fredag november 21 , 2014
onsdag, 24 februar 2010 21:31

Pickupspesialisten Benz har alltid alternativ. ACE er eitt av dei beste…

Skrevet av 

Etter å ha brukt Benz mange gonger, og mellom anna fått testa toppmodellen LP, har det vore veldig spennande å sjå kor mykje av kvalitetane som er tilgjengeleg til lågare pris.

 

 

Benz har alltid fascinert meg, men eg har stort sett prøvd dei relativt dyre pickupane derifrå. Og det produserast pickupar i fleire prisklassar. Sist eg var på besøk hos Lyric Hi Fi, fekk eg med meg ein ACE. ACE-serien er stor sett identiske pickupar, der berre fargen på plasthuset gjer at vi kan skilje dei frå kvarandre. Dei har alle nålefane av boron, Fritz Gyger-nålesliping (finnest også med Van den Hul), og er dei billegaste der dette glimrande materialet er kombinert med val mellom tre ulike utgangsnivå på pickupen.

Fleire alternative utgåver

Dette høyrest kanskje ut som ein bagatell, men utsignal er noko som heng saman med talet på spoleviklingar. Benz lagar moving coil-pickupar. Til fleire viklingar det er på spolen, til høgre vert utgangssignalet. Men du aukar også den bevegelege massen, slik at ein high-output-MC kan opplevast som ein smule treigare enn tilsvarande pickup med få viklingar. I utgangspunktet er dette eit marginalt problem, då det alltid finnest ein MC-forsterkar eller riaa som passar eitkvart utgangsnivå ein pickup måtte vere i stand til å levere. Spørsmålet er å finne ut kva kompromiss du går for. Ein MC-pickup med høgt utgangsnivå vil kunne spele rett inn i ein riaa av ordinær MM type, tilpassa 47 kOhm.  Men det er altså treigare enn å finne eit alternativ som leverer mindre output. Til gjengjeld må du då koste på deg ein betre riaa, eller ein eigen MC-forforsterkar/MC-transformator. Benz ACE H (med blått pickuphus og heile 2,5 mV utsignal)er ein utmerka pickup på alle måtar, men den nøyaktig likt prisa ACE L (med raudt pickuphus og 0,4 mV utsignal) er nok hakket betre når det gjeld dynamisk nyanseringsevne og kanskje også på andre felt.. Denne Benz-spesialiteten er altså vel verd å legge merke til før ein bestemmer seg for kva pickup som skal kjøpast inn.
Eg enda opp med å prøve ein ACE M, alternativet midt i mellom, (pickuphuset er av blank plast), som leverer eit utgangssignal på 0,8 mV, noko som er perfekt for min gamle Audio Research SP 10. Denne konstruksjonen frå 80-talet var den fyrste amerikanske forforsterkaren som var tilpassa moving-coil-pickupar. Eg har prøvd han med pickupar ned i 0,25 mV med anstendig resultat, men det er ikkje tvil om at han klarar å få fram dynamikk på ein heilt annan måte når pickupane leverer rundt 0,5-0,6 mV og der omkring.

Klar til lytting
Alt var altså lagt til rette for at eg skulle få ei riktig hyggjeleg testperiode, der eg også hadde fått med meg Benz billegaste pickup, som vi skal komme attende til i eigen artikkel. Som rimeleg kan vere, monterte eg opp ACE M som fyrste prøvekanin.
Som vanleg var det ikkje noko vidare i fyrstninga, for alle nye pickupar treng ei innspelingsperiode. Det vart difor gjort ein del avspelingar med musikk som ikkje var av referansekvalitet, men burde ”luftast litt” frå platehylla. Det slo meg likevel umiddelbart at ACE M var ein karakteristisk Benz-sak, sjølv rett ut av boksen. Ein pickup har alltid ei avgrensa levetid, og sjølv om ting vert optimale etter at du har spelt av ein stad mellom typisk 30 og 150 plater, er også innspelingstida også ei høgverdig tid for musikalske opplevingar. Det tar altså ei god stund før du kan vere sikker på at pickupen er klar til kritisk avlytting.
Eg har til tider tatt den brutale innspelingsmåten med å la pickupen stå nokre timar å spele innerrilla, men har gått meir og meir bort frå dette, med unntak av svært rimelege pickupar.
ACE M tok til å oppføre seg retteleg dynamisk etter rundt 40 platesider, og sjølv om det var vidare forbetringspotensiale, tok eg til med den meir kritiske lytteprosessen.

Lytteinntrykk
Dette er ein pickup eg umiddelbart fekk sansen for. Det er eit stykke att opp til Benz LP. ACE M er ikkje så rett fram dynamisk, og er heller ikkje så utprega nøyaktig med detaljane. Krystallklar oppløysing og rettfram dynamikk er altså eit godt stykke unna toppmodellen. Men når eg gjekk etter dei vanlege audiofile dydene, som kan delast inn som ”idrettsdisiplinar” som maksimaldynamikk, dynamisk nyanseringsevne, sporingseigenskapar, tredimensjonalitet, perspektiv, klang og oppløysing greidde ACE M seg svært godt, sjølv om han var langt unna storebror, som faktisk heller ikkje verka ekstrem på desse felta når du gjorde slike analyser. Det er fyrst når du gjev blaffen denne fragmenterte måten å lytte på, at Benz viser verkeleg styrke, når du skal nyte musikk, og gleder deg over kva som skjer på plata. Og då vert dette veldig kjekt. Og her er Benz sin forretningside; musikalsk formidling.
Men ein gammal, hardbarka audiofil vil sjølv ikkje i eit sånt modus vere forutan dei gode dydane innan perspektiveigenskapar, autoritet i bass, og evne til å få fram dynamiske nyansar. Dette greier ACE M heilt fint, og med den flotte evna til å ikkje fokusere på plateknitring og dårlege pressingar som kjenneteiknar gode pickupar. Eit stykke att til LP, spesielt når det gjeld nøytral attgjeving, dynamisk perfeksjonisme. Ja vel, men sjølv etter å ha hatt denne i same rigg, er det lett å glede seg over det musikalske. Om du er oppteken av å  ha endå meir presis dynamikk, bør du kanskje vurdere om du skal gå for L-utgåva. Og om du ynskjer å bruke ein god MM-riaainngang, er der også ei H-utgåve som truleg gjev langt på veg liknande resultat

Konklusjon:
ACE M er eit funn til prisen. På mange måtar har Benz funne eit optimalt alternativ mellom sin eigen toppmodell og dei gode MC-pickupane frå gamle dagar. Her er musikalsk speleglede til fleire tusen, og audiofile dyder. Det er massevis av tredimensjonalitet så vel som greie ytingar innan dei andre audiofile eigenskapane. Og i motsetnad til t.d. ein Denon 103, fungerer han utmerka i min svært så moderne VPI JMW 9 Sig-arm.
Eg finn faktisk ikkje noko negativt å merke til Benz ACE M. For denne gode pickupen kan vel ikkje lastast for at han har dyrare og endå betre slekningar? Alt ligg til rette for at dette vert ein svært populær sak, som kan bringe vinylglede til dei fleste av oss, uansett om vi har ein svinedyr eller meir måtehalden prisa vinylrigg.

Tekniske data frå produsent:

Type:                       MC-pickup med utgangssignal 0,8 mV
Vekt:                        8,8 gram
Nålefane:                   massiv boron-stang på 0,28mm diameter
Nåletype:                   Line-contact
Kanalbalanse:              betre enn 0,5 dB
Kanalseparasjon           betre enn 35 dB
Sporingsevne              større enn 80µ
Komplianse:                15 µm/mN
Tilrådd belastning:       200-47000 Ohm
Tilrådd stifttrykk:         1,7 – 1,8 gram 

Pris: Svingar med dollarkursen. Ta utgangspunkt i $700 og multipliser med  denne.Kontakt importør for tilbod.

Importør: www.lyrichifi.no

 

Lest 2686 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

E-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Annonser