mandag, 18 desember 2023 17:05

Augnestikkarar og jolaøl – Stig Arne si dagbok november 2023 Spesial

Skrevet av

For ein gongs skuld har eg helde lovnaden med å koma attende til noko eg har lovt tidlegare: Å samanlikna Dac-ane Audioquest Dragonfly Cobalt og Red. Og Cayin RU6. Og mengder med jolaøl, men det visste du kom uansett. 

DAC-en: DEN DIGITALE PICKUPEN

Det slo meg her ein dag, etter å ha kopla opp ein platespelar-rigg og prøvd ut ein neve pickupar, at Dac-en er den digitale pickupen. Pickupen plukkar opp musikken frå platerillene (derav namnet), og sender han vidare til forsterkaren. Dac-en hentar ut digital-signalet frå datamaskina eller telefonen, omformar det til analog, og sender det vidare til forsterkaren. I prinsippet same jobben. Dårleg pickup, dårleg lyd. Dårleg DAC, dårleg lyd! Dac-en er m.a.o ein like sentral del i det digitale anlegget som pickupen er på

platespelaren. Og likevel trur eg det er mange som ikkje har brukt på nær like lang tid på å prøva ut Dac-ar som me brukte på å finna den beste pickup-en i hine hårde dagar. Sjølv, etter at Mac-en vart ei sentral kjelde for å finna all slags musikk, nytta eg berre dei enklaste og billegaste  løysingane. Ei slik løysing er Audioquest sine Dragonfly Red og Cobalt. Takka vere min høgst private jolanisse i Tokyo - eg treng ikkje nemna namn - har eg begge, og har samanlikna.

   

Audioquest Dragonfly Red og Cobolt DAC

HiFi Klubben sel desse. Den nye Cobalt kostar 3598, og den eldre, Red, kostar 2398. Cobalt har vorte testa overalt, både i papirmagasin og på nettet, og hausta stormande applaus for tilhøvet mellom yting og pris. Men ingen har gidda å samanlikna han med den gamle Red. Berre ein (John Darko frå Darko.Audio) antyda at Red muligens var meir flytande (fluid) i mellomtonen. (Karl Erik har også samanlikna Dragonfly Red og Cobalt i sin test av Cobalt – red.anm.) Det tende ein gneist. Eg måtte prøva. Merk at både Karl Erik og eg har omtala alle dei tre omtalte dac-ane tidlegare. 

Eg hadde so langt nytta den blå, Cobalt, sidan det var den nye, dyraste og dimed beste, ikkje sant? Det er jo slik me tenkjer. Men eg har lært. Og det eg fann ut, var relativt sjokkerande. No nyttar eg den raude.

Kvintetten Avind

Eg har samanlikna desse to lenge, sånn i farta, og fått ei snikande kjensle av at den nye kan hende ikkje er so overlegen som alle vil ha det til, men har so langt ikkje trekt nokon bastant konklusjon. Men etter at det slo meg kor kritisk denne komponenten er, måtte eg ta jobben. Eg nytta siste utgjevinga til “indie-rock”-gruppa Avind (Stiller alt for mange krav, 2023), med solisten Tonje Tafjord frå Ålesund, som syng på norsk (dvs. nynorsk). Kven trur dei at dei er, desse haldningslause tomsingane som syng på engelsk, og trur dei skal verta verdskjende over natta? Beklagar utblåsinga, men til dette føremålet har Avind det eg treng: God innspeling, tydeleg vokal, godt innspelt stortromme, og trøkk i lyden. Plain rock, ikkje min vanlege meny, men ikkje so keisamt at eg somnar i lyttestolen. Og so er det jo spanande å verta kjend med nye artistar.  

Cobalt

Eg har, akkurat no, tre dac-ar i aktiv bruk. Ein Cayin RU6, og Audioquestane. (Ja, eg har og ein HRT, men det får vente). Eg ynskjer jo best mogeleg lyd, og då måtte eg bestemma meg for kven av desse 3 dac-ane eg vil nytta frametter. Ein kveld eg var ekstra opplagt, starta eg med konsentrert lytting og utprøving. Eg byrja med Cobalt, og vert møtt av eit ganske kompakt og rått lydbilete, som på ein måte er fasinerande, men som eg tenkjer er  forvrengt. Lyden pressar mot øyret. 

Red

Red har ein opnare lyd med meir kjøt på beinet, og verkar mykje meir naturleg. Vinduet er vaska, og lyden er ikkje lenger pressa. Dette er hifi. 

Cayin RU6

Eg fortel dette til Stig Inge. Han nyttar mykje dyrare ting og gidd knapt nok høyra etter, men rår til at eg òg lyttar til Cayin, i fall denne kan gje ein peikepinn på kven av Audioquestane som er på rett veg. Eg har ikkje før sett meg til å lytta, før det ringjer på døra. Lars kjem meg til unnsetning. Det er mykje seinare på kvelden enn normalt for han å vitja meg; han kjem frå ein vinkveld. Eg er skikkeleg gira på å fullføra testen, og spør om han orkar å vera “second opinion”, med to låtar pr. DAC. Det kunne og burde vore blindtest, men Lars kunne ikkje bry seg mindre om kva som spelte; han er heilt utan fordommar. Han var dessutan halvveges sveiseblind. Me byrjar med Cayin, utan at Lars er særskilt imponert. Når Red spelar, er han ikkje i tvil. Dette er ein heilt annan klasse. Med Cobalt er han ikkje so kritisk som eg er, men held fast ved at Red er den beste. Eg er samd i rangeringa.

PS. Merk at Cayin har to innstillingar: Ein for oversampling (OS) og ein for non-oversampling (NOS). Det siste er populært mellom ei smal gruppe audiofile. I byrjingane føretrekte eg NOS, sidan denne var ekstra klår, men oppdaga seinare at ho var noko hard og med redusert djupne. Eg gjekk attende til OS (oversampling), som let meir behagelig og naturleg. Dette var standardinnstillinga.    

Konklusjon

No vil sikkert mange reagera på påstanden vår om at Red spelar betre enn den nye Cobalt. Men Lars og eg er ikkje åleine. Også Dag, som har begge, takka vera same jolanissen, samtykkjer, heilt uavhengig av oss (og i sitt eige anlegg). Kva kan evt. vera grunnen til at Cobalt spelar dårlegare? Det veit me ikkje. Redaktør Karl Erik har skrive om innmaten. Forsterkar-chipen er den same, men DAC-chipen er ulik. Han trekkjer mindre straum. Denne prioriteringa kan ha gått på bekostning av lyden. Og Cobalt er mindre enn Red. Miniatyriseringa kan òg ha gått på bekostning av lyden. Som sagt, me veit ikkje, eg studerer ikkje tekniske data. Jo, eg gjer det, men ikkje i dette tilfelle. Dette er langt over mitt nivå. Eg berre lyttar. 

Det er både underleg og beklageleg at Audioquest lanserer eit produkt som er dårlegare enn det førre, og tek over tusen kroner ekstra. Me må sjølvsagt ta atterhald om at me har rett, me har trass i alt berre prøvd dei ut i to ulike anlegg. Inntil ytterlegare utprøving, har me berre ein konklusjon: Du kan tru på reklamen og kjøpa Cobalt, eller du kan spara tusen kroner og kjøpa den beste. Du gjer som du vil. Med HiFi Klubben sin returgaranti kan du faktisk kjøpa begge, og levera attende den du likte minst. Du må gjerne orientera oss om resultatet.      

ØLSPALTA

Eit utval butikkøl (maks 4,7%):

Hansa Juleøl 4,7%

Typisk Hansa. Ikkje veldig mykje lukt eller smak, men balansert, fruktig, frisk og lettdrikkeleg og betre enn på lenge. Og ein nydeleg raudfarge, slik eg hugsar han heilt attende til studietida på (gamle) Studentsenteret, Grillen. Eg kunne sverga på at han var tilsett bær, som rips eller bringebær, men finn ingen slik informasjon på boksen. Kan utmerket godt gå vidare til finaleomgangen, om ein slik skulle dukka opp. 

 

Hansa Julebrygg 4,7%

Historia gjentek seg: Lars og Dag likar han, eg står over. Emmen og kunstig søtsmak.  

 

Ringnes Juleøl 4,6%

Typisk Ringnes. Maltrik med svak sødme, snev av kaffi og myrk sjokolade.

 

Aass Juleøl 4,7% og Bryggerimesterens Juleøl 4,7%, liten boks

Balanserte og friske, smak heile vegen. Passeleg bit på tunga. Godt likt, særskilt den vetle.  

 

Tuborg Juleøl 4,5%

Dei har hatt lakris oppi. Kvifor? Me likar han, men han hadde vore betre utan. Det er diskret, men når du fyrst har lagt merke til det, irriterer det.

 

Mack God jul 4,5% og Vellagret God Jul 4,5%

Frisk og fruktig, men lite ettersmak. Kunne godt vore humla litt kraftigare for litt meir bit på tunga. Den vellagra varianten var betre likt.

 

Nøgne Ø Endelig Jul 4,5%

Nydeleg. Ø er eit mikrobryggeri, som venta er her meir smak, og prisen er der etter. Kaffi og sviske. Myrk og tung. “Darth Vader av butikkøl”!

 

Poløl, 6,5%

Ringnes Juleøl sterk 6,3%:

Nydeleg, noko søtare og kraftigare enn andre på 6.5%, snev av kaffi, karamell og sviske. Det bitre balanserer godt mot det søte, “langt på veg ein perfekt jolaøl”.

 

Hansa Juleøl 6,5%, Bergen:

Balansert og godt likt, me kunne drukke mykje av denne. Relativt lett, men med ein viss substans.

 

Hansa Julebrygg 6,5%:

Noko eindimensjonal søt. Lars likar han betre enn meg, men plasserer han uansett ikkje høgt opp.

 

Dahls juleøl 6%, Trondheim:

Denne brukar vera ljos, aromatisk og godt likt, men er annleis i år. Myrkare. Godt anslag, men litt kort og enkel i avslutninga. Manglar det bitre (humle).

 

Aass Premium Juleøl 6,5%, Drammen:

Malt. Kraftigare enn Dahls men framleis noko enkel og vassen avslutning. 

 

CB juleøl 6,5% frå Christiansands Bryggeri:

Litt “kompakt” i smaken, Lars likte denne betre enn meg og plasserer han høgt, eg rynker litt på nasa og minnest at han brukar vera betre. PS: Lars har rett. Eg har dobbeltsjekka. Kraftfull og god. Siglar opp mot pallen.

 

Mack God Jul 2022 6,5%:

God og balansert, kan koma på pallen denne. 

 

9 Prosent: 

 

Fleire av dei mest kjende jolaøla har variantar på 9% eller derikring. I år gjeld det Ringnes, Aass, Mack og Dahls. 

Aass Vellagra Juleøl 9%:

Denne brukar alltid koma høgt opp, men er mindre smaksrik og kraftig i år enn me hadde venta. Noko vassen ettersmak, truleg avdi dei tradisjonelt er maltdrivne, og forsiktig humla. 

 

Mack Julebokk 9%, Dobbeltbokk:

Kaffi og bitter sjokolade, samt litt frukt (sviske/rosin). Mange gode smakar, men litt liten ettersmak, og litt turr. 

 

Ringnes Julebokk 9%:

Kraftigare enn 6,5%, rund og fin, bevarer ettersmaken betre, framleis ikkje toppnivå spekulerer me, men uansett ein av dei beste. Me krangler litt om kven me likar best, denne eller standardvarinten på 6,5%, men trur da mest kjem an på dagsformen. 

 

E C Dahls Kong Vinter:

Rett nok "berre" 7%, men me tek han med likavel. “Usedvanleg god” proklamerer Lars. Fruktig malt, men ikkje søtladen, og rett humla. Oppe blant dei beste. 

 

Andre sterkøl og utlendingar (frå Polet)

Gouden Carolus Christmas 10%, belgisk.

Maltdriven. Balansert, har alt. Ein svært god øl. Må prøvast. 

 

Kinn Tomasmesse 2019, 10,5%:

Belgiskinspirert. Relativ kraftig, diffus fruktsmak, nydeleg balansert. Ingenting som stikk seg ut. Godt likt. 

 

Samuel smith´s Winter Ale Welcome 6%, Yorkshire, England:

Fruktig seier Lars, men har problem med å kategorisera han som juleøl. Eg samtykkjer. Uansett ein frisk og god øl. 

 

Jacobsen Christmas Ale 7,5%, Carlsberg Danmark: 

“Nordisk stil”. Kornmalt, havre og kveite, plommejus, appelsinskal, kanel og fennikelkål! Ja, det var ein smak som stakk seg ut, må vera fenikkel? Men mild og nydeleg. 

 

TO ØL Brokilde Winter 8,5%.

Belgian Triple? Javel. "Ikkje noko tak i han” høyrde eg sagt. Ingen typisk jolaøl, men balansert og god.

 

St. Bernardus Christmas Ale 10%, belgisk klosterøl: 

“Noko uforløst” seier L, og litt turr i smaken, men fruktig og god uansett, med smakar mot sviske. 

 

Oslo Christmas Kveik 7,4%

Inneheld allslags korn. Me kunne sverga på at han var tilsett mango, men so var det berre humle med tropisk aroma. “Massively hopped”, men likevel mild og fruktig. God! 

 

Voss Bryggeri Vossa-jol 6,5%.

Finare etikett enn varianten Jolagåva, og endå betre øl! Sprakalog kokt i koparkjele over open flamme, og gjæra med kveik, smakar dette heimabrygg. Eit “must” for ølelskarar på vestlandet. Men stiv pris for eit øl som ikkje har vorte frakta lenger enn frå Norheim og ned på Vangen. 

 

Det var dei me rakk til denne dagboka, dei resterande lyt venta til neste. 

 

 

 

Lest 2232 ganger Sist redigert tirsdag, 19 mars 2024 19:40
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei