fredag, 20 oktober 2023 18:28

Ein snartur – Stig Arne si dagbok september 2023 Spesial

Skrevet av

Ein tur innom Lars Tørressen i Bergen var det eg hadde lyst å skriva om til denne utgåva, samt ølspalta naturlegvis, inkludert øl du ikkje får tak i. Om du ikkje valfartar til litteraturfestivalar. 

Ein snartur innom (Lars Tørressen)

“ja berre kom, me har ein time, men du må venta eit kvarter, for eg limer”, seier Lars. Eg var eit ærend i bydn (Bergen) for å henta og levera reparasjonar hjå SeviceKompaniet AS. Det gjekk raskt, so eg hadde tid til overs. 

Lars Tørressen er mannen som forlet ein trygg jobb som arkitekt for å satsa som instrumentbyggjar. Han er og ivrig audiofil, og byggjer mykje av utstyret sjølv. Medan han limte på ein lutt i arbeidsrommet i kjellaren sette han på noko musikk for meg. 
"Horn er så direktive at dei fint kan stillast oppetter veggen og likevel låte bra" seier Lars. Kvart frekvensområde har eigne tilpassa forsterkarar. Delefilter, equalizer og tidskorrigering vert styrt digitalt i ein BSS 366 dsp. Stort Iwata mellomtonehorn, mindre diskanthorn, og to golvståande JM Lab høgtalarar per side med i alt 4 basselement kopla direkte til forsterkarane. Horndrivarane kjem frå  Radian og TAD. Iwatahorna vert drivne av røyrforsterkarar med 45 NOS trioder, berre nokre få watt, takk vera effektive element. Lyden er veldig oppløyst, og ein fryd å lytta til, via platespelar med DS Audio optisk pickup og tilhøyrande fonotrinn. 



Det er aldri vekkasta å vitja Lars; ihuga audiofil og musikkelskar. Han har alltid noko nytt, nye ting kopla saman, og nyhende å fortelja. Og deler raust av erfaringane sine. Han har, som meg hifi over heile huset. Men på soverommet er det forbode. Difor har han eit alternativt soverom med hifi. Eg spør ikkje kor ofte han overnattar der. Litt privatliv må folk få ha. Attende til hifi: Han prøvde med dei gamle Quad elektrostatane, men dei vart for store for det vetle rommet. For mykje bass. Rogers LS3/5A fungerte fint, men noko anna var kopla opp no: Eit par gamle Radionette-kabinett snudd på hovudet, med basselementet erstatta av eit Morel mellomtone-element av høg kvalitet, med (stooor) underhengt spole, brukt som fulltone. Direktekopla til forsterkaren utan delefilter, slik eg har forklart tidlegare på Mofi Sourcepoint 10 (sjå messerapporten frå Horten) og Vestlyd V15C (der har du den igjen). Dei andre elementa er kopla ut. Det fungerte heilt fantastisk til klassisk musikk, som sjeldan har bass av betydning med unntak av paukeslaga. Lars er ikkje fanatisk på vinkling, dei sto vinkla LITT inn. Eg fekk lov å retta dei opp, og … du veit kva eg meiner om dette. Men sidan stereoperspektivet ikkje kan sjåast med det blotte auge, er det nyttelaust å diskutera kva som er best. Det lyt vera opp til kvar einskild. Men me er nok mange som lyttar med augene, kor rart det enn høyrest ut. 



Og du gissar aldri kvar den gode lyden kom ifrå: Ein gamal Denon kassettspelar, frå ein kassett far hans tok opp frå radio, av ein direktesendt konsert i FM si stordomstid. Alt analogt. Du anar konsertlokalet mellom høgtalarane, og me var samde om kva type lokale orkesteret truleg brukte. Bilda illustrerer kva rom me lytta i, men ingen menneske vart fotograferte på soverommet naturlegvis. Litt diskresjon lyt me unna intervjuobjektet.  


 
Før toget gjekk heim til Voss rakk me ein lytt i stova og. Her har han stabla søyler av Celestion 3, for å auka bass og lydtrykk. Desse har han kjøpt brukt på FINN for “ein slikk og ingenting”. Han meiner desse elementa er særskilt gode. Lars likar dynamikken frå samankoplinga av mange høgtalarar, sidan Paravicini rørforsterkaren berre er på 10 watt (men den beste han har, seier han). Merk at stabelen er svakt konkav. Og det fungerer godt, lyden vert stor og detaljert. Eg meiner likevel at 10 Watt er for lite, det går ikkje å spela skikkeleg høgt, og eg meiner framleis at eitt stort element gjev meir kraft enn mange små. Me har alle våre kjepphestar. Uansett: God lyd frå alle rom. På halvannan time rakk me utruleg nok ei lytting på samlege for tida oppkopla anlegg, alle oppvarma. Han skrudde på alt då han høyrde at eg var på veg. Berre amatørar lyttar til kalde anlegg.

Diktarøl og annan skaldedrykk

Dag, relativt fast medlem av ølspalta sitt prøvepanel, har vore på litteraturfestival i Bergen og hadde med seg kuriositetar derifrå, pluss ei som vart laga i høve 50-årsjubileet til 72-russen frå Voss Gymnas. Flaskeøl med forseggjorte etikettar, rein luksus som berre kunne nytast der og då. Difor har det heller ingen hensikt å koma med lange karakteristikkar. Men eksklusivt er det, og gode var dei. 

Dei andre øla er kjøpte i ein butikk på Evanger, som også har eit utval utanom det vanlege, men desse kan du marsjera inn og forlanga, om du elles kan oppføre deg som folk og betala for deg:

Breidablikk Pale Ale frå Bømmeløen Bryggerhus på Bømlo var lett og friskt, med hint av morgonbrød. Uvisst kven sitt.  

Gunnlod Vinland Blond Ale: Gunnlod var vaktar over diktarmjøden, ei oppgåve det ikkje kan takast lett på. Lett og godt, meir som eit “saison”-øl.

Skjeggjøld IPA: Klassisk IPA, god og ikkje overhumla (Dag).

Øla frå Olden Bryggeri i Nordfjord kjøper eg alltid med meg når eg er på dei kantar. Særskilt Briksdal Pale Ale var godt likt. “Høydare!” høyrde eg sagt. Mjuk og balansert, hint av jolakrydder i utgangen (Lars). 

Og hint av jolakrydder kan det verta meir av når jolaølet kjem. 

 

Lest 2954 ganger Sist redigert lørdag, 18 november 2023 14:06
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler