søndag, 23 november 2014 19:05

NABOVARSEL! - Arve har fått Swissonor i hus

Skrevet av

Dette sveitsiske firmaet ser ut til å ha bestemt seg for å gjere ting på sin måte. Dei har ikkje bygd eigen platespelar - det finnest alt gode spelarar frå Thorens, som byggjast om, og her skal vi sjå på ein TD 160. Sjølvsagt har dei også ein eigen riaa, slik at MM-pickup frå Ortofon kan komme til sin rett. 

Men også ein MC-transformator av ganske brutal kvalitet står på programmet. Forsterkarane er ganske spesielle. Vi testar ikkje modulsettet Swissonor er kjende for, men i staden ein integrert rørforsterkar, eit par transistor monotrinn, og ein passiv forforsterkar. Veldig sær utsjånad - men det osar av kvalitetskomponentar. Kabelproblematikk er det lite av - apparata har lodde kablane rett i apparata, så her har ein få høve til å velje noko anna. Og så høgtalarane - dei er mildt sagt uvanlege. Ikkje spesielt nøytrale, men med klare intensjonar om kva som er det viktigaste i musikken. Det tek nok tid før utprøvinga er ferdig, men det vert nok spennande julelesnad...

 

Sist redigert søndag, 23 november 2014 19:11
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.