søndag, 06 februar 2005 23:00

Audiovector S 6 Arreté –toppmodellen.

Skrevet av

Danmark er kjent for god høyttalerproduksjon og godt hfidesign, og har en god del av ansvaret for at ”skandinavisk lyd” er synonymt med kvalitet. Og her er resultatet når danske Audiovector er på sitt absolutt beste.

 


av Arve Åheim, 7.februar 2005

 

Under samtale med konstruktør Ole Klifoth fekk eg høyre mykje interessant om strategiane bak konstruksjon av Audiovector. Korleis den legendariske Heil-diskanten har vorte forfina, og kor kritisk fastspenning av denne er for optimal lyd. Korleis diskanten har fri passasje bakover gjennom høgtalaren for å gje luft og dimensjonar til musikken. Utfordringane i å gjere ein høgtalar brukeleg i ein vanleg heim, spesielt dette med bass i eit vanleg rom kontra ein laboratoriesituasjon. Kunsten å gjere høgtalaren akseptabelt lettdriven for ein normal forsterkar. Så fortalde han om oppgraderingsordninga til Audiovector, dette at du kan starte med ein grunnmodell, og oppgradere etter kvart som interesse og økonomi gjev rom for slikt. Via mellomstasjonen ”Avantgarde”, og til sist ende opp med toppmodellen som har fått namnet Arreté. Slik oppgradering i etappar vert dyrare kronemessig, men du slepp verditap samanlikna med kva som skjer når du sel høgtalarane. Du får også fordelt kostnadane over tid, og du får ingen overraskingar i form av at ein ny høgtalar ikkje passar med dei andre rammevilkåra dine. Og faktisk kan Ole fortelje at 20% av kundane gjer slike oppgraderingar.

Etter å ha høyrt S6 Arreté i utstillingssamanheng, var det heilt innlysande at dette var noko spesielt innan ”tradisjonelt” høgtalardesign. Namnet Arreté er eit omgrep som kan passe godt. Det kan tolkast i mange retningar etter det Ole seier, ikkje minst parallelt med mitt musiske favorittomgrep ”ngoma” som går på stemninga, opplevinga og engasjementet. Ole Klifoth & co har her gjort eit svært omfattande utviklingsarbeid, og opererer med dette i prisklassen over 100 000, som elles er dominert av eksotiske konstruksjonar frå mellom andre B&W, ProAc og Martin Logan. Det ville altså vere svært interessant å prøve desse heime. Noko som var ei utfordring, då kassene var vesentleg tyngre enn eg hadde rekna med. Men etter litt sjauing og ei forbausande lett oppstilling, var det berre å gå i gang med finjusteringane. For ein elektrostatentusiast viste dette seg å vere ei enkel oppgåve, høgtalaren er rimeleg uavhengig av plasseringa. Ein viss avstand frå sidevegg er ynskjeleg for å få stort og godt lydbilde, men ut over dette er det meste akseptabelt. Sjølvsagt er det som alltid råd å gjere mindre forbetringar ved å flytte litt på høgtalarane, men det er eit pluss at ein såpass dyr høgtalar gjev att så mykje av potensialet sitt, sjølv om du må gjere plasseringsmessige kompromiss.  Dette må ikkje tolkast slik at høgtalaren ikkje profitterar på at du gjer skikkeleg arbeid med plasseringa, her er mykje å hente på å vere nøyaktig med lik avstand til bakvegg og å unngå at møblar/TV er plasserte mellom høgtalarane. Det er berre slik at høgtalaren sine gode eigenskapar kjem fram nesten same kva du finn på (innan rimelege grenser, sjølvsagt).


Produsenten tilrår ei viss vinkling av høgtalarane. Etter mitt syn bør denne vere ganske forsiktig, slik at høgtalarane peikar på eit punkt knapt dobbelt så langt frå høgtalarane som min lytteposisjon. I lytterom 1 brukte eg fire meters avstand frå høgtalarane, medan dei peikar mot eit punkt som ligg  tre meter lengre bak. Dette gjev flott perspektiv. Og denne høgtalaren sin kanskje mest unike eigenskap, diskantattgjevinga, har ei spreiing som gjer at du slepp tenke på ”sweetspot” – her er full spreiing opp til rundt 60 grader frå midtposisjon, og i motsetnad til det familien er vant til over mine elektrostatar, får ein flott frekvensområde frå alle sitteplassar. Her er det Heil-diskantar i Audiovector spesialutåve som gjer at  ”diskantattgjeving” får ny meining, med luft og klangeigenskapar som overgår både EMIT til Infinity, Genesis og Arnold Nudell sin sirkulære banddiskant, og kanskje også Magnepan sine banddiskantar (mine erfaringar baserer seg på 3.5). Med sine mange andre kvalitetar kan sjølv ikkje fulltoneelementet til Manger strekke seg så elegant oppover i toppen, og avgrensinga i toppen er utelukkande skapte av elektronikken du brukar og musikken du spelar.

Resten av frekvensområdet er også glimrande. Alt er så korrekt, mellomtone som gjev assosiasjonar til elektrostatar, og eit bassreflekssystem eg opplever å gå ut over kva som er muleg med dette konstruksjonsprinsippet. Her er ikkje den minste tendens til hengelyd, og ein snert som kjem så sjølvsagt at du må spele ei stund for å verte klar over kor bra dette er. Slik presisjon i bassområdet finn ein elles berre på svært store trykkammerkonstruksjonar. Med desse høgtalarane kan ein ta lett på kjepphestane trykkammer-, horn- og transmisjonslinjebass. Ein basshøgtalar fyrer nedover mot golvet, gjennom den spesielle foten høgtalaren er utstyrt med. Og to akustiske ventilar dekte med eit forfina strekkmetall ligg under høgtalarelementa. Her er det gjort mykje ut av kabinettet, så vel som alt anna. Ein kassehøgtalar med mindre kasselyd skal du få problem med å finne, skal du ha tilsvarande andre stadar, er det med det eg har erfart berre svært store høgtalarar som kan vere aktuelle. Kasselause, bipolare konstruksjonar, med alle dei andre utfordringane slike medfører. Dette pregar til ein viss grad fyrsteinntrykket av høgtalaren, slik at du tenkjer med deg sjølv at klangen frå Arreté er litt lys. Men dette er funksjon av at høgtalaren er korrekt og presis. Konstruksjonar på tilsvarande ambisjonsnivå, t.d. frå Infinity og Genesis, har gjerne nivåregulering av diskanten, fordi mange kundar på dette prissegmentet gjerne vil ha eit lite fall i dei aller øvste frekvensane, medan Arreté verkar å vere fullstendig flat heile vegen. Ved nærare lytting stiller eg meg skeptisk til å sette eit potmeter inn i denne svært så truverdige konstruksjonen. Er diskantpresisjonen for stor, er det meir fornuftig å regulere dette gjennom elektronikk eller kablar. Ver også obs på evt. forbetringspotensiale ved multi-forsterkning. Her er tre sett høgtalarterminalar for heile tre frekvensavsnitt, så om du har tilgang på inntil tre effektforsterkarar med same virkningsgrad, kan du tri-ampe. Ein kan også bestille høgtalarane med elektronisk delefilter og stå heilt fritt i valet av effektforsterkarar, men bi- eller tri-wiring er nok mest aktuelt. Eg prøvde biwiring, men opplevde liten gevinst med bruk av to sett frå Synergistic Research, som eg elles opplevde som godt fungerande.

Det er også gjort svært mykje ut av dei minste detaljane. Ole fortalde meg t.d. at måten basselementa er festa på har innverknad på lydresultatet. Kvart element er festa med berre tre skruar, medan dei resterande tre står i spenn for at elementet skal vere stabilt.
For å finne ut slike ting, må det brukast svært mykje ressursar på utviklingsarbeid. Men denne gjennomførte satsinga på å gjere det aller beste ut av alle føresetnadane, har resultert i at Audiovector her ikkje berre har ein høgtalarkonstruksjon med lydkvalitet som avspeglar alt arbeidet som er lagt ned. Dei har framfor alt ein representant med det eg held for å vere det fremste av alle adelsmerke for lydreproduksjon: perspektiveigenskapar i særklasse. Det finnest nokre svært få høgtalarar som er i stand til å gjenskape eit truverdig inntrykk av situasjonen under innspelinga. Arreté er i høgste grad kandidat til å vere med i denne eksklusive klubben av høgtalarar, som har til felles at dei formidlar musikalske detaljar fullt ut. Å snakke om ”holografisk lydattgjeving” er ei undervurdering av kva som faktisk er muleg med slike eliteprodukt under optimale tilhøve. Spesielt med tanke på at S 6 Arreté ser ut til å vere ein konvensjonell høgtalar. Litt høg med sine 126 cm, men absolutt ein normal sak som slett ikkje treng dominere eit opphaldsrom. Og så klarer denne visuelt normale saken å attskape eit lydbilde som overgår det aller meste. Alle konkurrentar eg kjenner til har ein tendens til å lage eit lydbilde som er djupast på midten, medan det vert ganske flattrykt på sidene. Arreté viser skikkeleg djupt også på sidene, i ein grad eg svært sjeldan har opplevd, og då berre med høgtalarar som byr på store utfordringar.
Med erfaringsgrunnlag frå lytting til fleire elektrostatar, monitorreiskap frå eit par-tre studio, og mange heimebesøk opp gjennom åra, har eg alltid funne fyrsteklasses lyd vanskeleg tilgjengeleg. Anten på grunn av svært spesiell konstruksjonsmåte, kompromiss når det gjeld oppstilling og kva rom dei kan plasserast i, eller kva utstyr dei kan brukast saman med. Og sist, men definitivt ikkje minst prismessige avgrensingar, som gjer at den musikkinteresserte må gjere forsakingar på andre felt i livet.  Sjølvsagt profiterer Arreté på god elektronikk, men det er ikkje slik at lyden blir ”forferdeleg” ved bruk av forsterkarar som er mindre enn optimalt passande. Når det er sagt, vil eg absolutt tilrå ein forsterkar som har autoritet i bassen. Her var både Marantz PM-11S1 og Copland CTA 520 tydeleg for kortpusta. Men McIntosh sin minste integrete CA 6500 gjorde ein glimrande jobb, og eg kan tenkje meg at dei større slektningane vil vere perfekt match for den som vil prioritere dynamikk og kontroll i bassen. Men Arreté har så mange sterke sider at det vil vere ei stor oppgåve å finne elektronikk som let dei vise sitt fulle potensiale, så dette kan lett bli ei livsoppgåve. Personleg ville eg prøvd å leite mellom store rørforsterkarar.

Audiovector S 6 Arreté kan absolutt ikkje kallast ei rimeleg høgtalarløysing. Til gjengjeld har dei utruleg sterke sider, spesielt perspektiveigenskapar som kan måle seg med kva som helst. Når ein så i tillegg kan bruke desse saman med forsterkarar med vanleg utgangseffekt ned i 50-100 watt (bør gå greitt for dei fleste lydtrykksbehov), er lette å plassere, flotte å sjå til, og spelar alle frekvensar med all den dynamikk du kan ynskje deg, så høgt du vil. Eller nesten så lavt du vil, i motsetnad til min gamle referansehøgtalar Genesis 8300 F (som elles har mykje til felles med desse danskane) mister S6 Arreté ikkje grepet om du skrur ned. Ikkje minst har dei greidd å ta vare på musikkopplevinga gjennom alle innspelingar eg har fora dei med. Dette er høgtalarar utan svake sider. Dei fungerer med det aller meste av det du måtte ha behov for å gjere av utstyrsmessige eller rommessige kompromiss, sjølv om dei avslører stjerneklart alle detaljar om kvar resten av utstyret kjem til kort. Einskilde forsterkarar kan ha tendens til å miste grepet og kontrollen når dei ikkje får arbeide med musklane, og  visse kabelval vil vere tydeleg meir vellukka enn andre. Mine gamle Monster Powerline 2 var ikkje særleg gode, og mine elles fornuftige Synergistic Resarch gjorde ein betre jobb, sjølv om det heilt sikkert vil vere lurt å prøve mange alternativ. Arreté er i stand til å seie frå om skilnadane.

Konklusjon:
Store ambisjonar i retning av å få kvalitetslyd i heimen, utan at det er aktuelt å la lytterommet dominerast av Magneplanarar, digre elektrostatar eller andre eksotiske/brutale høgtalarkonstruksjonar? Kanskje du heller ikkje fascinerast av utfordringa med å finne ein spesiell effektforsterkar som ikkje berre er god nok lydmessig, men også skal levere nok watt til tungdrivne beist, og vere stabil i spesielt lave impedansar. Audiovector har med S 6 Arreté laga eit alternativ som klarer alt. Har du råd til desse høgtalarane, treng du ikkje på nokon måte å måtte forsake referanselyd, sjølv med eit rom som er mindre ideelt enn du ynskjer deg. Dette er ein høgtalar som er lett å få til!
Systemet med oppgradering gjer ein dyr høgtalar lettare tilgjengeleg ved å investere i fleire etappar. Utan å ha høyrt dei rimelegare alternativa, vil eg tru at det kan vere fornuftig å gå etter Arreté så fort som råd. Så ville eg venta litt med innkjøp av dyr elektronikk frå t.d. Conrad Johnson til neste omgang.

Tekniske data frå produsent:
Impedanse: 8 Ohm, aldri under 4,4 Ohm.
Verkningsgrad: Speler 92 dB/1W/m
Maksimumseffekt: 400W
Frekvensområde +/- 2dB: 25 - 45 000 Hz
Mål: 24x125x36 cm
Vekt: 98 kg/paret

Pris: 108 995 kr

Importør: www.hificenter.no

Produsent: www.audiovector.com

Lest 8140 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.