Denne gongen har eg lyst til å skriva litt om korleis me oppfattar lyd, og fargane i lyden. Har lyd dimensjonar, fargar og smak?

Den no avlidne Harry Pearson, redaktør i The Absolute Sound, var ein av dei beste skribentane nokon sinne. Han var ein fryd å lesa, uansett kva han omtalte, og anten han hadde rett eller ikkje. I ei utgåve snakka han om orda og omgrepa me nytta for å skildra lyd. Han meinte språket me hadde til rådvelde var mangelfullt, og måtte utviklast fortlaupande. Han hadde, m.a.o, opplevingar av lyd i hovudet som han ikkje hadde ord til å skildra. Det kan han sjølvsagt ha rett i. Eller han kan ha drukke for mykje raudvin den kvelden. Han likte raudvin. Dyr raudvin. Eg veit det, av di eg kjenner folk som kjende han. 

Men eg er ikkje sikker på om eg er heilt samd. Språket me nyttar for å skildra lyd er svært ofte henta frå synssansane, mat og drykk. Og det er godt utvikla. Berre spør ein kokk, eller verre: ein vinkelnar. Nokre døme: Om lydbiletet er djupt eller grunt, breitt eller smalt, om lyden er myrk eller ljos, har me frå den verda me sansar med augene. Difor lyttar eg aldri med augene att når eg lyttar for å vurdera ein komponent. Om lyden har substans, om han er grov- eller finkorna, om han har kropp og fylde, eller er tynn (som ei spikarsuppe), eller turr, har me frå matverda. I tillegg nyttar me låneord frå engelsk og latin, som t.d. analytisk. Eg unngår helst slike ord. Er me i Noreg, nyttar me norsk. Det handlar det om kultur, tradisjon, moral og dei rette haldningane. Det hender eg nyttar omgrepet analytisk, me kan ikkje verta heilt fanatiske heller, men eigentleg er tydeleg eller detaljert betre ord. Og lettare å forstå. Eg avskyr språksnobbar. Me har, med andre ord, eit rikeleg ordtilfang. Det gjeld berre å nytta det. Men eg er fullstendig klar over at folk som ikkje deler interessa vår for stereo og lyd strever med å uttrykkja seg. Eg snakka ein gong med ein kamerat rett etter ein konsert, og la ut om aspekt ved lyden som eg ikkje var nøgd med. Han var delvis samd, men la til at han ikkje fann dei rette orda til å forklara seg.  

 

Steve Guttenberg

er eller har vore skribent i Stereophile, er bloggar og youtubar (og har dessutaan ein stemme som minner om Jon Anderson i Yes - Red. anm.). Søk på The Audiophiliac. Han skriv godt. Stig Inge gjorde meg merksam på ein test av ein ny integrert forsterkar der (på YouTube), Enleum Amp 23R, og han vart samanlikna med ein Pass Labs-kombinasjon av for- og effektforsterkar. Steve nytta artig nok nøyaktig dei same orda eg ville ha gjort i ein slik situasjon, og som eg nyleg nytta i omtalen av dei 4 CD-spelarane i førre dagboka. Han skildra Pass Labs som myrkare i tonen, mindre pågåande og meir avslappa enn Enleum, med eit breiare men  grunnare perspektiv (enn Enleum). På den andre sida var Enleum meir analytisk, med eit drupare perspektiv. 

Akkurat desse omgrepa problematiserte eg i mars-dagboka, der eg kritiserte komponent som hadde eit kunstig djupt perspektiv, som om du såg inn i ein myrk tunell. Meir musikalske apparat har gjerne eit breiare og grunnare perspektiv, i tillegg til ein blidare meir gulbrun tone som bakgrunn.

So langt er alt forståeleg. Litt vanskelegare er det å forklare kvifor middelmådige komponent med ein lys og skrikande lyd synest å ha ein svart bakgrunn, utan liv og atmosfære, medan eit meir musikalsk apparat med ein myrkare og betre balansert lyd har ein meir gyllen bakgrunn, med glans, luft og liv, som frå det verkelege liv når dagen er runnen.  

Steve understreka at begge forsterkar-alternativa var framifrå produkt, og at valet vil avhenge av kva du er ute etter. Men ut i frå dei bileta og omgrepa som er nytta i denne ærlege og treffande skildringa er eg ikkje det minste i tvil kva produkt eg personleg ville valt. 

Eg vart dessutan minna på ein artikkel i det no diverre nedlagde danske hifi-bladet HiFi og Elektronik, der dei ramsa opp kva karakteristika som kjenneteikna god lyd. Eit av dei var “glans”. Ein vårdag i Bergen medan Nattjazz framleis vart avvikla på det gamle Studentsenteret, gjekk eg forbi der medan lyden frå ei gruppe strøymde ut or vindauga og ned i vegen. Litt lenger nede i gatene strøymde ein nesten like høg lyd ut frå ei leilegheit med stereoanlegget på full spreng. Det var ikkje vanskeleg å høyra skilnaden. Lyden frå konserten hadde ein glans, ein aura, eit liv som intet stereoanlegg maktar å etterlikna. Og aldri vil. Og du skjønar kvifor. På konsert går lyden meir eller mindre rett ut til publikum, jamvel om han går gjennom eit (PA) anlegg. Lagra musikk, derimot, går gjennom ein omfattande prosess med ekvalisering og mastring, deretter pressing på eit medium, og gjennom eit nytt (stereo)anlegg igjen. Det går litt tapt gjennom kvar lekk (eller ledd; på dansk).

 

NADisme

Ikkje ei Dagbok utan NAD! Ikkje mange i alle fall. Testen av NAD 3300 må venta, han spelar berre på ein kanal. Det er noko i vegen, og eg vonar det er difor han ikkje spelte godt, sjølv då han i starten faktisk spelte på begge kanalar. Eg fekk han rimeleg, men han var ikkje noko å sjå til. Og det skulle berre mangle, når han ikkje eingong virka skikkeleg. Kvifor trur du han var til sals? (jamfør avsnittet om å handla på FINN i januar-dagboka). 

Men det finst óg skikkelege folk der ute. I det siste har eg kjøpt ikkje mindre enn to NAD 7020 (radiovarianten av 3020) og ein NAD 3020 A. Alle i perfekt stand, i alle fall kosmetisk, dei ser ut som nye. Det er ikkje ofte. Det er ei stor glede å eiga og ta vare på slike apparat. Eg har tenkt å ta takkerunden og ringa selgjarane, men har ikkje rukke det endå. Elektrisk sett var det eit par småting å ordna opp i, men det er greitt. Å kjøpa brukt er ikkje for amatørar. Eg koplar aldri opp apparatet før eg har inspisert det grundig. Dei fleste er fulle i støv, og dette kan føra til kortslutning og funksjonsfeil, til og med brann. Av med dekselet, fram med støvsugaren og eit dertil eigna munnstykke, til slutt børsting med ein mjuk kosmetikk-kost. I ekstreme tilfelle må heile printplateoversida vaskast med noko. Undervegs studerer eg apparatet grundig, ein sokalla visuell inspeksjon. På eitt av apparata oppdaga eg at ein av boltane som festar utgangstransistorane til kjøleribba var laus; på ein av transistorane. Han lea på seg når eg støvsuga. Det har eg ikkje opplevd før. Av med botndekselet, slik at eg kom til på undersida av transistoren óg. Halda fast bolten på oppsida, skru til med skrujern frå undersida. Gudane veit kor hardt ein skal stramma til, eg satsa på passeleg. Dette var etter midnatt og ingen å ringa på denne tida av døgeret. Nad-ane er velsigna enkle å reparera. Dei aller fleste apparata no til dags har integrert botn og veggar, dvs. at heile printet må opp for å koma til på undersida. Eit mareritt. 

Uansett går heile kvelden til å inspisera, reparera og reingjera eit apparat,  før eg vågar å kopla det til. Og ber ei stille bøn før eg trykkjer inn på-knappen, og held fingeren der, klar til å slå av att om gneistregnet fyk og  røyk stig opp frå apparatet. Eg skrur som regel ikkje på dekselet før heilt til slutt, for om lynet slår ned, veit eg kvar, og kva forkulla komponent som har "avgått ved døden”. Og kva eg skal forklara til den stakkars reparatøren. 

Kvifor eg er so glad i NAD-ane mine? Og kvifor eg har so mange? Jo det kan eg forklara. Eg kopla nyleg opp ein heilt annan (og mykje dyrare) forsterkar, for å sjekka at alt virka. Det gjorde det, men det let redselsfullt. Eg kopla opp att ein gamal NAD 3020, og han kunne ikkje spela like høgt, men han spelte i alle fall godt. Og det er ikkje fyrste gongen eg opplever dette. Kva nytte har du av den ekstra effekten, når du straks må skru ned att, av di det berre hyler og skrik? Ein god arbeidsreiskap forresten, gjennom diverse lytting i det siste, har vore høgtalaren Electrocompaniet Objekt (den pyramideforma), konstruert av Svein Erik Børja, i all hovudsak. Han er ikkje feilfri, men har den balansen og analysen av inngåande signal som gjer han til ein god monitor. Eller musikkformidlar, helst. 

Ølspalta

I førre ølspalta skreiv eg litt om Whisky. Det er som kjent destillert øl. Akevitt, derimot, er destillert sats av poteter. Men i Dag og Tid nr 14-15, april, lærde eg noko nytt: I spalten Innsida, nest siste side, skriv skøyaren Arne Hjeltnes (kjend frå Gutta på tur, mellom anna) i “Norske matskattar nr. 58: akevitt” at akevitten opphaveleg var laga av korn, fram til 1700-talet, då me byrja dyrka poteter. So veit me det! Det er nok uansett feil å samanlikna whisky og akevitt, sidan både ingrediensane og framstillingsmåten er sopass ulik. Men det vert drukke ein del akevitt her i vegen, so kan hende skulle eg skriva om akevitt ein vakker dag?

Attende til øl. Eg drakk ei flaske San Miguel (4,5%, Malaga i Spania) her ein dag. Det var eit vonbrot. I (papir)dagboka har eg notert: “Ingen smakar. Absolutt ingenting. Ikkje malt, ikkje humle. Det er det næraste vatn eg har opplevd på lenge. I ein blindtest er det ikkje sikkert eg hadde avslørt det som øl i det heile. Vel vel. Det smakte jo ikkje vondt heller, so me kan konkludera med at det er god sumarlesk! Tilsett mais forresten, utan at det smakte noko meir av den grunn. 

Og so har eg prøvd Carlsberg (igjen, førre venda var januar), og resultatet er akkurat som over. Ingen “detekterbare” smakar!

Ølspalta skal ikkje vera meir enn 25% av hovudteksten. Det er rimeleg. Skriv eg meir om øl enn om hi-fi, burde eg kan hende finna ein annan plass å skriva? Lat oss difor gå fort igjennom nokre øl eg og Lars drakk tidlegare i vår, øl av ein heilt annan kvalitet: Ægir (Flåm), Hoptitude DDH Neipa, 7%: New England IPA. Frisk og humla so da held, men god og lettdrikkelig likavel. 7F (7 Fjell, Bergen) Laibikk, Raspberry & Licorice sour: Laibikk er leppestift på bergensk. Morosam tekst på boksen. Han er frisk og fruktig, og ikke so sur som etiketten kunne gje inntrykk av. Dipa Oi Oi frå Klokk, East Coast DIPA: Bygg, kveite og havre. Markert humle, noko sødme, fyldig, drikkeleg. Hobgoblin IPA frå Wychwood Brewery, 5,3%. Brygga i England i samarbeid med Carlsberg (?). God, ikke fullt so humla som OJ OJ. Lettdrikkelig, seier panelet (Dag, Lars, Stig). Ambree Brunehaut Artisanal Belgian Ale, 6,5%, organisk og glutenfri: Delte meiningar om denne. Men linn og lettdrikkeleg. Ikkje linn som i Linn Sondek, men linn som i snill/mild. Triple Brunehaut frå same produsent, 8%: Delte meiningar om denne óg. Mindre smak enn venta. 

Og der har eg vel brukt opp prosentane. 

Lest 869 ganger Sist redigert onsdag, 25 mai 2022 19:08
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.