torsdag, 21 juli 2022 16:58

Om dempematerialer og ymist – Stig Arne si dagbok juni 2022 Spesial

Skrevet av

Byggjer du høgtalarar? Då er denne dagboka noko for deg: Dempemateriale for bruk i høgtalarkasser. Pluss Ymist, og ei sexy ølspalte. 

DEMPING AV HØGTALARAR 

Heilt sidan eg bygde mine fyrste høgtalarar som student i Bergen på 80-talet, har eg lurt på kva som eignar seg best som dempemateriale inni høgtalaren, og kor mykje. Blant anna! Eg rakk aldri å undersøkja meir om dette før no nyleg - kring 40 år seinare. Ska sei tida fyk.  

Som vanleg, er det meste slump. Ein kamerat lurte på kva han skulle gjera med høgtalarane sine, eit sett Dali 7, som hadde byrja å skurra. Det synte seg at skumgummi-kanten rundt basselementet hadde smuldra opp, noko som er ganske vanleg (men ikkje hjå dei bassane som har gummikant, eller endå betre, trekkspelkant (korrugert stoff), som var vanleg på endå eldre element).

Eg fekk reparatøren min i Bergen til å lima på nye kantar (før eg lærde å gjera det sjølv). Men då eg monterte bassane att, undra eg over disponeringa av dempematerialet, som var vanleg skumgummi. Baksida av basselementet var heilt kledd inn i skumgummi. -Korleis får dette elementet pusta, tenkte eg, kabinettet skal trass i alt fungera som eit høveleg stort ladekammer tilpassa elementet. Og kabinettet sin undre og øvre del var òg nesten heilt blokkert av skumgummien. Eg skrudde likevel i elementet og kopla opp høgtalarane på eige anlegg; for å prøva dei ut. Dei verka tungdrivne, og bassen høyrdest ut som om han var råka av ein kjend  lungesjukdom. Eg berre måtte prøva: Eg skrudde elementa ut att, fjerna skumgummien rundt elementet (resten er der), og opna meir opp for frie luftvegar til øvre og undre del av kabinettet (som er delt i tre seksjonar, grunna avstivarar over og under basselementet); skrudde elementa på plass att, kopla til att og lytta.  

Det var som nye høgtalarar. No verka dei lettdrivne; og bassen fekk nytt liv. Eg la aldri inn att denne delen av skumgummien. Eg merka meg dessutan noko anna: Mellomtone og diskant let nydeleg, men eg undertrykte det, for eg hadde ingen planar om å kjøpa slike. Men opplevinga sleppte ikkje taket, og ein vakker dag slo eg til og kjøpte eit sett på FINN. Ytre sett var dei slitne og stygge med kutt og merker, so dei vart berre parkert i kjellarstova i påvente av betre tider. Og betre tider kom: Etter å ha gått lei av ein drøss små høgtalarar med store feil, kom eg på tanken at eg berre MÅTTE kopla opp noko betre, også med tanke på den påemna testen av diverse Nad-forsterkarar. For å gjera ei lang historie kort (litt av dette sto å lesa i mai-dagboka) drog eg Dali-ane opp frå kjellarstova, og plasserte dei ein og ein på ein krakk på kjøkenet. Ljoset er best der. Kjøkenet er verkstaden min. Eg lagar jo uansett ikkje mat, so kvifor ikkje. Formtre vart lagt i sår og skader, og seinare pussa ned. Dette er ein grannsam prosess, og ikkje noko for folk med tolv tommeltottar. 

Når eg fyrst hadde dei "på benken", ville eg sjå korleis dei såg ut inni, for bassane hadde fått ny belg, så nokon hadde uansett vore inni. Ikkje all skumgummien hadde vorte lagt attende, og slett ikkje på plass. Eg la ein plan: Her hadde eg endeleg eit høve til å eksperimentera med dempemateriale. I den eine høgtalaren beheldt eg skumgummien, og organiserte han omlag slik eg tenkjer er rett, meir eller mindre intuitivt, og etter kva eg har lese eller observert i andre høgtalarar. I den andre plasserte eg filtmatter, etter mal frå den fyrste. Desse har eg knabba frå toppen av oppvaskmaskiner på gjenbruksstasjonane. Det har slått meg at desse er passe porøse til føremålet, og enkle å klyppa til. 

 Skumgummi som dempemteriale

SAMANLIKNING: SKUMGUMMI MOT FILT

Høgtalarane vart plasserte rett ved sida av kvarandre, den eine med skumgummi, den andre med filtmatter. Ved hjelp av monoknappen på NAD 7020 og balanseknappen kunne eg gå fram og attende mellom høgtalarane (ein klassisk A-B test). Basskontrollen vart skrudd godt opp, og menyen var basstung musikk av ein type eg normalt aldri lyttar til, men bass er bass! Og det var det eg trengde no. Slik var det lett å høyra: skumgummi-høgtalaren durte i bassen, og bassgitaren slutta aldri å klinga ut. Filthøgtalaren hadde kontroll på bassen, utan during, og bassgitaren starta og stogga på ein blunk. Det var ingen tvil om at filt dempa bassen langt meir effektivt enn skumgummi, som høyrdest ut til å ha dårlege dempe-eigenskapar. Han er tydelegvis for tett eller kompakt, og bidreg muligens meir til å redusera volumet i kabinettet enn å dempa.


Filt som dempemteriale

 

TEST 2: FILT MOT GLAVA

Ny test: Ut med skumgummien, og inn med Glava, som naturlegvis vart plassert akkurat som tidlegare, for  rettvis samanlikning. No samanlikna eg altso filtmatte, som vart sigerherren i fyrste runde; mot Glava. Denne runden var langt vanskelegare. Eg gav til slutt opp. Det var minimal skilnad mellom desse to alternativa. Eg bytte til og med om på høgtalarane, slik at det ikkje skulle vera plasseringa som var avgjerande. På eit tidspunkt presterte eg faktisk å gløyma kva høgtalar som hadde filt og kven som hadde Glava (litt med vilje); slik at det vart blindtest. Same resultat: Eg gav opp. Resultatet var nær identisk. 


Glava som dempemteriale

 

KONKLUSJON

Eg har m.a.o samanlikna tre alternativ, men tenkjer at dei kan delast inn i to grupper: Skumgummi og tilsvarande relativt kompakte matter; mot Glava og tilsvarande porøse matter. Konklusjonen er ganske klar, i alle fall å etter denne utprøvinga å døma: Dei porøse mattene demper godt, medan meir kompakte matter som skumgummi, er betre eigna til å liggja på. 

Hugs at basselementet er ope bak. Det stråler like mykje ut frå baksida som framme. Det er difor lyden inni kabinettet må dempast, elles oppstår eit helsikes bråk inni der, og dette slår attende mot elementet. Det høyrest som skurr/forvrenging. Eg veit det, for eg har prøvd. Eg fjerna ein gong all demping i eit kabinett. Ta dessutan høgd for at det er skilnad på lukka kabinett og bassreflekskabinett. Eit bassreflekskabinett nyttar seg av baksideutstrålinga, som strøymer ut (og inn) gjennom bassrefleksporten. Dempinga må difor vera tilstrekkeleg men ikkje meir. I eit lukka kabinett må all baksideutstråling ideelt sett dempast. Yamaha NS 1000M, ein vidgjeten og anerkjend lukka høgtalar til monitorbruk og heimebruk, er ganske pakka med Glava.      

RELEVANS

Ein vanleg audiofil utan elektronikk-utdaning kan gjera lite og inkje med anlegget sitt når det gjeld modifikasjonar. Ein høgtalar, derimot, er lettare å forstå seg på. Mange HiFi-interesserte har konstruert og spikra sine eigne høgtalarar - ikkje berre for å sparar pengar, men for å læra. Og ein rimeleg høgtalar kan lett forbetrast av ein ivrig audiofil; som kan gjera ting som produsenten ikkje kunne ta seg råd til, elles hadde han vorte alt for dyr. Dempematerialet er ein slik ting. I alle fall har eg, etter eiga meining, transformert eit sett Dali 7 frå å vera ein relativt ordinær høgtalar (men godt likt og mykje omtalt) til å verta ein Warholm (eller Ingebrigtsen). Eigen omtale vil fylgja. 

YMIST

Under ymist (diverse), som eg ikkje har nytta på ei stund, ynskjer eg å kommentera ting som har ein lausare samanheng med HiFi; om eg kjenner trong for det. Eg har ikkje tenkt å starta ein språkspalte akkurat, men har vore inne på det før: Språk interesserer mange, og er viktig for ein kvar skribent. Språk er livgjevande, turvande og interessant, og det som skil dyret menneske frå andre dyr. Som vestlending, i so mange generasjonar som eg kjenner til, nyttar eg naturlegvis nynorsk, både i tale og skrift. Og mange har sikkert lagt merke til at eg likar å nytta gode gamle ord og uttrykk. Også litt for å demma opp mot engelsken. Ordet eg er særskilt nøgd med i denne dagboka, er ordet grannsamt. Om du ikkje veit eller finn ut kva det tyder, skriv gjerne til meg. Under kvar dagbok-artikkel kan du trykkja på konvoluttsymbolet (Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.). Bruke denne, om du har noko å fortelja! Ikkje ver smålåten (dansk: beskjeden). Fleire har gjort det, og bidrege med interessant informasjon, som me kan byggja vidare på. 

Dagens autokorrektur: Basskontroll vart retta til passkontroll, anten du skal til utlandet eller ikkje.  

 

SEX I ØLSPALTA

No skal me snakka om sex. (-Ja da skulle nett teke seg ut, som Linda Eide seier). Sjekk biletet Stig Inge har sendt meg: Frå favoritt-mikrobryggeriet hans i nærleiken, i utkanten av Tokyo, har han fått tak i denne: Not So Sexy Brown (frå produsenten Tamamura-honten). Kva dei no meiner med det. Teksten er ikkje god å tyda, Stig Inge talar flytande japansk, men å lesa og skriva han er verre. Men ølen var god han, seier Stig Inge. Sexy brun, og tydelegvis smakeleg. Stig Inge smatter og stønnar via FaceTime frå Japan. -High End, seier han, eit omgrep som vert nytta om det beste og dyraste, i Amerika særskilt, og som Harry Pearson, redaktør i TAS, i si tid introduserte på HiFi, som førstemann.

Her til lands har me òg ein einar i gode flasketekstar: Gahr Smith-Gahrsen i 7F, dvs 7 Fjell i Bergen. Dei har tappa ein pilsner på halvliterboks, 7 Fjell Pilsner. Me måtte sjekka kva mikrobryggeriet mellom dei sju fjell kom opp med når dei skulle laga ein heilt vanleg pilsner. Skummet er ganske finmaska kremaktig, lukta minner svakt om leverpostei men berre svakt, og smaken har meir karakter enn vanleg industripils, sjølv om det er gaukebrygg laga hjå Aass i Drammen. Han er lett mot det søte, og so gul på farge at eg måtte finlesa på boksen for å sjekka om dei har sett til frukt, men nei. Han er òg uklår, som om det var eit kveitebrygg (weizen), men det skuldast at han er ufiltrert. Best kald, som dei fleste pilsner. Då er han frisk; som Hansa sommerøl. Det er ikkje alt øl som toler å verte lunka. Beck´s er ein av dei få som toler det. Han er nesten betre lunka enn kald. Då kjem smakane fram. Det er jo eigentleg ikkje dei store skilnadane pilsner imellom, men dei er der.  

 

 

Lest 1059 ganger Sist redigert fredag, 22 juli 2022 09:05
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler