onsdag, 31 mai 2006 23:00

Ming Da MC 300-C

Skrevet av

Rørforsterkarar har vorte meir populært enn på mange år, og det er fleire variantar tilgjengelege enn nokonsinne tidlegare her i landet, med ulike rørtyper og konstruksjonsprinsipp, og til prisar som ikkje bør vere særleg avskrekkande.
No har eg fått legge mine hanskekledde hender på to monoblokker frå Ming Da baserte på to stk av det legendariske 300B-røret. 25 watt…

 


Av Arve Åheim, juni 2006

 

 

Utforming og utsjånad.

Monotrinn er eigentleg den mest fornuftige måten å lage effektforsterkarar på. Du kan kjøpe så mange du til ei kvar tid har bruk for, og dei kan plasserast med korte høgtalarkablar og lange signalkablar, tett høgtalarane. Dessutan får du betre straumforsyning pr. kanal. Men i tilegg til dette (krampaktige) forsøket på å vere ganske snusfornuftig, er det fyrst og framst den estetiske fryden av å sjå desse svakt glødande kjemperøra i det dempa lyset i lytterom #1. For 300B er eit STORT rør, med enorme gitter som rett nok ikkje gjev så veldig sterkt lys, men som absolutt synest. Forsterkarane er som vanleg på Ming Da utstyrt med eit svært stilig vernebur i plexiglas og krom rundt røra, men om du er like glad i rør som meg, ynskjer du ikkje å bruke dette. Dette er noko av det flottaste design eg har sett, ein lang (kanskje litt for lang, for det var berre så vidt eg fekk plass til beina opp på skåpet der eg plasserte forsterkarane) kropp i krom, med ein liten, svart front der berre gullbokstavar, straumbrytar og ei lita, blå diode braut den smale fronten på kabinettet. På toppen står inngangsrøra framst, ikkje dei tradisjonelle doble småtriodene, men dei stadig meir populære, store… Bak desse finn vi dei to 300B på rekke, med tilkoplingar for bananpluggar til meteret du brukar til å måle bias. Heilt bak står nett- og utgangstrafo innkapsla. Funksjonelt, enkelt, og med enorm appell til underteiknande, slik skal det gjerast…

På baksida finn vi signalinngang, sikringshaldar, nettstikk og høgtalarterminalar der ein kan velje mellom 8 og 4 Ohm. Meir er det ikkje å sjå, men i den spesielle ”Nordic”-varianten har importøren passa på å få ekstra gode komponentar, og har også fått rørgurufirmaet Motron til å forbetre straumforsyninga. Utgangsrøra er Golden Dragon sine beste. Det finnest nok endå meir eksotiske og kanskje også betre, men dei kostar altså endå meir flesk.

Kostnadane ved denne testen vart ganske brutale, då det eine 300B-røret tok til å gløde intenst lilla, og kvit røyk tok til å velte ut av forsterkaren før eg greidde å slå han av. Ein tur til verkstad vart nødvendig, og det gjekk ei stund før eg kunne halde fram utprøvinga.

Reparatøren trudde at røret hadde fått skade under transport, men då nytt rørsett var skaffa, var alt i orden, og begge monotrinna fungerte perfekt ei lang stund. Likevel, då eg eigentleg var ferdig med utprøvinga, fekk eg lyst å spele på desse vidundera ein siste gong, slo på forsterkarane – og der kom det stygge, lilla lyset att….denne gongen var eg heldigvis førebudd, og greidde å slå av forsterkaren før noko alvorleg skjedde, og pakka forsterkaren ned for retur. Importør og reparatør er med dette inviterte til å skrive litt om deira vurderingar av kva dette skuldast. Eg ser ikkje bort frå at den vanskelege impedansen til InnerSound Eros, som kryp ned godt under 2 ohm, kan vere årsak til problema.

Men eg var altså heldigvis ferdig med utprøvinga, så med eit lite atterhald på stabilitet, kan eg gå god for forsterkarane sine andre kvalitetar.

 

Utprøving.

Endeleg utprøving måtte vente til eg hadde fått alt i orden. For å vere heilt sikker, småspelte eg 14 dagar før eg tok til på evalueringa, men det verka ikkje som forsterkarane var ulike på nokon måte, og eg gjekk ut frå at ting var matcha og det ikkje var bruk for meir innspeling av noko helst. Normalt brukar heilt nye røreffektforsterkarar ei veke eller to med intensivt bruk før du er heilt sikker på at det ikkje skjer fleire endringar med lyden, men det verkar som desse forsterkarane kom ferdig innspelte, og at den som har vore på reparasjon også var klar.

Mitt fyrste oppsett var så gjennomgåande godt at eg ikkje greidde å endre på det på over ein månad. Det var å bruke MC 300 C til å drive elektrostatdelen av InnerSound Eros hybridhøgtalarne. Eg brukte fyrst 8 Ohms-uttaket, men kom fort til at 4 Ohm passa betre. Det vart skifta ein del mellom ulike forforsterkarar, og det var tydeleg at MC300C er svært detaljerte og uvanleg ”gjennomsiktige”, slik at du vert klar over særpreg andre stadar i anlegget enn på desse effektforsterkarane. Såleis var det lett å analysere nøytralitet og tredimensjonale eigenskapar som var hovuddydene hos Rogue Metis, medan brutal dynamikk og detaljrikdom var dei eigenskapane som ein la merke til då Ming Da sin eigen MC-3R var sett opp. Eigentleg var denne rimelege forforsterkaren heilt topp i oppsettet, sjølv om Metis er ein god del betre, spesielt innan dei tradisjonelle, audiofile dydene.

Klangmessig er vel desse relativt beskjedne monotrinna noko av det mest nøytrale eg har vore bort i, iallfall når dei brukast til å drive elektrostatar på denne måten, og slepp å styre med djupe frevensar. Det er knapt snakk om nokon klangkarakter, iallfall ikkje før du tek til å spele alvorleg høgt, og lyden vert ekstra musikalsk og innsmigrande, utan at det oppstår noko som liknar på klipping. Mine elektrostatar er svært lettdrivne, og har dertil eigen effektforsterkar til bassen, slik at lydstyrken tek til å bli alvorleg travel når vi nærmar oss dei oppgjevne 23 Watt maksimumseffekt. Men når lydstyrken er såpass, vert ein viss rørkarakter merkbar, utan at det kan seiast å verke ubehageleg og stygt, det berre vert meir som enklare rørforsterkarar som brukar billegare og meir effektive rør. Men sjølv om det kanskje er meir ”fornuftig” med slike, er Ming Da MC 300-C sine fantastisk fine klangeigenskapar noko du sannsynlegvis kjem til å sakne. Det einaste eg har høyrt som liknar, er McIntosh 275 sin mellomtone. Berre slik at Ming Da MC 300-C går heile vegen til topps, ei utklinging av diskanten som gjer deg i stand til å finhøyre variasjonar i cymbalbruk du ikkje før har høyrt på innspelingane dine. Og framfor alt er det så utruleg sjarmerande, innsmigrande og ekte. Fantastisk med Teac Esoteric X-01, men også med ein god vinylrigg - her vil du fort finne skilnadane på ulike pickupar eller riaa-forsterkarar.

Når det gjeld dynamikk, sakna eg ingenting i mitt oppsett. Spesielt nyanseringsevna er glimrande. Men hugs at vi trass alt har litt avgrensa effektreservar, og at det ikkje er alle høgtalarar som vil klare å servere rock på ein overtydande måte med så få Watt. Og MC 300-C er dessutan svært svolten på inngangen, slik at eg måtte dempe signalet til bassforsterkaren for å få rett balanse mellom bass og diskant. Og motsett måtte eg skru potmeteret på fullt når forsterkaren skulle drive transmisjonslinebassane mine, noko som defintivt ikkje var særleg moro. Men eigentleg er det dumt å prøve 300MC som basspumpe, ein treng i utgangspunktet minst dobbelt så mykje effekt for å ha det gøy med desse høgtalarane, og uansett er ikkje rørforsterkarar av denne typen spesielt eigna for djupbassattgjeving.

Eg gjorde også eit forsøk med mindre, dynamiske høgtalarar – Epos M5. Her var det også flott mellomtone, medan bassattgjevinga var grei nok, utan at eg på nokon måte vart særleg imponert over dette aspektet. Diskanten var også godt over gjennomsnittet, men dynamikken vart såpass innskrenka at det ikkje var snakk om ei liknande god matching som saman med elektrostatane. Forsterkarane var heller ikkje i stand til å levere så mykje guffe til desse høgtalarane som dei gjerne ville ha. M5 er eigentleg ikkje tungdrivne, men likar at effektforsterkaren har litt fart i fråsparket, og spelar best i relativt små rom, iallfall eit godt stykke under dei 24 m2 eg har i lytterom #2. I slike samanhengar fungerer 300MC greitt, men syner langt frå alle sine kvalitetar. Dette er effekttrinn som krev spesiell matching til høgtalaren. Dei vil ikkje ha det særleg godt saman med tungdrivne bassreflekskonstruksjonar om du skal spele høgt. Men om du derimot har horn, vil eg tru det kan vere ein god ide å sjekke ut desse forsterkarane.

Tredimensjonale eigenskapar er ikkje berre upåklagelege, som dei fleste moderne røreffektforsterkarar. Dette er av glitrande referanseklasse, når anlegget elles innbyr til å demonstrere slike ting.

Skal eg beskrive lyden frå Ming Da med eitt ord, må det bli VAKKER. Analytisk nok til at eg får med meg det som er innspelt. Eigentleg direkte superdetaljert, spesielt i mellomtonen. men alltid slik at det musikalske kjem til sin rett. Å spele Jesus Christ Superstar er eit godt døme. Sjølv om du er smerteleg klar over den dårlege lydkvaliteten og ein ganske utfrika produsent med for store ambisjonar og for lite innsikt, klarer du å lytte til den storarta musikken, og å verte gripen av dette verket. Det er vanskeleg å tenkje seg ein heldigare kombinasjon mellom hi-end og rein musikk.

Desse forsterkarane har svært stort potensiale, og er på sine beste felt i stand til å konkurrere med det absolutt beste eg har høyrt. Men ting må avstemmast nøye, også når det gjeld forforsterkar. Billegaste løysinga er nok Ming Da sin eigen MC-3R, gjerne i blodtrimma utgåve med utvalde kondensatorar og beste sort rør, for det er sannsynlegvis ikkje grunn til å velje for store kompromiss saman med så gode effekttrinn. Elles brukte eg Rogue Metis ei god stund under utprøvinga, og var godt fornøgd med spesielt tredimensjonaliteten som denne kombinasjonen kunne prestere.

 

Konklusjon

Definitivt ikkje tingen for den vanlege mannen i gata. Heller ikkje det eg vil tilrå den nyfrelste rørentusiast. Her må ting nøye settast saman. Du treng akkurat rette høgtalarsettet – ikkje for tungdrive, ikkje for vanskeleg å styre i bassen. Du treng også svært godt anlegg elles (men ved hjelp av Ming Da sin eigen MC3-R forforsterkar til 4500 kjem du eit langt stykke på veg). Men du kan heilt sikkert bruke langt dyrare produkt saman med MC 300. Det kan hende akilleshælen til dette forsterkarsettet er at det rett og slett ikkje er dyrt og mystisk nok, eller har mange nok

 

Watt til at mange potensielle brukarar vil oppdage det.

Du kan finne ting som klarer større lydtrykk, ting som har meir kontroll på bassen, og meir hifi-orientert og superanalytisk. Men du må nok opp i en McIntosh 275 for å finne liknande musikalitet.

Det er tydeleg at vi må rekne med Kina heretter!

 

 

 

 

 

Pris: 19 500 kr

Importør: www.AudioFoni.no

Lest 7404 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.