lørdag, 02 mars 2024 08:48

Apple Music mot Spotify – Stig Arne si dagbok for januar 2024 Spesial

Skrevet av

Denne gongen er det strøymetenestene som får gjennomgå. Dei som alle nyttar, og som alle klagar på. 

For andre gong på rad skal eg koma attende til noko eg har lova å kome attende til. Sist var det Audioquest Dragonfly Red mot den nyare modellen Cobalt, der eg kåra den eldre og billegare Red til vinnar. Eg står framleis ved den avgjerda. Cobalten er til sals. 

APPLE MUSIC MOT SPOTIFY

Spotify

For mange år sidan, då strøyming var noko nytt, valde eg å installera Spotify, sidan det var den “alle” brukte. Etter å ha gjort meg kjendmed bruken, oppgraderte eg til betalingsvarianten Premium, som har høgare kvalitet, dvs 320Kbps, mot reklamevarianten sin 128Kbps. Etter at Terje gjorde meg klar over innstillingsmoglegheitene og valde høgaste mogleg kvalitet, har eg vore ganske nøgd. Men som Apple-brukar var det naturleg å prøva ut Apple Music (tidlegare iTunes), avdi denne er sokalla lossless, dvs. CD-kvalitet (1411Kbps) eller betre. I det seinare har eg abonnert på begge tenestene, for å kunne samanlikna dei med kvarandre. Og vona har vore at eg kan konkludera med kven av dei som er best, eller i alle fall kven eg likar best. Eg treng ikkje meir enn ei strøymeteneste, men vil jo bruka den beste. 

Apple Music - fyrste forsøk

Fyrste gongen eg samanlikna, gjekk eg “automatisk” ut i frå at Apple var best, sidan denne er lossless (tapsfri, dvs. ukomprimert), medan Spotify ikkje er det. Ei vanleg felle å gå i. Men ein gjennomgang med Helge som sidelyttar gjorde at eg måtte revurdera. Helge er i motsetnad til fleire av politikarane våre uhilda og nådelaust ærleg, og hevda hardnakka at Spotify let betre. Eg innsåg etter kvart at han hadde rett. Og for å berga mitt eige skinn må eg få tilføya at eg faktisk VAR litt i tvil i - og har difor helde fram å undersøkja. Som eg skreiv i novemberdagboka, var det uvisst om eg hadde lytta til den nyaste utgåva av Apple Music, grunna ein aldrande Mac Pro. 

Apple Music - andre forsøk

Me spolar frametter: No har eg lytta til nyaste versjon, må me gå ut i frå, på ein splitter ny Mac, installert av ein ekspert. Eg rekna atter med at det måtte låte betre enn Spotify, men denne gongen var eg betre budd, og me var 4 lyttarar til stades. Eg var misnøgd med lyden frå Apple, og beordra overgang til Spotify. 3 av 4 var heilt klåre på at Spotify let betre, den fjerde framleis litt forvirra, forståeleg nok, for Spotify har, på papiret, lågare oppløysing og skulle difor låte dårlegare. Dei lova for ei tid attende å koma opp på CD-kvalitet (1411kbps), men dette har ikkje skjedd. Eg anar ikkje kvifor. Dei meiner muligens at kvaliteten er god nok, og/eller at kundane er nøgde. Det var elles interessant å lesa Stavanger Aftenblad sin artikkel “få hører forskjell på CD-kvalitet og komprimert musikk”. Nøkkelordet her er “få”. 

Resultatet overraska alle. Apple Music hadde ein rotete mellomtone, mindre djupne i perspektivet, og ein tydeleg framheva diskant, stundom som eit piskeslag. Og me snakkar ikkje om små skilnader, som litt lysare eller litt myrkare lyd, og denslags. Ting som kan forklarast med smak og behag. Nei, Spotify let reinare. Apple let rett og slett ikkje godt, det let forvrengt. Det var det ingen usemje om. Men kven kan forklara det? 

Dårleg nett?

Eg ringjer internettleverandøren min for å sjekka kva hastigheit eg har på nettet (fiber), i frykt for at eg ikkje har fart nok til å strøyma tapsfritt frå t.d. Apple eller Tidal. “500mbps" seier dei (som er den beste “standardpakken”), og ringjer seinare opp med ein teknikar for å stadfesta at det burde vera rikeleg. 1000mbps er neste og høgaste kvaliteten, som i fylgje dei berre er turvande for profesjonelle brukarar (game-arar og arkitektar, til dømes). Denne er dessutan dobbelt so dyr pr. mnd, so denne vil eg helst unngå om eg kan. Og i kveld har eg snakka med ein vaske-ekte radioreparatør som òg hevdar at 500mbps er meir enn rikeleg. Då vel eg å tru på det. 

Vurdering

Sidan Apple skuffar, går eg attende til Spotify. Eg er fullstendig klar over at det er vanleg å hevda at Apple Music er best, men kor mykje har dei lytta? Eg mistenkjer at dei konkluderer basert på data åleine, eller berre plaprar etter dei andre. Det er framleis eit mysterium at Apple ikkje konkurrerer ut Spotify etter to rundar med relativt grundig utprøving, men som reparatøren seier “det er ikkje nødvendigvis alltid tapsfritt det dei hevdar er tapsfritt”. Digitalteknikk er komplisert, og eg er ingen ingeniør. Difor må eg gjera som eg brukar gjera, eg lyttar, og må lita på det eg høyrer. Og når medlyttarane i tillegg er samde, er eg trygg på å leggja fram resultatet, uansett kva andre der ute måtte meina.

Har me gjort noko feil?

Resultatet står i strid med det som oftast vert hevda på nettet. Kan det tenkjast at det er noko her heime som gjer at eg får eit “utypisk" resultat? Kan det vera noko med anlegget? Ikkje umogeleg, men kva skulle det vera? Anlegget er enkelt men med gode komponent, og gjennomprøvd. Intet fiksfakseri eller unødig kompliserte løysingar, og det er ikkje ulikt det som mange andre nyttar. Ingen innvendingar frå Ingeniør Olsen. Fyrste og andre forsøk har dessutan vore gjennomført med to heilt ulike anlegg, berre DAC-en er sams. Men rett nok i same hus. Eg har snudd mange, om ikkje alle steinar, og vel inntil vidare å lita på resultatet. For andre gong dessutan. Men du veit aldri kva neste dagbok kan bringa. Me tek gjerne i mot tilbakemeldingar frå lesarane! 

Neste stogg

Neste haldeplass er mest sannsynleg Tidal, når eg berre får tid. Betre lukka då? Me vil jo gjerne strøyma med best mogeleg kvalitet. Og mykje strøyming vert det når du er glad i musikk. Sjølvsagt skulle eg gjerne hatt all musikken på CD eller LP, men det vert dyrt. Det får klara seg med dei gamle favorittane. So då lyt ein berre finna seg i at lydkvaliteten, uansett strøymeteneste, er noko lågare enn optimalt. For det er han. Det kan alle høyra som har samanlikna. Men av og til er musikken viktigare enn teknikken.   

 

ØLSPALTA

Lat oss presentera nokre øl me prøvde ut i haust, sidan eg har både notat, og flaskene/boksane klare for fotografering. Dei finst sikkert på Polet endå! Her var mange gode øl nemleg. 

Panelet: Forfattar og pensjonert lærar Dag, lærar og jazzar Lars, lektor Lyngstad, og skrivaren. Desse er også ofte å finna i lyttepanelet. 

Monkey Brew Darwin IPA (6,5%) er frå Trondheim, trass i all engelsken! Frisk, fruktig og lett å drikka. 

Balder Brygg Tango 5,2% frå Leikanger i Sogn, med sukkertare derifrå, undergjæra og ufiltrert. Udefinert sjøsmak, kan minna om Old Salt Tavern, som me òg har omtala. Litt “annleis” smak, men betre etterkvart seier Dag.  

Nordlands IPA (8%) er Lofotpils si tolking av amerikansk pale ale (APA). Godt likt, trass i at me hadde det moro med “råvann fra fjellene i Lofoten". Rått!

Endå  ein APA, Glider frå Disko Brewing i Lier, 6%.Freistande å kalla han smurning på boks, men truleg betre til å smørja strupen enn skia. Allround, seier lektoren, utan protestar frå dei andre. Skrivaren kan avsløra at han ofte likar APA betre enn IPA, grunna mildare humlesortar.

TO ØL, Danmark: 45 days India Pale Lager, dvs. lagra i 45 dagar før ekstra turrhumling. Vellukka øl seier Lars. 

Bådin er det gamle namnet på Bodø, og her har dei laga ein IPA på 6%. "Nydeleg øl" seier Dag, og alle stemmer i. 

Fjordfolk Bryggeri i Sandefjord bryggjer denne Norsk på Norsk Golden Cold IPA, 6%. Cold IPA er ein av fleire varianter av IPA. “Heilt grei” seier panelet. 

"Kul ´an” seier dei i Bergen, og heiter ølet frå 7F. Endå ein Cold IPA. Relativt lett og elegant seie Lars, og godt likt av panelet. 

This Is How frå Piteå i Sverige serverer oss denne How to keep Trying Black IPA (6%). God myrk øl, me diskuterte om da va ein stout eller Porter, og der sette me strek for kvelden, etter 10 øl, og klokka var ti.  

 

 

Lest 1618 ganger Sist redigert tirsdag, 19 mars 2024 19:38
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei