lørdag, 04 januar 2014 20:25

Frå Stig Arne si dagbok desember 2013

Skrevet av

Jolaferien er lang og god, og du trur du skal få gjort mykje, sant? Feil. Dagane går med til samvær med familie, vener og øldrikking.

Les meir:

 

 

 

Og det skal ein jo ikkje ha dårleg samvit for, bevares, det er berre det at du ikkje får gjort det du trudde du skulle få gjort. For det er aldri noko i vegen med planane; berre gjennomføringa.

Eg studerar fargekodingane. Om dei er lik på begge. AT 95 har IKKJE fargemarkeringar på pinnane, dette er typisk for billege p.u. Då må du vita kva som er høgre og venstre, og kva som er + og G (ground). Noko eg sjølvsagt har i hovudet :-D Elles kan det fort verte kopla feil. Men når eg har vore heima, og edru nok, har eg spelt musikk og testa pickupar. Det er litt tilfeldig. Eg har ein fin mellomklasse Yamaha platespelar  (tidleg 80-tal) ståande på golvet framfor stereoanlegget, det er ein del av eit rack eg kjøpte på Fretex. Spelaren er pen, lett å bruka og har ein klassisk  S-forma arm med Ortofon/SME-fatning. Dermed er det gjort i ein blunk å byta pickup. Og eg har ei handfull “head-shell”. Og dermed gjekk eg rett inn i ei boble; testa pickupar.

Det starta med at eg gjekk tom for AT95, Audio Technica sin billeg-favoritt, som eg har spelt på ei lita stund, og som Dag (Helleve, ein hifi-kamerat) kan stadfesta spelar heilt ok. Kva skal eg kopla opp no? Eg fann ein gamal favoritt: Philips GP 412. Eg veit kva du tenkjer. Ingen audiofil tek Philips alvorleg, dei har laga for mykje “billeg dritt”. Men eg, som har som mål å prøva før eg pratar, har gode røynsler med denne: Eg meiner han spelar svært bra. Men eg må prøva nokre andre og: Ein gamal Grado utan modellnummer vart kopla opp. Den spelar heilt fint, lettbeint, rask og heilt utan hardheit, men litt matt. På tide med ei større utfordring: Eg har to stykke Grado Signature 8 MZ, det var toppen i si tid, jamfør The Absolute Sound. Eg kopla opp den eine, og deretter den andre, same kvelden. Det spelar litt som den fyrste Gradoen, fint, men litt matt, og med litt manglande energi  og liv i overtoneområdet, litt mørkt og unyansert, rett og slett. Det vert litt som å lytta inn gjennom ein tunell.

Eg monterte på Philipsen att. Du verda. Då kom ting på plass att, tonalt forsvinn tunellen, og dette er livaktig og truverdig. Så akkurat no funkar denne fint som ein billeg-referanse. (Har spelt live jazz: Milt Jackson og Ray Brown Jam, frå Montreux -77, på plateselskapet Pablo Live. Engasjerande musikk og flott opptak. I bakgrunnen høyrer du klirrande glas og applauderande publikum, dette gjer plata til ei uvurderleg testplate. Tenk kor moro det hadde vore og sett dette: Hårsveisane, kleda, atmosfæren og ølet frå 1977!)

Alt i alt stemmer dette bra med tidlegare erfaringar. Sist eg prøvde vart eg lettare skuffa over Grado Signatur 8, og ganske begeistra for Philips GP 412. Dette er forresten Philips sin beste pu; for modellen over, GP 422 er meint for quadrofoni og spelar litt rart (eg har ein slik og). Eg har dei siste 412 og 422 som var i sal, i fylgje selgjaren. Så eg er litt ekstra glad for desse. (Standard-modellane heiter 400/401 og 402, dette er same pu, men med litt billegare stift).

Eg gløymde nesten at eg òg prøvde ein Sonus Gold, og denne spelte svært fint, men sidan eg ikkje fekk inntrykk av at han var noko forbetring i høve til Philips GP 412, kopla eg denne vekk og gjekk vidare. Eg kan sjølvsagt ha teke feil, men eg får dobbeltsjekka ei anna gong.

SISTE OPPDATERING: Etter at eg var nøgd med å ha kartlagt pickupane nemnde over, kopla eg opp ein annan gamal pu som eg og har prøvd litt ut tidlegare, og som eg òg var svært nøgd med: Pickering XV-15/625E frå USA (som Grado). Eg har sett denne på alt frå gamle Garrardar og oppetter, den karakteristiske utsjånaden med stiftbørste framst er ikkje til å ta feil av. Denne spelar etter mi meining heilt fantastisk, og eg tvinga meg gjennom fleire rundar med samanlikning med Philips GP 412 før eg med sikkerheit kunne seia: Ja, denne er faktisk endå betre. Saksofonar og trompetar er endå mjukare og endå meir ekte og truverdig presentert enn med GP 412, som vart litt “mekanisk” I direkte samanlikning. På slutten av kutt ein eller to på nemnde LP-plate er ein sekvens med solo ståbass. Dette spelar litt lågare enn resten, sidan bass ikkje har so mange overtonar. Under slike stillare sekvensar misser ein ofte interessa og sovnar litt vekk. Men ikkje her. Bassen er likevel tydeleg og levande tilstades. I bakgrunnen sit ein trommis og ein pianist og kjedar seg, og pirkar på instrumenta sine. Dette er svært tydeleg via Pickering, og i mykje mindre grad via dei andre. Då er både atmosfæren og avstanden viska vekk. Publikum er og lystig tilstades. Ein særs overtydande test.

Alt dette får meg til å undrast over kva vurderingar dei leiande hifi-tidsskrifta ofte gjer. Under ein lengre periode var det for The Absolute Sound berre Grado som galdt. Etter kva eg har kome fram til i jula, er det mange andre eg heller ville hatt. Men merk at dette ikkje er ein test i ordets rette forstand, berre ei uhøgtideleg utprøving. Men viktig nok for meg. Summen av fleire utprøvingar – med ulike forsterkarar eller radioar – vil syne kven eg til slutt føretrekkjer. For dei beste går alltid vidare til neste utprøving, saman med eventuelt nye - eller gamle! utfordrarar.J Som vanleg gjeld: Om du tek deg sjølv seriøst som musikkelskar, audiofil og lyttar – lytt sjølv.

Merk at eg berre har kome til MM-pickupar. Eg nyttar klassisk hifi frå 70-talet med MM-inngang only. MC-pickupane får venta litt :-)

 

ØLSPALTEN

Kvardagsøl

Ein journalist skreiv for mange år sidan, i samband med den årlege testen av jolaøl, at ein god ide for desember var å laga ei ølkassa med 24 ulike joløl, og så drikka ei kvar dag fram til jol. Lite lurt. Jolaølet kjem i november. Kva skal eg gjera heile november? Dumt spørsmål. Drikka jolaøl sjølvsagt. Ei øl kvar kveld? Du er forviten og vil prøva flest mogeleg sortar før naboen har kome ut av startgropa. Så det går vel 2-3 øl nesten kvar kveld. Det kostar å vera betrevitar.

Men det hender du kjem heim frå jobb trøytt og sliten, det er mørkt når du går på jobb, og det er mørkt når du kjem heim att, og det har regna i vekesvis. Det er måndag eller i beste fall tysdag, og då hentar eg ikkje det beste ølet mitt med eit jubelrop. Eg er for trøytt til å smatta og smaka, eg vil berre ha ei enkel øl. For å roa ned. Då klarar det seg lenge med ei butikkøl eller to. Eg byter gjerne mellom Hansa juleøl, som er friskt og enkelt, med mykje humle og kolsyre, og Aass juleøl, som har eit kraftigare preg av brent malt. Noko djupare analyse er ikkje turvande. Butikkøl byr ikkje inn til same gransking som det dyrare polølet, som er langt rikare på smak. Det er berre å nyta ølet. Det må vera lov det òg. Du treng ikkje vera snobb heile veka. Ikkje er det nokre damer å imponera her heller. Ikkje måndagane i alle fall.

Slik hadde det seg at eg for eit par juler sidan, midt i desember, ikkje orka tanken på mørkt og smaksrikt jolaøl. Ikkje tale om. Ikkje i kveld i alle fall. Så eg sneik meg ned i kjellaren, såg meg om til begge sider, som om det skulle vera nokon i potetkjellaren min liksom, og fann ein Seidel pils. Eg sneik meg opp att i stova og drakk nærast i smug. Og eg har ikkje fortalt det til ei levande sjel. Før no.

GODT ÅR!

Lest 14190 ganger Sist redigert torsdag, 06 februar 2014 21:23
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.