|
Stravinsky og Borodin er to veldig ulike komponistar. Borodin (1833-1887) er nesten 50 år eldre enn Stravinsky og kalla seg sjølv for ein "søndagskomponist." Han var utdanna lege og jobba fullt med medisin og forsking innan medisin og kjemi. Han var altså ingen veldig produktiv komponist, men han har absolutt greidd å setje spor etter seg. Operaen Prins Igor er spesielt vakker, og temaet i Polovtsian Dances er m.a. nytta av Sissel Kyrkjebø og Warren G. i ein poplåt frå nokre år tilbake. Borodin rakk aldri å bli ferdig med denne operaen, men den er fullført av Rimsky-Korsakov og Glazunov. Dei har gjort eit imponerande arbeid ut frå delvis svært mangelfult materiale. TMB |
|
||||||||



