mandag, 27 mai 2024 16:22

Dårleg lyd – Stig Arne si dagbok april 2024 Spesial

Skrevet av

Omfattande utskiftingar i stereoanlegget kasta meg ut i ei reise kor det tok tid å koma attende til eit akseptabelt resultat. Slikt lærer ein av.   

ORSAKINGAR I KØ

I førre dagboka orsaka eg meg for å skriva om gamle kassettspelarar. Denne gongen vert da litt av kvart, blant anna eit par dac-ar, inklusive Audioquest Dragonfly Red, som eg har skrive om før. So må eg orsaka meg på ny? Vonaleg ikkje. Ein DAC er det beste tilleggsutstyret eit stereoanlegg kan ha, om du vil ha god lyd frå mobilen eller datamaskina, for den innebygde dac-en i desse apparata er av ussel kvalitet. Eg koplar Mac-en  - og stundom mobilen - til stereoanlegget via ein slik utvortes dac. Eller bruk hovudtelefonar, slik ungdommen gjer. Artikkelen om kassettspelarar vart forresten særs godt motteken av redaktøren, so ein oppfylgjar er på veg, med modellar frå Tandberg, NAD og fleire.  

 

Besøk

Vitjing frå utlandet gjorde at eg måtte gjera endringar i anlegget, for Stig Inge verka etter å få lytta til nokre komponent eg tek vare på for han. Det dreier seg om ei spesialutgåve av den klassiske og vidgjetne 25-wattaren frå Electrocompaniet, der heile straumforsyninga er røska ut og erstatte med ei spesialbygd frå Tyskland. Også forforsterkaren Pre 2 har fått ny straumforsyning i form av ein liten utvendes boks, som ein “batterieliminator” - i desse dagar kalla ladar. Normalt får Pre 1 og 2  straum frå effektforsterkaren. Denne forsterkarkombinasjonen spelar forbaska godt, meir om det seinare. Høgtalarane var også frå Electrocompaniet, modellen Objekt, “pyramiden",  konstruert av Svein Erik Børja. Dei vil eg og koma attende til ved eit seinare høve.  

 

Dårleg lyd

Etter besøket bytte eg gradvis over til andre/mine eigne komponent, og opplevde ein nedgang i lydkvalitet. Det fyrste som hende var at ein defekt brytar i Pre 2 gjorde at eg måtte kopla opp ein eldre Nad forforsterkar, 1155. I utgangspunktet høyrdest det ut som om dette funka heilt fint, for eg har gode røynsler med han frå før. Han har godt rykte og har fått gode testar. I tillegg hadde eg kopla opp ein annan dac, HRT, i samband med samanlikninga av Spotify mot Apple Music. Då hadde eg prøvd alle moglegheiter, utan å byta dac.    

Dac-ar

Ein kveld eg hadde god tid, og var opplagt til å lytta (til siste plata frå Mark Knopfler, som eg var spent på å høyra), var eg ikkje nøgd med lyden. Det har spelt betre med Mark Knopfler før. Eg bytte attende til Dragonfly Red frå Audioquest, som eg har brukt  i det siste. HRT Music Streamer HD vart rekna som “state of the art” for ikkje mange år sidan, men Dragonfy Red let openbert betre. Det var  ganske overraskande. Eg hadde ikkje trudd skilnaden ville vera so stor. HRT sin toppmodell HD var meir enn dobbelt so dyr og mange gonger so stor, so eg trudde dei to ville vera likeverdige, om ikkje meir - han kosta kring 5000 kr. Kan hende spelar han betre gjennom dei balanserte utgangane. Eg legg og ved eit par bilete som syner korleis Red må støttast opp, om han går direkte inn i datamaskina, som i min gamle Mac. Ikkje under dac-en, men ute ved leidningen, for om denne er stiv vil han leggja press på dac-en. Det fører raskt til funksjonsfeil, som eg fortalde om i februar-dagboka. Eg måtte kjøpa ny dac, som eg no er forsiktigare med. To tusen kroner tapt, men mykje lært! Med den nye Mac-en med USB C-utgang må eg nytta ein overgang, som i tillegg fungerer som strekk-avlasting, dermed er problemet løyst.  

Forsterkarar

Då forforsterkaren Electrocompaniet Pre 2 kom attende frå reparasjon var det naturleg å kople denne opp, og samanlikna han med NAD 1155. Det let openbert betre. Det tyder ikkje nødvendigvis at Pre 2 er ein betre forforsterkar enn NAD 1155, men at kombinasjonen Ecomp pluss Ecomp passa betre. Eg har lenge vore klar over at ein oppdeling av forforsterkar og effektforsterkar er risikabelt, særskilt om dei er av ulikt fabrikat. Dette var eit godt døme på det. Eg kopla også opp ein gamal NAD integrert forsterkar for å samanlikna, det let og bra, til og med ein gamal Sony, for å sjekka at han fungerte. Eg har ikkje berre gode røynsler med eldre Sony-apparat, men denne modellen let forbaska godt! Han står faktisk framleis oppkopla. Eg vil presentera denne seinare. 

 

Etter denne opplevinga skjønar eg godt kvifor mange highend-anlegg ikkje spelar optimalt. Dei er for kompliserte, med for mange apparat (og tilhøyrande kabelsalat) som ikkje nødvendigvis passar saman. Det er fort gjort å kjøpa ein forforsterkar som har fått gode testar, og ein effektforsterkar av eit anna fabrikat som og har fått gode testar, og tru at du får god lyd. Og det er det du då høyrer, blind for at det eigentleg ikkje spelar særskilt godt. Om du ikkje er ein røynd audiofil og veit nøyaktig kva du gjer, vil eg på det sterkaste rå deg til å nytta integrerte forsterkarar framføre separate einingar. Eg har skrive om dette før, då eg kopla opp ein Conrad Johnsen forforsterkar med NAD effektforsterkar. Redselsfullt. 

Yamaha NS-1000M

Saman med Yamaha sin store studio-monitor er eg no attende til ein lydkvalitet eg kan leva med. Dei er ikkje akkurat romantiske i lyden, og krev at du koplar dei saman med komponent utan den minste tendens til aggressivitet eller ljos lyd. Men dei er utstyrte med kan hende dei beste elementa i industrien (beryllium mellomtone og diskant), så du høyrer godt kva som hender. Men for all del, skru mellomtonen ned til minus 3 desiBel, om du ikkje likar lyden av vinkelsliparar. Lat diskanten vera i fred på “normal”. Veldig få høgtalarar kan formidla gode innspelingar like realistisk som desse. Ulempen er at dei dårlege vert like nådelaust avslørt. Her vert ingenting glatta over. Ein meir inngåande omtale av desse klassikarane med 12-toms bass i lukka kabinett vil fylgje seinare. Her er mykje gjort rett, men dei stiller store krav til resten av anlegget. Shit in = shit out!   

 

YMIST

Kva gjer du viss du er ein pod-caster? Kastar du ein i-pad so langt du kan? Komande olympisk grein?

Dagens autokorrektur: Brytar vart til bytur. 

Læraren: Per, kan du stava feil? Ja naturlegvis, FIEL. -Men det er jo feil. -Ja, nettopp! 

ØLSPALTA

Me har hatt rekordvarm mai, eg har alt skitna ut den einaste kvite shortsen min og tilhøyrande korterma kvite skjorte. Eg ventar på regnversdagar, slik at eg får vaska da kvite. Og kva kunne passa betre då enn ein gjennomgang av nokre sumarøl? Ikkje at eg særskilt glad i sommarøl, ingen ekte ølentusiastar er vel det. Men med temparaturar meir typisk for syden enn Skandinavia, er det godt med ein iskald ein! I alle fall midt på dagen på uteresturangen. Det er jo der me har “kontoret” vårt no. 

 

Mack Isbjørn Sommer lys lager

Ja denne er verkeleg ljos; nesten som vatn. Det vitnar om gjerrig bruk av malt. Her er heller ingen luktar av humle. Ein enkel øl, frisk er det mest smigrande eg kan kosta på meg, men heller ingen usmakar. Hald av sisteplassen til denne. 

Tuborg Sommerøl Pilsner

Litt meir gyllen farge, meir ølsmak. Denne er betre, seier Lars, eg skjenkjer, han testar blindt.

Aass Sommerøl

Denne er ljosare, nesten som den fyrste, han er drikkande seier Lars, og hintar mot eplesmak. Etter mine smakslaukar er han udrikkeleg, han både luktar og smakar av leverpostei, akkurat som Aass Pilsner og Seidel.  

Hansa Sommerøl

Nydeleg gyllen farge, og ein god munnfull. Denne gjer godt i munnen (Lars). Han har vore god i mange år, og er merkeleg nok faktisk meir aromatisk enn den vanlege pilsneren frå Hansa. Ein klår vinnar, med Tuborg på andreplass.  

For å setja det heile i perspektiv, har me samanlikna med eit par vanlege pils: Frydenlund  fatøl og Hansa fatøl. Frydenlund luktar brødbakst (Lars) og leverpostei (SAS), eit lite hakk opp frå sumarøla, men sanneleg ikkje mykje. Hansa vurderer me som hakket betre, men vonbrot er det mest dekkjande ordet, samanlikna med sumarøla. Eg trur eg takkar ja til ein Hansa Sommerøl! 

 

Lest 1211 ganger Sist redigert mandag, 27 mai 2024 18:37
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei