søndag, 19 juli 2026 10:11

Nytt anlegg (framhaldssoge) – Stig Arne si dagbok Juni 2026 Spesial

Skrevet av

Eg skal skriva meir frå Japan, og om ein svipptur til SoundVienna-messa i Austerrike, og det er berre ein del av alt som står på lista. Medan eg jobbar med dette hadde eg lyst til å slappa av litt og berre presentera mitt eige anlegg, for her er alt nytt. Ikkje nytt nytt, alt er brukt og til dels gamalt, men det er nytt for meg. Praktisk tala heile anlegget er skifta ut i løpet av nokre månader, del for del, og det har verkeleg vore ei openberring, slik eg opplever det. Sjølv om eg ikkje trur på denslags.  

Full sirkel

Ein gong i tida hadde eg eit flott anlegg beståande av Audio Research separat forforsterkar og effektforsterkar og Quad høgtalarar, både dei gamle 57 og dei nye 63. Det må trygt kunne kallast eit HighEnd-anlegg. Alt dette vart idiotisk nok selt. Det er lenge sidan, og vi var ikkje so røynde då. Turen gjekk vidare til integrerte transistorforsterkarar og mindre eksotisk utstyr, av grunnar eg korkje hugsar eller forstår. Blant anna sverja eg i ein periode til Nad 3020, men det kan me koma attende til. Eg har dei framleis. Uansett, eg forstod tydelegvis ikkje verdien av det gamle anlegget, eller forstod å utnytta det fullt ut. Særskilt røyrutstyr krev pleie og innsikt.  

Effektforsterkar

No er eg full sirkel. Eg har atter separat forforsterkar og effektforsterkar, og hugsar å slå dei av og på i rett rekkefylgje. Barnelærdom. Alt har røyr, utan at eg dimed påstår at det alltid er betre. Det er no berre slik det vart akkurat no. Eg byrjar med effektforsterkaren, Croft Series 3R OTL, som er grundig omtala i dagboka frå januar 2026. Eg seier ikkje meir her enn at denne har konkurrert ut alt eg har av effektforsterkarar. Han har diverre ikkje mykje effekt sjølv om han er svær; kring 20 Watt, med det hjelper at dei nye høgtalarane er dobbelt so effektive som dei gamle, og meir til. Forsterkaren har eit ess i ermet: Han har ikkje utgangstrafo, som er den vanlege røyrforsterkaren sin akilleshæl. Difor er bassen utan lyte. Og so slepp du å lura på om høgtalarane skal koplast til 4, 8 eller 16 - Ohms uttaket!

Forforsterkaren

For lenge sidan kjøpte eg ein Conrad Johnson PV 10 AL forforsterkar på Finn til ein rimeleg penge. Rimeleg truleg av di halvparten av skruane i toppdekselet mangla og eigaren var lei av å eksperimentera med røyr. Ingenting elles tyda på at han var modifisert eller mishandla, modifikasjonar på apparat i denne kvalitetsklassen skal du ikkje gjera utan at du er heilt sikker på at du veit kva du gjer. Radioreparatøren min på den tida stadfesta at alle røyra var friske, og me passa på å para dei slik at utgangsnivået vart likt i begge kanalane. Han har røyrtestar.

Forforsterkaren vart kopla opp mot Nad 2200 effektforsterkar, og resultatet var usselt. 

Begge komponentane vart difor sette vekk, effekten vart lånt vekk, og brann opp. Eg var ikkje so veldig lei meg for det. Eg visste at denne effekten aldri hadde sett nokon rekordar.

Nyleg vart forforsterkaren leita fram att, vurdert for sal, men tenkte at det var for dumt å ikkje sjekka han ut fyrst. Han vart kopla opp, og eg var nøgd med lyden saman med Croft. Alt virka, og han er vidunderleg enkel i bruk: Signalvelgjar, balanse og volum. Ingenting å trykkja på eller skru på, med unntak av volumpotensiometeret, som har ein nydeleg mjuk gange med høveleg motstand. Apparatet osar av kvalitet, tungt og solid. Det var Audio Research og Conrad Johnson som toppa lista av forforsterkarar på denne tida, i alle fall i fylgje The Absolute Sound, som var audiofile sin “bibel” heilt til redaktør Harry Pearson, karakterisert som ein drittsekk, døydde og alle medarbeidarane hans flykta over til Stereophile.  

Forforsterkaren fekk spela uforstyrra i anlegget nokre veker, og eg høyrde at noko hadde skjedd. Lyden hadde fått ein ny kvalitet, han var glansfull som ei nysminka skjønnheit og med ein hittil uhøyrt musikalitet. Og når eg endeleg kopla opp att førre forforsterkar for ei direkte samanlikning, det eg kallar “sannhetens øyeblikk”, vart det straks klårt: Denne skal IKKJE seljast. Ikkje tale om. Einaste ulempen er at eg må ha fonosteg i tillegg. Det er ein linje-forforsterkar. 

Kjeldene 

Signalkjeldene er raske å ramsa opp (eg hatar oppramsingar): Ein gamal CD-spelar eller tre, ein DAC/strøymar etter Mac-en for NRK og strøymetenestene, og ein stabel kassettspelarar for nostalgien. Samt diverse platespelarar og ei heil hylle med pickupar, alt dette ting me skal koma attende til meir detaljert.

Høgtalarar

Som om ikkje alt dette var ganske bra, tykkjer eg, har me gøymt det beste til slutt: Dei nye høgtalarane har skapt eit heilt nytt liv i stova. Dei er svære og med eit enormt basselement, og det enklaste delefilter som tenkjast kan. Resultatet er ein stor, dynamisk og utruleg detaljert lyd, frå topp til botn. Eg har aldri hatt noko liknande kopla opp, uansett fabrikat eller storleik. Det er som å vera på konsert heile dagen. Sjølv store og anerkjende høgtalarar med topp teknologi, som Yamaha NS 1000 Monitor, har måtte gå i hjørnet sitt. Dei kjem for sal. Namnet på dei nye vert avslørt når omtale kjem om ikkje lenge.  

Det heiter seg at ein aldri skal skryta av eige anlegg (det skal andre gjera). Men det er jo ikkje meg sjølv eg skryt av. Det er ikkje eg som har konstruert det. Likevel er eg overlag nøgd med eg at eg no for fyrste gong i livet har ein lyd som eg meiner kan måla seg med det beste av det eg høyrer rundt i kring, anten det er privat eller på messer. Me snakkar sjølvsagt ikkje om “best", men lyd på eit høgt kvalitetsnivå, som eg ikkje stussar på å demonstrera for kven det måtte vera. Ring for avtale. 

Ymist

Intelligens? Ein skulle ynskja at ein god diskusjon ikkje handla om å vinna eller tapa, men om å diskutera synspunkta mellom ja og nei, for eller imot. Det er der den intelligente samtalen ligg.  

Sjølvinnsikt: Nusa er ein driblefant, eg er ein kranglefant 

Medisin mot det meste? Ein kunde studerte utvalet i pol-hyllene. -Treng du hjelp, spurde ekspeditøren. -Ja, men eg valde å koma hit i staden for, svarde kunden. Og då er me over i  

 

ØLSPALTA - Drikk fort, sumaren er kort

Panelet har kome fram til at det er berre tull å “testa” sommarøl. Det er jo berre ei ytterlegare utvatning av pils, som er den eigentlege sumarølen. 

Likevel har me ikkje klart å halda oss heilt unna. Me fekk nyss om at Schous sommerøl hadde vunne ein sumarøltest med god margin (var det VG?), og fann ein slik pakke på Coop. Me organiserte ein blindtest mot Hansa sommerøl, som alltid har kome godt ut i Audiophile sine testar, og to av tre føretrekte denne. Schous hadde ein “kant” på smaken me ikkje heilt likte. Smak og behag. Sumarøl er verkeleg ikkje so mykje å krangla om. 

Men sumarøl treng ikkje alltid vera dårlegare enn pilsvarianten. Om sumaren føretrekkjer eg Hansa sommerøl framføre Hansa pilsner, og Ringnes skjærgårdsøl med ein reinare smak enn Ringnes pilsner, som er brød på boks. Men er det kort tid til neste lønsutbetaling drikk me det me får. Serveringstips: Tilsett eit par dropar sitron til Hansa sommerøl, “Mexican style”, og ein slik kjøleskåps-pakke er tom på eit blunk. Eit par til: Mack isbjørn sommer smakte heller lite, og om Aass Ankerpils har eg heller ikkje mykje skryt. Som Aass Pilsner har han lukt og smak av leverpostei, etter mi nase i alle fall. Derimot likte me veldig godt Blanc kveiteøl, ein innertiar frå Aass. Og KINN pale ale sommarøl, den einaste i dette utvalet frå Polet (5,5%), er i ein klasse for seg. Den må du prøva. 

Neste gong: Vinmonopolet sitt juli-slepp.  

Lest 1299 ganger Sist redigert søndag, 19 juli 2026 12:37
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.