onsdag, 31 desember 2008 23:00

Pass INT 150 – den perfekte integrerte forsterkar?

Skrevet av

Mange har den haldninga at forsterkinga i eit skikkeleg hi-end-anlegg skal splittast opp i for- og effektforsterkar. Men her er altså den legendariske konstruktøren Nelson Pass sitt fyrste alternativ.

 

Av Arve Åheim januar 2009

Integrerte forsterkarar er nok på mange måtar det mest fornuftige i dag, der signalkjeldene har så kraftig signal ut at dei ikkje treng særleg forsterking på forforsterkardelen, slik det var då vinyl var einerådande. Likevel er det mange som ser på integrerte forsterkarar som snusfornuftige, halvgode løysingar. Men det finnest produsentar som fyrst og fremst er kjende for å lage hi-end.utstyr. Eg høyrde fyrst om Nelson Pass i samband med ein sjølvbyggkonstruksjon som var svært populær på 70-talet. Seinare har Pass levert svært så eksklusive klasse A-effektforsterkarar med mykje effekt og gjerne seks-sifra prislappar. Og kva skjer når den gode Nelson lanserer ein integrert forsterkar på 30 kg, 67 900 kroner og 150 watt pr kanal?
Eg fekk heldigvis sjansen til å finne ut dette. Forsterkaren vart allernådigast sendt via posten trass i ei vekt stressande nær posten si vektgrense, og eg pakka han ut, rigga han opp, og sette han til oppvarming. I mellomtida kunne eg legge merke til utforminga. Med kraftig bias og tomgangsstraum er det fornuftig med solide kjøleribber, og det er INT 150 utstyrt med. Begge sidene har solide kjøleprofilar som gjer jobben bra. Forsterkaren leverer 10 Watt i klasse A før han svitsjar, så han blir ganske varm, og det er ganske sikkert ikkje lurt å plassere han i eit trongt rack.
Svært mange forsterkarar eg har prøvd tidlegare har hatt den ulempa at di må stå på ei stund for å låte optimalt, fordi komponentane måtte varmast opp til driftstemperatur. Når dette fyrst er gjort, er INT 150 ganske rask å varme opp. Grunnen er at den brytaren som brukast til dagleg, er ein standby-knapp. Straumbrytaren står på baksida. Så lenge du held deg til standby på og av, vert ventetida på optial lyd under halvtimen.

Displayet er veldig greitt. Her kan du lese av kva signalinngang som er i bruk og dessutan Displayet syner kva inngang som er i bruk, og kor høgt nivå det er i dei to kanalane. Kvar kanal for seg.kor sterkt volumet er på kvar kanal. For dette er ein forsterkar med balansekontroll, akkurat som eg ynskjer det. Balanseknapp er ikkje lenger standard på alle forsterkarar, men faktisk er det slik at mange innspelingar har ulike nivå på kanalane, og mindre justeringar gjer seg. Desse justeringane er alltid best å gjere frå lytteposisjon, så balanse på fjernkontrollen er noko eg er glad for (særleg når det spelast vinyl).

Elles er det ”pre out”, men ikkje ”main in” på forsterkaren, så eg kunne ikkje sende signalet frå forforsterkren til elektronisk delefilter, og vidare til dei to effektforsterkarane til høgtalararane mine. I staden brukte eg INT 150 som ein effektforsterkar, og prøvde han både til bass og elektrostatdelane utan at det var merkbar støy frå forforsterkardelen. Dette er ein veldig støysvak sak, kanskje den mest tagale forsterkar eg har vore bort i.


INT 150 har både balansert og vanleg inn- og utgangar. Greie høgtalarterminalar, og straumbrytar. Men ikkje pre out/main in.Støyfritt
Fråveret av all slags støy er det fyrste ein legg merke til når INT 150 er slått på i anlegget. Det høyrest ingenting som liknar på susing eller elektronisk støy, og det er ikkje snev av skilnad mellom stilla til volumkontrollen. Det kan verte eit sjokk om du sist gjekk frå forsterkaren med volumet på topp, for du får ikkje det minste forvarsel. Her er balanserte inngangar, men under mi utprøving med ubalanserte leidningar var støyen heller ikkje til stades. Dette er den stillaste forsterkaren eg har prøvd, noko som gjer det til tider litt frustrerande å spele Living Stereo eller Living Prescence. I motsetnad til 2L og andre moderne, heildigitale innspelingar inneheld desse elles glimrande innspelingane frå RCA og Mercury ein smule bandstøy. Dette er normalt noko eg gjerne ignorerer, men mot den totalt ”svarte bakgrunnen” som denne forsterkaren leverer, er dette uvanleg merkbart. Til gjengjeld vart nokre av mine beste digitale opptak attgjeve betre enn gjennom nokon annan forsterkar eg har vore bort i.

Eigenskapar.Dette er ingen smågut.
Når ein forsterkar leverer 150 Watt i 8 Ohm (og 300 W i 4), er det ganske mykje ressursar. Det er eit vanleg syn at rørforsterkarar på ein eller annan måte får meir ut av watta enn transistorforsterkarar. Eg er eit langt stykke på veg heilt einig, utan at eg har forklaring på kvifor denne opplevinga er så utbreidd, men mi oppleving av små klasse-A-forsterkarar er mykje den same. Denne saken er rett nok ikkje klasse A, men framferda er ganske lik. Nelson Pass-konstruksjonen greier å presse 300 W ut om høgtalarimpedansen er 4 Ohm, og eg opplevde det som om forsterkaren hadde uendeleg med krefter å ta av i dei oppsetta eg hadde tilgong på denne gongen. Dei dynamiske eigenskapane er storarta. Det finnest nok forsterkarar som leverer meir, men kva ein skal med slikt i eit normalt stereoanlegg, veit eg ikkje. Ikkje berre verkar forsterkaren ekstremt sterk, men også meir nyansert og detaljrik enn eg hadde venta, betre enn det aller meste eg har vore bort i. Og så har vi dette med rom og attgjeving av instrumentplasseringa. Eg er normalt mest glad i rørkonstruksjonar, fordi dei gjer det så bra på dette feltet. Men her er ein sak som gjer jobben minst like godt, og i tillegg er fullstendig strøyfri, og så lytefri ein kan tenkje seg. Prisen er ganske høg for ein integrert forsterkar, men når ein ser kva ein får ut av pengane på andre alternativ, er det absolutt verd å vurdere denne om ambisjonsnivået og lommeboka tilseier ein slik pris.

På jakt etter eigenlyd
Eg jobba med å identifisere eigenlyden til INT 150. Som skribent ville eg sjølvsagt prøve å beskrive særpreget til eit testobjekt, men dette vart svært vanskeleg. Etter over ein månads utprøving med seks ulike høgtalarkonstellasjonar, greier eg rett og Det er heldigvis balanse på fjernkontrollen, i tillegg til det du forventar elles. Svært solid sakslett ikkje peike på eit sonisk særpreg. Dette er med klar margin den mest nøytrale forsterkar eg har hatt gleda av å prøve ut. Fråveret av klangkarakter er påfallande, og det liknar rett og slett ikkje på korkje rørforsterkarar eller andre transistorkonstruksjonar. Men det er lett å finne superlativ som passar. Imponerande bass, svært nyansert og ekstremt kraftig dynamikk, og nesten uendeleg mykje krefter i mine oppsett. Relativt tungdrevne småhøgtalarar var barnemat, og kunne forsynast med så mykje effekt at det held til kva som helst behov. Eg kan tenke meg at eigarar av mbl eller andre ekstremt tungdrivne høgtalarar kan ynskje seg noko meir krefter, men hundreogfemti Watt i 8 Ohm held til 99% av dei oppsetta eg kan tenke meg. Så må ein ha med i vurderinga at dette beistet faktisk er i stand til å spele aldeles superoppløyst også når du skrur lydstyrken heilt ned mot det lågaste. Dette er ein svært uvanleg eigenskap for ein såpass kraftig forsterkar.

Når det gjeld perspektiveigenskapar, er det all grunn til å ha høge forventingar til ein såpass påkosta forsterkar, og det skader ikkje. Eg vart iallfall ikkje skuffa, Det er tredimensjonalitet fullt på høgd med referanseanlegget mitt, og ein kan tydeleg registrere instrumentplassering og utforminga av opptaksrommet på gode innspelingar. Det var frykteleg lett å la seg begeistre over INT 150, uansett kva høgtalaroppsett eg brukte han saman med, eller kva type musikk eg brukte han på. Eg hadde ikkje tilgang på så rått oppløyste høgtalarar at forsterkaren sine perspektiveigenskapar vart utfordra, trass i at eg brukte både elektrostatar og banddiskantkonstruksjonar.

Fintesting
Eg prøvde forsterkaren ut i alle dei samanhengar eg kunne komme over. Det var aldri svake punkt i det heile, same kva oppgåve eg sette han til. For fyrste gong kunne eg glede meg over verkeleg referanselyd frå ein såpass enkel sak. Utsjånaden er ikkje så ekstrem som dei store, dyre slektningane frå Pass Labs, men dette er ein stor og tung sak, som slett ikkje prøver å verke smålåten. Funksjonelt og greitt design, er fronten berre har inngangsvelgjar, standby og volumkontroll i ei foseinking i frontplata. Det meste av tida er det fjernkontrollen som er i bruk, då du også styrer balansekontrollen frå denne.
Du kan godt spele med volumet heilt nede på det lågaste stillet, oppløysinga er uansett på topp om høgtalarane klarer å henge med. Men eg er sikker på at du vert såpass fascinert av den umiddelbare og sjølvsagte spelemåten du høyrer når du gir gass. Dette er eit rasedyr av dei uhyre sjeldne.

Eg prøvde han fyrst og framst saman med Raidho Ayra C1, ein fantastisk match om du ikkje vil ha rørforsterkarar til denne høgtalaren. Dernest også tre sett Dali stativhøgtalarar i ulike prisklassar. Sjølv den billegaste fekk svært god drahjelp av dei nesten avsindige kreftene INT 150 hadde, og når ein i tillegg hadde desse elitedivisjonskvalitetane når det gjeld støy, dynamikk, tredimensjonalitet og presisjon generelt, var det vanskeleg å tru at dette var slike etter måten små boksar. Særleg imponerande var Heilcon 300 mk II, som spelte djupbass på eit ganske så usannsynleg djupt og høgt nivå når Pass fekk hjelpe til.

Ved utprøving saman med JBL TL 260 fekk denne høgtalaren verkeleg vist seg fram. Eg fekk ikkje sjølv vere med på denne sesjonen, men testpanelet rapporterte om totalkontroll i heile frekvensområdet og veldig dynamikk. Kort sagt fekk forsterkaren fram alle gode eigenskapar denne høgtalaren har. Særpreg og gode musikalske eigenskapar, det vi kan kalle farginga til høgtalaren var framleis til stades, men detaljrikdomen gjorde at attgjevinga var på eit heilt anna nivå enn tidlegare.

Konklusjon
I laupet av mi testperiode innfridde INT 150 alle dei oppgåver eg kunne sette han til med glans, og det gjennomgåande i referanseklasse. Av alle transistorforsterkarar eg har prøvd opp gjennom åra, og i alle fall alle integrerte av slaget, er dette den eg har likt best.

Tekniske data:
Volumkontroll:63 dB skala i steg på 1 dB
Forsterking: 32 dB
Frekvensrespons: - 3 dB på 1,5 og 60 000 Hz
Effekt: 150 W i 8 Ohm
300 w i 4 Ohm ved 1% vrenging
Inngangsimpedans: 36 kOhm balansert og 18 kOhm ubalansert.
Dempingsfaktor: 150
Slewrate 50
Utgangsstøy <300µV 20-20k Hz
Dynamisk område: 140 dB
Straumforbruk: typisk 225 w, 600w maksimum
Vekt: ca 30 kg + 5 kg emballasje.

Pris: 67 900 kr

Link til importør Audiofil Link til produsent

Lest 11525 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.