fredag, 28 oktober 2022 13:59

Nakamichi og et glass til – Stig Arne si dagbok september 2022 Spesial

Skrevet av

 

Det ville vore naturleg denne månaden å halda fram med artikkelserien om demping. Eg skreiv fyrst om dempemateriale inni høgtalarkabinettet, og heldt fram med demping av sjølve elementa (polstykket). Eg er ikkje ferdig, men me tek ein pause. Eg vil skriva litt om lytting generelt, og om røynslene mine med lytting til kassettspelarar nyleg. Desse er visstnok på moten att, nett som platespelarar. Eg var ikkje førebudd på dei oppdagingane som låg framføre meg.  

Lytting er ferskvare

Alle har høyrt at trening er ferskvare. Men det gjeld ikkje berre muskeltrening. All røynsle du har går sakte men sikkert i gløymeboka, om ho ikkje vert halden ved like. Derav omgrepet “tida lækjer alle sår”. Men eg var sanneleg ikkje klar over at dette òg gjeld høyrsel og lytting. Har du ikkje lytta til stereoanlegget ditt på ei veke eller fleire, grunna ferie eller kva det skal vera, er du “rusten”. Det har du sikkert opplevd. Du kan ikkje “testa” noko før du har varma opp litt, dvs. lytta eit par kveldar. Lyttemuskelen lyt trenast opp att.

Det same gjeld konsertopplevinga. Etter ein lang sumar mest utan konsertar var det eit sjokk å oppleva konsertlyden att. So kraftig, so levande, so dynamisk. Eg hadde heilt gløymt kor dramatisk det var. Som sagt: Lytting er ferskvare. Du trur du er ferdig utdanna som audiofil og lyttar, berre for å oppleva at du er totalt ute av trening. Om det høyrest usannsynleg ut, var det no to nyreparerte kassettspelarar som fekk meg attende på banen. 

Kassett-mediet

“Alle” hadde kassettspelar på 70- og 80-talet. Eg skjønar ikkje heilt kvifor. Det måtte vel vera både betre og billegare å kjøpa LP-plata, i staden for å kjøpa kassettspelar og kassettar for å spela inn naboen sine plater, med redusert kvalitet som resultat? Eg kjøpte sikkert kassettspelar avdi alle dei andre gjorde det. Det var ein Aurex (Toshiba), som hadde fått gode kritikkar. Ein drittspelar, med temmeleg ustabil gange. Flutter (tydelege raske hastigheitsendringar, eller skjelving) var tydeleg. Etter kvart vart lydhovudet utslite, og spelaren parkert. Eg har han enno, men skal levera han på returstasjonen, i von om at han til slutt vert smelta om til ammunisjon for Ukraina.

Sidan har eg likevel sakna å ha ein kassettspelar. Det var moro å spela inn, og sitja å sjå spolane gå rundt. Eg fekk tak i ein Philips FC 141 i ein bytehandel, og denne vart nytta til å ta opp konsertar frå NRK Jazzklubben. Slik har eg fått samla ein del musikk som elles ikkje er å finna. Og i dag finst det fleire gode grunnar til å ha kassettspelar. Faktisk fleire enn tidlegare. 

Nakamichi

Også Philipsen gjekk sjølvsagt til helsike, og atter ei stund var eg utan spelar. Eg gjorde ein halvhjarta freistnad på å få han reparert, men gav opp, og kjøpte meg ein Nakamichi BX-100E for 1500 kroner på Finn.  Praktisk talt strøken, og han spelte nydeleg, heilt til eg oppdaga at han ikkje tok opp. For å gjera ei lang historie kort, fekk eg endå ein slik av ein hifi-kamerat, og begge vart levert til ein dyktig reparatør i Bergen for ettersyn og byte av  reimer, pressvalsar og denslags. Noko fekk eg tak i på e-bay, Ones ordna resten. Månadane gjekk, Ones hadde det travelt, men endeleg ein dag fekk eg klarsignal til å koma og henta dei. Tenk deg lukka med to Nakamichi på tralla på veg heim att. 

Det høyrer òg med til soga at etter ein uheldig passering av ein fortauskant velta tralla overende, og begge spelarane gjekk i asfalten og fekk stygge skrubbsår på eine hjørnet, heldigvis på undersida. Spelarane var rulla inn i bobleplast og godt verna, men ikkje på sidene! Etter ein halvtime med fil og tusj var skaden glatta ut og nesten usynleg. Men dramatikken var ikkje til endes. Dei to spelarane hadde ulike feil, og dette vart notert på ein merkelapp på kvar spelar; til hjelp for Ones. Men då eg inspiserte spelarane att heime før oppkopling, gjekk det kaldt nedetter ryggen på meg. Eg hadde forveksla spelarane. Dei var jo kliss like, særskilt etter at eg (tidlegare) hadde gått over striper og skader med tusj. Kva hadde då Ones reparert og ikkje reparert? Begge virka, men eg var likevel uroleg. Ones svarte ikkje på telefonen før dagen etter, og då var eg alt nervevrak. Eg fortalde kva eg hadde gjort, og beklaga at eg hadde villeia han på det grovaste. Ones svarte, roleg som alltid: “Ja, eg oppdaga det etterkvart”. Han hadde m.a.o. dobbeltsjekka og reparert alt som var å reparera. Dei fungerer framleis perfekt, etter månaders ivrig bruk. 

Frå den lokale brukthandlaren min, Brukt`n, har eg fått påsevis med kassettar, både ferdiginnspelte og (mest) blanke for innspeling. Eg trur eg har for ei stund! Eg prøver dei ut ein etter ein og ler godt av alt folk har funne på å spela inn. Men det er ikke noko problem, ein kassett kan du spela over gong etter gong. Nærare tekniske detaljar om kassettar og -spelarar skal eg koma inn på i ein eigen artikkel. 

Etter å ha gått gjennom dusinvis av kassettar med både uinteressant innhald og dårleg lyd, mysste eg nesten interessa. Men då eg byrja å gå gjennom kassettane til han Arnstein, utflytta vossing, tok vegen ein ny retning. Musikksmaken hans er liknande min, og her var det mykje kjekt å lytta til, sjølv om eg framleis ikkje var nøgd med lyden. Ein kveld lytta eg til Jeff Beck with The Jan Hammer Group, og vart vilt begeistra. Dagen etter søkte eg denne plata fram på nettet, og tenkte eg ville få betre lyd derifrå. Men også på Spotify var kvaliteten temmeleg digital, eg starta kassetten att og skrudde godt opp, og oppdaga at lyden herifrå var av ein heilt annan kvalitet; med eit stort, djupt og naturleg lydbilete. Eg kunne nesten ikkje tru det eg høyrde. Eg fann etterkvart ut frå merkinga av omslaget og kassetten at han var spelt inn i 1979, og plata kom ut i -77. Altso lenge før CD-mediet. Han Arnstein hadde altso spelt inn frå originalplata, på ein Rega Planar 3 med MM-pickup. Har hadde neppe reingjort korkje stiften eller lydhovudet, for diskanten var so som so, likevel er altso lydkvaliteten langt over det du finn på nettet, om du ikkje strøymer CD-kvalitet frå Tidal, “lossless" frå Apple Music eller tilsvarande. Og kan hende heller ikkje då? Eg skal sjekka. Men akkurat no har eg ei veldig dårleg kjensle for den lydkvaliteten som strøymer ut frå radio og på nettet, generelt. Når ei gamal analogplate spelt over på eit “lågkvalitets” medium som kassett presterer denne lydkvaliteten må du nesten byrja å lura på kva som skjer.

Eg har ikkje sagt at digitalt er dårleg. Eg høyrer fabelaktig lyd på konsertar via digitale miksepultar, og gjennom Nrk Jazzklubben på nettet (men berre i sanntid, ikkje i opptak). Men det du høyrer til vanleg er komprimert digital; ein ljos, skingrande og kunstig lyd, som går meg på nervane, sjølv om eg kan “bevise" at eg nyttar utstyr som ikkje på nokon måte går i den retninga. Likevel har eg måtte byrja å setja diskantkontrollen på ti på tolv, medan han står i nullstilling når eg spelar analog. 

Fylgjande moglegheiter står att for god lyd: CD, "high-res” frå nettet, eller LP-plater, helst analoge, og gjerne kassettopptak. Eg skal atter rundt til vener og andre for lån av LP-plater. Sidan eg no har hundrevis av kassettar til å spela inn på, er dette i tillegg gratis musikk. Nye LP-plater er svindyre! Eg hadde ikkje eingong drøymt om at kassettspelarane mine skulle verta so aktuelle. Eg ville jo berre sitja å mimra, og sjå spolane gå rundt.

Biletet syner korleis eit seriøst opptak på kassett kan gjerast. Kassettspelaren står på toppen, CD-spelaren under er slått av. Mac-en, som eg tek opp frå, står på ein krakk for seg, når han sto oppå kassettspelaren resulterte det i brum. 

PS. Trongen for ei strøymeteneste med betre lydkvalitet enn Spotify vart brått påtrengjande. Eg har no installert Apple Music (tidlegare iTunes) på Mac`en, og kjem attende med røynslene derifrå. Denne er sagt å vera “lossless”, dvs CD-kvalitet, slik som størstedelen av Tidal. Me får sjå. 

Litt musikk

Bileta er frå to konsertar i regi av Voss Jazzklubb. Det fyrste er Thomas Torstrup Quartet, som spelte i “gamlekinoen” 29. september. Resten av gjengen var Simen Kiil Halvorsen på trompet, Stian Andersen på bass og Ivar Asheim på trommer. 

Neste bilete er Mats Eilertsen Quartet (19. oktober), med Mats på bass, vossingen Tore Brunborg på saksofonar, Thomas T. Dahl på gitar og Hans Hulbækmo på trommer. På begge konsertane spelte dei “tørt”, dvs utan forsterking. Nydeleg musikk, og super lyd. Neste konsert er med Gabriela Garrubo, 16. november. 

Dei turnerande har ofte med seg både CD- og LP-plater for sal, hugs det når du planlegg jolagåvene! 

Ølspalta: Et glass til

Filmen "Et glass til” vann Oscar i Danmark og har fått terningkast 5 hjå Filmpolitiet til Nrk P3. Han har fått mykje merksemd i Noreg òg, sidan han byggjer på psykiater Finn Skårderud sin teori om at mennesket er fødd med ein halv promille for lite. Den danske filmskaparen Thomas Vinterberg vart so inspirert av dette at han laga film om temaet, der fire trøytte lærarar starta skuledagen med å drikka seg opp, og halda fram med ein promille på 0,5 gjennom dagen, for å finne ut kva som hende. (Seinare auka dei dosen). “Forskingsprosjektet” enda sjølvsagt med forferdelse. Lærarane drakk seg meir eller mindre både frå jobb og familie, dei vart delvis alkoholiserte, og den eine døydde.

Mange har fortalt meg at dette var ein hylande morosam film, som eg absolutt måtte sjå, og her ein dag vart han send på fjernsynet. Eg er ikkje samd. Her er fleire morosame scener, men filmen er djupt alvorleg. Og det enda tragisk, eller i alle fall tragikomisk. Det har vel aldri vore meininga at ein skal tvinga i seg alkohol før ein reiser på jobb. Det er ikkje naturleg. Det er meir vanleg - og sosialt akseptert - å slappa av med eit glas når det elles passar, som i helgane, eller om kvelden etter ein lang dags arbeid, om ein kjenner trong for det. Alkohol er ikkje til å spøka med, sjølv om ein kan verta ganske spøkefull av han.       

Skårderud presenterte teorien sin som forord til ei bok, og ynskjer i dag ikkje å diskutera temaet. Han kjenner seg truleg misforstått eller feilsitert. Eit forord til ei bok er ikkje akkurat ei forskingsoppgåve, og ingen grunn til å tolka altfor bokstaveleg. Du finn meir seriøs informasjon om alkohol og drikking på forskning.no, t.d. i artikkelen “Rusparadokset. Hvorfor drikker vi?” Her kan du lesa om at alkohol finst naturleg i naturen, som t.d. i gjæra frukt om hausten, og har vorte nytta av både dyr og menneske og i uminnelege tider. Mennesket si åtferd andsynes alkohol har òg endra seg opp i gjennom historia, som ei evolusjonær tilpassing. Avhaldsfolket skal ha ros for å mana til måtehald, men dei har ein stri jobb. Dei kjempar delvis mot sjølve naturen.  

 

Lest 1098 ganger Sist redigert fredag, 28 oktober 2022 17:20
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler