|
Denne plata er ei samling av 12 av dei kulaste låtane til bandet frå 1975 til 1981. Tittelsporet ”East river,” var den første og eigentleg einaste verkeleg store kommersielle suksessen til bandet. Den toppa ”top 40” i England og gjorde bandet kjend utanfor dei litt snevre krinsane av spesielt interesserte, som sjølvsagt hadde følgt bandet sin heilt unike og sære musikk sidan starten.
Personleg likar eg spor nummer to enno betre. ”Skunk funk” må vere den ultimate jazz-funk-låt. Den er den mest spanande og overraskande låt eg nokosinne har høyrt, og den sit, som alt anna Brecker brothers spelte, som ei kule. Ein effekt som er særleg mykje brukt på denne låta, er wow-wow-pedal på blåsarar (solistane). Dette har eg ikkje høyrt nokon andre gjere, og sjølv om det unekteleg er veldig spesielt, er det akkurat det som skal til for at denne plata skal nå til himmels i kulheit.
East river er altså ein samling av det beste bandet gjorde før oppløysinga i 1982. Plata er ein genial måte å bli kjend med musikken deira for uinnvidde, men den er òg ei av mine absolutte favorittplater. Ønskjer ein meir musikk frå Brecker brothers, kan eg nemne at gav ut sju album frå 1975-1980. Alle er verd å høyre på.
TMB |
|
||||||||
Torsdag 01. Januar 2004
Brecker Brothers - East River [CD]
Brørne Michael og Randy Brecker er absolutt verdsledande i jazzen på kvar sine instrument, saksofon og trompet. Frå 1976 til 1982 leia dei i lag bandet The Brecker brothers, eit spektakulært jazz-funk-band ulikt alt anna. Michael og Randy stod stort sett for alle komposisjonane sjølve, og musikken dei skapte er uforutsigbar, melodisk og harmonisk kompleks, rytmisk, funky og utruleg spanande.
Tor Martin Brekkeflat
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Mer i denne kategori:
« Jaco Pastorius - The birthday concert [CD]
Jimi Hendrix - The ultimate experience [CD] »
2 kommentarer
-
Link
Onsdag 09. Mai 2012 13:42
skrevet av
Uziabfthvdj
discount online pharmacy u.s - discount online pharmacy uk
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
-
Link
Lørdag 05. Mai 2012 04:45
skrevet av
xvbtlrph
G4cxDA jsqhowrgwltb, [url=http://ltbqxfunoxlu.com/]ltbqxfunoxlu[/url], [link=http://iufcnsioctyn.com/]iufcnsioctyn[/link], http://qxaxvrjlfroc.com/
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen



