onsdag, 31 oktober 2007 23:00

Dual 701

Skrevet av

Dei gamle Dualspelarane har eigen kultstatus på www.alternativaudio.no, og eg har vore nyfiken på desse. Eg har tidlegare fått låne ein 1228, utan at eg vart heilt overtydd, men det er ein billegmodell. 701 derimot, er ein av toppmodellane, ein av dei aller fyrste direktedrivne spelarane, truleg Dual sin einaste, og er omtalt som toppmodellen…

 

 


Av Arve Åheim november 2007


NB: Det synte seg at pickupen var montert med feil fase på eine kanalen under testen. Ein god del av dei negative kommentarane rundt lyden kan såleis forklarast ut i frå dette. Spesielt er det grunn til å tru at basseigenskapane er betre enn kommentarane under tilseier.

Resultata av sporingstest og dei generelle eigenskapane om timing m.m. er likevel relevante, og det same er kommentarane om andre pickupar. www.audiophile.no vil be eigar av spelaren komme med kommentarar til endringar av lyden etter å ha retta fasefeilen, og vil publisere dette.

 

 

Då eg vart kjent med hifi-verda ein gong på midten 70-talet var mange av dei gamle merka Garrard, Lenco og Dual på veg ut, til fordel for dei nye, direktedrivne verka frå Japan. Såleis var det Technics eg hadde fokus på, og draumen var den store SL 1000 mk II, toppmodellen. MK I hadde visstnok vore verdas fyrste direktedrivne spelar, men denne Dual 701 var nok ganske samtidig.

Dual er elles også kjent for gode mellomhjulspelarar, og den legendariske 1219 er av kjennarar rekna for å vere den aller beste, sjølv om det kivast om 701 faktisk er endå betre. Det får vi eventuelt komme attende til…

 

Utsjånad og design

Dual 701 ser akkurat ut som platespelarane gjorde i denne tidsepoken, og er dessutan utstyrt med heilautomatikk. Dette kjem spesielt til nytte når ei plate lakkar mot slutten. Då slepp du å manuelt fjerne stiften frå rilla, det går av seg sjølv, både når det gjeld 33 og 45. Såleis har Dual ganske lite til felles med dagens ”boreriggar”. Han liknar heller på ein Linn Sondek LP12, som har nesten uendra utsjånad frå same tid. Traust, men altså svært driftssikker og grei i bruk.

Når spelaren pakkast ut etter transport, er det tre transportskruar som skal løysast. Vidare skal motvekta monterast på armen. Dette er utstyrt med ei spesiell dempeordning, eit slags flytande oppheng for loddet, som såleis tydelegvis skal dempe resonansar. For å få dette til å virke, må det fjernast ein transportskrue. Ettersom eg har levd saman med ein Technics SL1000 som er utstyrt med EPA 100, ein arm som også har innebygd demping (men magnetisk)  Erfaringane eg har gjort med EPA 100 gjorde at eg eksperimenterte med å sette i transportskruen, men må konkludere at dempinga bør vere på, iallfall med Shure pickup.

For meg var det ingen problem med oppstillinga, då eg har plassering på godt utvatra vegghylle. Då eg etter kvart kom til ei økt der eg gjorde samanlikningar med andre, oppdaga eg at Dual 701 spelte akkurat like bra på eit vanleg, golvståande skåp. Det var så å seie uråd med normal folkeskikk å provosere fram problem med vibrasjonar frå omgjevnadane. Dette er nok det aller beste flytande platespelaropphenget eg har vore bort i. Og for ein gongs skuld innrømmer eg at eigarane kan sjå bort frå vegghylle til spelarane sine. Går det ikkje bra med 701 på eit vanleg, solidt møbel, er nok golvet ditt i så dårleg stand at du ikkje bør gå på det i det heile…

Til sist må eg seie at spelaren i fyrste omgang var utstyrt med ein gammal Shure-pickup M91MGD med ei gul Shure hi-track nål, som ikkje ser meksikansk ut (nålefana er tynnare enn slike eg har prøvd før.

Ein liten, artig detalj: Når du skal skifte pickup, er det ganske greitt å ta av ”undershellet” der pickupen sit fastspent. Du fører berre løftebøylen til pickuphuset bakover, så lausnar eit shell på undersida, slik at du kan montere pickup i ro og mak på kjøkenbordet i godt lys, utan å flytte på spelaren (men gløym no ikkje justeringane, dei tek likevel si tid).

 

Samanlikningsgrunnlaget

No har eg nok vore litt urimeleg når eg har funne kandidatar å samanlikne ”gamlefar Dulle” med. Mi referanse har i mange år vore Linn Sondek LP 12 i ei enkel utgåve med vanleg straumforsyning og Akito 2-arm. For tida har denne spelaren vore utstyrt med ein Denon DL 160, som er billeg og hi-output, men som yter meir enn ein skulle tru når han får lov å stå i denne spelaren. Vidare har det vore innom ein Pioneer PL L 1000 direktedriven spelar, toppmodellen frå 80-talet, som var utstyrt med ein ganske god tangentialarm. Siste spelar var den heller brutale VPI Super Scoutmaster, med ulike pickupar, der toppmodellen frå Benz LP var den føretrukne. I tillegg til min gamle ARC SP 10 forforsterkar, brukte eg også Cary sin riaa til rundt 16 000 kr.  Anlegget elles var slik det er beskrive som mitt referanseanlegg.

 

Så til lyden.

Når ein skal finlytte til ein ny komponent i anlegget, er det alltid ut frå forventningar du har etter kva du har hatt i anlegget tidlegare, og kva andre har sagt om produktet. I mitt tilfelle kom Dual 701 inn etter at eg hadde brukt Linn Sondek LP12 i årevis, og var i ferd med å prøve ut VPI Super Scoutmaster, ein spelar til rundt 60 000, med pickupar frå tusenlappen opp til den fantastiske Benz LP som kostar rundt 27 000 kr. Ganske så urettferdig, eigentleg. Men eg forsvarar det ut i frå at det frå mange entusiastar hevdast at Dual 701 framleis er den beste platespelar som finnest, når han er toppjustert. Eg hadde tilfeldigvis eit meir edrueleg samanlikningsgrunnlag på besøk, ein Pioneer PL L 1000 frå 80-talet, oppmontert med ein Dynavector DV 23R-pickup.

Det er også viktig å hugse på at mine tidlegare erfaringar med Shure V15 mkII baserer seg på utprøving i ein Clearaudio superlett tangentialarn til rundt 12 000 kr, påmontert eit Champion level II drivverk. Under den fyrste utprøvinga vart dessutan pickupen utstyrt med fleire ulike nålvariantar, mellom anna NOS- og Fineline-slipingar som gjorde underverk for lyden, og heva lyden vesentleg. Mi andre erfaring med Dual-spelarar, var ut frå ein Dual billegmodell, så totalforventingane mine var ut frå ein ganske så blanda erfaringsbakgrunn.

Såleis vart eg ikkje særleg imponert over lyden slik han var etter utpakking. Ujamn kanalbalanse. Øvre diskant var ikkje skikkeleg oppløyst, og dårlegare enn det eg kan hugse frå Shure-pickupar på sitt beste. Shure V15 mk II hadde ikkje heilt god topp når dei er monterte i mellomvektsarmar som t.d. Rega RB 250. Og eg assosierte dette oppsettet meir i retning av mi utprøving av Shure V15 i ein slik arm enn ved utprøving i lettvekts tangentialarm. Sporingseigenskapane var også berre 60 µ, som etter mi meining er litt for dårleg, eg vil helst ha minst 70µ for å seie meg fornøgd. Sannsynlegvis ville dette fungert betre med Fineline-nål, eller kanskje dei nye, spennande SAS-nålene som skal endre Shure slik at han eignar seg i armar litt tyngre enn dei heilt ekstreme. Eg skifta ut nåla med to alternativ, utan at sporingsresultata endra seg eller at lyden forbetra seg eintydig positivt i samanlikning med den medfylgjande NOS-nåla.

Men denne målbare avgrensinga er mindre viktig enn kva vi faktisk høyrer. I tillegg til ein litt uoppløyst topp fann eg også tendens til farging av mellomtonen. Skal eg vere veldig kritisk, vil eg nesten kalle dette ”blekkbokslyd” når ein samanliknar med dei to beste spelarane eg hadde til samanlikning. Og sjølv om Dual 701 eigentleg hadde eit brukbart grep om bassen, som vart attgjeven med fylde og mykje musikalitet, må det seiast at dei tre andre spelarane gjorde klart betre jobb, alle saman. Linn og VPI overkøyrde stakkars ”Dulle” på alle parametrar med grov margin, men også den noko tilårskomne Pioneer PL L 1000 hadde meir beherska og presis bassattgjeving. Likevel er det nok mange som vil like Dual sin mindre artikulerte og meir-frampå-bass enn PL L 1000/DV23R sin meir formelle klangbalanse. Dette vil også vere eit spørsmål om musikalsk smak og kva tidsperiode platene dine er i frå.

Sporingstesten gjekk greitt, 70 my som greier seg til dei fleste plater. Men eg mistenkte pickupen for å vere i dårlegare form enn det optimale, så eg prøvde med stiftskifte. Mellomtonen endra seg til det betre, men elles var ting meir eller mindre som før. Ved forsøk med Denon DL 160 kom ting seg ganske mykje, men denne pickupen likar seg eigentleg betre i Linn Sondek LP 12 sin Akito-arm.

Etter å ha prøvd å få i seg kirsebær saman med dei andre spelarane, prøvde eg å evaluere Dulle ut frå seg sjølv, og når vi tenkjer på at det er ein spelar frå ca 1970 med sannsynlegvis fleire timar i drift enn nokon annan spelar eg har prøvd, kan eg også seie at resultatet var imponerande. Om du gjev opp ambisjonane om å ha verdas beste vinylrigg, og ser på Dual 701 som ei vinylinvestering på ca 2000 kr, er det ein svært god handel. Det beste var fråveret av ”DD-lyd”, som er mellom dei betre alternativa eg har vore bort i. Når du for fyrste gong prøvar ein platespelar utan drivreim, merkar du kva som ligg i omgrepet timing. Og det greier Dulle på ein heilt utmerka måte. Mange av oss som hadde erfaring med Philips- eller Garrardspelarar på 70-talet opplevde dei gode forbetringane av lyden når dei prøvde dei direktedrivne Technics-spelarane. Men når dei etter ei stund skuffa måtte bruke sin gamle spelar, var det av og til noko anna som var befriande med dei eldre, beltedrivne spelarane, fråveret av eit klangmessig kjølig preg som eg trur skuldast det direktedrivne drivverket. Dette kunne avgrensast noko ved å satse på ein avstemt pickup, og spandere på seg ei PlatterMatter-matte på tallerkenen.

Dulle er direktedriven, men har faktisk ganske lite av denne lydfarginga. Faktisk så lite at det lett kunne diskuterast om det var eit anna drivprinsipp som låg til grunn. Såleis var både timing og driv svært bra, om enn ikkje på linje med LP 12 og VPI, som er spesialistar på dette. Men Dulle hadde ingenting å skamme seg over, og var fullt på linje med Pioneer PL L 1000-spelaren som ein i motsetnad lett kunne høyre var direktedriven. Dulle farga nok lyden meir, og var litt uoppløyst og småfeit i samanlikning med japanaren. Men akkurat dette er kledeleg på svært mange innspelingar, og mange vil nok snarare oppleve det som eit pluss, spesielt om dei er ute etter ein alternativ spelestil samanlikna med CD.

 

Det vart eksperimentert meir med å prøve ut ulike samanlikningar. Eg hadde mellom anna Dynavector DV 10 x5 på Dulle med ganske brukbart resultat, sjølv om eg ikkje fekk justert armen ordentleg her. Her passa armmasse og pickupkomplianse ganske godt. Ein Denon DL 110 ga som vi kan vente litt dårlegare resultat; dette er ein pickup som helst likar litt tyngre armar. Eigentleg eit akseptabelt resultat når vi tek atterhald for den klare mismatchen. Det slo meg at Dual 701 er ein ganske ålreit sak drivverkmessig, og iallfall tydeleg betre enn sin veslebror Dual 1228 eg prøvde ut. Det svake punktet er tydelegvis armen. Somme vil nok hevde at det naturleg fyrste modifikasjonssteget er å skifte ut armen, men her vil eg protestere. Armen er heilautomatisk og har stor brukskomfort. Den eigentlege utfordringa vil etter min ståstad vere å finne den perfekte pickup som passar til denne spelaren. Eg vil tru at det bør leitast mellom relativt høgkompliante MM-pickpar, og hadde veldig lyst til å prøve min Audio Technica AT 170 ML, som eg diverre har slitt ut stiften til.

Etter kvart kom eg til at konkurrentane eg hadde sett opp i samanheng var nokre divisjonar høgre oppe, og at eg dømde denne gamle, billege spelaren for hardt. Trass i mykje lovord frå entusiastiske Dual-eigarar, må forventningane vere realistiske. VPI SSM slik han står her kostar langt over 50 000, og ein pent brukt LP 12 som min iallfall 13 - 14 000, sjølv med Akito-arm. Når så Dual 701 kan skaffast for eit par tusenlappar, kanskje mindre dersom du er heldig, er det viktig å ha dette perspektivet på plass. Samanlikninga eg gjorde med Pioneer PL L 1000 er vel den einaste rettferdige. Her kjem då også Dual ganske pent ut, sjølv om eg personleg likar best dydene til japanaren. Ei direkte samanlikning vert relativt daudt løp når det gjeld timing og dynamikk, medan det tredimensjonale og nøytralitet er Pioneer si greie. Den litt nostalgiske spelestilen til Dulle vil vere attraktivt for mange musikkelskarar som eigentleg ikkje er så opphengt i audiofile idrettar, men vil ha litt småfeit klangbalanse og nostalgisk lyd. Så har du også at automatikken til Dulle er utmerka. Kanskje ikkje så mykje mach som det manuelle, men du verda kor greitt når telefonen ringjer, og du slepp å finne stiften ståande å hakke i innerrilla ein halvtime seinare…

 

Men så eit skår i gleden. Under siste fase av utprøvinga, gav Dulle brått opp. Det var ikkje vilje til å få tallerkenen til å gå rundt, og eg greidde ikkje å finne ut av det. Spelaren måtte difor returnerast i ustand til eigar, og eg var sjølvsagt flau. Eigar kunne roe meg ned med at det berre var ein sikring som hadde gått. Det var ingenting som tyda på at spelaren hadde problem som hadde ført til negativ innverknad under utprøvinga mi, så eg rekna med at det var eit akutt problem som hadde dukka opp heilt mot slutten.

 

Konklusjon:

Dual 701 er absolutt verd å satse på, iallfall om du finn eit billeg og pent eksemplar, og om du har kunnskap eller nettverk som gjer at vedlikehald og oppussing kan ordnast om det er behov. Vi snakkar trass alt om ein spelar som er over 30 år, og mykje kan skje. Men om du har ein velfungerande spelar, er det råd å få speleglede og gode opplevingar ut av denne saken. Det mest logiske er nok å satse på ein Shure V15mkII med fineline- eller NOS-nål, men det er sannsynlegvis mykje å hente på å eksperimentere litt med ulike pickupar. Eg har ikkje lukkast å finne ein som er perfekt til armen så langt, men går ut frå at med tålmod kan det finnast noko som passar veldig godt. Kanskje ein AKG eller Grace? Så for all del, eksperimenter og leit, og del resultata du kjem fram til med andre.

Eg takkar så mykje for lånet. I vårt jag etter dei perfekte rilleavspelarar til mange titusen, er det viktig å ha med seg korleis lyden var i tidlegare tider. Er dine musikalske og klangmessige ideal plasserte på 60- og 70-talet, kan det hende du kan slutte deg til flokken av Dual-eigarar som lukkeleg snakkar om gode, gamle dagar.

 

Ingen importør, Dual 701 har ikkje vore i produksjon sidan 70-talet. Interesserte kan kontakte entusiastar på nettstaden www.alternativaudio.no

Lest 8706 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.