onsdag, 20 mars 2024 19:04

Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024 Spesial

Skrevet av

 

Denne gongen om mekaniske svakheiter, oppklaring av mistydingar, og Vossajazz. Og 5 øl frå KINN.  

 

Audioquest Red og Cobalt DAC problem

Eg har lodda Red ei gong, og no slutta han atter å fungera. Ein eller annan vakkel. Det same hende tidlegare med ein blå Cobalt; då fekk eg ny. Den raude har eg fått via omvegar, utan garanti, og måtte kjøpa ny på HiFi Klubben (kr 2400). Surt. Eg la i same slengen merke til at den blå, som er toppmodellen var sett ned til 2200, altso mindre enn Red! Han kosta tidlegare kring 3500. Eg valde likevel den raude, avdi eg tykkjer han spelar riktigare. Det kan du lesa om i dagboka frå november -23. 

Dette kan tyda på at desse dac-ane er mekanisk svake. Kva som hende med den blå veit eg ikkje, han berre slutta å spele på eine kanalen. Eg opna han ikkje for å sjekka kva som var gale, visste ikkje korleis det skulle gjerast. Men når den raude òg, som eg har brukt i det siste, slutta å spela i eine kanalen, vart eg forbanna, for denne hadde eg altso ikkje garanti på. Eg fann ut at han var montert ved hjelp av eit lók i eine enden (der du plugger til mini-jacken), men dette let seg ikkje rikka. Eg prøvde å vippa det ut med ein skarp kniv utan hell. Men eg skjønte jo at innmaten måtte ut den vegen, so med eit velretta slag med ein hammar på USB-pluggen, fyrst forsiktig, deretter hardare, spratt loket av og innmaten ut. Då var det lett å finna feilen (sjå bilete). Jack-bøssinga var lodda til printet med to punkt på eine sida, men berre eitt på andre, og dette hadde sleppt. Fram med loddebolten, og litt ekstra loddetinn gjorde susen. Monterte det heile saman igjen, men merka meg at det var ein smule slark mellom innmaten og ytterkappa. Uansett virka han, og gleda var stor! 

Men det gjekk ikkje mange månadane, so byrja lyden å detta ut på ny, denne gongen i begge kanalane, utan at eg fann grunnen. Eg måtte som sagt bite i det sure eplet og kjøpa ny. Denne har heldigvis ingen slark, og 5 års garanti. Du kan melda deg inn i HiFi Klubben og få 6 års garanti, mot å bli spamma ned med reklame, so det takka eg nei til. Eg trur ikkje han held i 5 år heller. Dac-en går inn og ut av datamaskina mi fleire gongar for dagen, og uansett om eg støttar han opp på undersida og handsamar han so forsiktig eg kan, har altso ikkje mindre enn to stk slutta å fungera etter relativt kort tids bruk. Men sidan han (Red) spelar godt, og eg ikkje har kome over noko betre so langt, til ei rimeleg pris, held eg fast ved han. Inntil vidare. For som du veit: Han du har, og som du tykkjer spelar godt, spelar berre godt til du har funne noko som spelar betre. Då spelar han dårleg.

(Red. anm.: Anbefaler å benytte Dragontail eller annen overgang når en DongleDAC plugges inn i Mac eller PC. Det reduserer risiko for skade på DAC eller USB-utgangen på PC/Mac)

Etterord 21.3.24
 
Karl Erik har gjort meg merksam på eit tilbehør til Red (og dei andre i serien) som eg ikkje visste fantest.  Jo, du finn han på Klubben sine sider, men då må du trykka litt. Han heiter Dragontail Extension, og er ein overgang (leidning) frå datamaskina (eller mobilen) til dac-en. Då heng dac-en i ein leidning og er ikkje like utsett for påkjenningar som når han er kopla rett i Mac-en sin USB A-port. Cobalt er minst utsett for dette, sidan han er kortare og sit godt i  porten. Red er lengre og meir utsett. Han går heller ikkje heilt inn i porten slik Cobalt gjer. Eg har begge og har sjekka.  
 
Hadde eg visst dette, hadde eg kan hende kjøpt ein slik overgang i utgangspunktet. Men Dac-ane er berekna for å kunne gå rett inn i datamaskina sin USB A-port, og slik har eg brukt dei. Det er smart, praktisk og ryddig. Dei burde då vore konstruert og designa for å tåle desse belastningane utan å svikta etter kort tid, slik mine har gjort, sjølv om eg har vore forsiktig og lagt støtte under. (Mac-en sin USB A-port derimot, har tålt bruken). Audioquest burde informert om at Dragontail eigentleg er eit nødvendig tilbehør, og burde lagt ved slike når du kjøper desse dac-ane. Det hadde løyst problemet. Uansett må eg bruka ein overgang til USB C når eg får ny Mac, og då er problemet løyst. Men eg veit no at det ligg mange øydelagte Red rundt i kring. Klubben må hugsa å orientera kundane om problem som kan oppstå når dei kjøper Dragonfly.     
 

 

Tonekontrollar - bruk og misbruk

I desember -23 prøvde eg å snakka opp forsterkarane sine tonekontrollar, som forsvann med minimalismen. Desse har lenge vore ei ikkje-sak millom eidsvorne audiofile. Eg gjorde klårt greie for, trudde eg, fordelane (og ulempene) med tonekontrollar, korleis eg brukar dei, kva dei kan gjera med lyden, og at eg ikkje nyttar dei i utide. Det er skilnad på bruk og misbruk. Gode innspelingar på LP og CD treng normalt ingen korrigering om du har eit brukande anlegg. 

Men so kjem - lat oss kalla han Lars - med innvendingar. Han meiner at eg på den måten manipulerer og forkludrar musikken. At eg rett og slett øydelegg musikken slik han var tenkt og laga. Eg forstår innvendinga, men meiner at det er å misforstå. Eg brukar ikkje tonekontrollane for å påverka musikken eller det artistiske uttrykket, men for å kompensera for manglane i anlegget. Og eventuelt dårlege innspelingar, og utfordringane ved strøyming. 

For det er eit faktum at trass i musikarane sine beste intensjonar, treng ikkje sluttresultatet vera hundre prosent vellukka. Mange overvegingar må gjerast undervegs frå opptak til det ferdige produktet. Uheldige val kan gjerast i desse prosessane, og utstyr og budsjett kan vera mangelfullt. Dette kan vera utanfor artistane sin kontroll. Og det er her tonekontrollane kjem inn. Eit opptak med skeivheiter, eit dårleg lytterom eller middelmådig anlegg hjå sluttbrukaren kan gjera tonekontrollane heilt nødvendige å bruka.  

Ja, me snakkar kan hende om å pynte brura. Men vert ho styggare av den grunn? Snarare tvert om. Kva er, dessutan, det kriminelle i å pynta litt på lyden, slik at du likar han betre? Har du ikkje sjølv brukt tid og pengar på å velja ut eit anlegg du likar lyden på? Har du aldri brukt salt og pepar på maten? Mange audiofile har brukt store deler av livet sitt, og MYKJE pengar, på å få lyden akkurat slik dei vil ha han, og slik dei meiner er rett. Det er ikkje å tukle med musikken, men å heidra han og musikarane; med best mogeleg lyd. 

Det same gjeld når eg “modifiserer” høgtalarar. Med varsemd og kunnskap kan ein høgtalar forbetrast ganske tydeleg. Som t.d. når eg har erstatta dempematerialet i kabinettet til eit som dempar betre, eller fjerna resonansar i diskantelement. Ein god høgtaler får musikken til å skine. Ein dårleg kneblar han. Me snakkar ikkje om å endra høgtalaren fundamentalt, men om å forbetra han, slik at musikken kan sleppa meir uskadd gjennom. Det er det me HiFi-frikane brukar kveldane til. Alltid å forbetra noko, i musikkens teneste.

Vossajazz 22.-24.mars 2024

 

Vossajazz, årets storhending på Voss feira 50 år i fjor, eg var jamvel til stades på ei storstilt feiring seint på året. 

No er det dags att (Palmehelga), denne gongen (og fyrste) med Laila Melkevoll som festivalsjef, etter at mangeårig leiar Trude Storheim er ute med permisjon grunna overgang til annan jobb. Eg er heilt sikker på at Laila klarar å skipa til ein festival god som nokon. Eg har no tenkt å feira 50-årsdagen i år og eg, for alt etter om du reknar med Covid eller ikkje, er det bursdag i år og. Særskilt fredagen ser spanande ut, med perler laurdag og sundag òg. Sjå fullt program på vossajazz.no. Kan du gå glipp av dette? Ikkje eg.  

Ølspalta

Lars har vore på det lokale polet vårt og reinska da for Kinn, samtlege 5 sortar (store flasker). Dette er kvalitetsøl frå Florø. Me har smatta oss gjennom alle. Altso, Kinn har mange fleire sortar, det varierer kor mange sortar kvart einskild pol har til ein kvar tid. Kinn skriv på heimesida si at alle øla deira er ufiltrerte og upasteuriserte. Ikkje rist flaskene før du heller opp i glaset. Hent dei varsamt opp frå kjellaren. 

 

Kinn SKODDEHAV Lys IPA 6,5%: Denne er ljos, frisk og god. Heldig humleblanding (Cascade, Citra og Mosaic). Inneheld ein neve kveitemalt, derav skodde- tippar eg. Tilskotet av kveite gjer at ølet vert litt grumset.

Kinn GRINDAGUTEN (belgisk saison), 6,5% er det me på norsk ville kalla slåtteøl eller sumarøl. Slå gjerne opp Saison på nettet, det er informativt. Denne er belgiskinspirert og typisk for klassen. Smak av gjærbakst, fruktig og god. Høver til nesten all mat, i fylgje etiketten, og kan drikkast frå tulipanglas. Men det er no litt snobbete tenkjer eg. Dei hadde neppe slike på gardane i gamle dagar. Mjelkeglas er meir sannsynleg.  

Kinn ELD røykt lagerøl, 6%: Her måtte eg jobba litt. "Bamberg-stil” syner til ein øltype frå byen Bamberg i delstaten Bayern sør i Tyskland, og røykjesmaken kjem frå røyking av kornet eller malten før brygging, fortalde dei på Kinn i Flørø, ikkje frå koking av vørteren over open eld, slik bøndene ofte gjer her. Gjærsmaken er diskret, og varsemd pregar også resten av ølet. Det mognar etter eit par minutt i glaset, kommenterer Lars.

Kinn NANSEN Eksport Stout 8%: Mange har smakt ein Guinnes og veit korleis denne smakar, med sin karakteristiske myrke farge, nesten som Cola, og brende malt. Denne er (heldigvis) ikkje like turr, men rund og fin med karamelltonar. 

Kinn ALVOR 6.5%: Du kan lesa på bakside-etiketten om ølstilen villøl. Bør lagrast, og villgjæren vil meir og meir dominera smaken, og i tillegg produsera farleg mykje kolsyre, so ver varsam ved spretting av korken, elles får du eit svare strev med å turka opp etter ein veritabel geysir. God lukt seier Lars, frukt-tonar i lukt og smak, høy og gras, frisk. Eg seier ingenting. Denne typen villgjæra saison er typisk litt sur, so dette vert smak og behag. Som med so mykje anna.   

 

 

 

 

 

Lest 1319 ganger Sist redigert søndag, 24 mars 2024 15:56
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei