Onsdag 08. Februar 2012
Torsdag 01. Januar 2004

Monrio Asty

-ein hissig, liten italienar. Hifverdas Alfa Romeo?



Med unntak frå ein del høgtalarmerke, er det ikkje så ofte vi ser hifiprodukt frå Italia her i landet. Men her kjem ein integrert forsterkar, med ganske uventa eigenskapar.

Faktaboks

Utførelse: Front i 10 mm anodisert aluminium.
Frekvensområde: 10 Hz – 20 kHz - 1 dB.
Utgangseffekt: 2 x 50 @ 8 ohm.
Inngangsfølsomhet: 334 mV for maksimum utgangseffekt.
Innganger: Fem linjeinnganger. 1 direkteinngang (AV-tilkobling).
Dimensjoner: 430 mm x 80 mm x 310 mm.
Vekt: 8,5 kg.

 

Denne forsterkaren er berre oppgjeven til 2x50Watt, og er såleis ein ganske liten sak. No er det skilnad på watt og watt, og alt tyder på at Monrio ikkje ynskjer å skryte på seg noko. Ingenting ved forsterkaren er prangande. Skal dette vere italiensk design? Her er nøytral funkis grunntanken! Utsjånaden vil ikkje skremme eller provosere nokon, og må kanskje tvert i mot seiast å vere kjedeleg. Funksjonane er også absolutt enkle. Heldigvis er her ein balansekontroll, men elles er det berre av/på, inngangsveljar og volum. På baksida er det fem signalinngangar, tape out og pre out, og høgtalarterminalar med så vidt plass til mine Monsterkablar. Her bør du nok finne deg bananpluggar om du har litt dimensjon på kablane.


Men treng du eigentleg noko meir?
Modellen Asty er ikkje utstyrt med fjernkontroll. Det finnes ein litt dyrare modell med slikt, og eg vil vel tru at dei fleste vil ynskje seg dette. Modellane skal elles vere like, men det er oppgjeve ein skilnad på 5(!) Watt i utgangseffekt.
Eg vel ofte å la forsterkarane stå på kontinuerleg når eg prøvar utstyr, for å sikre at dei er heilt stabile. Mange krev lang oppvarmingstid, og mykje tyder på at Asty er ein av desse. Dette byr ikkje på noko problem, for forsterkaren var heilt kald på oversida under heile testperioden, sjølv då eg prøvde å presse opp imot klippegrensa.

Mitt fyrste testoppsett var på guterommet, der to store lettdrivne heimebygde høgtalarar frå Zacry er plassert. Det mest spennande som skjedde her, var oppstramming av lyden. Alt vart mykje rettare enn ved bruk av den tre gonger så effektfulle Luxman-forsterkaren som står i anlegget. Klangbalansen er normalt ganske lys, og bassen relativt påtrengande, men no var det langt mindre DJ-lyd, heller skikkeleg hifi-lyd i positiv tyding. Asty har tydeleg kontroll, og klarer å formidle nyansar i svært stor grad. På same tid var dei dynamiske eigenskapane glimrande, svært mykje betre enn elles. Rommet var rett nok lite, men det er eigentleg påfallande at ein så liten forsterkar spelar både så dynamisk nyansert og sterkt.

Neste oppsett var langt meir krevjande. Høgtalarsettet ProAc Studio 125 er svært kjenslevare for kva du vel å drive dei med, men her var det skikkeleg symbiose. Den vakre klangen og beherska engelske tonebalansen passa gnistrande godt saman med denne temperamentsfulle italienaren med all denne sin dynamikk og nyanseringsevne. I tillegg skjedde det nesten trolldom med lydbiletet. Her var slik fantastisk luft og tredimensjonalitet over rommet at sjølv ikkje kombinasjonen Electrocompaniet 4.5 og Copland CTA 520 kunne samanlikne seg med dette.
På svært mange måtar vil eg seie at Asty sin musikalske ståstad er det ”motsette” av Electrocompaniet sine ideal. Eg vil vel ikkje seie at den eine produsenten er rettare enn den andre, det er snakk om to ulike fokus. Der EC er tilbaketrukken, er Monrio frampå. Men begge har ein korrekt måte å presentere klang og tredimensjonale sider av lyden på. Eg har ikkje samanlikna Asty direkte med integrerte forsterkarar frå Companiet, men har ei klar kjensle av at Asty gjev svært mykje for pengane i samanlikning.

konklusjon

Mer informasjon

I tillegg til det alltid like viktige spørsmålet med å finne heilskapen med dei rette komponentane som skal ”samarbeide” i anlegget, er det eit spørsmål om smak og pengar. Asty er ein sak etter mitt hjarte, med mykje musikk- og livsglede, utan at det går ut over detaljane. Importør: www.rube.no

*Pris: 6990.
Modellen med fjernkontroll ein tusenlapp ekstra.

 

Audiophile

Audiophile

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

5 kommentarer

  • Link opehuflubr Tirsdag 03. Januar 2012 15:03 skrevet av opehuflubr

    iMTQdk , [url=http://tnlqpcfitflp.com/]tnlqpcfitflp[/url], [link=http://jaqoxgeeyruy.com/]jaqoxgeeyruy[/link], http://ysttzaxfbmcz.com/

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  • Link ellwtjqtgm Mandag 02. Januar 2012 20:30 skrevet av ellwtjqtgm

    UsrfSy ksxphuhnrruq

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  • Link ghvbsoeewee Mandag 02. Januar 2012 13:42 skrevet av ghvbsoeewee

    xuMpDu , [url=http://ktjvmzrcjrby.com/]ktjvmzrcjrby[/url], [link=http://yhfmlutevtaj.com/]yhfmlutevtaj[/link], http://mphysqfhvnvj.com/

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  • Link Carrieann Søndag 01. Januar 2012 04:43 skrevet av Carrieann

    Wowza, probelm solved like it never happened.

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
  • Link Cathleen Fredag 30. Desember 2011 20:45 skrevet av Cathleen

    Posts like this brihgten up my day. Thanks for taking the time.

    Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Skriv kommentar


Annonser


Banner
Banner